Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudprioriteringar

1.1 Kunnskapsnasjonen Noreg

Noreg er eit kunnskapssamfunn. Kunnskapssamfunnet er kjenneteikna ved at det er kunnskap og kompetanse som er den viktigaste innsatsfaktoren i produksjon og tenesteyting. I Noreg utgjer den menneskelege kapitalen om lag 80 pst. av nasjonalformuen. Noreg har eit høgt utdanningsnivå, ein høg forskartettleik og er det OECD-landet som har den høgste delen av arbeidsstyrken i yrke som krev utdanning. Alt tyder på at kunnskap blir ein enda viktigare faktor i arbeidslivet i framtida, og at forsking må spele ei sentral rolle i utviklinga av kunnskapssamfunnet.

Noreg står føre mange krevjande oppgåver. Aukande samhandling og konkurranse globalt, store miljø- og fattigdomsproblem i verda og nasjonale velferdsoppgåver vil krevje oppdatert og ny kunnskap dersom vi skal kunne skape eit godt samfunn og bidra til ei meir rettferdig og berekraftig verd. Utdanning og forsking er ein føresetnad og eit verkemiddel for å møte dei globale utfordringane, for å utvikle velferdssamfunnet vidare og for å leggje grunnlaget for verdiskaping for morgondagen. Utdanning og forsking stimulerer òg til demokratisk deltaking, kulturell utvikling og til auka sjølvkjensle og identitet hos enkeltmennesket. Eit velfungerande kunnskapssamfunn ser samanhengen mellom forsking som søkjer grunnleggjande ny innsikt, og forsking som søkjer løysing på praktiske problem.

Ein utdannings- og forskingssektor av høg kvalitet er ein av dei viktigaste føresetnadene for utviklinga av kunnskapssamfunnet. Regjeringa vil sikre alle tilgjenge til utdanning og kunnskap, slik at vi som nasjon og enkeltmenneske kan skape og utnytte moglegheitene våre. Noreg skal ha eit godt barnehagetilbod til alle som ønskjer det, ein solid offentleg fellesskole, rett til vidaregåande opplæring og høgre utdanning og forsking av høg kvalitet.

Den norske utdannings- og forskingssektoren skal:

  • stimulere til å gi kvar einskild personleg utvikling og identitet, evne til å tenkje kritisk og til å ta del i demokratiske prosessar og bidra til sosial utjamning

  • gi samfunnet den kunnskapen og kompetansen som er naudsynt for framtidig velferd, verdiskaping og ei berekraftig utvikling

  • styrkje konkurranseevna til Noreg internasjonalt og bidra til å løyse globale utfordringar på dei områda der vi har føremon

1.2 Utdanningslinja

Utdannings- og forskingssystemet må svare på dei behova arbeids- og samfunnslivet har for kunnskap og kompetanse. Det er ikkje mogleg å vite kva kompetanse som skal til for å møte utfordringar 20 eller 50 år fram i tid. Det er likevel nokre relativt sikre utviklingstrekk. Vi har eit kunnskapsbasert og kunnskapsintensivt arbeidsliv, der det er stadig færre jobbar som ikkje krev vidaregåande eller høgre utdanning. Noreg vil trenge både fleire personar med relevant fagopplæring og fleire med høgre utdanning i framtida.

Å stå utanfor arbeidslivet er vanskeleg for den det gjeld. Dersom mange vaksne står utanfor arbeidslivet, legg dette i tillegg eit stort press på velferdsordningane og på forsørgjarbyrda for dei i arbeid. Samtidig vil det føre til mangel på arbeidskraft. I økonomiske nedgangstider står arbeidstakarar utan formelle kvalifikasjonar i fare for å miste jobben først, og dei vil ofte slite mest med å få ny jobb dersom dei blir arbeidsledige. Livslang læring er ein føresetnad for å kunne arbeide fram til oppnådd pensjonsalder og ein premiss for å lykkast med arbeidslinja i norsk velferdspolitikk. Men for å lykkast med arbeidslinja må vi derfor først lykkast med utdanningslinja. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja omhandlar heilskapen i kompetansebehova i samfunnet, og drøfter korleis desse utfordringane skal møtast.

1.3 Kunnskap og kompetanse for framtida

Barnehage

Kunnskap blir bygd gjennom heile livet, og barnehage og skole er avgjerande for livslang læring og utvikling. Korleis barnehagen kan bidra til tidleg innsats, er teke opp i St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen. Det har vore teke eit krafttak dei siste åra for å sikre full barnehagedekning, samtidig som prisen har vorte redusert.

