St.meld. nr. 3 (2003-2004)

St.meld. nr. 3

Til innholdsfortegnelse

3 Omtale av utgifter under departementa

Nedanfor er det gjeve ein kort omtale av det einskilde departement og statsbankane, med sikte på å syne utviklinga under utgiftsområda dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2001, 2002 og 2003 vist saman med nysaldert budsjett for 2003. Departementa og verksemder har budsjettfullmakter til mellom anna å overskride løyvingar mot meirinntekter og til å overføre unytta løyving til neste budsjettår. Utnyttinga av slike budsjettfullmakter kan være ei årsak til at rekneskapen vil avvike frå det nysalderte budsjettet.

3.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
00.10Det kongelige hus29,698,6116,5118,0
00.20Slottsforvaltinga108,3
00.30Statsrådet180,3187,2198,4192,4
00.40Stortinget og underliggande institusjonar848,3938,31 118,31 056,6
Sum utgifter1 166,51 224,01 433,31 367,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på 66,2 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert mindreforbruket redusert med om lag 44,2 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 22,0 mill. kroner. Stortinget og Riksrevisjonen utgjer største delen av programkategori 00.40. Årsaka til mindreforbruket i 2003 er i hovudsak at ein del større investeringsprosjekt er skuva på i tid, og at driftsoppgåver vert utsette medan ombygginga går føre seg. Løns- og prisauka har vore lågare enn føresett. Vidare har det vore lågare reiseaktivitet enn planlagt og færre møte i utlandet. Utover det syner rekneskapen for programområde 00 for 2003 berre små avvik frå budsjett.

Trenden i rekneskapen

Frå 2001 har utgiftene på programomkategori 00.10 og 00.20 minka med 14 prosent frå 137,9 mill. kroner til 118,0 mill. kroner, noko som kjem av at delar av utgifta frå 2002 vart flytta til programområde 01. Programkategori 00.10 Det kongelege hus vart overført frå Finansdepartementet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet i 2002. Den tidlegare programkategorien 00.20 Slottsforvaltninga vart avvikla. Dei tilsette og forvaltninga av dei statseigde kongelege eigedomane vart frå og med 01.01.2002 fordelte mellom det Kongelege Hoff, jf. kapittel 0001 post 50 og Statsbygg, jf. kapittel 1581 Eigedomar til kongelige formål. Som følgje av denne omorganiseringa har departementet fått eit heilskapleg ansvar for løyvingane til kongehuset.

For programkategori 00.40 Stortinget og underliggande institusjonar har Stortinget for tida store utbetringar og ombyggingar i bygningsmassen. Dette arbeidet vil nå ein topp i 2004.

3.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har to budsjettområde, programområde 02 Utanriksføremål og programområde 03 Internasjonal hjelp.

Programområde 02 Utanriksføremål (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
02.00Administrasjon av utanrikstenesta1 345,71 440,51 352,71 383,5
02.10Utanriksføremål791,3703,0942,3677,3
Sum utgifter2 137,02 143,52 295,02 060,8

Dette programområdet omfattar driftsutgifter for utanrikstenesta (ekskl. administrasjon av utviklingshjelpa som inngår i programområde 03 Internasjonal hjelp), presse- og kulturtiltak og norske medlemskontingentar til internasjonale organisasjonar.

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på 234,2 mill. kroner i 2003.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert mindreforbruket redusert med om lag 155,8 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 78,4 mill. kroner. Avvik mellom disponibel løyving og rekneskap i 2003 var i hovudsak knytt til refusjonar og andre meirinntekter på til saman om lag 50 mill. kroner, og mindreutgifter knytt til finansieringsordninga under EØS-avtalen og til Noregs medlemskontingentar til internasjonale organisasjonar. Auken i overførte løyvingar var 206 mill. kroner i forhold til året før.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2001 til 2003 har det vore ein nedgang i utgiftene på omlag 4 prosent, frå 2 137,0 mill. kroner i 2001 til 2 060,8 mill. kroner i 2003.

Styrking av den internasjonale solidariteten

Programområde 03 omfattar den offisielle utviklingshjelpa (ODA) og støtte til Sentral- og Aust-Europa og internasjonale miljøtiltak, jf. oversikt nedanfor:

Programområde 03 Internasjonal hjelp (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
03.00Administrasjon av utviklingshjelpa588,7637,5662,1674,0
03.10Bilateral hjelp2 301,22 384,22 583,22 597,5
03.20Global (bilaterale ordningar)2 160,16 136,46 723,16 706,5
03.30Multilateral hjelp4 039,44 781,44 875,04 901,0
03.40Nødhjelp, menneskerettar o.a.3 222,5
SumOffisiell utviklingshjelp (ODA)12 311,913 939,514 843,414 879,1
03.50Anna hjelp398,3411,8363,5361,3
Sum utgifter12 710,214 351,315 206,915 240,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 33,4 mill. kroner

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert med om lag 39,0 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 5,6 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I 2003 vart det betalt ut 14 879 mill. kroner i offisiell utviklingshjelp. Den nominelle auken frå 2001 til 2003 var på 2 567 mill. kroner eller om lag 21 prosent. Ubrukte midlar på 117 mill. kroner vert overført frå 2003 til 2004. Dette utgjer om lag 0,8 prosent av budsjettet.

Den utbetalte ODA-godkjende utviklingshjelpa i 2003 utgjorde 0,94 prosent av bruttonasjonalinntekta (BNI). Vedteke budsjett for 2003 var basert på ei ramme tilsvarande 0,93 prosent av BNI, jf. Budsjett.innst. S. nr. 3 (2002-2003). Målt i prosent av BNI har utbetalingane auka frå 2000 til 2003, jf. oversikta nedanfor.

Viktige innsatsområde i 2003 var utdanning, helse, kampen mot hiv/aids, likestilling og rettar for kvinner, godt styresett, handel og næringsutvikling, inkl. primærnæringane, oppfølging av toppmøtet i Johannesburg, fredsbygging og humanitær hjelp.

Oversikta nedanfor syner utbetalingar av offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2001-2003, i prosent av BNI (basert på nasjonalrekneskapstall mars 2004) og ubrukt løyving overført til neste budsjettermin:

ÅrUtbetalt i mill. krUtbet. i prosent av BNIUbrukt løyving, overført til neste terminOverført i prosent av budsjett
200112 3110,81272 mill. kr2 prosent
200213 9400,91150 mill. kr1 prosent
200314 8790,94117 mill. kr0,8 prosent

Anna hjelp (ikkje ODA-godkjent)

Programkategorien omfattar tiltak i Sentral- og Aust-Europa (unnateke Balkan som inngår i utviklingshjelpa), internasjonale miljøtiltak og internasjonal strafferettargang. I 2003 vart det samla utbetalt 361,3 mill. kroner, ein nedgang på om lag 12 prosent frå 2002. Av dette var 326,0 mill. kroner utbetalingar til atomtryggingstiltak, prosjektsamarbeidet med Russland/SUS og handlingsplanen for søkjarlanda til EU. Vidare vart det i 2003 utbetalt 3,2 mill. kroner til freds- og demokratitiltak, 30,1 mill. kroner til internasjonale tiltak på miljø- og klimaområdet og 1,9 mill. kroner til fredsbevarande operasjonar og internasjonal strafferettargang.

3.3 Utdannings- og forskingsdepartementet

Programområde 07 Utdannings- og forskingsføremål (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
07.10Administrasjon511,9405,6413,3438,2
07.20Grunnskolen og vidaregåande opplæring3 401,13 047,92 774,12 770,9
07.40Anna tiltak i utdanninga2 181,72 461,42 676,92 731,5
07.50Vaksenopplæring1 633,21 713,91 867,51 826,1
07.60Høgare utdanning16 473,416 636,917 549,217 998,7
07.70Forsking7 571,219 022,57 309,87 324,3
07.80Utdanningsfinansiering15 850,018 059,621 188,621 385,9
Sum utgifter47 622,561 347,853 779,454 475,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 696,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert med om lag 548,4 mill. kroner, til eit meirforbruk på om lag 147,7 mill. kroner. Meirforbruket kjem óg av at fleire kundar enn forventa fekk lån og stipend frå Lånekassa.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2001-2003 har utgiftene auka med om lag 14 prosent. Auken kjem mellom anna av at det har vorte løyvd ekstra midlar til universitets- og høgskolesektoren i samband med gjennomføring av Kvalitetsreforma. Vidare har det blitt løyvd ekstra midlar til satsingar på mellom anna forsking, utdanningsstøtte og kvalitetsutvikling i grunnskolen.

Auken kjem òg av vekst i regelstyrte ordningar. Mellom anna har det vore stor vekst i talet på studentar som søkjer og får støtte frå Lånekassa. På området utdanningsfinansiering har det i tillegg vore ein auke på grunn av tekniske endringar rundt lånetransaksjonar i samband med innføring av ny ordning for utdanningsstøtte (konverteringsordninga).

Høg kvalitet i forsking og utdanning

Grunnskolen og vidaregåande opplæring

Om lag 382 mill. kroner vart løyvd under kap. 226 til kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring i 2003. Betre opplæring i basisfaga, kompetanseutvikling for lærarar, utviding av ordninga med bonus- og demonstrasjonsskular og tiltak mot uro og problemframferd i skolen var prioriterte tiltak i satsinga.

Arbeidet med vedlikehald, opprusting og bygging av skoleanlegg vart prioritert med ei investeringsramme på 3 mrd. kroner. Løyvinga var over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett.

IKT i utdanninga

På kapittel 248 vart det i 2003 løyvd om lag 164 mill. kroner til særskilde IKT-tiltak i utdanninga. Arbeidet har vore konsentrert om infrastrukturtiltak, digitale læringsressursar, kompetanseutvikling hos lærarar og forskings- og utviklingsarbeid. Mellom anna vart den nasjonale nettportalen ”utdanning.no” lansert våren 2003. Portalen retter seg mot alle nivå i utdanninga. Det har òg blitt utvikla digitale læringsressursar på prioriterte område som matematikk, naturfag, norsk, samfunnslære og engelsk. I tillegg har om lag 30 000 lærarar tatt eller starta på etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT.

Handlingsplanen for IKT i norsk utdanning 2000-2003 vart avslutta i 2003. Erfaringane frå handlingsplanen dannar grunnlaget for ei ny satsing på IKT i utdanninga innafor ”Program for digital kompetanse 2004-2008”.

Forsking

Dei samla løyvingane frå alle departementa til forsking auka med om lag 580 mill. kroner frå 2002 til 2003. Sidan 2001 er løyvingane auka med om lag 1,6 mrd. kroner. Ordninga med skattefrådrag for FoU-investeringar (SkatteFUNN) vart i 2003 utvida til å gjelde alle verksemder. Eit overslag tyder på at ordninga vil gi verksemdene eit samla skattefrådrag på om lag 1,5 mrd. kroner for prosjekt som er gjennomførde i 2003. Dette er nær 600 mill. kroner meir enn Regjeringa rekna med då budsjettet for 2003 vart lagt fram.

Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping vart auka med 4,8 mrd. kroner i 2003. I tillegg vart Ludvig Holbergs minnefond oppretta av Stortinget i 2003, med ein kapital på 200 mill. kroner. Avkastinga skal nyttast til ein internasjonal forskingspris for samfunnsvitskap og humaniora. Prisen skal delast ut for fyrste gong i 2004.

