St.meld. nr. 3 (2003-2004)

St.meld. nr. 3

Til innholdsfortegnelse

2 Utval av inntekter og utgifter

2.1 Skattar og avgifter frå fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2003 syner at dei samla skatte- og avgiftsinntektene auka frå 459,8 mrd. kroner i 2002 til 461,3 mrd. kroner i 2003, ein auke på 1,5 mrd. kroner eller 0,7 prosent. Dette er vesentleg mindre auke enn frå 2001 til 2002 (7,0 prosent) og også vesentleg lågare enn for perioden 1997-2002, då skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg steig med drygt 7 prosent i årleg gjennomsnitt. Den låge auken i skatte- og avgiftsinntektene har generelt samanheng med svak vekst - og på enkelte område reduksjon - i skatte- og avgiftsgrunnlaga i 2002 og 2003, mellom anna gjekk sysselsettinga ned frå 2002 til 2003. Det har også vore ein reduksjon i dei statlege inntektene frå skattlegging av føretak. Frå 2002 til 2003 vart dei kommunale og fylkeskommunale skattørene frå personlege skattytarar auka, med ein motsvarande reduksjon i satsen for felleskatt frå 13,70 prosent i 2002 til 11,76 prosent i 2003. Dette har også medverka til den låge auken i skatteinntektene til staten. Utviklinga i inntektene frå meirverdi- og investeringsavgifta frå 2002 til 2003 er påverka av at investeringsavgifta vart fjerna hausten 2002.

Statsrekneskapen for 2003 syner at samla skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart drygt 19 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett for 2003 og om lag 1,5 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2003. Reduksjonen i skatte- og avgiftsinntektene har samanheng med svak auke i skatte- og avgiftsgrunnlaga frå 2002 til 2003, men er også knytt til enkelte meir spesielle tilhøve. Inntektene frå meirverdiavgifta vart om lag 4 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i saldert budsjett. Om lag 3,2 mrd. kroner av denne reduksjonen heng saman med omlegging av rekneskapsføring og innkrevjing. I motsetnad til tidlegare vert innbetalt meirverdiavgift ikkje lenger rekneskapsført før ein har teke imot og registrert tal frå dei avgiftspliktige (om lag 1,3 mrd. kroner per 31.12.2003). Samstundes vert beløp som dei avgiftspliktige har til gode, betalt tilbake raskare enn tidlegare. Reduksjonen av skatte- og avgiftsinntektene på 1,5 mrd. kroner samanlikna med anslaga i nysaldert budsjett har i stor grad samanheng med svak auke i skattetrekket frå personlige skattytarar på slutten av 2003.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 461,3 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2003 utgjorde skatt på inntekt og formue 120,4 mrd. kroner i 2003, ein reduksjon på 7,2 mrd. kroner eller 5,6 prosent frå året før.

Skatt og avgifter til folketrygda, trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift, utgjorde 144,0 mrd. kroner i 2003, og svarar til ein auke på 5,1 prosent frå året før.

Meirverdi- og investeringsavgifta, som er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til staten, steig med 0,5 prosent til 128,9 mrd. kroner i 2003.

Andre særavgifter og tollinntekter utgjorde til saman 68,0 mrd. kroner i 2003. Dette er 1,7 prosent meir enn i 2002.

2.2 Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda i 2003, utan CO2-avgifta, vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 98,2 mrd. kroner. Rekneskapstala for 2003 er 98,3 mrd. kroner.

Rekneskapstala for betalte direkte skattar vart 99 mill. kroner høgare enn ein venta i nysalderingsproposisjonen. Meirinntekta kjem frå innbetalingar utanom terminskatt.

Betalt produksjonsavgift vart 65 mill. kroner høgare enn venta i nysalderingsproposisjonen, medan betalt arealavgift vart 40 mill. kroner lågare enn venta.

Inntektene frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 3 100 mill. kroner. Rekneskapstala for 2003 er 3 056 mill. kroner.

2.3 Inntekter frå Statens direkte deltaking i petroleumsverksemda

Inntektene frå Statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE) er i det alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter og investeringsutgifter. Inntektene frå SDØE vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 83 410 mill. kroner. Rekneskapstala for 2003 er 84 713 mill. kroner. Auken i inntektene har mellom anna si årsak i at driftsinntektene vart høgare og driftsutgiftene lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen.

