St.meld. nr. 3 (1997-98)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1997

Til innholdsfortegnelse

7 Statens petroleumsfond

I Salderingsproposisjonen 1997 (St prp nr 1 Tillegg nr 7 1996-97 side 21) var det ein omtale av styringa av Statens petroleumsfond. Der vart det lagt opp til at ein skulle informere Stortinget om resultatrekneskapen for petroleumsfondet i meldinga om statsrekneskapen.

I lov av 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond er fondet sine inntekter og utgifter definerte. Inntektene er netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som blir overført frå statsbudsjettet, og avkastninga på formuen i fondet. Utgiftene er definerte slik at fondet berre kan nyttast til ei overføring til statsbudsjettet etter vedtak i Stortinget. Tabellane 7.1 og 7.2 viser balansen og resultatrekneskapen for Statens petroleumsfond.

Inntektene til fondet i 1997 utgjorde vel 90 150 mill kroner. Bokførde renteinntekter utgjorde 3 342 mill kroner av desse inntektene. Ikkje realiserte vinstar på 1 532 mill kroner er da ikkje medrekna. På grunnlag av stortingsvedtak i nysaldert budsjett 1997 vart det overført 22 789 mill kroner frå petroleumsfondet til statsbudsjettet. Overskottet på fondet medrekna omvurderingar i 1997 vart dermed 68 893 mill kroner.

Netto avsetjing i fondet, definert som netto overføringar frå statsbudsjettet, var i 1997 på til saman 64 019 mill kroner. Inneståande i petroleumsfondet ved utgangen av 1997 var 115 150 mill kroner.

Endringar i dei faktiske petroleumsinntektene etter nysalderinga skal overførast til eller frå fondet saman med første overføring i neste budsjettermin. I 1998 blir dette ved utgangen av juni. Statsrekneskapen syner at nettoinntektene frå petroleumsverksemda i 1997 vart om lag 1 837 mill kroner høgare enn budsjettert. I balansen for Statens petroleumsfond pr. 31. desember 1997 er dette ført som fordring på statskassa.

Rekneskapen for fondet er ikkje ein del av statsrekneskapen, men tala blir presenterte til orientering. Som varsla i Nasjonalbudsjettet 1998 vil ein leggje fram oversikter over fondet sine eigarandelar m.v. med den årlege statsrekneskapen frå 1998 når fondet også skal plasserast i aksjar.

Ei viktig oppgåve for departementet er å evaluere korleis Noregs Bank forvaltar midlane i fondet. Departementet nyttar ekstern ekspertise, og ein har i denne samanhengen inngått eit samarbeid med det britiske selskapet Bacon & Woodrow om å utarbeide kvartalsvise rapportar. Desse rapportane er offentlege. I den siste statsrekneskapen heitte det at ein for ettertida tok sikte på å leggje ved rapporten ved utgangen av året som eit særskilt vedlegg. Etter ny vurdering har ein kome til at dette m.a. på grunn av tidsfristane ikkje er hensiktsmessig. Ein vil heller gje ein kort omtale av resultata i statsrekneskapen samtidig som ein gjer rapportane offentleg tilgjengelege, m.a. på internett.

Evalueringa blir utført ved at det på bakgrunn av retningslinjene for investeringane i petroleumsfondet er etablert ein såkalla referanseportefølje, som kan seiast å representere ein nøytral investeringsstrategi ut frå retningslinjene. Skilnaden i avkasting mellom den faktiske porteføljen og referanseporteføljen blir så splitta opp i ulike element og analysert. Referanseindeksen, som byggjer på Salomon Brothers World Government Bond-indeksen, vart ikkje etablert før andre halvår 1997. Det gjev difor ikkje meining å samanlikne årsresultatet direkte med referanseindeksen i 1997.

Noregs Bank har rekna ut avkastinga til 10,83 pst. i 1997. Av dette kjem 3,56 pst av at krona svekka seg gjennom året. I ein kort periode i tredje kvartal var Noregs Bank si valutafordeling marginalt utanfor retningslinjene i gjeldande forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond. Små endringar i valutakursen kan ha slike konsekvensar når ein ligg i ytterkant av valutafordelinga. Avviket frå forskriften har neppe hatt særleg verknad på årsresultatet.

I følgje årsrapporten frå Bacon & Woodrow hadde fondet ei årsavkasting på 11,3 pst. Avviket mellom denne berekninga og Noregs Bank si utrekning skriv seg frå bruk av ulike valuta- og verdipapirkursar. Finansdepartementet vil arbeide med å samordne datagrunnlaget til Noregs Bank og Bacon & Woodrow. Referanseporteføljen, slik den var definert frå andre halvår, hadde ei årsavkasting på 11,21 pst.

I andre halvår var Noregs Bank si avkasting 0,21 prosenteiningar høgare enn avkastinga Bacon & Woodrow hadde rekna ut for referanseporteføljen. Medan valutasamansettinga gav eit negativt bidrag til resultatet på 0,1 prosenteiningar ga valet av verdipapir innanfor den einskilde marknaden ein gevinst på 0,3 prosenteiningar i høve til referanseporteføljen. Med verknad fra årsskiftet 1997/1998 er forskrifta for forvaltninga av fondet betydeleg endra, m.a. med omsyn til valutafordelinga. Mot slutten av året starta Noregs Bank tilpassinga til den nye referanseporteføljen. Sjølv om valutaposisjonen har gitt eit tap målt i høve til referanseindeksen, kan denne tilpassinga ha gitt ein vinst i høve til alternativet å veksle om heile porteføljen til den nye samansetjinga ved årsskiftet.