EUs sjette rammeprogram for forsking er den største internasjonale forskingssatsinga som Noreg tek del i. Programmet gjeld for perioden 2002–2006, og Noreg tek del som medlem med fulle retter.

Høgare utdanning

Utdannings- og forskingsdepartementet har i 2003 følgt opp Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 27 (2000-2001) Gjør din plikt – Krev din rett Kvalitetsreform av høgare utdanning, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-2001). Institusjonane har gjort eit omfattande og gjennomgripande arbeid med implementering av reforma. Utdanningsinstitusjonane har frå hausten 2003 fått på plass dei faglege, økonomiske og organisatoriske hovudelementa i Kvalitetsreforma.

I 2002 vart 290 mill. kroner løyvde for å førebu innføringa av Kvalitetsreforma. I 2003 vart i tillegg ei løyving på 210 mill. kroner nytta til tiltak som styrkjer undervisinga. Samla utgjer dette 500 mill. kroner til Kvalitetsreforma i 2003. I tillegg vart det løyvd 127 mill. kroner til vitskapleg utstyr som ein må sjå i samanheng med gjennomføringa av reforma.

Løyvingane er nytta til å innføre nye og meir faste studielaup, ny justert og tilpassa gradsstruktur, meir studentaktiv undervisning, nye studentaktive vurderingsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. System for kvalitetssikring er under utvikling ved institusjonane.

Endra støtteordningar i Statens lånekasse for utdanning

Frå 2003-2004 vart det innført ei ny støtteordning gjennom Lånekassa for unge elevar i vanleg vidaregåande opplæring. Mellom anna vart den behovsprøvde stipendtildelinga styrka både for heimebuarar og bortebuarar. Stipend til læremiddel vart innført som ei behovsprøvd ordning. Bortebuarar får eit ikkjebehovsprøvd stipend på same nivå som tidlegare. Det er framleis høve til å ta opp behovsprøvd lån til livsopphald. Lån til skolepengar er ikkje behovsprøvd.

3.4 Kultur- og kyrkjedepartementet

Programområde 08 Kultur- og kyrkjeføremål (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
08.10Administrasjon137,1263,3267,1275,2
08.20Kulturføremål3 150,93 291,03 374,33 448,6
08.30Film- og medieføremål619,1703,5714,5726,7
08.40Den norske kyrkja980,21 049,71 109,0
07.90Den norske kyrkja1)1 021,4
Sum utgifter4 928,55 237,95 405,65 559,6

1) Utgiftar til administrasjon av kyrkja låg under KUF i 2001 og 2002

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 154 mill. kroner

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert med om lag 153 mill. kroner, til eit meirforbruk på om lag 1 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2001 – 2003 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 12,8 prosent, frå 4 928,5 mill. kroner i 2001 til 5 559,6 mill. kroner i 2003.

Utgiftene til kulturføremål under programkategori 08.20 var 3 448,6 mill. kroner i 2003. Dette er ein auke på 158 mill. kroner eller 4,8 prosent frå året før. Utgiftene til film- og medieføremål under programkategori 08.30 auka med 23,2 mill. kroner til 727 mill. kroner.

Utgiftene over statsbudsjettet til kyrkja under programkategori 08.40 var i 2003 på 1 109 mill. kroner. Dette er ein auke på 128,8 mill. kroner eller 13 prosent frå året før. Utgiftsveksten har si årsak i at Statens senter for arkiv, bibliotek og museum tok over reise- og bustadtelefonutgiftene for prestane frå 2003, årsverkning i 2003 av lønnsoppgjøret i 2002 og årsverkning av dei 35 nye årsverka i prestetenesta som vart oppretta frå 1. juni 2002. Den samla effekten av dette er 103 mill. kroner. Utgiftene til prestetenesta er på 607 mill. kroner og utgjør hovuddelen av løyvingane under programkategorien.

På kulturområdet syner statsbudsjettet for 2003 ei hovudsatsing innafor museums- og bibliotekområdet. Det vart gjeve auka tilskott til 39 distriktsmuseum for å gje utvida driftsgrunnlag og stimulera til konsolidering og nettverksbygging musea imellom, til etablering av fagorganet ABM-utvikling frå 1. januar 2003 og til utvikling av Nasjonalmuseet for kunst som vart etablert som stifting 1. juli 2003. Overføringane til Nasjonalbiblioteket til bygningsmessig oppgradering i Mo i Rana, og til utvikling av avdelinga i Oslo og til Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek for å sikre tilstrekkeleg produksjon av folkebiblioteklitteratur og studielitteratur for syns- og lesehemma, vart og auka.

Kultur- og kyrkjedepartementet prioriterte å halde oppe løyvingsnivået til viktige kulturføremål som musea, orkestra og andre kulturinstitusjonar og faste tiltak. Driftssituasjonen for desse er svært sårbar med ein dominerande del av driftsbudsjetta knytt til faste utgifter. Det vart difor naudsynt å redusere løyvingane på statsbudsjettet til Frifond og lokale og regionale kulturbygg. Desse to føremåla vart likevel sikra ein god vekst frå 2002 til 2003 som følgje av auka speleoverskott frå Norsk Tipping AS.

Departementet la inn midlar til vidareføring av ”Den kulturelle skulesekken” for å gje skulebarn auka tilgang til kulturytringar av alle slag, samstundes som prosjektet og vart tilført om lag 60 mill. kroner frå spelemidlane. På kunstnarområdet vart det signalisert at ein ønskjer ei omprioritering frå garantiinntekter til arbeidsstipend, noko som vart følgt opp ved at 12 nye arbeidsstipend for kunstnarar vart oppretta i 2003.

3.5 Justisdepartementet

Programområde 06 Justissektoren (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
06.10Administrasjon217,8215,0201,6207,8
06.20Rettsvesen1 240,01 366,11 451,21 497,3
06.30Kriminalomsorg1 685,41 783,61 815,41 925,5
06.40Politi- og påtalemakt6 926,67 603,67 333,88 012,1
06.50Redningstenesta, o.a.681,3731,3721,0747,7
06.60Andre verksemder437,4502,3574,9567,8
06.70Erstatningar, tilskott o.a.589,9805,5895,2911,3
06.80Svalbardbudsjettet60,0100,1112,270,4
Sum utgifter11 838,513 107,513 105,313 939,9

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 835 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert med om lag 856 mill. kroner, slik at ein istaden får eit mindreforbruk på om lag 21 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2001 – 2003 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 17,8 prosent frå 11 838,5 mill. kroner i 2001 til 13 939,9 mill. kroner i 2003.

Om lag 82 prosent av utgiftene på 06-området i 2003 er gått til straffesakskjeda, dvs. til politiet, påtalemakta, rettsvesenet og kriminalomsorga. Hovudmåla i justissektoren for 2002-2003 har vore redusert kriminalitet, god og effektiv konfliktløysing og førebygging, auka tryggleik og rettstryggleik for enkeltpersonar og grupper, eit godt og tilgjengeleg regelverk, redusert sårbarheit i samfunnet og ei ope og kvalitetsbevisst justisforvaltning.

Også i 2003 stod omorganisering og fornying av justissektoren sentralt. Reformane gjeld i fyrste rekkje samanslåing av domstolar i fyrsteinstans, arbeidet med vidareføring av politireforma, overføring av ansvaret for tinglysing i fast eigedom frå domstolane til Statens kartverk og samanslåing av Direktoratet for sivilt beredskap og Direktoratet for brann- og eltryggleik. I tillegg er det i 2003 arbeidd med å førebu ein reduksjon i talet på sivile forsvarskrinsar frå 40 til 20 med verknad frå 1.1.2004.

Det vart innført endringar i rettshjelpslova frå 1.9.2003 ved å heve inntektsgrensa med 20 000 kroner og å avvikle ordninga med eigendelar. I 2003 vart det i løpet av året gitt ekstra løyvingar til å dekke politiet sine auka utgifter til sikringstiltak og meirutgifter på asyl- og utlendingsområdet.

3.6 Kommunal- og regionaldepartementet

Programområde 13 Innvandring, nasjonale minoritetar, distriktsutbygging o.a. (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
13.10Administrasjon323,3209,7234,1234,0
13.20Innvandring3 469,04 728,45 230,55 185,0
13.21Nasjonale minoritetar2,52,72,82,8
13.30Arbeidsmiljø9,2
13.40Samiske formål110,3137,8140,6142,1
13.50Regional- og distriktspolitikk3 507,81 575,51 408,51 344,5
13.70Overføringar gjennom inntektssystemet54 258,874 708,953 408,953 433,2
Programområde 14 Bustad, bustadmiljø og bygningssaker
14.10Bustad- og bustadmiljø16 233,118 608,318 905,417 196,8
14.20Forvaltning av bygningstiltak30,432,734,636,3
Sum utgifter programområde 13 og 1477 944,4100 003,979 365,277 574,7

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på 1 791 mill. kroner.

Tek ein for programområde 13 og 14 omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert mindreforbruket redusert med om lag 430 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 1 360 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2001 – 2003 har utgiftene samla for programområde 13 og 14 gått ned med om lag ½ prosent, frå 77 944,4 mill. kroner i 2001 til 77 574,7 mill. kroner i 2003.

Mindreutgifta under kategori 13.20 Innvandring har hovudsakeleg si årsak i eit volumavvik i høve til føresetnadene for løyvingane til drift av statlege mottak, tilbakevendingsstøtte og reiseutgifter til og frå utlandet. Kategorien dekkjer mellom anna integreringstilskotet, som vert betalt ut til kommunane når flyktningar vert busett, drift av statlege asylmottak og drift av Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda. Talet på asylsøkjarar har auka mykje dei siste åra. I tråd med dette har utgiftene og løyvingane på feltet blitt høgare. I 2002 kom det 17 500 asylsøkjarar. 2003 var det fyrste året sidan 1995 at talet på asylsøkjarar har vorte lågare enn året før. I 2003 søkte 15 600 personar asyl i Noreg, ein nedgang på 11 prosent frå 2002. Likevel auka utgiftene på feltet. I 2003 var utgiftene 5 185 mill. kroner mot om lag 4 728 mill. kroner i 2002. Det er ein auke på om lag 10 prosent, noko som i hovudsak kjem av ein auking i talet på utbetalingar av integreringstilskotet og eit høgare belegg i statlege mottak enn året før.

Meirforbruket under kategori 13.40 Samiske formål i høve til budsjettet for 2003 kjem av ei løyving frå Utanriksdepartementet ført på inntektssida som ei meirinntekt på 1,2 mill. kroner og eit meirforbruk på om lag 0,4 mill. kroner på Kompetansesenteret for rettane til urfolk på grunn av uventa utgifter i desember. Departementet vil krevje tilsvarande mindreforbruk i 2004.

Årsaka til mindreforbruket under kategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk kjem i hovudsak av forlenging av allereie i gang sette prosjekt under kapittel 552, post 21 Kunnskapsutvikling, informasjon o.a., og kapittel 552, post 72 Nasjonale tiltak for regional utvikling. Dei ubrukte midla er overførte til neste budsjettår. Ved nysalderinga av budsjettet for 2003 vart det løyvd 50 mill. kroner på kapittel 2425, post 74 Dekning av tap på risikolån og garantiar til delvis etterfylling av SND/Innovasjon Norge sine tapsfond for den distriktsretta risikolåneordninga (St.prp. nr. 22 ( 2003-2004)). Ved ein feil vart ikkje dei løyvde tapsfondmidla utbetalte til SND før årsskiftet.