St.meld. nr. 41 (2008–2009) gir status for kvaliteten i barnehagane og korleis utfordringane skal møtast. Mykje tyder på at det er store variasjonar i barnehagetilbodet i dag. Vidare peiker meldinga på at kompetansen til personalet er avgjerande for kvaliteten i barnehagane. Regjeringa vil derfor auke innsatsen for betre kvalitet i barnehagane.

Regjeringa vil sikre eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet i alle barnehagar, styrkje barnehagen som læringsarena og sikre at alle barn får delta aktivt i eit inkluderande fellesskap. Innhaldet i barnehagen skal byggje på eit heilskapleg læringssyn, der omsorg, leik og læring skal sjåast i samanheng. Regjeringa vil ta vare på den norske barnehagetradisjonen, som er høgt akta internasjonalt. Det skal etablerast klarare rammer for kartleggjing, dokumentasjon og vurdering av utviklinga og dugleiken til barna, slik at eigenarten til barnehagen ikkje blir svekt. For å nå desse måla vil regjeringa mellom anna halde fram satsinga for å rekruttere fleire pedagogar og setje i verk tiltak for å auke kompetansen til personalet i barnehagane.

Grunnopplæringa

Det er stor merksemd om kvaliteten i grunnopplæringa. Stortinget har ved fleire høve handsama utfordringane i norsk skole, mellom anna i Innst. S. nr. 42 (2008–2009), jf. St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen og i Innst. S. nr. 164 (2006–2007), jf. St.meld. nr. 16 (2006–2007)…og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring. Stortinget har uttrykt bekymring for at kvaliteten på viktige område i grunnopplæringa ikkje er god nok. Det er alvorleg at dugleikane til elevane er for svake, samtidig som krava til kompetanse aukar og behovet for ufaglært arbeidskraft truleg vil bli redusert. Regjeringa vil derfor føre vidare innsatsen for å sikre ei grunnopplæring som held høg kvalitet.

Kompetansen til lærarane er den enkeltfaktoren som har mest å seie for elevane si læring, dersom ein ser bort ifrå den sosiale bakgrunnen til elevane. Lærarane må ha både god fagleg og pedagogisk kompetanse. Kompetanseutvikling er derfor sentralt for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa. Regjeringa vil auke kvaliteten og forbetre innhaldet i lærarutdanninga, jf. St.meld. nr. 11 (2008–2009) Læreren Rollen og utdanningen. Hovudmåla med den nye lærarutdanninga er betre kvalifiserte lærarar til grunnskolen, forme ei samanhengande profesjonsutdanning for lærarar til grunnskolen, medverke til auka samarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonane og yrkesfeltet og lette innplasseringa av internasjonale delstudium.

I tilknyting til oppfølginga av Kunnskapsløftet har stat og kommune investert om lag 3 mrd. kroner i etter- og vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar. Eit varig system for vidareutdanning for lærarar og ei skoleleiarutdanning for alle nytilsette rektorar og rektorar som ikkje har skoleleiarutdanning frå før, er under etablering. Dei statlege løyvingane til kompetanseutvikling skal bli målretta mot vidareutdanning i prioriterte fag ut frå dei behova som blir avdekte gjennom nasjonale prøver, tilsyn og undersøkingar av kompetansesamansetjinga blant lærarar. I tillegg vil det bli gitt støtte til etterutdanning på prioriterte område og til å utarbeide rettleiande læreplanar i fag.

Det er urovekkjande at delen eldre lærarar aukar sterkt, samstundes som det er vanskeleg å rekruttere nye lærarar og mange av studentane som byrjar på lærarutdanningane, sluttar. Mangelen på språk- og realfagslærarar er stor både på ungdomstrinnet og i den vidaregåande opplæringa. Eit viktig tiltak for å auke rekrutteringa er innføringa av ettergiving av utdanningsgjeld for låntakarar i Lånekassen som fullfører visse lærarutdanningar i realfag og framandspråk i 2009. For å gi dei ulike tiltaka retta mot lærarutdanninga og læraryrket ei felles overbygning har regjeringa etablert GNIST-partnarskapen. GNIST er ei brei satsing for å styrkje kvaliteten på lærarutdanninga og utvikle lærarprofesjonen vidare. Partnarskapen jobbar for å auke statusen til lærarane og rekruttere fleire gode lærarar for framtida.