Noregs Bank kan investere i papir som ikkje er med i referanseindeksen. Dette gjeld mellom anna obligasjonar som er lagt ut av statar som såkalla “eurolån”, medan indeksen berre inneheld vanlege statspapir. Vidare har Noregs Bank inntekter frå utlån av verdipapir som referanseporteføljen ikkje tek omsyn til. Dette kan vere med på å forklare noko av vinsten Noregs Bank har på valet av verdipapir i høve til referanseporteføljen.

For 31. desember fastsette ein ei særskild forskrift der valutafordelinga vart sett lik fordelinga i forskrifta som skulle ta til å gjelde frå årsskiftet. Dette vart gjort for å redusere vekslingsbehovet ved overgangen til ny forskrift.

Noregs Bank si forvaltning av petroleumsfondet blir revidert av Noregs Banks revisjon. Den er underlagt representantskapen, som er oppnemnt av Stortinget. Alle viktige rapportar som Noregs Bank sender om petroleumsfondet, er stadfesta av Noregs Banks revisjon. Den overordna revisjonen av petroleumsfondet er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer sin revisjon på det arbeidet som blir utført av revisjonen til Noregs Bank.

Tabell 7.1 Balanse for Statens petroleumsfond (Tal i mill kroner)

AktivaPassiva
Konto i Noregs Bank 1) 2)113 313Eigenkapital 115 150
Mellomrekning med statskassa 3)1 837
Sum115 150115 150

1) I samsvar med forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond av 10.5.96 er fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank skal plassere desse midlane i eige namn i aktiva denominert i utanlandsk valuta. Denne særskilde porteføljen fordelte seg på desse instrumenta pr 31.12.97 (i mill kroner):

2) Fondet sine furtureskontraktar hadde ein nominell verdi på 2 449 mill kroner og ein marknadsverdi på 2 591 mill kroner.

3) Statsrekneskapen syner at nettoinntektene frå petroleumsverksemda i 1997 vart om lag 1 837 mill kroner høgare enn budsjettert. Endringar i dei faktiske petroleumsinntektene etter nysalderinga skal overførast til eller frå fondet etter utløpet av budsjetterminen.

Bankinnskott5 254
Statskassevekslar165
Ihendehavarobligasjonar104 991
Utlån747
Ikkje forfalne renter2 903
Innlån *)-747
Sum113 313

*) Utlån av verdipapir mot kontantar som etter forskrifter frå Kredittilsynet skal klassifiserast som innlån i rekneskapen.

Renterisikoen for fondet sine plasseringar, målt ved modifisert durasjon, var 3,44 pr. 31.12.97. Plasseringane hadde på same tid følgjande valutafordeling (i prosent):

DEM23,9
DKK3,5
FRF7,0
GBP13,5
SEK6,0
ECU2,0
USD25,6
CAD1,5
JPY15,0
Andre2,0
Sum100,0

Tabell 7.2 Resultatrekneskap for Statens petroleumsfond (Tal i 1 000 kroner)

Kap.PostTekst19971996
INNTEKTER:
5507Skatt og avgift på utvinning av petroleum:
71Ordinær skatt på formue og inntekt15 489 0789 939 549
72Særskatt på oljeinntekter19 528 39312 890 377
73Produksjonsavgift6 220 2766 301 343
74Arealavgift m.v.617 0641 159 255
Sum kap 550741 854 81130 290 524
550870Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemd på kontinentalsokkelen3 043 3712 787 225
5440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
30Avskrivingar14 092 14816 218 238
31Sal av direkte økonomiske eigedelar028 500
50Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond118 084252 244
80Renter8 983 5219 502 923
81Renter mellomrekneskapen132 085166 719
84Erstatningsoppgjer013 320
Sum kap. 544023 325 83826 181 944
244024SDØE. Driftsresultat38 019 32126 774 608
565580Utbytte STATOIL1 600 0001 850 000
244030Investeringar-20 341 944-16 781 939
31Prosjekt under vurdering00
50Overføring til Statens petroleumforsikringsfond-600 000-1 216 148
2442Fjerning av innretningar på norsk kontinentalsokkel:
21Spesielle driftsutgifter-258-161
70Tilskott-93 4710
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda:
Overført frå statsbudsjettet til Statens petroleumsfond86 807 66869 886 053
Opptent renteinntekt3 342 45581 121
Sum inntekter Statens petroleumsfond90 150 12369 967 174
UTGIFTER
Overført frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet-22 788 600-25 673 000
Overskott i Statens petroleumsfond67 361 52344 294 174
MEMO
Overskott67 361 52344 294 174
Valutakursvinst1 688 979-31 666
Urealiserte verdipapirvinstar36 6601 425
Realiserte verdipapirvinstar-204 50011 575
Vinst på futures kontrakter10 332
Overskott inkl. omvurderingar68 892 99444 275 508
Inngåande saldo46 256 6371 981 129
Saldo i Statens petroleumsfond pr. 31.12115 149 63146 256 637