2.4 Redusert nivå på skattar og avgifter

Ein sentral del av Regjeringa sin politikk er å redusere nivået på skattar og avgifter. I Sem-erklæringa sette Regjeringa seg som mål å redusere dei samla skattane og avgiftene med 31 mrd. kroner i perioden 2001-2005. Det vart allereie for 2002 vedteke ei rekkje endringar. Mellom anna vart investeringsavgifta, flypassasjeravgifta og utbytteskatten fjerna, skatten på arbeid redusert og avskrivingssatsane auka. Dei vedtekne endringane for 2002 gav ein påløpt skatte- og avgiftslette på om lag 10,8 mrd. kroner i 2002. Vidareføring av regelendringane i 2002 gav òg ein påløpt lette på om lag 5,4 mrd. kroner i 2003. Det vart i tillegg vedteke ein del endringar for 2003, m.a.:

  • Den øvre grensa i minstefrådraget vart auka til 45 700 kroner, samstundes som satsen vart auka frå 23 prosent til 24 prosent.

  • Innslagspunkta i toppskatten vart auka til 340 700 kroner i klasse 1 og 364 000 kroner i klasse 2.

  • Skattefrådragsordninga for FoU vart utvida.

  • Avskrivingssatsen i gruppe d (maskinar o.a.) vart auka frå 15 prosent til 20 prosent.

  • Likningstakstane på bustadeigedommar vart reduserte med 5 prosent.

  • Fribeløp i arveavgifta vart auka frå 200 000/500 000 kroner til 250 000/550 000 kroner.

  • NOKUS-reglane vart stramma inn.

  • Grensa for maksimalt frådrag for fagforeiningskontingent vart auka.

  • Avgifta på brennevin vart redusert med 10,9 prosent.

  • Det vart innført avgift på klimagassane HFK og PFK.

Desse endringane gav ein ytterlegare lette i 2003 på om lag 3,2 mrd. kroner påløpt. Samla er det dermed gitt skatte- og avgiftslettar på om lag 19,4 mrd. kroner påløpt i 2002 og 2003.

I desember 2002 la eit utval som skulle vurdere meirverdiregelverket for kommunesektoren, fram sin rapport. Utvalet skulle foreslå endringar med sikte på at regelverket skal verke nøytralt for kommunane sine avgjerder om å kjøpe tenestene frå private eller produsere dei sjølve. I budsjettet for 2004 vart det vedteke innført ei generell kompensasjonsordning. Dette var i samsvar med utvalets anbefaling.

I februar 2003 overleverte Skaugeutvalet sin rapport, NOU 2003:9 Skatteutvalet – Forslag til endringar i skattesystemet. Dette utvalet var oppnemnt i januar 2002 for å vurdere endringar i skattlegginga av inntekt og formue. Regjeringa si oppfølging vart presentert i ei eiga melding til Stortinget 26. mars 2004 (St.meld. nr. 29 (2003-2004) Om skattereformen). På bakgrunn av Stortinget si innstilling vil Regjeringa leggje fram forslag til endringar hausten 2004.

2.5 Samla oversikt over Statens inntekter og utgifter

Sjå tabell 2.1 for Statens inntekter og tabell 2.2 for Statens utgifter.

Tabell 2.1 Statens inntekter 1999 – 2003 (tal i mill. kroner)