Årsaka til meirforbruket under kategori 13.70 Overføringar gjennom inntektssystemet kjem i hovudsak av kapittel 571, post 68, forsøk med rammefinansiering av øyremerka tilskot. Departementet har fullmakt til å omdisponere mellom denne posten og dei øyremerka tilskota som inngår i forsøket. Årsaka til auken i 2003 var ei eingongsløyving til fylkeskommunane i samband med at staten tok over ansvaret for spesialisthelsetenesta (sjukehusreforma).

Om lag halvparten av mindreforbruket under programområde 14 Bustader, bustadmiljø og bygningssaker er knytt til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar under eldreplanen. På grunn av det store talet bueiningar har det teke lengre tid å planleggje og ferdigstille byggeprosjekta enn lagt til grunn ved budsjetteringa, og svært mange tilsegn har difor ikkje kome til utbetaling. Departementet har vurdert å justere utbetalingsprofilen, men har kome til at den ikkje skal bli endra. Årsaka til dette er at Handlingsplan for eldreomsorga vart avslutta i 2003 og at Opptrappingsplan for psykisk helse vert avslutta i 2004. Etter dette vil det ikkje bli gitt nye tilsegn og berre stå igjen midlar til utbetalingar av tilsegn som er gitt tidlegare. Det var òg lågare låneutbetalingar enn budsjettert, fordi det mellom anna var ein sterk nedgang av marknadsrenta på bustadlån i 2003.

Dei samla utgiftene under programområde 14 Bustad, bustadmiljø og bygningssaker var om lag 17 233 mill. kroner i 2003 mot om lag 18 641 mill. kroner i 2002. Dette er ein nedgang på om lag 8 prosent. Årsaka til nedgangen er i hovudsak eit lågare rentenivå enn budsjettert. Det har vært ein samla utgiftsauking på 6 prosent frå 2001 til 2003.

3.7 Sosialdepartementet

Programområde 09 Sosiale formål (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
09.00Administrasjon308,471,772,370,5
09.10Førebygging383,3280,5
09.20Eldre, funksjonshemma, rusmisbrukarar o.a.1)1 935,81 904,3
09.60Kontantytingar1 706,91 758,02 145,02 116,6
09.70Eldre og funksjonshemma1)4 960,91 557,4
Sum utgifter7 359,53 667,54 153,14 091,4

1) Endring i kontoplanen gjer at løyvingane til eldre, funksjonshemma, rusmisbrukarar m.v. er samla i programkategori 09.20 frå 2003.

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på omlag 62 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert mindreforbruket redusert med om lag 21 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 41 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Den store skilnaden mellom rekneskapen for 2001 og 2002 har samanheng med at Sosialdepartementet vart skild ut som eige departement i frå det tidligare Sosialdepartementet frå 2002. Skilnaden mellom rekneskapen på kategorinivå for 2002 og 2003 har samanheng med at det vart gjennomført endringar i kontoplanen under Sosialdepartementet frå 2003.

Auka innsats for dei vanskelegast stilte, nasjonalt

Regjeringa har i 2003 sett i verk ei rekkje tiltak overfor dei vanskelegast stilte som eit ledd i gjennomføringa av ein målretta politikk for å redusera førekomsten av fattigdom.

Stortinget løyva i 2003 til saman 335 mill. kroner i samband med oppfølginga av tiltaksplanen mot fattigdom. Av dette gjekk 175 mill. kroner til arbeidsmarknadstiltak for langtids sosialhjelpmotakarar og innvandrarar, 77 mill. kroner til å betre bustadstøtteordninga for barnefamiliar, 35 mill. kroner til endringar i overgangsstønad for einslege forsørgjarar, 30 mill. kroner til styrking av oppfølgingstenester for personar utan bustad og 8 mill. kroner til tiltak for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring.

Tiltaksplan mot fattigdom (jf St. meld. nr. 6 (2002-2003) er ei målretta satsing over fleire år (2002-2005) for å førebygge fattigdom og hjelpe personar ut av ein situasjon med langvarige låginntekt- og levekorsproblem. Dei overordna måla med innsatsen er at flest mogeleg i yrkesaktiv alder skal klare seg sjølve gjennom eige arbeid.

Innsatsen for dei vanskelegast stilte i 2003 omfatta óg ei styrking av arbeidet mot rusmiddelproblem på totalt 65,5 mill. kroner i samband med at Regjeringa hausten 2002 la fram ein handlingsplan mot rusmiddelmisbruk.

3.8 Helsedepartementet

Programområde 10 Helsevern (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
10.00Helsetilsyn o.a.615,11 655,41 919,02 189,5
10.10Førebygging930,0545,5436,1438,4
10.30Somatiske spesialisttenestar21 908,752 925,857 601,157 555,2
10.40Psykisk helsevern2 210,22 506,12 914,12 985,9
10.50Legemidlar173,8203,2180,7181,4
10.90Beredskap21,330,223,324,7
Sum utgifter25 859,157 866,363 074,363 375,1
Programområde 30 Helsedepartementet, Folketrygda (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
30.10Diverse tiltak i fylkeshelsetenesta o.a.2 662,12 928,73 092,83 149,6
30.50Legehjelp, medisin o.a.14 754,515 880,516 972,617 101,6
30.90Andre helsetiltak538,7971,8783,3791,7
Sum utgifter17 955,319 780,920 848,621 043,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap under programområde 10 syner eit meirforbruk på om lag 300 mill. kroner og eit meirforbruk på om lag 195 mill. kroner på programområde 30.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert med 241 mill. kroner, til eit meirforbruk på om lag 60 mill. kroner. For programområde 30 kan følgjande 3 poster i hovudsak forklare meirforbruket: Kapittel 2711, post 78 Opptreningsinstitusjonar o.a. med om lag 40 mill. kroner, kapittel 2751, post 70 Legemidlar med om lag 75 mill. kroner og kapittel 2752, post 70 Refusjon av egen betaling, frikortordninga med om lag 70 mill. kroner.

Frå 1. januar 2003 er det innført ei ny skjermingsordning, eigendelstak 2, for utgifter til visse helsetenester som ikkje går inn under frikortordninga. Den nye skjermingsordninga omfattar fysioterapi, visse former for tannbehandling, opphald ved opptreningsinstitusjonar og behandlingsreiser til utlandet (klimareiser). Utgiftstaket er sett til 4 500 kroner for 2003.

Utgiftene til skjermingsordninga i 2003 på 7,2 mill. kroner vart vesentleg lågare enn venta. Dette har mellom anna si årsak i at ordninga er ny og førebels relativt lite kjend. Ved behandling av St.prp. nr. 21(2003-2004) vart løyvinga sett ned frå 90 mill. kroner til 10 mill. kroner, jf. Innst. S. nr. 88 (2003-2004).

Trenden i rekneskapen

I perioden 2002 – 2003 har det for programområde 10 vore ein nominell utgiftsvekst på 9,6 prosent frå 57 855,3 mill. kroner i 2002 til 63 375,1 mill. kroner i 2003. Den store auken i utgifter frå 2001 har si årsak i sjukehusreforma. For programområde 30 har utgiftsveksten frå 2001 til 2003 vore 17,3 prosent.

Betre helse og omsorg

Somatisk pasientbehandling ved sjukehusa

St. prp. nr. 1 (2002-2003) la til grunn om lag uendra aktivitetsnivå frå 2002 til 2003. I St. prp. nr. 65 (2002-2003), jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003), løyvde Stortinget 300 mill. kroner til auka aktivitet knytte til ordninga innsatsstyrt finansiering (ISF). 150 mill. kroner gjaldt etterbetaling for 2002 og 150 mill. kroner skulle dekkje vidareføring av et reelt høgare aktivitetsnivå i 2003.

Ny informasjon etter at St. prp. nr. 65 (2002-2003) var lagt fram indikerte ein langt høgare aktivitet enn planlagt. Stortinget løyvde nye 1 515 mill. kroner under handsaminga av St. prp. nr. 21 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 88 (2003-2004) for å dekkje opp for den auka aktiviteten. Den reelle auken i den ISF-finansierte aktiviteten, målt som vege gjennomsnitt av heildøgnsopphald og dagopphald, ser ut til å bli på vel 5 prosent frå 2002 til 2003.

Når det gjeld poliklinisk aktivitet ved offentlege sjukehus, har det og vore ein auke i aktiviteten. Det vart difor tilleggsløyvd 455 mill. kroner til dette formål under handsaminga av St. prp. nr. 21 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 88 (2003-2004). Rekneskapet synte likevel eit ytterligare forbruk på 57 mill. kroner.

Det har vore ein markant nedgang i gjennomsnittleg ventetid for behandling. Det er rimeleg å tru at deler av denne nedgangen kjem av auken i aktivitetsnivået i 2003.

Kreftplanen

Nasjonal kreftplan er ein 5-årig handlingsplan som var retta mot å fjerne flaskehalsane som hindra effektiv kreftbehandling. Planperioden var åra 1999-2003. Samla er det brukt 2 050 mill. kroner til å oppfylle den vedtekne kreftplanen. Av desse midlane var 1,7 mrd. kroner direkte statlege tilskot på statsbudsjettet. Fylkeskommunane hadde som føresetnad å dekkje 350 mill. kroner i planperioden til investeringar og bygg for auking av talet på strålemaskinar. Frå 2002 er dette handsama i ramma til dei regionale helseføretaka. Strålemaskinar og bunkarar vert framleis dekt med tilskot frå kreftplanen og med dei tiltaka som no er i gang, vil føresetnadene om ei auke til 39 strålemaskinar bli oppfylt.

Mammografiundersøking er no eit landsdekkande tilbod til alle kvinner i alderen 50-69 år. Løyvingane er frå 2004 overført til basisramma til dei regionale helseføretaka.

Det er i planperioden løyvd 100 mill. kroner til styrking av det helsefremjande og førebyggande arbeidet. Innsatsen er særskilt retta mot områda kosthald, tobakk og mosjon og vert vidareført som ein del av Folkehelsemeldinga. Det er òg løyvd 100 mill. kroner til kreftforsking i planperioden. Frå 2004 er løyvingane vidareført til Noregs Forskingsråd og Senter for medisinsk metodevurdering på same nivå som i 2003.

Det er oppretta kompetansesentra innafor genterapi, lindrande behandling og arveleg kreft ved alle landets regionsjukehus. Løyvingane til vidare drift er frå 2004 overført til basisramma til dei regionale helseføretaka.

Utdanningskapasiteten for stråleterapeutar er auka ved fleire høgskuler, i tillegg er det auka kapasitet for utdanning av radiografar og andre yrkesgrupper.

Opptrappingsplanen for psykisk helse

Ved handsaminga av St.prp.nr.63 (1997-98) Om opptrappingsplan for psykisk helse 1999-2006 vedtok Stortinget ein åtteårig handlingsplan for psykisk helse. Målet for satsinga er å styrkje tilbodet til personar med psykiske lidingar.

Regjeringa prioriterer styrking av psykisk helsevern, og det er ei klar målsetning at ventetid og ventelister særskilt for barn og unge, skal reduserast i opptrappingsperioden. Utviklinga er positiv. Nye tal tyder på at aktiviteten innafor psykisk helsevern har auke. Gjennomsnittleg ventetid for barn og unge som ventar på behandling er redusert med 13 dagar frå 92 til 79. I psykisk helsevern for vaksne er gjennomsnittleg ventetid for behandling redusert frå 54 til 50 dagar frå 2002 til 2003. Årsaka til den positive utviklinga innafor psykisk helsevern for vaksne og barn og unge er først og fremst at fleire har fått tilbod om behandling.

