St.meld. nr. 3 (2003-2004)

St.meld. nr. 3

Til innholdsfortegnelse

1 Hovudtrekk i finanspolitikken

1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2003.

Denne meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap, som syner staten sine eignelutar, gjeld og eigenkapital, rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter og oppgåve over aksjar.

I meldinga vert det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførde tal. Det vert òg lagt vekt på å forklare årsakene til avvik mellom budsjett og rekneskap. Avvik mellom hovudtala i budsjett og rekneskap vert nærare kommentert i avsnitt 1.4. I kapittel 2 er det eit oversyn over inntektene og utgiftene. I kapittel 3 er det gjeve nærare omtale av departementa sine område. I kapittel 4 er det gjort greie for utgiftene under folketrygda. I kapittel 5 er staten sin balanse og finanspostar omtala, medan det i kapittel 6 vert gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2003 er 700,2 mrd. kroner utan lånetransaksjonar, medan utgiftene er 592,7 mrd. kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda var 173,7 mrd. kroner fordelt med 191,2 mrd. kroner i inntekter og 17,6 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene vart overført til Statens petroleumsfond. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar var på 508,9 mrd. kroner, medan utgiftene var på 575,1 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 66,2 mrd. kroner. Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2003 vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 62,8 mrd. kroner. Dette vart overført frå Statens petroleumsfond. Statsrekneskapen for 2003 vert dermed gjort opp med eit underskot på 3,3 mrd. kroner. Underskotet på 3,3 mrd. kroner kjem av auka utgifter på 4,5 mrd. kroner og auka inntekter på 1,2 mrd. kroner.

Statsrekneskapen syner at den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet frå 2002 til 2003 utgjorde 1¼ prosent, noko som er ¾ prosentpoeng høgare enn overslaget i nysaldert budsjett.

I denne meldinga vert det òg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen syner rekneskapen for Petroleumsfondet 25,8 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla overskotet i Statens petroleumsfond vart dermed 136,6 mrd. kroner i 2003. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 133,3 mrd. kroner i 2003. Ved utgangen av 2003 var kapitalen i Statens petroleumsfond 847,1 mrd. kroner.

1.2 Budsjettpolitikken

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken som inneber at petroleumsinntektene gradvis blir fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens petroleumsfond. Budsjettpolitikken må medverke til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinene er å sørgje for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen som petroleumsinntektene gir, kan brukast til å stimulere produksjon og sysselsetting i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det være naudsynt å halde attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter kan målast ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Ved utrekning av det strukturelle underskotet blir det teke omsyn til at delar av statens inntekter og utgifter endrar seg med konjunkturane og til endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein gradvis og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi om lag i takt med venta avkastning på Statens petroleumsfond. For å unngå ein budsjettpolitikk som medverkar til å gjere den økonomiske utviklinga ustabil, er bruken av petroleumsinntekter knyt til utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje til utviklinga i det (faktiske) oljekorrigerte budsjettunderskotet. Det faktiske budsjettunderskotet avheng ikkje berre av budsjettpolitikken, men også av konjunktursituasjonen og meir tilfeldige forhold. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auke ved eit konjunkturtilbakeslag, medan det vil falle i ein konjunkturoppgang. Dersom ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgje utviklinga i avkastninga av Petroleumsfondet, måtte ein stramme til politikken i ei nedgangstid, medan ein kunne senke skattane eller auke utgiftene ekstra i ei oppgangstid. Ein slik politikk ville medverke til å forsterke svingingane i økonomien. Ved å bruke budsjettpolitikken til å styre utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet sørgjer ein for at dei såkalla automatiske stabilisatorane får verke.

For å kome frå det oljekorrigerte til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein følgjande korreksjonar:

  • For å reinse den oljekorrigerte budsjettbalansen for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, reknar ein budsjettverknadene av at skattegrunnlaga ikkje er like med trendnivåa sine. Vidare tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause avheng av konjunktursituasjonen.

