St.meld. nr. 3 (2003-2004)

St.meld. nr. 3

Til innholdsfortegnelse

6 Statens petroleumsfond

Inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond er definerte i lov 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond. Inntektene er summen av staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som vert overført frå statsbudsjettet, og avkastinga på formuen i fondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet etter vedtak i Stortinget 1. Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen ved handsaminga av loven om fondet, er det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet. Tabellane 6.1 og 6.2 viser balansen og resultatrekneskapen for Statens petroleumsfond. Rekneskapen for fondet er ikkje ein del av statsrekneskapen, men tala vert presenterte her til orientering.

Rekneskapen for Petroleumsfondet vert ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Frå 1999 vert rekneskapen ført etter prinsippet om marknadsverdi.

I 2003 hadde Statens petroleumsfond inntekter utan omvurderingar på til saman 199 430 mill. kroner. Kontantstraumen frå petroleumsverksemda til staten utgjorde den største delen av desse inntektene med 173 663 mill. kroner. Dei bokførte renteinntektene og utbyte frå selskapa i porteføljen o.a. utgjorde til saman 25 768 mill. kroner i 2003. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2003 vart det overført 62 844 mill. kroner frå Petroleumsfondet til statsbudsjettet i 2003. Overskotet i fondet etter nasjonalrekneskapen sine definisjonar vart dermed 136 586 mill. kroner.

Omvurderingane i rekneskapen for Statens petroleumsfond i 2003 utgjorde i alt 105 874 mill. kroner. Av dette var 633 mill. kroner realiserte verdipapirvinstar, og 55 787 mill. kroner var urealiserte vinstar. Resultatet frå terminhandlar i valuta, frå handlar i futures-marknaden, frå handlar i opsjonar og frå aksje- og rentebytteavtalar utgjorde 3 468 mill. kroner. Valutakursvinsten var 45 986 mill. kroner, dvs. auken i verdien til fondet målt i norske kroner som følgjer av svekkinga av kronekursen i 2003. Medrekna omvurderingar vart det dermed eit overskot i fondet i 2003 på til saman 242 460 mill. kroner.

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda kor overføringa til statsbudsjettet er trekt frå, utgjer netto avsetjing til fondet over statsbudsjettet. Denne netto avsetjinga var 110 819 mill. kroner i 2003. Overføringane frå statskassa til fondet vart fordelt slik:

  • 19,6 mrd. kroner 31. januar,

  • 14,4 mrd. kroner 28. februar,

  • 9,9 mrd. kroner 31. mars,

  • 9,9 mrd. kroner 30. april,

  • 7,1 mrd. kroner 30. mai,

  • 6,1 mrd. kroner 30. juni,

  • 5,9 mrd. kroner 31. juli,

  • 8 mrd. kroner 29. august,

  • 8 mrd. kroner 30. september,

  • 7,5 mrd. kroner 31. oktober og

  • 8,1 mrd. kroner 28. november.

Overføringane summerer seg til 104 471 mill. kroner. 30. mai vart det korrigert for 3 882 mill. kroner som var for mykje overført i 2002. Summen av desse to beløpa er 108 353 mill. kroner. Dette er 2 465 mill. kroner mindre enn netto avsetjing til Petroleumsfondet etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2003 er denne differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til at det vert korrigert for denne mellomrekninga saman med ei overføring til fondet tidleg i 2004.

Etter å ha korrigert for mellomrekninga med statskassa og etter at forvaltningskostnadene er trekt frå, syner rekneskapen at den bokførte verdien av fondet i Noregs Bank ved utgangen av 2003 var på 847 052 mill. kroner. Dette svarar også til marknadsverdien, jf. at rekneskapen no vert ført til marknadsverdi.

Midlane i Petroleumsfondet vert plasserte i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar Petroleumsfondet etter oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i forskrift og i brev til banken definert nærare retningsliner for forvaltinga. I forskrifta om forvaltinga av fondet, som tok til å gjelde frå 1. januar 1998, heiter det at Finansdepartementet skal definera ein såkalla referanseportefølje som dannar grunnlaget for risikostyringa. Referanseporteføljen er sett saman slik at han skal representera ein nøytral investeringsstrategi innanfor dei retningslinene Finansdepartementet har gitt. Vidare har Finansdepartementet fastsett ei ramme for kor mykje dei faktiske investeringane kan avvike frå referanseporteføljen, målt ved risikomålet relativ volatilitet. Relativ volatilitet er definert som det forventa standardavviket til avkastinga til den såkalla differanseporteføljen som utgjer skilnaden mellom referanseporteføljen og den faktiske porteføljen, jf. nærare omtale i St. meld. nr. 1 (1997-98) Nasjonalbudsjettet 1998. Ramma for relativ volatilitet har vore 1,5 prosentpoeng sidan målet vart innført i 1998. Referanseporteføljen er sett saman av 60 prosent renteberande verdipapir og 40 prosent eigenkapitalinstrument.