3.9 Barne- og familiedepartementet

Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
11.00Administrasjon84,988,685,689,9
11.10Tiltak for familie og likestilling17 940,018 027,117 751,517 826,2
11.20Tiltak for barn og ungdom5 347,36 300,18 418,88 278,3
11.30Forbrukarpolitikk126,1136,9124,7124,9
Sum utgifter23 498,224 552,826 380,726 319,4
Programområde 28 Fødselspengar (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
28.50Stønad ved fødsel og adopsjon8 256,58 511,09 086,79 122,3
Sum utgifter8 256,58 511,09 086,79 122,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap i 2003

Rekneskapen for 2003 syner for programområde 11 eit mindreforbruk på om lag 61 mill. kroner. Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar under programområde 11, vert mindreforbruket auka med om lag 18 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 79 mill. kroner. Rekneskapen for programområde 28 syner eit meirforbruk på 35,6 mill. kroner, eller 0,4 prosent.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2001 – 2003 har det for programområde 11 vore ein nominell utgiftsvekst på 12 prosent, frå 23 498 mill. kroner i 2001 til 26 319 mill. kroner i 2003. For programområde 28 har det vore ein utgiftsvekst på 10,5 prosent, frå 8 256,5 mill. kroner i 2001 til 9 122,3 mill. kroner i 2003. Utgiftene under kapittel 2530 var 611 mill. kroner eller 7,2 prosent høgare i 2002 enn i 2003, mellom anna som følgje av veksten i fødselspengegrunnlaget på 7,0 prosent, dvs. 2,5 prosent ut over den generelle lønnsveksten. Folketrygdordninga med stønad til svangerskapspengar vart frå 1.7.2003 utvida til å omfatte sjølvstendig næringsdrivande kvinner. Meirutgiftene i 2003 vart i saldert budsjett rekna til 0,5 mill. kroner. Rekneskapstala syner at utgiftene som følgje av regelendringa var om lag 1 mill. kroner.

Barnetrygd/kontantstøtte

I perioden 2002-2003 auka utbetalingane til kontantstøtte med 65 mill. kroner. Utviklinga kjem i hovudsak av at satsen for full kontantstøtte vart auka med 657 kroner i månaden frå 1.8.2003. Dette tilsvarer småbarnstillegget i barnetrygda som vart avvikla frå same dato. Utbetalingane til barnetrygd synte ein nedgang på 278 mill. kroner, hovudsakleg som følgje av at det ordinære småbarnstillegget for barn 1-3 år vart avvikla frå 1.8.2003.

Barnehagar

I perioden 2002-2003 har det vore ein auke i utbetalingane av driftstilskot til barnehagar, frå 5,66 mrd. kroner til 7,33 mrd. kroner. Stimuleringstilskotet/investeringstilskotet auka i same periode frå 60,5 mill. kroner til 284,3 mill. kroner.

Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar

Løyvinga dekkjer det særskilte tilskotet som vert betalt ut til kommunane når ein einsleg mindreårig asylsøkjar eller flyktning vert busett. I tillegg omfattar løyvinga refusjon frå staten av utgifter til barnevern gjennom fylkeskommunane. Posten er ei overslagsløyving og ordninga er regelstyrt.

I saldert budsjett for 2003 var løyvinga på 211,0 mill. kroner. I nysalderinga fekk posten ei tilleggsløyving på 57,4 mill. kroner, jf. Innst. S. nr 76 (2003 – 2004). Rekneskapen for 2003 syner eit mindreforbruk på om lag 16 mill. kroner. Mindreutgifta kjem i hovudsak av ubrukte midlar på fullmakter gitt til fylkesmennene som gjeld refusjon for fylkeskommunane sine utgifter til barnevern for einslige mindreårige flyktningar og asylsøkjarar. Dei ubrukte midlane har mellom anna si årsak i at fylkesmennene på slutten av året ikkje hadde nok tid til å gjere utbetalingar på fullmakter gitt etter nysalderinga av budsjettet.

Auka valfridom for familiar med småbarn

Regjeringa har lagt opp til den største statlege satsinga på barnehageplassar nokon gong. Målet er full behovsdekking av barnehagar og lågare foreldrebetaling. Saman med auken i kontantstøtta er dette viktige tiltak for auka valfridom for familiar med småbarn.

Midlar til statleg tilskot til drift av ordinære barnehagar og familiebarnehagar vart auka med 750 mill. kroner frå 1.8.2003. Denne auken la til rette for ein reduksjon i foreldrebetalinga frå same tidspunkt. Midlane som vart lagt inn var tilstrekkelege til å nå ei gjennomsnittleg foreldrebetaling på 2 500 kroner i månaden for ein heiltids barnehageplass. I Revidert nasjonalbudsjett 2003 vart ordninga med stimuleringstilskot til nye barnehageplassar erstatta av ei ny ordning med investeringstilskot. Investeringstilskotet har høgare satsar enn stimuleringstilskotet og vart gjort gjeldande frå 1.8.2003. Målet med investeringstilskotet er å auke utbygginga av nye barnehageplassar. Måltalet for etablering av nye barnehageplassar i 2003 var 12 000 nye plassar.

Gjennomsnittleg mottok 83 540 eller 72 prosent av eitt og toåringane kontantstøtte i 2003. Dette var gjennomsnittleg 5 321 færre barn enn i 2002. Kontantstøttestatistikken frå Rikstrygdeverket syner at det var 3 167 færre eitt og toåringar enn i 2002.

Satsen for full kontantstøtte vart frå 1.8.2003 auka med 657 kroner i månaden. Auken svarer til småbarnstillegget i barnetrygda som vart avvikla frå same dato. Dette hindra at dei som ikkje nyttar barnehage på full tid, fekk nedgang i overføringane.

Meirutgiftene knytte til høgare kontantstøttesats frå 1.8.2003 var på 240 mill. kroner.

3.10 Nærings- og handelsdepartementet

Programområde 17 Nærings- og handelsformål (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
17.00Administrasjon237,8185,2189,5202,1
17.10Informasjonsteknologi, infrastruktur o.a.538,61 256,21 564,61 677,0
17.20Forsking, nyskaping o.a.2 007,032 014,333 045,132 614,6
17.30Statlig eigarskap145,263,65 431,17 921,3
17.40Sjøfartsforvaltning531,8
17.50Aksjeselskap392,5
17.60Næringsutvikling, finansiering o.a.40 897,6
17.80Beredskap20,9
Sum utgifter45 678,733 519,340 230,342 415,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 2 185 mill. kroner.

Når ein tek omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og auking av overførte løyvingar, vert meirforbruket auka med om lag 286 mill. kroner, til om lag 2 471 mill. kroner.

Arbeidsområdet omfattar forvalting og tilrettelegging av tiltak for nærings-, handels- og skipsfartspolitikk. For 2003 vart det samla løyvd om lag 40,2 mrd. kroner til desse føremåla (inkl. lånetransaksjonar), og rekneskapsført om lag 42,4 mrd. kroner. Hovudårsaka til meirforbruket var utgiftsføring utan løyving av 2,5 mrd. kroner som Statens Bankinvesteringsfond fekk tilført for å ivareta staten sitt engasjement ved fusjonen av DnB Holding ASA og Gjensidige NOR ASA. Fullmakt til slik rekneskapsføring vart gitt ved Stortingsvedtak 4. juni 2003, jf. St.prp. nr. 59 og Innst. S. nr. 212 (2002-2003). Elles vart det eit mindreforbruk på om lag 565 mill. kroner til finansiering av låneordningar under Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND). 475 mill. kroner av mindreforbruket gjaldt løyvinga til lån til distriktsretta ordning. Desse midlane vert overført til 2004.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapstala for programområde 17 har svinga mykje i fireårsperioden 2000-2003, frå 31,3 mrd. kroner som lågast i 2000 opp til 45,7 mrd. kroner i 2001. Endringane kan i hovudsak tilskrivast finansieringa av innlånsordningane i SND årsaka av skifte mellom kort- og langsiktige innlån frå statskassa avhengig av rente- og avdragsvilkåra. Svingingane i låneopptaka påverkar innbetalinga av avdrag og renter på inntektsbudsjettet til Nærings- og handelsdepartementet/SND.

Når ein held lånetransaksjonar og andre 90-postar utanom, er Nærings- og handelsdepartementet sine utgifter redusert frå om lag 5,5 mrd. kroner i 2001, til om lag 5 mrd. kroner i 2002 og om lag 4,8 mrd. kroner i 2003. Endringane har i fyrste rekkje samanheng med at det vart gjeve store løyvingar til sluttutbetalingar av verftsstøtte i 2001 og 2002.

Betring av vilkåra for verdiskaping og sysselsetting

Skatte- og avgiftsendringar

Ein sentral del av Regjeringa sin økonomiske politikk er å redusere nivået på skattar og avgifter. Dette vil vere eit viktig bidrag til auka verdiskaping i norsk næringsliv. Dei skatte- og avgiftslettane som er gjennomført i denne regjeringsperioden, har i stor grad vore retta mot næringslivet. Dette gjeld til dømes avviklinga av investeringsavgifta og auken av ei rekkje avskrivingssatsar.

Ei anna viktig skatteendring var innføring av ordninga med skattefrådrag for forsking og utvikling (SkatteFUNN). Ordninga vart innført frå 1.1.2002 og har budsjettverknad frå 2003. SkatteFUNN skal stimulere næringslivet til auka forskingsinnsats. Frå og med inntektsåret 2002 kunne alle små- og mellomstore verksemder som driv eiga forsking og utvikling eller som kjøper FoU-tenestar, søkje om særskilt frådrag i skatten. Frådraget vert gjeve etter at prosjektet på førehand er godkjent av Noregs forskingsråd. Ordninga gir skattefritak på inntil 20 prosent av utgiftene til forsking og utvikling for små- og mellomstore verksemder. Noregs forskingsråd godkjende 2 826 søknadar i 2002. Det totale godkjente prosjektvolumet i 2002 var på om lag 4,5 mrd. kroner, men prosjekt for om lag 0,5 mrd. kroner vart ikkje gjennomførde. Til saman fekk verksemdene skattefrådrag på 672 mill. kroner for inntektsåret 2002. Verksemder med større skattefrådrag enn utlikna skatt, fekk utbetalt den overskytande delen, til saman 560 mill. kroner pluss rentegodtgjersle.

Under handsaminga av statsbudsjettet for 2003 vart den særskilte skattlegginga av reiarlag lagt om med verknad frå og med inntektståret 2002. Satsstrukturen i tonnasjeskatten vart redusert med 30 prosent, medan skattlegginga av finansinntekter for reiarlag vart skjerpa. NOKUS-reglane, for skattlegging av eigarar av verksemder under norsk kontroll i land med låg skatt, vart og endra i 2003. Frå og med inntektsåret 2003 kan underskot frå NOKUS-verksemder ikkje lenger trekkast frå direkte i anna inntekt, men berre framførast mot seinare overskot i same verksemd.

Auka kapitaltilgang til næringsverksemder i distrikta

I samband med Revidert statsbudsjett 2003 vart det gjort vedtak om løyvingar på til saman 400 mill. kroner til statlege lån og 100 mill. kroner til tapsfond knytt til oppretting av fire regionale såkornfond. Det vart lagt til grunn at såkornfonda skal tilførast tilsvarande kapitalmidlar frå private investorar. Prosessen med å hente inn privat kapital vart ikkje starta opp i 2003.