  • Overføringane frå Noregs Bank og staten sine netto renteinntekter kan variere mykje frå eitt år til eit anna utan at dette har noko motstykke i svingingar i aktivitetsnivået i Noreg. Ved utrekning av den strukturelle, oljekorrigerte budsjettbalansen korrigerer ein derfor for skilnaden mellom normalnivåa for desse storleikane og dei verkelege overførings- og rentestraumane. Nivået på korreksjonane av rentestraumane er endra samanlikna med tidligare, då ein berre reinsa for skilnaden mellom verkeleg nivå og normalnivå på netto renteinntektene frå Noregs Bank og utlandet.

  • Ein korrigerer også for endringar i rekneskapstilhøve og i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar aktiviteten i økonomien.

Også mange andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for vurderingar av innrettinga av budsjettpolitikken. I tråd med dette kunngjer OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane er meir summariske enn dei tala for Noreg som Finansdepartementet publiserer i budsjettdokumenta. Det metodiske grunnlaget er likevel svært likt det ein nyttar ved dei norske utrekningane.

I statsbudsjettet for 2003, som vart vedteke av Stortinget hausten 2002, utgjorde det strukturelle, oljekorrigerte underskotet 30,7 mrd. kroner. Det oljekorrigerte underskotet var rekna til 34,8 mrd. kroner.

Endringane i statsbudsjettet som vart vedtekne i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2003, innebar eit strukturelt, oljekorrigert underskot på 37,6 mrd. kroner. Ein stor del av auken i underskotet har si årsak i reduserte skatte- og avgiftsinntekter. Overslaget for det oljekorrigerte underskotet vart auka til 50,8 mrd. kroner.

I nysaldert budsjett for 2003, som vart lagt fram 28. november 2003, vart det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet rekna til 44,4 mrd. kroner. Etter handsaming av nysaldert budsjett i Stortinget vart det strukturelle underskotet auka til 44,8 mrd. kroner. Overslaget for det oljekorrigerte underskotet vart auka til 62,8 mrd. kroner.

Rekneskapstala for 2003 syner at det oljekorrigerte underskotet vart 66,2 mrd. kroner, dvs. om lag 3,3 mrd. kroner høgare enn overslaget i nysaldert budsjett. Nye utrekningar basert på rekneskapstala for 2003 syner no eit strukturelt underskot i 2003 på om lag 48,1 mrd. kroner, jamfør tabell 1.1, som er om lag 3,3 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Forventa avkastning av Statens petroleumsfond for 2003 er rekna til 24,2 mrd. kroner.

Samanlikna med Revidert nasjonalbudsjett 2003 er det strukturelle underskotet auka med drygt 10,5 mrd. kroner. Om lag halvparten av auken i underskotet kjem av at inntektene frå skattar og avgifter med vidare vart lågare enn tidlegare lagt til grunn, medan auka utgifter og reduserte inntekter utanom skatteinntekter forklarar den andre halvdelen av auken i underskotet.

Tabell 1.1 Den strukturelle, oljekorrigerte budsjettbalansen (tal i mill. kroner)

  2003
Oljekorrigert overskot på statsbudsjettet-66 150
- Overføringar frå Noregs Bank ut over utrekna trendnivå-4 685
- Netto renteinntekter utover utrekna trendnivå-2 917
- Særskilte rekneskapstilhøve-1 050
- Aktivitetskorreksjonar-9 398
= Strukturelt budsjettoverskot-48 099

Den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet utgjorde 1¼ prosent i forhold til nivået i 2002. Dette er ein auke på ¾ prosentpoeng i forhold til overslaget i nysaldert budsjett. Auken bør sjåast i samanheng med auka utgifter under folketrygda etter nysaldert budsjett og lågare overførte løyvingar frå 2003 til 2004 enn frå 2002 til 2003, rekna til 0,6 mrd. kroner. I tillegg syner rekneskapen meirutgifter under enkelte kapittel. Mellom anna har statlege verksemder høve til å auke utgiftene mot meirinntekter, jf. pkt. 1.4. Den nominelle, underliggjande utgiftsveksten var 4,9 prosent.