Boks 1.1 GNIST – partnarskap for ei heilskapleg lærarsatsing

Læraren er avgjerande for kvaliteten i grunnopplæringa. Regjeringa har derfor satsa breitt for å styrkje kvaliteten i lærarutdanningane og for å utvikle lærarprofesjonen vidare. Denne satsinga, GNIST, er eit femårig samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, Utdanningsforbundet, KS, LO, NHO, Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet, Studentenes Landsforbund, Norsk Lektorlag, Skolenes landsforbund, Norsk Skolelederforbund, Nasjonalt råd for lærerutdanning, Norsk Studentunion og Elevorganisasjonen.

Partnarane i GNIST har desse hovudmåla for satsinga fram mot 2014:

  • Auka status for læraryrket

  • Auka kvalitet i lærarutdanningane

  • Auka kvalitet i lærarprofesjonen

  • Auka kvalitet i skoleleiinga

  • Auka rekruttering til lærarutdanningane og læraryrket

Høgre utdanning

Det overordna målet i Kvalitetsreforma er å løfte kvaliteten i og relevansen for den høgre utdanninga. Det er framleis store variasjonar i høgre utdanning, og arbeidet med å heve kvaliteten i utdanningane må halde fram. Regjeringa vil derfor følgje opp måla om auka kvalitet og relevans i norsk høgre utdanning. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) har ei sentral rolle i kvalitetsutvikling av dei ulike utdanningane saman med institusjonane. Undervisninga skal vere forskingsbasert og tilpassa eit kunnskapssamfunn i utvikling. Forskingsbasert undervisning handlar både om å utdanne menneske med kompetanse til å løyse viktige oppgåver i samfunnet, og om å utvikle evna hos studentane til refleksjon, kreativitet og kritisk tenking.

Regjeringa meiner det er behov for meir profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø. Det er behov for meir samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. Det er viktig at dette skjer i prosessar godt forankra i både fagmiljøa og leiinga ved institusjonane. Sektoren har sjølv sett i gang samarbeidsprosessar for å møte utfordringane.

Ungdomskulla aukar kraftig framover. Framskrivingar syner ein auke på 150 000 unge i alderen 19 til 30 år frå 2008 til 2020, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Det er derfor eit behov for fleire studieplassar om ikkje delen ungdom med høgre utdanning skal bli redusert. I tillegg blir høgre utdanning meir ettertrakta når arbeidsmarknaden blir vanskelegare. Fleire søkjer direkte frå vidaregåande opplæring til høgre utdanning, og høgre utdanning får fleire søkjarar frå alle aldersgrupper. Uavhengig av dagens konjunktursituasjon vil arbeidslivet trenge kvalifisert arbeidskraft i åra som kjem, i mange tilfelle betre kvalifiserte tilsette enn i dag. Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) anslår at talet på personar med universitets- og høgskoleutdanning i arbeidsstyrken vil auke frå under 900 000 i 2010 til over 1 050 000 i 2020 (Rapporter 2008/29, SSB).

Ved å satse på utdanning vil regjeringa motverke dei negative effektane av auka arbeidsløyse, samtidig som Noreg vil komme styrkt ut når konjunkturane snur. For å styrkje den langsiktige kunnskapsutviklinga og sikre tilbod av høg kvalitet til dei som søkjer seg til høgre utdanning, vil regjeringa sikre tilstrekkeleg kapasitet og fleksibilitet i sektoren. Regjeringa vil òg styrkje moglegheitene for vaksne som blir arbeidsledige, eller som er sårbare for omstillingar og nedskjeringar, til å få fleksible og brukartilpassa opplæringstilbod. Slik opplæring må kunne kombinerast med arbeid og familieliv.

Velferdssamfunnet er avhengig av god kvalitet og kapasitet på profesjonsutdanningane. Nokre område peiker seg ut ved å stå framfor særlege rekrutteringsutfordringar – som realfag og yrkesgrupper som utfører kjerneoppgåver i velferdssamfunnet, som for eksempel lærarar og sjukepleiarar og anna helsepersonell. For å møte dei nye krava som profesjonsyrka står føre, er det viktig å styrkje forskingsevna på desse områda. For å skaffe solid kunnskap om utdannings- og opplæringssektoren er det sett i verk eit nytt program for utdanningsforsking for perioden 2009–18. Programmet skal fremme forsking av høg vitskapleg kvalitet og styrkje kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming, forvaltning, profesjonsutdanning og profesjonsutøving.