I 2003 vart det også gjort vedtak om auke av SND si løyving til landsdekkande innovasjonsordning under kap. 2420, post 55 med 125 mill. kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett., jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003). Desse midlane gjekk i hovudsak til styrking av fiskerinæringa gjennom tapsfond for garantiar (50 mill. kroner) og lån (15 mill. kroner). Løyvinga til fiskeriretta garantiar vart redusert med 31,25 mill. kroner i samband med endringane av statsbudsjettet 2003 i haustsesjonen, jf. St.prp. nr. 18 (2003-2004). Midlane er i staden løyvd på nytt på statsbudsjettet for 2004 under kap. 2421, post 50, jf. St.prp. nr.1. Tillegg nr. 4 og Budsjett-innstilling nr. 8 (2003-2004). Desse budsjettendringane vart gjort fordi det ikkje låg til rette for å nytte heile garantirama i 2003.

Det meste av den ikkje øyremerkte delen av garantirama på 125 mill. kroner, dvs. 50 mill. kroner, vart nytta til tilskot og styrking av tapsfondet for SND si landsdekkande risikolåneordning.

3.11 Fiskeridepartementet

Programområde 16 Fiskeri, havbruks og kystforvaltning (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
16.10Administrasjon70,880,682,384,7
16.20Forsking og utvikling773,91 121,7920,3985,3
16.30Fiskeri- og havbruksforvaltning516,0448,4492,9497,0
16.60Kystforvaltning1 102,71 137,81 156,41 186,3
Sum utgifter2 463,52 788,52 651,92 753,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 101,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar vert meirforbruket vesentlig redusert, med om lag 136 mill. kroner til eit mindreforbruk på om lag 35 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2001 – 2003 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 11,7 prosent frå 2 463,5 mill. kroner i 2001 til 2 753,3 mill. kroner i 2003. Forbruket under programkategori 16.10 Administrasjon har auka dei siste åra. Dette har samanheng med auka løyvingar for å dekkje behovet for auka utgreiingskapasitet og auka kontingentar i internasjonale organisasjonar. Marin forsking er eit prioritert område, og løyvingane under programkategori 16.20 Forsking og utvikling har auka over fleire år, dersom ein ser bort frå løyvingane til bygging av nytt havforskingsfartøy. Forbruket på programkategori 16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning er redusert frå 2001 til 2002, men er auka frå 2002 til 2003. Dette har først og fremst samanheng med endringar i ramma til Fiskeriavtalen og tilskotsordningar under SND. Forbruket under programkategori 16.60 Kystadministrasjon har vore relativt stabilt dei siste åra.

Hovudprioriteringane i budsjettet til Fiskeridepartementet er styrkt sjøtryggleik, tilrettelegging for auka verdiskaping og modernisering, effektivisering og forenkling i offentleg sektor.

Det er dei siste åra gjennomført fleire store omorganiseringar under Fiskeridepartementet sitt område. Opprettinga av eit mattilsyn frå 1. januar 2004 og utskiljing av Fiskeridirektoratets Ernæringsinstitutt frå 1. januar 2003 har store konsekvensar for Fiskeridirektoratet. Bortfallet av oppgåvene knytt til sjømattilsyn har gjort det naudsynt med ei omorganisering av direktoratet for å sikre optimal ressursutnytting tilpassa dei framtidige oppgåvene til etaten.

Frå 1. januar 2003 har Kystverket overteke ansvaret for den statlege beredskapen mot akutt ureining. I samband med dette er det gjort ei rammeoverføring frå Miljøverndepartementet på 69,085 mill. kroner.

3.12 Landbruksdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
15.00Landbruksadministrasjon o.a.135,3113,6114,2120,2
15.10Matvarekvalitet, dyrehelse o.a.722,2814,4871,7918,9
15.20Forsking og utvikling267,6279,7273,2273,1
15.30Næringsutvikling og miljø og arealforvaltning12 923,713 547,612 565,112 756,9
15.40Forretningsdrift2,02,6
Sum utgifter14 050,814 757,813 824,114 069,1

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 245 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert med om lag 255 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 10 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapen syner at dei nominelle utgiftene i 2001 ligg på om lag same nivå som i 2003. Dette gir dermed ein reell nedgang i utgiftene under programområde 15 Landbruk og mat frå 2001 til 2003.

Det er ei hovudoppgåve for Landbruksdepartementet å sikre borgarane trygge matvarer og fremme mangfald og forbrukaromsyn. Løyvinga over programkategori 15.10 Matvarekvalitet, dyrehelse o.a. syner ein auke frå 722 mill. kroner i 2001 til 919 mill. kroner i 2003. Dette er ein auke på om lag 27 prosent. Auken i løyving har samanheng med dei store utfordringane på dette området dei siste åra, samt arbeidet med omorganiseringa av matforvaltninga og opprettinga av Mattilsynet frå 1.1.2004.

Rekneskapen under programkategori 15.20 Forsking og utvikling syner ein auke på 2 prosent frå 2001 til 2003. Tala viser ein auke frå 2001 til 2002, medan vi ser ein liten reduksjon frå 2002 til 2003. Landbruksdepartementet har i 2003 prioritert forsking på de tematiske satsingane i Forskingsmeldinga. Dette gjeld områda trygge matvarer og klima og energi som og inngår i Handlingsplanen for landbruksforsking. Departementet har fylgt opp den gjennomførte evalueringa av mat- og landbruksforskinga gjennom arbeid med samanslåingar og endra tilknytingsform for fleire av institutta.

Innanfor programkategori 15.30 Næringsutvikling og miljø utgjer løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen hovuddelen. Løyvinga til dette føremålet er redusert dei siste åra. Det er òg gjennomført endringar i landbrukspolitikken gjennom strukturelle tilpassingar som skal stimulere til auka effektivitet og konkurransekraft. God utnytting av marknadsmoglegheitene, ny teknologi, auka mangfald, ein balansert marknad, strukturelle endringar og fornuftige kostnadstilpassingar vil i aukande grad avgjere om måla for inntektsutviklinga kan nåast. Regjeringa legg vekt på at yrkesutøvarane er sjølvstendig næringsdrivande og at ein må ta større omsyn til bruk kor jordbruksproduksjonen utgjer eit viktig bidrag til inntekta.

3.13 Samferdsledepartementet

Programområde 21 Innlands transport (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
21.10Administrasjon241,5213,4804,4922,1
21.20Luftfartsføremål1 070,21 252,28 422,98 203,3
21.30Vegføremål10 578,911 995,214 006,513 560,6
21.40Særskilde transporttiltak326,6212,2265,2244,2
21.50Jernbaneføremål8 349,36 229,46 434,56 664,6
21.60Samferdsleberedskap44,155,770,4
Sum utgifter20 566,419 946,629 989,229 665,2
Programområde 22 Post og telekommunikasjon (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
22.10Post og telekommunikasjonar716,52 210,41 082,71 075,7
Sum utgifter716,52 210,41 082,71 075,7

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk for programområde 21 på 324 mill. kroner og eit lite mindreforbruk for programområde 22.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar vert mindreforbruket under programområde 21 redusert med om lag 202 mill. kroner til eit mindreforbruk på om lag 122 mill. kroner. For programområde 22 vert mindreforbruket redusert til 0,5 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden har det for område 21 vore ein nominell auke i utgifter på om lag 44 prosent frå 20 566 mill. kroner i 2001 til 29 665 mill. kroner i 2003. Utgiftene var noko lågare i 2002 samanlikna med 2001, medan det var ein auke i utgiftene frå 2002 til 2003. På programområde 22 var det ein auke i utgiftene frå 2001 til 2002 og ein stor nedgang frå 2002 til 2003.

Årsaka til det høge nivået på løyvingane i 2003 var enda organisering av verksemder. 1. januar 2003 vart forvaltningsverksemda Luftfartsverket og produksjonsverksemda i Statens vegvesen omdanna til aksjeselskap – Avinor AS og Mesta AS. Staten ved Samferdsledepartementet tok frå same dato over aksjane i Flytoget AS frå NSB AS.

Slike organisasjonsmessige endringar har store konsekvensar for statsbudsjettet og statsrekneskapen ved sjølve etableringa av selskapa. Budsjetta til desse selskapa er tekne ut av statsbudsjettet. Det påverkar også statsrekneskapen ved utbyteinnbetalingar og endringar i eigenkapitalen. I 2003 vart det rekneskapsført til saman 9,3 mrd. kroner i eigenkapital til Avinor AS og Mesta AS. Det vart utgiftsført 670 mill. kroner i samband med overtakinga av Flytoget AS frå NSB AS. Vidare vart det i 2003 løyvd til saman 1,1 mrd. kroner for å auke eigenkapitalen i Flytoget AS, NSB AS og Posten Norge AS.

På Samferdsledepartementet sitt område går det meste av løyvingane til veg, jernbane og kjøp av ulike samferdsletenester. Løyvingane til vegføremål har auka i perioden 2001-2003, også om ein ser bort frå eingongsutgifta i 2003 til eigenkapital i Mesta AS. Rekneskapen syner med unntak av 2002 eit mindreforbruk. For Jernbaneverket har løyvingane dei siste åra vore på om lag same nivået, men med ein viss auke frå 2002 til 2003. Rekneskapen har ikkje vist store avvik samanlikna med løyvingane.

Inntektssida på samferdsleområdet er påverka av betaling av renter og avdrag på lån gitte til selskap som Samferdsledepartementet forvaltar. Jernbaneverket og Statens vegvesen har inntekter m.a. frå sal av utstyr og ulike tenester som er vanskelege å budsjettere nøyaktig. Den einaste av etatane som er eigafinansiera, er Post- og teletilsynet. Post- og teletilsynet har eit reguleringsfond som handterer rekneskapsmessige avvik frå budsjettet. Luftfartstilsynet finansierer også ein del av verksemdene sine med gebyr.

Auka innsats for kollektivtransport

I budsjettet for 2003 ønskte Regjeringa særleg å styrkje kollektivtransporten i dei fire storbyområda Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim. Regjeringa prioriterte kollektivtrafikk m.a. med midlar til oppgradering av linenettet på T-banen i Oslo, og tiltak for at kollektivtrafikken skal kome lettare fram i dei største byane, mellom anna gjeld det kollektivfelt og signalprioritering, i tillegg til terminalar og haldeplassar. For persontrafikk med jernbane vart midlane retta mot hovudstrekningane, intercitytrianglet på Austlandet og nettet rundt dei største byane. Det vert lagt vekt på å leggje forholda til rette for betre kapasitet, frekvens, kvalitet og regularitet, og å få stilt ferdig oppstarta utbyggingar. Utbygging av nytt dobbeltspor Sandvika-Asker vart særleg prioritert.

Regjeringa inviterte i 2003 storbyområda Oslo, Bergen, Trondheim, Kristiansand og Stavanger til å søkje om midlar til kollektivtransport for 2004 gjennom den statlege påskjønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bruk av bil. Desse midlane kjem i tillegg til dei midlane til kollektivtransport som er løyvde over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Samferdsledepartementet tok i 2003 initiativet til å få utarbeidd ein rapport om behovet og moglege arbeidsoppgåver for eit samordningsorgan for kollektivtransporten i det sentrale Austlands-området (SKØ). Rapporten som vart utarbeidd av ei politisk styringsgruppe, konkluderte med at det er behov for eit samordningsorgan, og at organet vil vere eit godt verkemiddel for å utvikle eit betre og meir heilskapleg kollektivtilbod. SKØ vart etablert frå 1. januar 2004, og vil i 2004 m.a. ha oppgåver i samband med å utvikle felles billetterings- og informasjonssystem, og utgreiing av organet sitt ansvar og oppgåver frå 2006.

