St.meld. nr. 3 (2003-2004)

St.meld. nr. 3

Til innholdsfortegnelse

4 Folketrygda for 2003

Dei samla utgiftene under folketrygda i 2003, programområdet 29, sosiale formål, var 173 645 mill. kroner. Tilsvarande tal i 2002, var 160 438 mill. kroner og 147 921 mill. kroner i 2001. Det gjev ein vekst i utgiftene på programområdet 29 frå 2002 til 2003 på om lag 8,2 prosent. Veksten i utgiftene frå 2001 til 2002 var om lag 8,5 prosent.

Sjukepengar

Dei totale utgiftene til sjukepengar i folketrygda var i 2003 på 29 122 mill. kroner. Dette utgjer ein vekst på 11,4 prosent samanlikna med 2002. Om lag halvparten av veksten kjem av auke i sjukepengegrunnlaget.

Talet på sjukepengedagar som folketrygda har betalt pr. sysselsett arbeidstakar, auka med knapt 5 prosent frå 2002 til 2003. I 2002 betalte folketrygda 13,5 sjukepengedagar, medan den betalte 14,2 sjukepengedagar i 2003. Det har vore ein auke i sjukefråværet i alle år frå 1994.

Av alle avslutta sjukepengetilfelle i 2003 for arbeidstakarar, gjaldt 20,6 prosent graderte sjukepengar og 10,3 prosent aktiv sjukemelding.

Uførepensjon

Frå 2002 til 2003 gjekk utgiftene opp med 9,6 prosent (nominell vekst) frå 35 662 mill. kroner til 39 094 mill. kroner. Viktige årsaker er at det har vorte fleire uførepensjonistar, at grunnbeløpet i folketrygda har auka og at gifte og sambuande pensjonistar har fått auka grunnpensjon. Pr. 31. desember 2003 var det 301 214 uførepensjonistar i landet. Dette utgjer 10,4 prosent av befolkninga mellom 18-67 år, og er ein auke på 3,1 prosent frå 31.12.2002.

Auken i talet på uførepensjonistar dei siste åra heng saman med at dei store etterkrigskulla no er komne opp i aldersgrupper der tilgangen til uførepensjon relativt sett er høgast. Delen av dei som har brukt opp sjukepengerettane sine og som har fått uførepensjon, har auka dei siste åra.

Talet på søknader om uførepensjon gjekk opp frå 36 484 i 2002 til 37 970 i 2003. Frekvensen i avslag ved søknad om uførepensjon var 22,1 prosent i 2003 mot 21,9 prosent i 2002. I åra 1994-99 vart mellom 15 og 18 prosent av søknadene avslått.

Arbeidet med reaktivisering av uførepensjonistar held fram. I 2003 har om lag 2300 personar kome i arbeid eller auka arbeidsinnsatsen. 1400 av disse har fått ein auke i inntekta som har resultert i ein reduksjon i pensjonen.

Medisinsk rehabilitering og attføring

Det har vore ein sterk auke i utgiftene til medisinsk rehabilitering dei seinaste åra. Utgiftene auka frå 6 288 mill. kroner i 2002 til 8 284 mill. kroner i 2003. Dette er ein auke på 31,7 prosent. I perioden 1998-2003 har utgiftene auka med over 280 prosent målt i nominelle kroner.

Talet på nye mottakarar av rehabiliteringspengar auka frå 48 818 i 2002 til 56 563 i 2003. Dette er ein auke på 13,5 prosent.

Ein stadig større del av dei nye mottakarane av rehabiliteringspengar kjem frå sjukepengeordninga, og har moteke sjukepengar eit heilt år. I 2003 gjaldt dette om lag 80 prosent av dei nye mottakarane av rehabiliteringspengar. I dei seinare åra har stadig fleire mottakarar vorte gåande lenge på rehabiliteringspengar. Samtidig har ein monaleg del av dei som oversendes til Aetat for vurdering av yrkesretta attføring etter ein rehabiliteringspengeperiode, tilbakefall til rehabiliteringspengar. Dette har samla sett ført til ein opphoping av mottakarar av rehabiliteringspengar.

Av dei 61 029 som var mottakarar av rehabiliteringspengar pr. 31.12.2003, hadde 26 076 eller 43 prosent motteke stønaden i meir enn eit år.

Alderspensjon

Det var 623 722 alderspensjonistar ved utgangen av 2003, om lag like mange som året før. Talet på alderspensjonistar har heldt seg tilnærma konstant dei siste fem åra. Det er venta ein svak auke de nærmaste årene, og ein sterk auke frå 2008. Utgiftene for 2003 var 77 339 mill. kroner, ein auke på 4 647 mill. kroner frå 2002. Det gir ein nominell auke på 6,4 prosent. Ugiftene aukar trass i at talet på pensjonistar er tilnærma konstant. Årsakene til dette er bl.a. auke i grunnbeløpet og auke i gjennomsnittleg alderspensjon. Hovudårsaka til auken i gjennomsnittleg alderspensjon er at dei nye pensjonistane har fleire år med opptening enn dei som døyr og at gifte og sambuande pensjonistar har fått auka grunnpensjon. Dessutan har dei nye kvinnelege alderspensjonistane hatt stadig høgare yrkesdeltaking. Dei nye alderspensjonistane i 2007 er dei fyrste som har moglegheit for full opptening (40 år), men først rundt 2030 vil dei aller fleste pensjonistane ha hatt moglegheit til full opptening.

