Individuell arbeidsrett

Den individuelle arbeidsavtalen er grunnlaget for forholdet mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. Forholdet blir også regulert av ulike lover som gir reglar om arbeids- og tilsetjingsvilkår. Viktige tema i individuell arbeidsrett inkluderer oppretting av arbeidsforhold, lønn, arbeidsgjevars rett til å leie arbeidet, reglar om arbeidstid, ferie og permisjon, omorganisering og permittering, oppseiing og avskjed, fortrinnsrett til ny jobb, rettar ved overføring av verksemd, velferdsgode og vern mot diskriminering.

Sentrale lover

Arbeidsmiljøloven er den sentrale vernelova på arbeidsrettens område. Statstilsette stillingsvern er regulert i  statsansatteloven. Arbeidsforholdet til tilsette på norske skip er regulert i  skipsarbeidsloven. Andre sider ved arbeidsforholdet er regulert i blant anna ferieloven, yrkesskadeforsikringsloven, permitteringslønnsloven, allmenngjeringslova og lønnsgarantiloven  (Lovdata).

Løsning av tvistar

Tvistar om individuelle arbeidsavtalar blir behandla av dei alminnelege domstolane. For visse typar tvistar er det etablert ein enklare prosess for løysing av tvistar ved at ein arbeidstakar eller ein arbeidsgivar kan bringe ei sak inn for Tvisteløysingsnemnda. Tvisteløysingsnemnda behandlar blant anna tvistar om:

  • fortrinnsrett til utvida stilling for deltidstilsette
  • deltidstilsettes rett til stilling som tilsvara faktisk arbeidstid
  • redusert arbeidstid
  • utdanningspermisjon
  • permisjon i tilknyting til fødsel
  • andre permisjonar etter arbeidsmiljølova kapittel 12
  • fleksibel arbeidstid

fritak frå nattarbeid, overtidsarbeid og meirarbeid  

Tariffavtalar

Tariffavtalar vil i stor grad kunne ha betydning for dei enkelte arbeidsforhold, både ved at dei gir føringar for innhaldet i individuelle arbeidsavtalar, og ved at fleire av bestemmelsane i lovene på området kan fråvikast ved tariffavtale. Tariffnemnda kan etter krav frå ei arbeidstakar- eller arbeidsgivarorganisasjon fastsette at lønns- og arbeidsvilkår som følgjer av ein tariffavtale skal gjelde for alle arbeidstakarar som utfører arbeid av den art som avtalen omfattar (allmenngjering).

Kollektiv arbeidsrett

Kollektiv arbeidsrett handlar om reglane for korleis tariffavtalar blir inngått og avslutta, kva som skjer i tariffperioden, og korleis konfliktar blir løyst. Det inkluderer også kunnskap om arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane, organisasjonsstrukturen og samspelet mellom partane i arbeidslivet.

Det er to typar konfliktar i kollektiv arbeidsrett: rettstvistar og interessetvistar. Ein rettstvist er ei usemje om tolkinga eller gyldigheita av ei gjeldande tariffavtale eller om retten til ei slik avtale. En interessetvist er en konflikt mellom tariffparter om hva som skal bli innholdet i en ny eller revidert tariffavtale.

Sentrale lover

Sentrale lovar innanfor den kollektive arbeidsretten er arbeidstvistloventjenestetvistlovenlønnsnemndloven og allmenngjøringsloven (Lovdata).

Løysing av tvistar

Arbeidstvistlova handlar om korleis konfliktar mellom partane i privat og kommunal sektor skal løysast. Den har reglar om korleis tariffavtalar skal sjå ut og kva dei skal innehalde, og når det er lov å bruke arbeidskamp som for eksempel streik. Tenestetvistlova handlar om forhandlingsrett og korleis rettstvistar og interessetvistar skal behandlast i statleg sektor. Begge lovene har reglar om mekling hos Riksmeklaren og korleis rettstvistar skal behandlast i Arbeidsretten.

Arbeidsretten

Arbeidsretten er ein særdomstol som behandlar tvistar om inngåtte tariffavtalers gyldigheit, forståing og eksistens, tvistar om brot på fredsplikta i arbeidslivet og tvistar om erstatningsansvar i samband med tariffbrot og ulovleg arbeidskamp.  

Riksmekleren

Riksmekleren er ein særdomstol som behandlar tvistar om inngåtte tariffavtalers gyldigheit, forståing og eksistens, tvistar om brot på fredsplikta i arbeidslivet og tvistar om erstatningsansvar i samband med tariffbrot og ulovleg arbeidskamp.

Rikslønnsnemnda

Rikslønnsnemnda er ein fast voldgiftsnemnd som blir oppnemnd med heimel i lønnsnemndloven. Lova gjeld der partane frivillig bringer tvisten inn til behandling i nemnda, men også ved tvungen lønnsnemnd blir avgjerda i arbeidstvisten overlaten til Rikslønnsnemnda. Nemndas kjennelse får verknad som tariffavtale.

Tariffnemnda

Tariffnemnda kan etter krav frå ei arbeidstakar- eller arbeidsgjevarorganisasjon fastsette at lønns- og arbeidsvilkår som følgjer av ein tariffavtale skal gjelde for alle arbeidstakarar som utfører arbeid av den art som avtalen omfattar (allmenngjering).