Klima- og miljødepartementet har ansvar for kulturmiljøpolitikken, og utarbeider forslag til ei ny kulturmiljølov som vil leggje viktige ramar for vern og forvalting av kulturmiljø.

Bakgrunn og prosess

Kulturminnelova er frå 1978, og inneheld reglar for vern og forvalting av kulturmiljø. Det er behov for å oppdatere lovverket i ljos av samfunnsutfordringane og Noreg sine internasjonale forpliktingar m.m. Det er òg behov for ei meir systematisk og brukarvennleg lov.

Utgreiinga NOU 2025: 3 Ny kulturmiljølov er eit underlag for lovarbeidet. Utgreiinga har vore på høyring. Departementet vil vurdere om det er behov for eventuelle supplerande høyringar undervegs i sitt arbeid. Departementet vil òg gjennomføre konsultasjon med Sametinget.

Lovarbeidet er ein del av oppfølginga av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold.

TIDSLINJE

Prosess for lovarbeidet

  1. 22.06.2022: Kongen i statsråd oppnemner kulturmiljølovutvalet
  2. 24.03.2025: Kulturmiljølovutvalet overleverer NOU 2025: 3 til klima- og miljøministeren.
  3. 04.04.2025–15.08.2025: Offentleg høyring av utgreiinga NOU 2025: 3.
  4. Klima- og miljødepartementet gjennomgår innspela frå høyringa og utarbeider ein lovproposisjon med forslag til ei ny kulturmiljølov.
  5. Regjeringa legg fram ein lovproposisjon for Stortinget. Stortinget behandlar lovforslaget. Det er mogleg å følgje saksgangen fram til vedtak på heimesida til Stortinget.

Kulturmiljølovutvalet

Kulturmiljølovutvalet, som vart sett ned av Kongen i statsråd 22. juni 2022, hadde som oppdrag å gjennomgå kulturminnelova og regulering av kulturmiljø i andre lover, og å utarbeide forslag til ei ny kulturmiljølov.

Utvalet leverte si utgreiing til departementet 24. mars 2025. Utgreiinga har vore på høyring, og alle høyringsinnspela er publisert på regjeringa si heimeside.

Du kan lese meir om utvalet, deira mandat og utgreiinga NOU 2025: 3 Ny kulturmiljølovheimesida til kulturmiljøutvalet.