St.meld. nr. 3 (2003-2004)

St.meld. nr. 3

Til innholdsfortegnelse

5 Staten sin balanse og kommentarar til finanspostar

I kap. 5.1 er staten sin balanse gjeve ein omtale med noter til vesentlige endringar. I kap. 5.2 er det gjeve eit oversyn over statens finansinntekter og finansutgifter. I kap. 5.3 er garantiar gjeve ein omtale. I kap. 5.4 er hovudprinsippa som ligg til grunn for føring av statsrekneskapen stilt opp.

5.1 Staten sin balanse med noter

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av staten sin balanse med hovudvekt på staten sine finansielle eignelutar, gjeld og eigenkapital. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Dei viktigaste eignelutane er i spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene, verdipapir og kapital i staten sine sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemda er realkapital likevel del av balansen, jf. vedlegg 5 der balansar er presentert for forretningsverksemdene.

Staten sine eignelutar gjekk opp med 306,8 mrd. kroner i 2003, frå 1 163,2 mrd. kroner til 1 470,0 mrd. kroner. Auken må i hovudsak tilskrivast auken i verdien på Statens petroleumsfond. Vesentlege endringar vert omtala i notane nedanfor.

Tabell 5.1 Statens eignelutar og gjeld (tal i mill. kroner)

TekstNote31.12.0231.12.03Endring
Eignelutar
60. Bank152 491108 58756 096
61. Spesielle fond og forsikringar2638 758884 506245 748
62. Verdipapir inkl. kapital i statens sjølvstendige verksemder371 89884 76912 871
63. Utlån og uteståande fordringar4215 565217 0501 484
64. Ordinære fond533 73240 6536 921
65. Forskot61 017808-209
66. Kapital i statsbankane73 3712 149-1 222
68. Fast kapital i statsverksemdene8145 265135 576-9 689
70-73. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar9-3 349-5 767-2 418
76. Valutabyte10-4310431
77. Statsobligasjonslån. Overkurs/underkurs114 5801 618-2 962
78. Valutakursregulering, statens utanlandsgjeld122550-255
1 163 1521 469 949306 797
Gjeld
80. Statsgjelda13291 039339 84148 801
81. Kontolån frå ordinære fond1438 55344 9206 366
82. Verksemder med særskilde fullmakter154 8405 768928
84. Deposita og avsettingar168 67816 3897 712
87. Overførte unytta løyvingar177 0696 998-71
99. Avslutningskonto18812 9731 056 034243 061
1 163 1521 469 949306 797

Noter:

Note 1.

Staten sin kontantbehaldning var 56,1 mrd. kroner høgare ved utgangen av 2003. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank.

Note 2.

Auken i spesielle fond og forsikringar var på 245,7 mrd. kroner og kjem i hovudsak av auken i bokført verdi i Statens petroleumsfond på 242,5 mrd. kroner jf. kap. 6 i denne meldinga. Statens varekrigsforsikring er redusert med 1,1 mrd. kroner medan andre fond i kontogruppa syner ein auke på 4,3 mrd. kroner.

Note 3.

Auken i verdipapir mm. er netto 12,9 mrd. kroner, fordelt med 8,8 mrd. kroner i netto auka behaldning av aksjar og ein auke på 4,0 mrd. kroner i kapital i statsføretak og verksemder med særskilde fullmakter. Auken under statsføretak gjeld i hovudsak Statskraft SF. Auka verdi av aksjar kjem mellom anna av aktivering av aksjar under Samferdsledepartementet med 10,4 mrd. kroner, fordelt med 7,4 mrd. kroner for Avinor AS, 1,9 mrd. kroner for Mesta AS og 0,97 mrd. kroner for Flytoget AS. Aktivering av aksjar for Avinor AS har samanheng med at staten sin kapital i Luftfartsverket i kontogruppe 68 er redusert ved omdanning til Avinor AS. Behaldninga av aksjar under Nærings- og handelsdepartementet er redusert med netto 1,6 mrd. kroner. Mellom anna er behaldninga for Telenor AS redusert med 2,7 mrd. kroner. Aksjane i Arcus AS og AS Olivin er selt og behaldninga redusert med i alt 0,17 mrd. kroner. Argentum AS er aktivert med 1,2 mrd. kroner, som har samanheng med tilsvarande nedgang i kapitalen i SND under kontogruppe 66. Sjå tabell 3.7 for oversyn over statens aksjeinteresser.

Note 4.

Auken i utlån og uteståande fordringar er netto 1,5 mrd. kroner. Av dette er 4,2 mrd. kroner auka utlån for Statens lånekasse, 1,8 mrd. kroner redusert utlån for Husbanken og 1,2 mrd. kroner redusert utlån til tilsette i staten gjennom Statens pensjonskasse. Lån til helseføretaka auka med 2,1 mrd. kroner, medan lån til Svinesundforbindelsen AS auka med 0,3 mrd. kroner. Lån til Statkraft SF vart redusert med 0,4 mrd. kroner og lån til Entra Eiendom AS vart redusert med 1,5 mrd. kroner.