3.14 Miljøverndepartementet

Programområde 12 Miljøvern og regional planlegging (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
12.10Fellesoppgåver, regional planlegging o.a.482,5722,4790,9704,6
12.20Biomangfold og friluftsliv637,4579,6655,7586,9
12.30Kulturminnar og kulturmiljø200,3422,0241,2242,6
12.40Forurensning917,3756,7671,5666,3
12.50Kart og geodata373,6384,2358,7362,2
12.60Nord- og polarområdar190,3109,0115,0114,8
Sum utgifter2 801,12 973,92 833,02 677,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på 156 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar vert mindreforbruket redusert med om lag 87 mill. kroner til eit mindreforbruk på om lag 69 mill. kroner.

Mindreforbruket under programkategori 12.10 i 2003 kjem av at prosjektet for modernisering av nikkelverket på Kola vart forsinka med ca. 2 år i forhold til tidlegare føresetnader. Det låge forbruket under programkategori 12.20 heng i fyrste rekke saman med låg utbetalingstakt på statlege tileigningar i samband med bandlegging av friluftsområde, fylkesvise verneplanar og barskogvernet. Tileigningane for rovdyr har òg vore lågare enn venta.

Mindreforbruket under programkategori 12.40 kjem mellom anna av færre innsamla bilvrak enn venta i 2003. Utbetalt refusjon for innlevert spillolje vart òg lågare enn venta samstundes med at refusjonsordninga for HFK ikkje vart starta. Meirforbruket under programkategori 12.50 er dekt opp gjennom overføringar frå 2002 budsjettet.

Trenden i rekneskapen

I perioden har det for vore ein nominell reduksjon i utgiftene på om lag 4 prosent frå 2 801 mill. kroner i 2001 til 2 677 mill. kroner i 2003.I perioden 2001-2003 vart det gjennomført større endringar i programkategoriane på budsjettet til Miljøverndepartementet. Dei viktigaste endringane omfattar opprettinga av ein ny programkategori 12.30 for kulturminne og kulturmiljø i 2002 og samlinga av alle "fagkapitla" til departementet under kap. 1400 under programkategori 12.10 same året. Dessa kapital låg tidlegare under kvar sin programkategori.

Opprettinga av den nye programkategorien for kulturminne og kulturmiljø innebar at kap. 1429 vart overført frå programkategori 12.20 og at kapitla 1441, 1443 og 2422 som tidligare var førte under denne kategorien vart flytta til programkategori 12.40. Talmaterialet i tabellen ovanfor er korrigert for desse endringane slik at kolonne for rekneskap 2001 kan samanliknas med kolonne for rekneskap 2002 og 2003, samt budsjett 2003. Det er derimot ikkje tatt omsyn til samlinga i eit kapittel av departementets sine fagkapittel som låg under kvar av programkategoriane under programkategori 12.10.

Utviklinga i rekneskapstala heng mellom anna saman med innlemming av fagkapitla under kvar programkategori som er omtale ovanfor.

Utvilklinga under programkategori 12.10 heng elles saman med tilskotet til modernisering av nikkelverket på Kola. Under programkategori 12.20 er utviklinga prega av utbetaling i samband med tileigningar i samband med fylkesvise verneplanar, skogvern og nasjonalparkar. I 2002 vart Norsk kulturminnefond oppretta med ein fondskapital på 200 mill. kroner under programkategori 12.30.

Utviklinga under programkategori 12.40 heng saman med at utbetaling av tilskot til kommunale avløpsanlegg er blitt trappa ned og avslutta i 2003. Løyving til tiltak mot oljevern vart frå 2003 flytta til Kystdirektoratet.

Framtidsretta satsing på miljø

Kulturminnevern

Innsatsen til kulturminnevern vart vidareført i 2003. Av særlege område som vart prioritert nemnast spesielt vidareføringa av stavkyrkjesatsinga, som starta i 2002 og vil gå over 10 år. Satsinga vart prioritert med ekstra midlar i 2003 og det vart i 2003 gjennomført arbeide med istandsetjing i Nore, Uvdal og Rollag stavkyrkjer. I ytterlegare 13 kyrkjer vart det gjennomført tilstandsundersøking av bygning, dekor og kyrkjekunst.

Innsatsen for brannsikring vart også vidareført i 2003. Mellom anna vart det gjennomført eit pilotprosjekt i brannførebyggjande tiltak i tett trehusbebyggjing på Røros. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Riksantikvaren, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Røros kommune og SINTEF. Prosjektet vert vidareført i 2004 og vil ha ein stor overføringsverdi til andre liknande prosjekt. Vidare vart installasjonen av nytt slukkeanlegg i Urnes stavkyrkje sluttført i 2003.

Sikringa av bergkunsten vart òg vidareført etter planane. I 2003 vart det sikra ytterlegare 33 lokalitetar, og til no er om lag 200 av dei totalt 300 prioriterte lokalitetane sikra. Tilskotsmidla til fartøyvern vart auka i 2003, mellom anna ved at Stortinget oppretta ein eigen post til fartøyvern ved handsaminga av budsjettet for 2003 og auka løyvinga på posten ved handsaminga av St.prp. nr. 65 (2002-2003), jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003). Det er i 2003 gitt tilskot til 55 fartøy. Av desse er noen svært kostnads- og arbeidskrevjande.

2003 var også det fyrste operative året for Norsk kulturminnefond. Fondet vart vedteke oppretta av Stortinget sommaren 2002 med ein grunnkapital på 200 mill. kroner. I 2003 genererte fondskapitalen ei inntekt som kan brukast til kulturminneformål på 6,5 mill. kroner, og fondet gav tilskot til 20 istandsetjingsprosjekt i 2003.

I 2003 vart nominasjonsdokumenta for øyområdet utanfor Vega oversendt UNESCO for endelig handsaming. Som ei oppfølging av dette vart det gjennomført synfaring av internasjonale ekspertar i august og september. Nominasjonsdokumentet for Vestnorsk fjordlandskap vart også ferdigstilt i 2003. Dokumentet vart sendt UNESCO i januar 2004.

Innafor budsjettet for 2003 vart det òg prioritert midlar til spesielle restaureringsprosjekt. Av desse kan nemnast mellom anna bygging av eit besøkssenter ved Borgund stavkyrkje. Dette for å avlaste slitasjen ved publikumsbesøk i stavkyrkja. Prosjektet vert vidareført i 2004 med sikte på ferdigstilling i 2005. Vidare er det priortert tilskotsmidlar til restaurering av borgruinane ved Steinvikholm og Stavanger domkyrkje. I 2003 vart det også prioritert midlar til NORVEG-prosjektet – eit senter for kystkultur og kystnæring.

Verneinnsats på miljøområda og bevaring av nasjonalparkane

Regjeringa auka løyvingane til vern av skog og tilsegnsfullmakta til vern av villmarksområde (nasjonalparkar) i budsjettet for 2003 i tråd med venta utbetalingar på den barskogplanen som vart ferdig vedteken i 2002. Grunna forseinkingar i framdrifta for forhandlingar med grunneigarar og rettsavgjersler knytt til erstatningsoppgjer, har utbetalingane vorte skjøve ut i tid. Utbetalingane i 2003 vart derfor lågare enn venta.

Det vart etablert 2 nye nasjonalparkar i 2003; Møysalen og Dovre. Følgjande nasjonalparkar vart utvida: Femundsmarka, Øvre Pasvik, Rondane og Børgefjell. Som ledd i gjennomføringa av nasjonalparkplanen er Frafjordheia verna som landskapsvernområde. I samband med utvidingane av nasjonalparkane er det òg oppretta fleire landskapsvernområde.

Løyvinga til tiltak i nasjonalparkane auka med 63 prosent frå 2002 til 2003. Midla vart nytta til opparbeiding av stiar og løyper, klopping og merking, tiltak for å betre tilgjenget til verneområda, etablering av parkeringsplassar og etablering av informasjonsordningar for å sikre viktige kvalitetar ved at stor ferdsel og aktivitet vert kanalisert til bestemte område. Med dette vert naturen lettare tilgjengeleg for brukarane, og grunnlaget for lønnsame reiselivsaktivitetar betrast òg.

Regjeringa la vidare fram retningslinjer for bruk og vern av fjellområde i St.prp. nr. 65 (2002-2003), og har oppheva forbodet mot kommersiell turisme i tre nasjonalparkar.

Friluftsliv

Friluftsområdet fekk eit løft i 2002-budsjettet som Regjeringa førte vidare i 2003. Midla har dekt tiltak knytt til sikring av kvalitetar for friluftslivet i samsvar med dei hovudutfordringane som går fram av St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv. Dette gjeld særleg sikring av viktige område ved sjøen og grøntområde i større byer. Fleire viktige område er sikra til friluftsføremål med statleg finansiering det siste året. Det å gjere nye "strandperler" tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar.

Skjergardstenesta er no etablert med uniformerte båtar og mannskap langs heile kysten frå Østfold til og med Hordaland.

Aktiviteten aukar når det gjeld jakt og fiske. Gjennom eit konstruktivt samarbeid med rettshavarane vert fleire og fleire område organisert og opna for allmeneta.

3.15 Arbeids- og administrasjons- departementet

Programområde 01 Fellesadministrasjon (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
01.00Administrasjon o.a.427,8446,9479,1469,4
01.10Fylkesmannembeta1 221,81 016,6917,71 163,4
01.20Forvaltningspolitikk og statlege fellestenester485,0537,7453,8511,4
01.30Partistøtte241,7255,2261,8260,1
01.40Pensjonar o.a.10 926,810 079,81 575,51 017,3
01.50Konkurranse- og prispolitikk224,9109,964,765,1
01.60Statsbygg1 913,22 157,01 245,51 305,5
Sum utgifter15 441,214 603,04 998,14 792,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på 206 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert mindreforbruket 320,9 mill. kroner. Om lag 558 mill. kroner i mindreforbruk kjem av netto minking til pensjonar o.a. Dette er i hovudsak ei følgje av auka innbetaling av bustadlån for medlemmer av Statens Pensjonskasse og nedgang i netto utbetalte pensjonar. Meirforbruket på programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta på om lag 246 mill. kroner har si årsak i ei særskild forskotteringsordning med motsvarande meirinntekter.

Trenden i rekneskapen

Frå 2001 har utgiftene på programområdet minka med 69 prosent frå 15 441,2 mill. kroner til 4 792,2 mill. kroner. Dette kjem i særleg grad av dei reduserte utbetalingane på programkategori 01.40 Pensjonar o.a., der det er ein nedgang på om lag 9 910 mill. kroner. Nedgangen gjeld i hovudsak to forhold. Kap. 1544 Bustadlån til statstilsette står aleine for om lag 5,8 mrd. kroner, noko som kjem av ei mindre konkurransedyktig utlånsrente i Statens Pensjonskasse i 2003. For det andre var det i 2003 ekstraordinære premieinnbetalingar frå Posten Noreg AS, NSB AS m.fl. i tillegg til ordinær heving av premiane. Overflyttinga av ventelønskapitlet til programkategori 19.00 Arbeidsmarknad i 2002 kan òg forklare ein del av reduksjonen i utgiftene. Programkategori 01.50 Konkurranse- og prispolitikk syner ein nedgang på 71 prosent frå 224,9 mill. kroner til 65,1 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av at kapittel 1560 Pristilskott, post 70 Til regulering av forbrukarprisane vart avvikla med verknad frå 01.01.2002. Programkategori 01.60 Statsbygg syner ein nedgang på 32 prosent frå 1 913,2 mill. kroner til 1 305,5 mill. kroner. Denne nedgangen kjem i hovudsak av større krav til driftsresultat i Statsbygg (kap. 2445.24).