Budsjettutviklinga gjennom 2003 er omtalt i St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilginger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2003, St.meld. nr. 2 (2002-2003) Revidert nasjonalbudsjett 2003, St.prp. nr. 1 (2003-2004) Statsbudsjettet medregnet folketrygda 2004, St.meld. nr. 1 (2003-2004) Nasjonalbudsjettet 2004 og St.prp. nr. 34 (2003-2004) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 2003.

Tabell 1.2 og 1.3 syner hovudtala i dei formelle rekneskapa for 2002 og 2003.

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens petroleumsfond auka med 3,9 mrd. kroner frå 129,4 mrd. kroner i 2002 til 133,3 mrd. kroner i 2003. Endringa i overskotet kjem fram slik:

  • Underskotet i statsbudsjettet utan petroleum auka med 3,8 mrd. kroner, frå 62,4 mrd. kroner til 66,2 mrd. kroner som følgje av 3,2 mrd. kroner i auka inntekter og 7,0 mrd. kroner i auka utgifter. At utgiftene ikkje auka meir enn 7,0 mrd. kroner medan den underliggjande veksten i utgiftene var over 25 mrd. kroner må sjåast i samanheng med overføring av spesialhelsetenesta frå fylkeskommunane til staten i 2002. Staten nedbetalte i den samanhengen gjeld o.a. til fylkeskommunane på 21,6 mrd. kroner. Ein korrigerer for desse endringane ved utrekninga av den underliggjande veksten i utgiftene.

  • Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda auka med 4,4 mrd. kroner, frå 169,2 mrd. kroner til 173,7 mrd. kroner.

  • Statens petroleumsfond sine renteinntekter og utbyte auka med 3,2 mrd. kroner.

Tabell 1.2 Inntekter og utgifter utan lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond (tal i mill. kroner)

  Rekneskap 2002Rekneskap 2003
1. Statsbudsjettet
A Inntekter i alt691 074700 194
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd185 308191 227
A.2 Inntekter utan petroleumsverksemd505 766508 968
B Utgifter i alt584 233592 681
B.1 Utgifter til petroleumsverksemd16 07517 564
B.2 Utgifter utan petroleumsverksemd568 158575 117
Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot (A.2-B.2)-62 392-66 150
+ Overført frå Statens petroleumsfond53 40662 844
= Statsbudsjettet sitt overskot før lånetransaksjonar-8 986-3 306
2. Statens petroleumsfond
Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda (A.1-B.1)169 234173 663
- Overført til statsbudsjettet53 40662 844
+ Renteinntekter og utbyte i fondet22 57325 768
= Overskot i Statens petroleumsfond138 401136 586
3. Samla overskot på statsbudsjettet og i Statens petroleumsfond129 414133 280

Lånebehovet vart redusert med 73,4 mrd. kroner frå 89,7 mrd. kroner i 2002 til 16,3 mrd. kroner i 2003. Reduksjonen i lånebehovet har samanheng med auka tilbakebetalingar og reduserte gjeldsavdrag. Tilbakebetalingane auka med 26,9 mrd. kroner, mellom anna på grunn av sal av aksjar i Telenor ASA med 8,7 mrd. kroner og auka avdrag frå Husbanken med 6,0 mrd. kroner. Gjeldsavdraga vart frå 2002 til 2003 redusert med 42,8 mrd. kroner. Endringa i gjeldsavdrag er knytt til forfallsstrukturen på innanlandske statslån.