Ved utgangen av 2003 hadde 33,4 prosent av alderspensjonistane særtillegg (minstepensjonistar). Det var ein nedgang med 1,5 prosentpoeng frå 2002.

Einsleg mor eller far

Frå 2002 til 2003 auka utgiftene til overgangsstønad med 2,3 prosent nominelt frå 2 077,8 mill. kroner til 2 125,7 mill. kroner. Dei samla utgiftene til einslege forsørgjarar var på 2 889,7 mill. kroner i 2002 og på 2 883,8 mill. kroner i 2003 (utgifter til bidrag er heldt utanfor). Dette er ei minke på 0,2 prosent. Talet på einslege forsørgjarar med overgangsstønad var 25 647 ved utgangen av 2003. Ved utgangen av 2002 var talet 25 470. Utgifter og talet på stønadsmottakarar har stabilisert seg etter den kraftige minkinga frå 2000 til 2001. Dette heng saman med at reforma i 1998 fekk full effekt frå 1.1.2001. Målet med reforma i 1998 var å betre økonomien til einslege forsørgjarar med små barn, og å legge betre til rette for sjølvforsørging etter ein overgangsperiode.

Hjelpemiddel

Utgifter til hjelpemiddel til betring av funksjonsevne har auka relativt sterkt i perioden 1997 til 2002. Frå 2002 til 2003 gjekk utgifter til hjelpemiddel ned med 1,9 prosent nominelt frå 2 453 mill. kroner til 2407 mill. kroner. Behandlingshjelpemidlar vart overført til helseføretaka i 2003. Utan denne overføringa hadde det vore ein vekst i trygdas utgifter også i 2003. For følgjande hjelpemiddel var det likevel ein auke i utgiftene frå 2002 til 2003: Hjelpemiddel til tilpassing av bustad, med 8,7 prosent, telefon og hjelpemiddel til lydforsterking, med 13,2 prosent, og manuell rullestol, med 3,9 prosent.

Forskottering av underhaldsbidrag

Frå 1.10.2003 vart det innført nye reglar for fastsetting av bidrag, forskot o.a. Utgifter til forskottering av underhaldsbidrag viser ein reduksjon i 2003 samanlikna med 2002 på ca 150 mill. kroner. Utgiftene i 2003 vart om lag 1 530 mill. kroner. Reduksjonen i refusjonsinntekter frå bidragspliktige var om lag 100 mill. kroner frå 2002 til 2003. Inntektene i 2003 er om lag 975 mill. kroner. Reduksjonane har i hovudsak samanheng med bidragsreforma. Forskottsutgiftene er redusert mellom anna som følgje av at det er innført graderte forskottssatsar i motsetning til ein sats tidligare (fullt forskott). Inntektene følgjer i hovudsak utviklinga i utgiftene.

Underhaldsbidrag til barn og ektefelle

Ved utgangen av 2003 var det registrert 113 200 bidragssaker innanlands og 12 714 bidragssaker der den bidragspliktige bur i utlandet. Innanlandssakane er redusert med om lag 16 000 sakar i 2003. Dette heng saman med at dei nye bidragsreglane har ført til at partane i større grad inngår private avtalar om storleiken på bidraget. Talet på utanlandssakar har auka med 479 i 2003.

Den samla uteståande bidragsgjelda utgjorde 2 969 mill. kroner ved utgangen av 2003. Inkludert i talet er også saker der dei bidragspliktige er busette i utlandet (559 mill. kroner) og uteståande i gamle gjeldssaker ved Statens Innkrevjingssentral (SI) (165 mill. kroner). Tilsvarande tal ved utgangen av 2002 var 3 005 mill. kroner, der bidragspliktige busette i utlandet skuldar 523 mill. kroner og gamle gjeldssaker ved SI var 180 mill. kroner.

Samla vart det kravd inn 3 375 mill. kroner i 2003. Dette er ein reduksjon på 90 mill. kroner frå 2002.

Vurdering av innanlandsgjelda til innkrevjing ved Trygdeetatens innkrevjingssentral

Heimel til å avskrive bidragskrav i rekneskapen vart gitt av Sosial- og helsedepartementet den 9. januar 2001. Forskrifta er nytta frå og med rekneskapet for 2001.

Samla krav innanlands er 2 572 mill. kroner. Krava er fordelte i tråd med forskrifta: 1 025 mill. kroner (40 prosent) er gode krav, 808 mill. kroner (31 prosent) er usikre og 408 mill. kroner (16 prosent) er forventa tap. Forventa tap er krav som ikkje kan krevjast på grunn av manglande betalingsevne til den bidragspliktige. 331 mill. kroner er vurdert for avskriving i rekneskapen.

Bidragspliktige busette i utlandet

Styresmaktene i kvart land skal krevje inn krav når bidragspliktig bur i utlandet. Trygdeetaten er dermed avhengig av å inngå avtalar, og av samarbeid frå kvart land. Samla uteståande krav var 559 mill. kroner. Av dette gjeld 200 mill. kroner bidragspliktige i Norden. Kravet til Sverige er 125 mill. kroner.

Frå 2002 til 2003 er gjelda auka med i overkant av 36 mill. kroner. Av denne auken utgjer bidragspliktige frå Sverige 22 prosent, USA 12 prosent, Storbritannia 10 prosent, og Danmark 9 prosent.

Det vart innbetalt 60 mill. kroner. Samanlikna med 2002 er dekningsprosenten auka frå 61,2 prosent til 65 prosent For Norden er dekningsprosenten auka frå 69,7 prosent til 83,2 prosent

Til forsiden