Programområde 19 Arbeidsliv (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
19.00Arbeidsmarknad6 492,06 100,26 498,86 876,4
19.10Arbeidsmiljø og tryggleik527,1583,2564,1596,6
Sum utgifter7 019,16 683,47 062,87 473,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 410,2 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert til om lag 14 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Frå 2001 har utgiftene på programområdet auka med 6 prosent frå 7 019,1 mill. kroner til 7 473,0 mill. kroner. Programkategori 19.00 Arbeidsmarknad syner ein auke på 6 prosent frå 6 492,0 mill. kroner til 6 876,4 mill. kroner. Aetats sal av bedriftstenester (kap. 1593.01) vart nedlagd i slutten av 2001. Overflyttinga av ventelønskapitlet frå programområde 01 Fellesadministrasjon o.a. i 2002 kan forklare ein vesentleg del av utgiftsauken. Det vart gjennomført om lag 4 200 fleire tiltaksplassar i 2003 samanlikna med 2001. Utgiftsauken i 2003 kjem også av at personalressursane i Aetat vart styrkte med om lag 420 årsverk dette året.

Programkategori 19.10 Arbeidsmiljø og tryggleik syner ein auke på 13 prosent frå 527,1 mill. kroner til 596,6 mill. kroner. Om lag halvparten av auken er knytt til tilskot til forskingsprogram under Noregs forskingsråd (kap. 1575.50). Produktregistret vart overført til Miljøverndepartementet 1.1.2002. Frå same tidspunkt vart Noregs brannskole, kapittel 1577 overført frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Arbeidsforskingsinstituttet, jf. tidlegare kapittel 1574, vart omgjort til aksjeselskap 1.7.2002. Direktoratet for brann- og eltryggleik og Noregs brannskole vart overførte til Justisdepartementet då Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap vart skipa 1.9.2003.

Programområde 33 Arbeidsliv Folketrygda (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
33.10Stønad under arbeidsløyse til fiskarar/fangstmenn33,537,536,039,7
33.20Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs 1)369,4
33.30Arbeidsliv under folketrygda13 105,716 502,920 570,020 677,4
Sum utgifter13 508,616 540,420 606,020 717,1

1) Frå 2002 vart programkategori 33.20 innlemma i programkategori 33.30.

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 111 mill. kroner.

Årsaka er mellom anna at utbetalingane til dagpengar dei siste månadene i 2003 vart større enn venta. Det vart også meirutgifter til attføringspengar, fordi talet på personar med rett til yrkesretta attføring auka meir enn venta.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2001 til 2003 har det vore ei utgiftsvekst på 53 prosent, frå 13 508 mill. kroner i 2001 til 20 717 mill. kroner i 2003. Frå 2001 til 2003 auka utbetalingar til dagpengar (kap. 2541.70) med 67 prosent frå 6,6 mrd. kroner til 11,1 mrd. kroner. Utgiftsauken kjem i hovudsak av at talet på ledige med dagpengerett auka i perioden.

Utbetalingane under ordninga med statsgaranti for lønnskrav ved konkurs (kap. 2542.70) har i perioden 2001 til 2003 nær dobla seg, frå 369,4 mill. kroner til 695,5 mill. kroner. Årsaka er at det var fleire saker, fleire store konkursar med mange tilsette og høgare lønnskrav. Utgiftene til yrkesretta attføring (kap. 2543.70/71) har frå 2001 til 2003 auka med 37 prosent frå 6,5 mrd. kroner til 8,9 mrd. kroner. Utgiftsauken kan i hovudsak forklarast med ein auke i talet på yrkeshemma personar med rett til attføringspengar, og at utgifter til einskilde attføringsstønader er blitt større.

Modernisering av offentleg sektor

Ansvaret for å gjennomføre kvart einskilt tiltak i moderniseringsarbeidet ligg først og fremst i kvart fagdepartement. Det er stor breidde i moderniseringsarbeidet, og i departementa er det sett i gang rundt 200 tiltak som hjelper til å nå måla om brukarretting, effektivisering og forenkling. Tiltaka omfattar både departementsinterne og tverrgåande prosjekt. I tillegg er det ei stor mengd moderniseringsprosjekt i gang i underliggjande verksemder og ute i kommunane.

I 2003 har moderniseringsarbeidet vore sentrert rundt 5 hovudområde: 1) Betre kommunale tenester med hovudfokus på kommunalt sjølvstyre, 2) Betre skole, som omfattar reformene i heile utdanningssystemet, 3) ”Inkluderande arbeidsliv” i vid forstand, som bl.a. omfattar ein sterkare profil på arbeidet med å samordne arbeid, trygd og sosiale tenester der Regjeringa følgjer opp Stortinget sine vedtak, 4) Meir effektiv statleg tenesteproduksjon vert mellom anna oppnådd ved større sjølvstende og friare tilknytingsform for statlege tenesteprodusentar og 5) Betre statsforvaltning, som omfattar delegering, etatsstyring, ny personalpolitikk og innkjøpspolitikk, økonomiforvaltning og budsjettsystem. Eksempel på gjennomførte tiltak i 2003 er:

  • Regjeringa fremja ei stortingsmelding om statlege tilsyn i 2003, og Stortinget slutta seg i hovudsak til Regjeringa sine tilrådingar.

  • Forslag til ny konkurranselov vart lagt fram for Stortinget hausten 2003. Stortinget har vedteke lova som tek til å gjelde frå 1. mai 2004.

  • Arbeidet med revisjon av økonomiregelverket for staten vart avslutta i 2003. Det reviderte reglementet tok til å gjelde 1. januar 2004.

  • Pensjonskommisjonen fullførte arbeidet sitt i 2003 og la fram innstillinga si i januar 2004, med forslag til hovudmål og prinsipp for eit samla pensjonssystem der det vert teke omsyn til prinsippa om at systemet skal vere langsiktig, stabilt og oversiktleg, og skal hjelpe til å møte utfordringane knytte til ei aldrande befolkning og tiltakande tidleg pensjonering.

  • Regjeringa la fram strategien sin for tilrettelegging av ein IKT-infrastruktur som støttar opp under ein effektiv og brukarstyrt offentleg sektor i februar 2003. I fyrste omgang er Regjeringa gått i gang med å sikre gjenbruk av data i offentleg sektor, å samordne bruken av elektronisk signatur og å etablere horisontale nettbaserte læringsnettverk som skal vere med å spreie kunnskap om moderniseringstiltak mellom einingar innan stat og kommune.

  • Statskonsult er omdanna til eit statleg heileigd aksjeselskap frå 1. januar 2004.

  • Stortinget vedtok våren 2003 lov om frittståande skolar, som erstatta den tidlegare privatskolelova. Hovudprinsippa i denne lova vert i høyringsutkastet foreslått utvida frå å gjelde grunnskolar til også å gjelde for godkjenning av vidaregåande skolar.

Arbeidsmarknadstiltak og oppfølging av arbeidsledige

Reglane for dagpengar vart endra med verknad frå 1.1.2003. Føremålet med endringane var eit meir effektivt dagpengesystem med gode insentiv til å søkje jobb og ta del i arbeidslivet utan store negative verknader for inntektssikring. Reglane vart mellom anna endra ved ei nedkorting av dagpengeperioden (frå tre til to år). Nasjonale og internasjonale analysar viser at overgangen frå arbeidsløyse til jobb kan auke med 30 – 60 prosent når arbeidsløyseperioden nærmar seg slutten. Samstundes fekk Aetat større ressursar for å kunne følgje opp dagpengemottakarar betre.

3.16 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
23.10Finansadministrasjon330,2444,9486,7486,1
23.20Skatte- og avgiftsadministrasjon4 403,54 752,54 651,34 828,4
23.30Offisiell statistikk501,7509,2481,6520,3
23.40Andre formål1 643,81 498,92 046,82 146,7
Sum utgifter6 879,27 205,57 666,47 981,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 315 mill. kroner

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar under området, vert meirforbruket redusert med om lag 260 mill. kroner til eit meirforbruk på 55 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Frå 2001 har utgiftene under programområde 23 auka nominelt med om lag 16 prosent frå 6 879 mill. kroner til 7 982 mill. kroner. Det har vore sterkast vekst i utgiftene under programkategori 23.10 og 23.40.

Veksten i rekneskapen frå 2001 til 2003 under programkategori 23.10 kjem i hovudsak av løyvingar til eit Finansmarknadsfond på 90 mill. kroner i 2002 og 111,1 mill. kroner i 2003.

Under programkategori 23.20 kjem veksten i rekneskapen frå 2001 til 2003 i hovudsak av kostnader knytte til større prosjekt for omorganisering, samt kostnader knytte til utvikling av IT-prosjekt i skatteetaten.

Under programkategori 23.30 kjem veksten i rekneskapen frå 2001 til 2003 i hovudsak av kostnader knytte til oppbygging av ny statistikk for transaksjonar med utlandet (UT-prosjektet), og kostnader knytte til utvikling av ein internettbasert innrapporteringskanal for næringslivet (AltInn).

Under programkategori 23.40 kjem veksten i rekneskapen frå 2001 til 2003 i hovudsak av ein auke i kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar og fylkeskommunar, samt innføring av kompensasjon for meirverdiavgift til frivillige organisasjonar og NRK.

Programområde 24 Statlig gjeld og fordringar, renter og avdrag o.a. vert omtalt under kap. 5 Staten sin balanse og kommentarar til finanspostar i denne stortingsmeldinga. Inntektene frå skattar og avgifter vert omtalt i kap. 2.

3.17 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
04.10Militært forsvar26 797,030 985,529 275,730 545,2
Sum utgifter26 797,030 985,529 275,730 545,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på 1 269,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusert med 945 mill. kroner til eit meirforbruk på om lag 324 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden frå 2001 til 2003 har det vore ein nominell utgiftsvekst på om lag 14 prosent, frå 26 797 mill. kroner til 30 545 mill. kroner. Rekneskapen for Forsvaret i 2003 syner eit mindreforbruk på ca. 1,4 prosent av samla disponibel løyving til Forsvaret, medrekna overføringar frå 2002. Dette utgjer til saman 404 mill. kroner som fordeler seg med 258 mill. kroner på driftsmidlar (1,27 prosent av driftsbudsjettet) og 147 mill. kroner på investeringsmidlar (1,64 prosent av investeringsbudsjettet). Dette er overført til 2004. Resultatet av rekneskapen i 2003 syner ei positiv utvikling i høve til tidlegare års store mindreforbruk på materiellinvesteringar.