Tabell 1.3 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov (tal i mill. kroner)

  Rekneskap 2002Rekneskap 2003
Lånetransaksjonar
Utlån, aksjeteikning m.v.75 14977 100
- Tilbakebetalingar41 98368 874
- Statsbudsjettet sitt overskot-8 986-3 306
= Netto finansieringsbehov42 15211 531
+ Gjeldsavdrag47 5544 804
= Statsbudsjettet sitt brutto finansieringsbehov89 70616 336

1.3 Endringar i løyvingane fram til nysaldert budsjett

Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 2003, medan tabell 1.5 syner utviklinga i finansieringsbehovet til statskassa.

I 2003 er inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar reduserte med 19,4 mrd. kroner, frå 717,0 mrd. kroner i saldert budsjett til 697,6 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar auka med 10,2 mrd. kroner, frå 579,1 mrd. kroner i saldert budsjett til 589,3 mrd. kroner ved nysalderinga av budsjettet.

Nysaldert budsjett synte eit oljekorrigert underskot på 62,8 mrd. kroner, som var 28,0 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. Inntektene, utan inntekter frå petroleumsverksemda og lånetransaksjonar, vart samla sett 507,8 mrd. kroner, som er 20,3 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Dette kan forklarast med at Skatte- og avgiftsinntektene vart redusert med 17,5 mrd. kroner, og renteinntektene vart redusert med 4,0 mrd. kroner. Andre inntekter auka med 1,2 mrd. kroner netto.

Utgiftene, utan utgifter til petroleumsverksemda og lånetransaksjonar, vart samla sett 570,6 mrd. kroner i nysaldert budsjett, som er ein auke på 7,7 mrd. kroner frå saldert budsjett. Utgiftene til dagpengar auka med 3,0 mrd. kroner, medan dei andre utgiftene under folketrygda auka med 4,3 mrd. kroner. Andre utgifter inkludert renteutgifter auka netto med 0,4 mrd. kroner.

Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett auka inntektene frå petroleumsverksemda med 0,9 mrd. kroner medan utgiftene til petroleumsverksemda auka med 2,5 mrd. kroner. Netto inntekter frå petroleumsverksemda vart dermed redusert med 1,6 mrd. kroner frå 172,8 mrd. kroner til 171,2 mrd. kroner. Overskotet i Statens petroleumsfond vart isolert sett redusert med 28,0 mrd. kroner sidan overføringa frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet auka med 28,0 mrd. kroner frå 34,8 mrd. kroner i saldert budsjett til 62,8 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond auka med 5,5 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei svekking i balansen for Petroleumsfondet på 24,1 mrd. kroner.

Eit samla oversyn over dei endra løyvingane gjennom 2003 er gjeve i St.prp. nr. 65 (2003-2004) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 2003.

Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utan lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond 2003 (tal i mill. kroner)

  Saldert budsjettNysaldert budsjettRekneskap
1. Statsbudsjettet
A Inntekter i alt717 043697 608700 194
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd188 945189 843191 227
A.2 Inntekter utan petroleumsverksemd528 098507 765508 968
B Utgifter i alt579 079589 270592 681
B.1 Utgifter til petroleumsverksemd16 18018 66117 564
B.2 Utgifter utan petroleumsverksemd562 899570 609575 117
Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot (A.2-B.2)-34 801-62 844-66 150
+ Overført frå Statens petroleumsfond34 80162 84462 844
= Statsbudsjettet sitt overskot før lånetransaksjonar00-3 306
2. Statens petroleumsfond
Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda (A.1-B.1)172 765171 182173 663
- Overført til statsbudsjettet34 80162 84462 844
+ Renteinntekter og utbyte i fondet24 00029 50025 768
= Overskot i Statens petroleumsfond161 964137 838136 586
3. Samla overskot på statsbudsjettet og i Statens petroleumsfond161 964137 838133 280

Tabell 1.5 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2003 (tal i mill. kroner)