Verdiskaping for framtida føreset global konkurransedugleik. Til dette trengst det relevant utdanning av høg kvalitet, og samfunnsborgarar og arbeidstakarar med internasjonal kunnskap og erfaring. Regjeringa vil derfor forankre målsetjinga om auka internasjonalisering i den nasjonale kunnskapspolitikken, og har lagt fram ei internasjonaliseringsmelding, St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning. Internasjonalisering er eit mål i seg sjølv og gjeld heile utdanningssystemet, samtidig som det er eit viktig verkemiddel for å auke kvaliteten i og relevansen av norsk utdanning og forsking.

Forsking

Det har vore ein kraftig auke i investeringane i forsking og utvikling (FoU) i Noreg. Frå 2005 til 2007 har den årlege realauken vore på om lag 7,4 pst. Noreg ligg no på andreplass i verda når det gjeld offentlege forskingsmidlar per innbyggjar. Det er likevel nødvendig å styrkje forskingsevna for å kunne løyse globale utfordringar, sikre verdiskaping og eit godt velferdssamfunn for kommande generasjonar. Den langsiktige målsetjinga om at den samla forskingsinnsatsen skal utgjere tre pst. av BNP, ligg derfor fast. Dette overordna målet skal supplerast med andre ressursindikatorar som gir eit meir nyansert bilete av forskingsinnsatsen i Noreg. Indikatorane er FoU-årsverk per 1 000 sysselsette, FoU-innsats per innbyggjar og FoU-innsats knytt til Fastlands-BNP. BNP-målet har gjort at det viktigaste i forskingspolitikken har komme i skuggen – kva vi skal forske på, og korleis vi skal forske. For forsking handlar om meir enn ressursar; forsking handlar om å utvikle oss sjølve og samfunnet. Forsking er ein føresetnad og eit verkemiddel for å møte dei store utfordringane vi no står overfor.

Regjeringa vil derfor vri merksemda i forskingspolitikken mot resultat og utvikling i kvalitet. Under handsaminga av St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, slutta Stortinget seg til forskingspolitiske mål på følgjande prioriterte område, jf. Innst. S. nr. 354 (2008–2009): globale utfordringar, betre helse og helsetenester, velferds- og forskingsbasert profesjonsutøving, kunnskapsbasert næringsliv i heile landet og næringsrelevant forsking på strategiske område. Desse måla reflekterer først og fremst kva forskingspolitikken særleg skal bidra til, og inneber ei ny tilnærming til forskingspolitikken. Desse måla er supplerte med fire tverrgåande mål: høg kvalitet i forskinga, eit velfungerande forskingssystem, høg grad av internasjonalisering av forskinga og effektiv utnytting av forskingsressursar og -resultat.

Det norske forskingssystemet omfattar alle institusjonar og verksemder som utfører, finansierer og administrerer forsking. I tillegg kjem alle samarbeidsaktørane. Forsking og innovasjon skjer i eit komplekst samspel mellom aktørane i FoU- og innovasjonssystemet. Eit velfungerande forskingssystem handlar blant anna om å sikre tilstrekkeleg kapasitet, om balanse mellom samarbeid og konkurranse og om gode system for kunnskapsoverføring. For å få til eit velfungerande forskingssystem treng ein derfor eit breitt utval av finansieringsmekanismar og verkemiddel.

Fleire forskingsmiljø i Noreg hevdar seg i verdstoppen, mellom anna på felta hjerneforsking, marin teknologi, språkforsking og informatikk. Det er likevel store sprik i kvaliteten og resultata i norsk forsking. Noreg har universitet, høgskolar, institutt og kunnskapsbedrifter over heile landet. Det er store forskjellar mellom institusjonane i storleik, akademisk profil og organisering. Dette representerer ein styrke, men det inneber òg ein risiko for fragmentering og sårbare miljø. Regjeringa meiner at det er behov for ei klarare arbeidsdeling, meir konsentrasjon og meir forpliktande samarbeid i forskings- og høgre utdanningssektoren. Dette er ikkje minst viktig for å få til eit fruktbart internasjonalt samarbeid og for å kunne lykkast på internasjonale konkurransearenaer. St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonaliseringav utdanning, stadfesta at vår evne til å tiltrekkje oss gode internasjonale samarbeidspartnarar innan utdanning og forsking er avgjerande for utviklinga av vårt eige kunnskapssystem i åra som kjem. Ei internasjonalt retta utdanning, basert på god kvalitet og relevans, saman med auka internasjonal mobilitet i forskarutdanninga, er sentrale verkemiddel for å fremme forskingssamarbeid og gjere Noreg til ein attraktiv kunnskapsnasjon og samarbeidspartnar. Deltaking i EUs rammeprogram og utviklinga av Det europeiske forskingsområdet (ERA) er ei hovudprioritering for internasjonalisering av norsk utdanning og forsking.