Note 5.

Auken for ordinære fond er på 6,9 mrd. kroner. Av dette utgjer 5,5 mrd. kroner Fondet for forsking og nyskaping medrekna kapitaliserte renter og 0,8 mrd. kroner konverteringsfondet i Statens lånekasse. Ludvig Holbergs minnefond er etablert med 0,2 mrd. kroner. Finansmarknadsfondet auka med 0,1 mrd. kroner og fond under Kommunal- og regionaldepartementet med 0,5 mrd. kroner, medan fond under Nærings- og handelsdepartementet samla vart redusert med 0,3 mrd. kroner. Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond. Midla som fonda har ståande på konto i Noregs Bank er òg ført opp som kontolån til staten.

Note 6.

Nedgangen i forskot er på 0,2 mrd. kroner som i hovudsak gjeld forskot under Samferdsledepartementet for Statens vegvesen og Jernbaneverket og forskot på rammetilskot til fylkeskommunar og kommunar under Kommunal- og regionaldepartementet.

Note 7.

Nedgangen i fast kapital i statsbankane på 1,2 mrd. kroner kjem i hovudsak av at kapitalen i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond er satt ned i samband med at aksjane for Argentum AS vart aktivert, jf. note 3.

Note 8.

Nedgangen i fast kapital i statsverksemdene på 9,7 mrd. kroner kjem i hovudsak av at kapitalen er redusert med 11,6 mrd. kroner ved omdanninga av Luftfartsverket til Avinor AS og at kapitalen i SDØE auka med 1,5 mrd. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3.

Note 9.

Statlege verksemder sitt mellomvære med statskassa gjekk ned med 2,4 mrd. kroner, slik at verksemdene har 5,8 mrd. kroner til gode per 31.12.2003. Om lag 1,3 mrd. kroner av dette gjeld omlegginga av rekneskapsføringa av betalt meirverdiavgift. I motsetnad til tidlegare, vert innbetalt meirverdiavgift ikkje lenger rekneskapsført i løyvingsrekneskapen før ein har teke imot og registrert tal frå dei avgiftspliktige. Det er i 2003 postert netto 120,6 mill. kroner mot konto for forskyvingar i balansen, jf. fullmakt frå Stortinget til å postere differansar i rekneskapen mot konto for forskyvingar i balansen. Det alt vesentlige gjeld Landbruksforvaltninga. Under Finansdepartementet er det sett av 111 mill. kroner som vart utgiftsført kapital til Finansmarknadsfondet, jf. kap. 1600, post 90. Under Utdannings- og forskingsdepartementet er det sett av 139 mill. kroner som vart utgiftsført kapital til konverteringsfondet i Statens lånekasse for utdanning, under kap. 2410, post 50. Kapitalen for desse to fonda vart ikkje flytt frå oppgjerskonto i Noregs Bank til fondas konti i Noregs Bank i 2003, men dette har ingen verknad på statens samla kontantbehaldning i Noregs Bank per 31.12.2003, då alle desse kontoane reknas med i kontantbehaldninga. Avsetjinga går fram av mellomvære fram til overføring til fondas konti skjer i 2004.

Note 10.

Alle statens valutabyteavtaler er forfalne og valutabytekontoen er avvikla. Sjå òg tabell 3.3 og 3.4 i vedlegg 3.

Note 11.

Som følgje av over/underkurs på statsobligasjonslån, er bokført verdi redusert med 2,9 mrd. kroner.

Note 12.

Staten sin immuniseringsportefølje vart avvikla i 2003 og konto for valutakursregulering er avvikla som følgje av dette

Note 13.

Statsgjelda er auka med 48,8 mrd. kroner i 2003. Dette kjem dels av at ein har brukt låneinstrumenta til staten til å trekkje inn overskotslikviditet frå pengemarknaden og dels at ein i 2003 utvida primærhanldlarordninga til òg å omfatta kortsiktige statspapir. Noregs Bank auka difor si behaldning av statspapir. Denne meiropplåninga har sitt motstykke i auka kontantbehaldning. Sjå tabell 3.5 i vedlegg 3 for nærare spesifikasjon av endring i statsgjelda.

Note 14.

Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten òg eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktivert i kontogruppe 64 Ordinære fond. Auken for 2003 er på 6,4 mrd. kroner. Av dette utgjer 5,5 mrd. kroner Fondet for forsking og nyskaping. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

Note 15.

Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Verksemdene sine likvide midlar er plasserte i Noregs Bank. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

Note 16.

Deposita og avsetjingar syner ein auke på 7,7 mrd. kroner. Av dette er det vesentligaste avsetjinga til Statens petroleumsfond som auka med 6,4 mrd. kroner, frå -3,9 mrd. kroner til 2,5 mrd. kroner. Avsetjinga til Statens petroleumsforsikringsfond auka med 1,5 mrd. kroner.

Note 17.