  Saldert budsjettNysaldert budsjettRekneskap
Lånetransaksjonar
Utlån, aksjeteikning m.v.74 48776 64077 100
- Tilbakebetalingar53 79268 06768 874
- Statsbudsjettet sitt overskot00-3 306
= Netto finansieringsbehov20 6958 57311 531
+ Gjeldsavdrag4 9844 8064 804
= Statsbudsjettet sitt brutto finansieringsbehov25 67913 37916 336

1.4 Hovudtala i statsrekneskapen for 2003 samanlikna med nysalderinga av budsjettet

I statsrekneskapen for 2003 er det oljekorrigerte underskottet 3,3 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn ved nysalderinga. Tilbakeføringa frå Statens petroleumsfond til statskassa vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett slik at det skulle dekkje det oljekorrigerte underskotet som ein då la til grunn. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2003 gjort opp med eit underskot på 3,3 mrd. kroner. Endringa på 3,3 mrd. kroner i forhold til nysaldert budsjett kjem fram slik:

  • Inntektene auka med 1,2 mrd. kroner frå 507,8 mrd. kroner til 509,0 mrd. kroner.

  • Utgiftene auka med 4,5 mrd. kroner frå 570,6 mrd. kroner til 575,1 mrd. kroner.

Av den samla inntekts- og utgiftsauken samanlikna med nysaldert budsjett gjeld 1,5 mrd. kroner såkalla standard refusjonar. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeidsmarknadsetaten og folketrygda for statlege verksemder sine utgifter til arbeidsmarknadstiltak, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom.

Under følgjer ei nærare omtale av endringane i inntekter og utgifter.

Auka inntekter

Tabellen syner samla meirinntekter utan lånetransaksjonar og petroleumsinntekter i forhold til nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg-1 537
+ Renter og aksjeutbyte-306
+ Andre inntekter1 518
= Meirinntekter før standard refusjonar-325
+ Meirinntekter frå standard refusjonar1 528
= Samla meirinntekter1 202

Inntektene utan meirinntekter i form av standard refusjonar for sjukepengar o.a., vart samla sett 0,3 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Skatte- og avgiftsinntektene vart redusert med 1,5 mrd. kroner, medan renteinntekter og aksjeutbyte vart redusert med 0,3 mrd. kroner. Andre inntekter auka med 1,5 mrd. kroner. Rekneskapen syner ofte ei meirinntekt for departementa, noko som har samanheng med vedtekne meirinntektsfullmaktar på fleire budsjettpostar. Mellom anna vart inntektene under Sosial- og helsedirektoratet, Nasjonalt folkehelseinstitutt og politi- og lensmannsetaten høgare enn budsjettert med for 2003. Nokre departement har òg høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Elles omfattar meirinntektene under departementa mindre beløp for ei rekkje gebyr, sals- og leigeinntekter o.a.. Standard refusjonar som gjev meirinntekter vart 1,5 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett. Samla meirinntekter auka dermed med 1,2 mrd. kroner.

Auka utgifter

Tabellen syner endringar i utgiftene utan lånetransaksjonar og petroleumsutgifter i forhold til nysaldert budsjett 2003. Hovudkomponentane er (tal i mill. kroner):

Renteutgifter-152
+ Dagpengar105
+ Stønader under folketrygda utan dagpengar1 364
+ Redusert overføring554
+ Andre utgifter1 109
= Meirutgifter utan standard refusjonar2 980
+ Standard refusjonar1 528
= Samla meirutgifter4 509

Når ein ser bort frå auka utgifter som følgje av auka inntekter frå standard refusjonar, syner rekneskapen knapt 3,0 mrd. kroner høgare utgifter enn lagt til grunn i overslag på rekneskapen ved nysaldert budsjett. Fleire forhold medverkar til høgare utgifter enn budsjettert. Utgiftene til overføringane i folketrygda auka med 1,4 mrd. kroner mellom anna til sjukepengar, medisinsk rehabilitering og uførskap. Andre utgiftsaukar bør mellom anna sjåast i samanheng med auka inntekter på postar med meirinntektsfullmakt. Dessutan vart dei samla overføringane frå 2003 til 2004 0,6 mrd. kroner lågare enn dei samla overføringane frå 2002 til 2003, noko som inneber auka utgifter i forhold til budsjettert. Når ein reknar med utgifter som dekkjast av standard refusjonar på 1,5 mrd. kroner, syner rekneskapen meirutgifter i forhold til nysaldert budsjett på netto 4,5 mrd. kroner.