Den 3. mars 2004 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for Statens petroleumsfond. Årsmeldinga følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg. I dokumentasjonsdelen i den vedlagte årsmeldinga for fondet er det gitt ei samla liste over fondet sine aksjar og obligasjonar. For alle aksjeinvesteringane er det oppgitt namn på selskapet, marknadsverdi av aksjeposten og eigardel i selskapet. For obligasjonar er det oppgitt namn på utferdaren eller motparten og marknadsverdi av plasseringa. Alle investeringane er fordelte etter land.

Årsmeldinga til Noregs Bank for Petroleumsfondet skildrar korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir som svarer til fondet sin konto i banken, vart forvalta i 2003. Den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 844 587 mill. kroner ved utgangen av 2003. Avkastinga på dei utanlandske investeringane i fondet vart på 12,6 prosent for heile 2003 når ein måler i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetjinga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastinga på aksje- og obligasjonsporteføljane, syner tala at aksjeinvesteringane (medrekna Miljøfondet) gav ei avkasting på 22,8 prosent, medan avkastinga på obligasjonsinvesteringane utgjorde 5,3 prosent Den vekta summen av avkastinga i dei to aktivaklassane svarar ikkje nøyaktig til totalavkastinga. Årsaka er at avkastingstala av året er bygd opp ved å kjede månadlege tal for avkasting for aktivitetsklassane og for totalen kvar for seg. Verdien av den norske krona svekka seg mot valutakorga til Petroleumsfondet i 2003. Dette førte til at fondet sine utanlandske eignelutar vart tilsvarande meir verd målt i norske kroner. For heile året var totalavkastinga 20,0 prosent målt i norske kroner (medrekna Miljøfondet). Det er likevel avkastinga i utanlandsk valuta som er mest relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Den reelle avkastinga målt i utanlandsk valuta er utrekna til 11,1 prosent 2.

Det var variasjon i avkastinga mellom kvartala i 2003, særleg for aksjeporteføljen. I 1. kvartal var avkastinga for aksjeinvesteringane (utan Miljøfondet) negativ med 7,8 prosent målt i utanlandsk valuta, medan ho var positiv i alle dei andre kvartala, størst var ho i 2. kvartal med 15,6 prosent.

Tala for avkasting er bruttotal på den måten at forvaltingskostnadene ikkje er trekte ifrå. I resultatoppstillinga for fondet i tabell 6.2 er forvaltingskostnadene trekte ifrå. Dei samla kostnadene til forvaltinga vert dekte av avkastinga til fondet i samsvar med forvaltingsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2003 utgjorde dei samla kostnadene for Petroleumsfondet 0,091 prosent av kapitalen. Dette omfattar ikkje avkastingsavhengige honorar til eksterne forvaltarar. Samla utgjorde godtgjeringa til Noregs Bank 773 mill. kroner i 2003. Ein viser til den vedlagte årsmeldinga for fondet for nærare omtale.

Ei viktig oppgåve for Finansdepartementet er å evaluera korleis Noregs Bank forvaltar midlane i fondet. Departementet har i 2003 nytta det britiske konsulentselskapet Mercer til å utarbeida rapport om forvaltinga av fondet. Rapporten er offentleg, og er tilgjengeleg på internettsidene til Finansdepartementet (www.odin.dep.no/fin).

Noregs Bank si forvalting av Petroleumsfondet vert revidert av revisjonen til Noregs Bank, men Riksrevisjonen utfører også eigne kontrollhandlingar. Han er underlagt representantskapen, som er oppnemnt av Stortinget. Alle viktige rapportar som Noregs Bank sender ut om Petroleumsfondet, er stadfesta av revisjonen til Noregs Bank. Den overordna revisjonen av Petroleumsfondet er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer sin revisjon på det arbeidet som vert utført av revisjonen til Noregs Bank.

Tabell 6.1 Balanse for Statens petroleumsfond ved utgangen av 2003 (tal i mill. kroner)

Aktiva   Passiva  
Konto i Noregs Bank1) 2)844 587Eigenkapital847 052
Mellomrekning med statskassa3)2 465
Sum847 052Sum847 052

1) I samsvar med forskrifta for forvalting av Statens petroleumsfond av 3. oktober 1997 er fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank skal plassera desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Denne særskilde porteføljen fordelte seg på desse instrumenta per 31.12.03. (tal i mill. kroner)

Kortsiktige fordringar inkl. innskot i utanlandske bankar20 160
Pengemarknadsplasseringar i utanlandske finansinstitusjonar mot tryggleik i verdipapir287 042
Innlån frå utanlandske finansinstitusjonar mot tryggleik i verdipapir-298 603
Utanlandske renteberande verdipapir482 341
Utanlandske aksjar354 347
Regulering av terminkontraktar73
Samla portefølje før forvaltingsgodtgjering845 359
Påløpt forvaltingsgodtgjering4)-773
Samla portefølje, rekneskapsført verdi844 587