Modernisering av Forsvaret

Den viktigaste oppgåva for Forsvaret i 2003 var å følgje opp den omfattande og naudsynte omlegginga av Forsvaret, som vart fastsett av Stortinget ved handsaminga av Innst. S. nr. 342 (2000-2001), jf. St.prp. nr. 45 (2000-2001), og dei seinare justeringane som vart vedtekne ved handsaminga av Innst. S. nr. 232 (2001-2002), jf. St.prp. nr. 55 (2001-2002).

2003 var det andre året i omleggingsperioden 2002-2005. Målet for perioden ligg fast; å leggje grunnlaget for eit moderne forsvar. Moderniseringa har som hovudmål å gjere den operative evna til det norske forsvaret betre. Forsvaret skal kunne løyse fleire ulike oppgåver, som oftast saman med allierte styrkar. Dette skal kunne gjerast både raskare og meir effektivt enn i dag. Det er Forsvaret sin ”spisse ende” som skal styrkast, og dei andre strukturane i Forsvaret skal slankast. Fokuset vert sett på den reelle stridsevna og kapasiteten, framfor volum og tal. Omlegginga av Forsvaret har kome svært godt i gang, og framdrifta går stort sett etter planen. Dei årlege driftsutgiftene for Forsvaret skal over perioden reduserast med minst to milliardar kroner, samanlikna med eit alternativ utan omlegging av Forsvaret (nivå per 1. september 2000). Ein føresetnad for å få dette til, er å gjennomføre strukturtiltak som skal redusere nivået på driftsutgiftene til Forsvaret. I tillegg vert driftsmidlar flytta frå faste kostnader i bygningar og personell, til aktivitetar som gjev reell forsvarsevne. Dette vil såleis gje auka forsvarsevne for forsvarsløyvingane.

Eit forsvar med reell forsvarsevne inneber eit forsvar som kan brukast der krig og krise trugar, både nasjonalt og internasjonalt. Innanfor dei prioriteringane som er nemnde ovanfor, opprettheldt Forsvaret i 2003 eit tilstrekkeleg høgt nivå på aktivitetar innanfor kjerneverksemda. Forsvaret hadde òg dei nødvendige kapasitetane innanfor dei operative verksemdene, og Forsvaret førde vidare eit internasjonalt engasjement i samsvar med dei politiske vedtaka.

Internasjonal solidaritet - norsk militær deltaking i internasjonale operasjonar

Noreg tek del i ei rekkje internasjonale operasjonar. Årsaka til dette er eit ønskje om å vere med på å skape internasjonal fred og likevekt samt å syne samhald med våre allierte og andre støttespelarar. Samstundes gjev deltaking i slike operasjonar verdifull røynsle og dette betrar kvaliteten til styrkane våre. Forsvaret vert på denne måten betre i stand til å handsame andre oppgåver, mellom anna gjennom auka evne til internasjonal samhandling. Difor er slik deltaking vurdert som ein viktig del av den samla norske militære verksemda. Deltaking i fleirnasjonale operasjonar utanfor Noreg er såleis ein integrert del av norsk forsvars- og tryggingspolitikk.

Innsatsen i 2003 har i hovudsak vore retta mot operasjonar i Afghanistan, Irak, Balkan og Middelhavet.

I Afghanistan har Noreg teke del i NATO-operasjonen ISAF og koalisjonsoperasjonen Enduring Freedom. Norske militære bidrag på landsida har omfatta spesialstyrkar, eksplosivryddarar, eit element for sivilt-militært samarbeid, vakt- og sikringsstyrkar samt ei medisinsk kirurgisk eining. På luftsida har Noreg, innanfor ramma av eit samarbeid med Danmark og Nederland, teke del med seks F-16 kampfly.

Etter at FN i mai og oktober 2003 oppmoda om internasjonal innsats for å trygge tilhøva i Irak, har Noreg delteke i den internasjonale tryggingsstyrken med eit ingeniørkompani, stabsoffiserar og etterretningspersonell.

Noreg har i 2003 òg ført vidare engasjementet innan NATO sine operasjonar på Balkan. Noreg har hatt ein infanteribataljon og stabs- og logistikkpersonell i Kosovo, og etterretningspersonell i Bosnia-Hercegovina. I 2003 tok EU over NATO sin operasjon i Makedonia. Eit norsk liaisonlag har teke del i denne operasjonen gjennom den retten Noreg har som tredjeland – etter det såkalla Berlin pluss-rammeverket for samarbeid mellom NATO og EU.

I NATO-operasjonen Active Endeavour i Middelhavet har Noreg delteke med undervassfartøy. Fire norske MTB’ar har òg delteke i patruljeringa av Gibraltar-sundet.

Noreg støtta i 2003 FN sine fredsoperasjonar med personell i Etiopia og Eritrea, Kosovo og Israel med tilstøytande statar. Vi stilte òg med militært personell på tosidig grunnlag i Sudan og innanfor MFO-operasjonen på Sinai-halvøya.

NATO vedtok på toppmøtet i Praha i 2002 å opprette ein hurtig reaksjonsstyrke (NATO Respons Force - NRF) samansett av fleirnasjonale einingar. NRF skal vere NATO sin viktigaste operative styrke, som raskt skal kunne løyse oppgåver både innanfor og utanfor NATO sitt område. Å ta del i denne styrken vil vere ei sentral allianseplikt og eit viktig bidrag til den kollektive tryggleiken. NRF-styrken vart oppretta 15. oktober 2003 og vert bygd opp i ulike trinn. Styrken skal vere fullt operativ i 2006. Noreg meldte i 2003 inn sitt fyrste bidrag til NRF-styrken, mellom anna ulike typar sjø- og luftfartøy. Noreg vil følgje opp med fleire bidrag etter kvart som styrken vert bygd opp.

Noreg er positiv til at EU tek ein meir sentral rolle i arbeidet for europeisk tryggleik og meiner at EU kan vere ei viktig støtte for NATO i dette arbeidet. Noreg har difor innmeldt Forsvarets innsatsstyrke (FIST) som ein ”styrkebrønn” på inntil 3 500 soldatar for å styrkje EU si evne til krisehandtering. Nokre av desse styrkane er òg innmeldt til det nordiske styrkeregisteret Nordic Co-ordinated Arrangement for Military Peace Support (NORDCAPS) og Multinational Stand-by High Readiness Brigade for United Nations Operations (SHIRBRIG).

3.18 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiformål (tal i mill. kroner)Rekneskap 2001Rekneskap 2002Budsjett 2003Rekneskap 2003
18.00Administrasjon568,2227,3189,5186,7
18.10Petroleumsforvaltning14 367,0351,7344,4346,2
18.20Energi- og vassdragsforvaltning857,3746,6828,6796,6
18.30Forskningsformål200,2264,8259,3258,3
18.60Statsforetak6 520,2
18.70Petroleumsverksemda25 736,016 074,718 660,617 564,1
Sum utgifter48 249,017 665,020 282,319 152,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på 1 130,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert mindreforbruket redusert med 35 mill. kroner til eit mindreforbruk på om lag 1 095 mill. kroner. Under programkategori 18.00, 18.10 og 18.30 syner rekneskapen for 2003 samla, relativt små avvik i forhold til budsjettet. Under programkategori 18.20 er det eit mindreforbruk, som i hovudsak henger saman med at det under kap. 1825, post 70 Tilskott til elektrisitetssparing i private hushald, ikkje vart utbetalt til alle søkjarane som hadde motteke tilsegn i 2003. Ein stor del av tilsegna vil venteleg verte utbetalt i 2004. Mindreforbruket under programkategori 18.70 er i all hovudsak relatert til lågare investeringar for SDØE på Gassled, Troll Gass, Snøhvit og Snorre enn budsjettert.

Trenden i rekneskapen

Under programkategori 18.00 og 18.10 skil 2001 seg ut i forhold til dei andre åra. Dette kjem av at det i 2001 vart gitt eit ansvarleg lån til Statoil ASA i samband med sal av om lag 15 prosent av SDØE-eigardelane til Statoil (programkategori 18.10), samt utgifter knytte til sal av SDØE-eigardelar og delprivatiseringa av Statoil ASA (programkategori 18.00) som vart utbetalt i 2001 og 2002.

Utgiftene under programkategori 18.60 i 2001 heng saman med ekstraordinære kostnader i samband med kompensasjon for avvikling av Beiarn, Bjellågen og Melfjord, kompensasjon for langsiktige avtalar med kraftkrevjande industri og innskotskapital i Statkraft SF.

Under programkategori 18.70 har mellom anna nedsal av SDØE-eigardelar gitt reduksjon i utgiftene, medrekna investeringar.

Framtidsretta satsing på miljø og energi

Til omlegging av energibruk og energiproduksjon vart det i 2003 løyvd 415,5 mill. kroner over statsbudsjettet 2003, der 259 mill. kroner vart ført over til Energifondet, 10 mill. kroner gjekk til satsinga på naturgass og 135 mill. kroner gjekk til den nye ordninga med tilskot til elektrisitetsparing i private hushald. Vidare vart det løyvd 10 mill. kroner til deltaking i ulike EU-program, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003), og andre internasjonale prosjekt knytt til energisparing og miljøvenneleg energiproduksjon. Påslaget i nettariffen på 0,3 øre/kWh tilførte Energifondet om lag 190 mill. kroner, slik at Energifondet samla sett vart tilført om lag 450 mill. kroner i 2003. Budsjettet gav rom for å styrke Enova sitt arbeid med miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon i 2003.

Satsinga på forsking knytt til utvikling av reinseteknologi for gasskraftverk vart redusert med 30 mill. kroner til 20 mill. kroner i budsjettet for 2003. samla sett vart løyvingane til forsking og utvikling over Olje- og energidepartementet sitt budsjett redusert med om lag 8 mill. kroner. Prioriterte forskingsområde i 2003 var petroleumsforsking og forsking på energisystem, fornybare energikjelder og hydrogen.

3.19 Statsbankane

Statens lånekasse for utdanning

Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var per 31.12.2003 76,8 mrd. kroner, ein auke på 4,2 mrd. kroner frå 31.12.2002. Summen gjeld lån til utdanning, renter og gebyr. Av lån til utdanning er 20,2 mrd. kroner ikkje renteberande, resten er renteberande.

I 2003 står det ute 3,2 mrd. kroner i ubetalte renter. Av dette er 2,4 mrd. kroner forfalne renter, der det vil kome på morarente. I tillegg har Statens lånekasse for utdanning uteståande 65,4 mill. kroner i ubetalte gebyr, ein auke på 5,9 mill. kroner frå 2002.

Den Norske Stats Husbank

Samla var uteståande fordringar i Husbanken på 101,1 mrd. kroner ved utgangen av 2003, fordelt på om lag 115 200 lån. Av desse uteståande fordringane utgjer 71,5 mrd. kroner oppføringslån, 21,3 mrd. kroner etableringslån/startlån og kjøpslån, og 8 mrd. kroner utbetringslån. Husbanken har og uteståande lån til rentedekking, restkrav o.a. for om lag 0,3 mrd. kroner. Fordringar knytt til oppføringslån og kjøpslån har gått ned, fordringar knytt til etableringslån/startlån og utbetringslån har auka frå 2002 til 2003. Uteståande fordringar har i sum gått ned med 1,1 mrd. kroner frå 2002 til 2003.

Husbanken hadde i 2003 eit tap på 26,7 mill. kroner. Med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar/ingåtte avtalar som utgjorde 6,8 mill. kroner, var netto tap på utlån 19,9 mill. kroner. Av samla brutto tap er 17,6 mill. kroner knytt til personlege låntakarar.

Til forsiden