Nedgangen i overført beløp utan lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, vart samla på 0,6 mrd. kroner. Overført beløp for Forsvaret vart redusert med 0,7 mrd. kroner og på Utdannings- og forskingsdepartementet sitt område vart overført beløp redusert med 0,3 mrd. kroner. Overført beløp på Kommunal- og regionaldepartementet sitt område auka med 0,5 mrd. kroner medan samferdslesektoren si overføring auka med 0,4 mrd. kroner.

Dei siste fem åra har overføring av unytta løyvingar (utan lånetransaksjonar) vore (tal i mill. kroner):

Overført løyvingAuke/ Nedgang (-)
1999-20007 051-283
2000-20018 4251 374
2001-20029 131832
2002-20037 038-2 093
2003-20046 484-554

Auka finansieringsbehov

Utgiftene til utlån vart 0,5 mrd. kroner høgare enn rekna med ved nysalderinga. Dette har mellom anna samanheng med Statens banksikringsfond sin fullmakt til å kjøpe aksjar i DnB Nor ASA. Utlåna til Statens banksikringsfond auka med 2,5 mrd. kroner som følgje av kjøp av aksjar. Endringa i lånetransaksjonar kjem fram slik (tal i mill. kroner):

Fondskapital, Statens banksikringsfond2 500
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond-535
Bustadlån til statstilsette-314
Den Norske Stats Husbank-1 171
Andre utlån-20
Samla endring i utlåna460

Løyve om utlån for 0,5 mrd. kroner til distriktsretta ordning under Statens nærings- og distriktsutviklingsfond vart overført til 2004.

I 2003 vart inntektene frå tilbakebetalingar 0,8 mrd. kroner høgare enn rekna ved nysalderinga. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå:

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond-287
Statens lånekasse for utdanning-211
Avslutning av forvaltningsbedriften Luftfartsverket-225
Den Norske Stats Husbank1 371
Andre låntakarar160
Samla endring i tilbakebetalingane808

Ved at netto utlån vart 0,3 mrd. kroner lågare enn budsjettert og at rekneskapen syner eit underskot på 3,3 mrd. kroner, vart statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 3,0 mrd. kroner høgare enn ein rekna med ved nysalderinga av budsjettet.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld vart som budsjettert i nysaldert budsjett. Brutto finansieringsbehov vart dermed auka med til saman 3,0 mrd. kroner i høve til det nysalderte budsjettet.

1.5 Statens petroleumsfond

Netto inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Petroleumsskattar og CO2-avgift80
+ Inntekter frå statleg petroleumsverksemd1 304
- Investeringar i statleg  petroleumsverksemd m.m.-1 097
= Netto petroleumsinntekter i alt2 481

Netto inntekter frå statleg petroleumsverksemd vart 2,5 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Inntektene i statleg petroleumsverksemd, petroleumsskattar og CO2-avgift vart 1,4 mrd. kroner høgare medan investeringsutgiftene vart 1,1 mrd. kroner lågare.

Netto petroleumsinntekter er rekneskapsført med 2 481 mill. kroner meir enn rekna med i nysaldert budsjett. Ved at netto kontantstraum vert overført til Statens petroleumsfond, er brutto overføring til fondet auka med same beløp, til 173 663 mill. kroner. Overføringa frå fondet til statskassa er slik det var budsjettert, noko som inneber at netto overføring til Statens petroleumsfond er 2 481 mill. kroner høgare i rekneskapen enn i det nysalderte budsjettet.

Til forsiden