Unytta løyvingar som vert overført til neste budsjettår, vert registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane til 2004 er samla 6,998 mrd. kroner, noko som er 70,9 mill. kroner lågare enn overført løyving frå 2002. I talet er overførte løyvingar på 90-post (lånetransaksjonar) med. Overførte løyvingar utanom 90-poster er 6,484 mrd. kroner, jf. kapittel 1.

Note 18.

Avslutningskontoen med staten sin eigenkapital auka i 2003 med 243,1 mrd. kroner frå 812,9 mrd. kroner til 1 056,0 mrd. kroner, jf. note 1-17 ovanfor. Sjå òg tabell 1.11 i vedlegg 1.

5.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2003 renteinntekter på om lag 15,6 mrd. kroner og renteutgifter på vel 18,6 mrd. kroner, jf. tabell 5.2. Netto renteutgifter vart dermed om lag 3,0 mrd. kroner. Frå 2002 til 2003 auka rentene av innanlandsk statsgjeld med om lag 1,5 mrd. kroner. Dette kjem mellom anna av at opplåninga vart auka som ein del av styringa av likviditeten i banksystemet, jf. òg note 13. Rentene av den utanlandske statsgjelda gjekk ned med om lag 130 mill. kroner.

Tabell 5.2 Renter (tal i mill. kroner)

  200120022003
1. Renteinntekter i alt18 35615 57815 628
Renter frå statsbankane11 12211 96312 197
Renter av kapital i statens forretningsverksemd9310433
Renter av innskot og andre krav5 8522 7731 835
Renter av lån til statsføretak29285268
Renter av lån til særlovselskap292170
Renter av lån til aksjeselskap665573436
Renter frå folketrygda406442
Andre renteinntekter816
2. Renteutgifter i alt18 21117 23118 611
Av innanlandsk statsgjeld 1)17 52116 90818 421
Av utanlandsk statsgjeld690323190
Netto renteinntekter/ renteutgifter145-1 653-2 983

1) Renteutgifter for innanlandsk statsgjeld omfattar både gjeld under kontogruppe 80 og 81.

5.3 Garantiar

Forvaltninga kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ein garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterar for at låntakar oppfyller sine plikter overfor långivar.

Tabell 5.3 syner samla garantiansvar etter det einskilde departement for 2002 og 2003. Per 31.12.2003 har forvaltninga gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 41,1 mrd. kroner. Dette er ein nedgang på om lag 11,5 mrd. kroner frå 2002. Denne har mellom anna si årsak i ein nedgang i innlån for Noregs Kommunalbank med 5,7 mrd. kroner og for den alminnelige garantiordninga under GIEK med 6,3 mrd. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2003 var på 153,8 mill. kroner. Den største delen er utbetalt under den alminnelege garantiordninga under GIEK. I vedlegg 4 finst meir informasjon om dei einskilde garantiordningane.

Tabell 5.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12.2003 (tal i mill. kroner)

  Garantiansvar per 31.12.2002Utbetalt ved tap i 2003Garantiansvar per 31.12.2003
Utanriksdepartementet29,832,6
Kommunal- og regionaldepartementet17 550,511 870,0
Helsedepartementet69,337,7
Nærings- og handelsdepartementet25 125,3134,418 310,9
Landbruksdepartementet5,64,1
Samferdsledepartementet1 323,71 137,9
Miljøverndepartementet110,919,446,3
Arbeids- og administrasjonsdepartementet196,2196,2
Finansdepartementet8 145,99 437,1
Olje- og energidepartementet1,30
Sum52 558,6153,841 072,8

5.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Følgjande hovudprinsipp ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Staten sin løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i tråd med Stortinget sitt løyvingsvedtak.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Oversikt over tilsegnsfullmakter og tingingsfullmakter utover 31. desember presenterast som informasjon i statsrekneskapen.

  • Løyvingsrekneskapen følgjer den inndeling som Stortinget har fastsett i vedtatt budsjett og vert sett opp fullstendig etter denne.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet slik at inntekter og utgifter vert sett opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien vert sett til historisk nyskaffingsverdi på transaksjonstidspunktet med unntak for Statens petroleumsfond.

  • Transaksjonar på post 90, lån, tilbakebetalingar mv. i løyvingsrekneskapen vert ført i Statens kapitalregnskap som auke/nedgang i staten sine eignelutar og gjeld.

  • Statsrekneskapen vert sett opp basert på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterar til statsrekneskapen og rapportering frå det einskilde departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sitt mellomvære med statskassa er stadfesta av det einskilde departement.

  • Rapporterte betalingar over verksemdene sine bankkonti er avstemt mot staten sitt konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Staten sin løyvingsrekneskap vert gjort opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.3. Brutto finansieringsbehov sikrast ved låneopptak og ved trekk på kontantbehaldninga i Noregs Bank, jf. løyvingsrekneskapen sitt kapitel 5999. Finansieringsbehov vert ført mot staten sin eigenkapital, jf. avslutningskontoen i kapitalrekneskapen.

Til forsiden