2) Per 31.12.03 hadde fondet kjøpt børsnoterte futures med ein samla marknadsverdi på 47 628,0 mill. kroner og seld børsnoterte futures på 35 942,4 mill. kroner. Det var kjøpt opsjonar på futures med ein samla marknadsverdi på 4 331,3 mill. kroner og seld opsjonar på futures med ein samla marknadsverdi på 4 323,7 mill. kroner. Ved utgangen av 2003 hadde fondet kontraktar om kjøp og sal av valuta på termin for til saman 25 395,5 mill. kroner. Det var kjøpt rentebytteavtaler med ein samla marknadsverdi på 175 545,4 mill. kroner og seld rentebytteavtaler med ein samla marknadsverdi på 175 568,5 mill. kroner. Det var kjøpt aksjebytteavtaler med ein samla marknadsverdi på 13,5 mill. kroner og seld aksjebytteavtaler med ein samla marknadsverdi på 13,3 mill. kroner. 3) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til Petroleumsfondet i 2003 vart 2 465 mill. kroner høgare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet i 2003. Denne differansen utgjer per. 31.12.03 ei fordring for fondet på statskassa som vert innløyst etter utløpet av budsjetterminen, i form av ein auke i overføringa til fondet i 2004. Av dei 2 465 mill. kronene kjem om lag 860 mill. kroner av ei reklassifisering frå utgift til fordring ved omlegging av føringsmåte for SDØE. 4) Påløpt forvaltingsgodtgjering for Noregs Bank for 2003 er korrigert for faktiske kostnader til avkastningsavhengig godtgjering i 2002. Talet for den avkastingsavhengige godtgjeringa til eksterne forvaltarar for 2003 var ikkje endeleg ved avsluttinga av statsrekneskapen. Skilnaden mellom faktiske kostnader til avkastingsavhengige forvaltarar og kostnader som vart rekneskapsførte for 2003 vil bli korrigert for ved neste års statsrekneskap. Renterisikoen for fondet sine plasseringar, målt ved den modifiserte durasjonen, var 5,4 prosent per 31. desember 2003.

Tabell 6.2 Resultatrekneskap for Statens petroleumsfond (tal i 1 000 kroner)

KapPostTekst20022003
INNTEKTER:
5507Skatt og avgift på utvinning av petroleum:
71Ordinær skatt på formue og inntekt32 511 98836 818 966
72Særskatt på oljeinntekter52 410 31260 279 584
73Produksjonsavgift1 320 013765 452
74Arealavgift mv446 599459 922
Sum kap 550786 688 91298 323 923
550870Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemd på kontinentalsokkelen3 012 0543 056 147
5440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda:
01Pro- et kontra-oppgjeret347 88151 006
24Driftsresultat 1)60 225 62662 695 761
30Avskrivingar14 571 33714 092 013
31Sal av SDØE-delar8 521 0000
50Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond284 8851 482 152
80Renter6 362 8206 390 077
81Renter, sal av SDØE-delar248 7730
85Renter på mellomrekneskapen02 016
Sum kap 544090 562 32384 713 024
568580Utbyte STATOIL5 044 9815 133 489
Sum kap 56855 044 9815 133 489
UTGIFTER:
2440SDØE:
22Fjerningsutgifter86 5782 875
25Pro- et kontra-oppgjeret1 977 575208 905
30Investeringar12 807 83316 038 211
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond905 000980 600
Sum kap 244015 776 98717 230 591
2442Disponering av innretningar på norsk kontinentalsokkel:
70Tilskot47 715113 492
2443Forvaltingsselskap for SDØE:
70Administrasjon250 000220 000
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda:
Overført til Statens petroleumsfond frå statsbudsjettet169 233 567173 662 501
Renteinntekter og utbyte o.a. 2)22 572 96125 767 560
Sum inntekter Statens petroleumsfond191 806 528199 430 061
UTGIFTER:
Overført frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet53 406 00062 844 000
Overskot i Statens petroleumsfond138 400 528136 586 061

1) Netto overskotsavtaler vert førte under kapitlet for driftsinntekter og –utgifter for Statens direkte økonomiske engasjement (kap 5440, post 24). I 2003 utgjorde netto overskotsavtaler føljande (tusen kroner):

Inntekter201 146
- utgifter169
= Netto200 977

2) Dette talet utgjer i 2003 summen av desse postane (tal i tusen kroner):

Renteinntekter19 560 414
Utbyte6 996 199
Kurtasje-16 458
Forvaltingsgodtgjering-772 595
Sum25 767 560
MEMO:20022003
Overskot138 400 528136 586 061
Valutakursvinst-104 109 67745 985 725
Urealiserte verdipapirvinstar/tap-27 071 52855 786 976
Realiserte verdipapirvinstar-19 934 100633 103
Resultat terminhandel valuta4 681-976
Resultat futures-kontraktar-2 032 3692 039 765
Gevinst opsjonar135 947
Gevinst aksjebytte avtaler257
Gevinst rentebytte avtaler1 292 862
= Overskot inkl. omvurderingar- 14 742 465242 459 720
Inngåande saldo619 334 553604 592 088
Saldo i Statens petroleumsfond per 31.12.604 592 088847 051 808

Fotnoter

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med Stortinget si handsaming av nysaldert budsjett i desember.

2.

I berekninga av realavkastinga har Noregs Bank deflatert med ein vekta sum av konsumprisauken i dei landa som var i fondet sin referanseportefølje i 2003.

Til forsiden