  RekneskapSaldert budsjettNysald. budsjettRekneskap
  1999200020012002200320032003
Skattar på formue og inntekt88 66798 144104 358127 576131 299123 890120 372
Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift115 603122 006128 374137 085146 600145 200144 019
Tollinntekter2 4092 0291 7841 6721 5001 5621 614
Meirverdiavgift og avgift på investeringar114 076121 710130 306128 318132 900126 200128 913
Avgifter på alkohol8 6358 7118 4918 2308 4638 5838 510
Avgifter på tobakk6 6446 9147 1106 9757 4746 7306 760
Avgifter på motorvogner28 91430 51330 28932 22733 30033 11233 569
Andre avgifter14 76016 63818 85317 70418 78317 53017 513
Sum skattar og avgifter379 709406 666429 565459 789480 320462 807461 270
Renter av statens forretningsdrift2039194103232333
Avskrivingar, avsetjingar til investeringsformål og inntekter av statens forretningsdrift5 1663 5502 7722 4722 0751 8251 786
Sum inntekter av statens forretningsdrift5 3703 6412 8652 5762 0981 8471 818
Renter frå statsbankane1)10 77110 25811 57911 96314 34812 87612 197
Renter av kontantbehaldninga i statskassa og andre krav1)3 1764 3696 4354 2745 8253 2763 647
Utbyte ekskl. Statoil3 9863 6034 5607 4795 5346 1266 130
Renteinntekter og utbyte ekskl. statens forretningsdrift og Statoil17 93318 23022 57423 71725 70722 27821 974
Inntekter under departementa17 56719 62319 49919 60219 97220 83323 905
Overføring frå Noregs Bank3 40110 68510 685
Tilbakeføring av midlar frå Statens banksikringsfond1401824 35082
Sum andre inntekter21 10830 49034 53419 68419 97220 83323 905
Sum inntekter ekskl. oljeskattar, petroleumsverksemd og tilbakebetalingar424 120459 027489 538505 766502 390485 487486 994
Inntekter frå statleg petroleumsverksemd56 718121 466151 04990 56277 30083 41084 713
Skatt og avgift på utvinning av petroleum18 73661 455112 10689 701106 600101 300101 380
Aksjeutbyte frå Statoil1351 7025 7465 0455 0455 1335 133
Sum petroleumsinntekter75 589184 623268 902185 308188 945189 843191 227
Tilbakebetalingar54 70951 02490 72541 98353 79268 06668 874
Overføring frå Statens petroleumsfond18 4949 46840953 40634 80162 84462 844
Sum inntekter572 911704 141849 574786 463805 636828 519831 913

1) Fordelinga er endra i forhold til St.meld. nr. 3 for 2002.

Tabell 2.2 Samla utgifter etter departement 1999-2003 (tal i mill. kroner)ð

DepartementRekneskapSaldert budsjettNysald. budsjettRekneskap
  1999200020012002200320032003
Det kongelege hus og Slottsforvaltninga8012913899111116118
Regjering m.m.118143180187198198192
Stortinget og underliggjande institusjonar8067598489381 1111 1181 057
Høgsterett45474850515254
Utanriksdepartementet12 72313 36714 84716 49517 10017 50217 301
Utdannings- og forskingsdepartementet27 45526 91332 79443 28830 11232 59133 090
Kultur- og kyrkjedepartementet3 5183 5743 9075 2385 5355 4065 560
Justis- og politidepartementet10 72411 38111 79113 05812 74113 05313 886
Kommunal- og regionaldepartementet57 11063 45965 19786 00965 93667 00866 433
Sosialdepartementet27 94129 87733 2193 6674 0364 1534 091
Helsedepartementet57 86660 61263 07463 375
Barne- og familiedepartementet20 28820 77923 49824 55326 17826 38026 319
Nærings- og handelsdepartementet3 9634 5415 6755 2043 7039 46112 211
Fiskeridepartementet2 0312 2082 3772 7662 4942 6022 738
Landbruksdepartementet14 41916 48714 01914 75813 79113 82314 068
Samferdsledepartementet17 95124 76420 84821 62230 73331 07230 741
Miljøverndepartementet2 6572 6542 7302 9342 7542 7432 608
Arbeids- og administrasjonsdepartementet20 50321 08221 48720 15417 63311 91812 030
Finansdepartementet44 95525 21768 26472 01030 12931 25731 420
Forsvarsdepartementet26 13825 81826 84230 98629 61429 27630 545
Olje- og energidepartementet5 6161 15722 5031 5841 4611 6141 577
Ymse utgifter242529187 1225017
Statsbankane61 63251 88368 52960 40463 60664 44662 810
Statleg petroleumsverksemd31 06223 30025 73616 07516 18018 66017 564
Statens forretningsdrift3 9442 0141 6341 70393161254
Statens petroleumsfond44 627161 373257 426169 234172 765171 182173 662
Sum statsbudsjettet440 330532 950724 566670 898615 621618 919623 721
Folketrygda162 289175 357187 642205 271215 694222 979224 527
Samla utgifter med lånetransaksjonar602 619708 307912 208876 169831 315841 898848 248
Lånetransaksjonar 1)90 98356 715152 128122 70279 47081 44681 904
Statens petroleumsfond44 627161 373243 235169 234172 765171 182173 662
Samla utgifter utan lånetransaksjonar og statens petroleumsfond467 009490 219516 845584 233579 080589 270592 681

1) I statsrekneskapen for 2001 er 14,191 mrd. kroner i lånetransaksjonar knytt til Statens petroleumsfond i samband med sal av aksjar i Statoil ASA, aksjeteikning, utlån mv.

Til forsiden