Norsk forsking har gode føresetnader for å bidra til å løyse globale utfordringar. Det gir oss også eit stort ansvar. Fattigdom, behov for energi, klimaendringar, tap av biologisk mangfald, migrasjon og aukande press på matvareressursane i verda er dei største utfordringane i vår tid. Klarer vi ikkje å hanskast med desse problema, står sjølve grunnlaget for samfunnet i framtida på spel. Norsk forsking skal særleg bidra til å løyse globale utfordringar innanfor klima, miljø, energi, hav og mattryggleik. Klimaforliket inneheld fleire punkt om opptrapping av forskinga på klima, fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring. Forliket understrekar særleg at den offentleg finansierte petroleumsforskinga skal ha eit betydeleg fokus på klima.

Høg kvalitet er eit gjennomgåande mål for alle delane av utdannings- og forskingssystemet. Regjeringa si satsing på forsking har gitt resultat, og kvaliteten i norsk forsking er styrkt dei seinare åra. Indikatorar ein har tilgang til, som publiseringar, siteringar og internasjonale evalueringar, viser at det blir utført meir og betre forsking enn tidlegare. Noreg er blant dei landa som har hatt sterkast auke i talet på publikasjonar og siteringar dei siste åra. Satsinga på forskarrekruttering vil dei kommande ti åra føre produksjonen av doktorgradar opp på same nivå som nivået i dei fremste av nabolanda våre.

For å fremme kvalitet er det nødvendig å sikre gode rammevilkår, blant anna gjennom finansieringssystem, tilgang til moderne infrastruktur og utstyr og mobilisering av menneskelege ressursar. Fondet for forsking og nyskaping er eit av dei viktigaste instrumenta regjeringa har for å sikre langsiktige og stabile forskingsløyvingar og for å auke løyvingane til satsingar som bidreg til å utvikle kvaliteten og breidda i norsk forsking. Frå 1. januar 2009 har fondet hatt ein kapital på 72 mrd. kroner. Vidare er ein god politikk for investeringar, drift og vedlikehald av forskingsinfrastruktur avgjerande for å nå måla i forskingspolitikken. Derfor er avkastninga frå 4 mrd. kroner av fondskapitalen øyremerkt investeringar i slik infrastruktur, noko som vil gi ei stabil årleg løyving på om lag 140 mill. kroner. Regjeringa har i tillegg innført eit nytt system for statleg basisfinansiering av forskingsinstitutta i 2009 for å auke kapasiteten ved institutta til å levere god forsking.

Regjeringa ønskjer å utløyse regionalt vekstpotensial og verdiskaping i heile landet og å styrkje både privat og offentleg FoU-aktivitet. Forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og formidling av resultata er grunnleggjande for å bidra til innovasjon og verdiskaping og til utvikling av og i regionane. Det viktigaste nye verkemiddelet for å fremme forsking i regionane er dei regionale forskingsfonda, som vil gi ei avkastning på om lag 212 mill. kroner i 2010.

Krava om at forsking skal utnyttast til samfunnets beste, aukar stadig. Det må vere god samanheng mellom dei ressursane som går til forsking, og dei resultata ein oppnår. Forskingsresultata må gjerast tilgjengelege. Gjennom publisering, kommersialisering og annan samfunnskontakt skal forskingsresultata bidra til verdiskaping, til å løyse konkrete samfunnsutfordringar, utvikle nye produkt og til å utvikle forsking og den forskingsbaserte undervisninga vidare.

1.4 Sosial utjamning

Det er små sosiale forskjellar i vårt utdanningssystem samanlikna med andre land. Regjeringa meiner likevel at det i dag er gjennomgåande sosiale forskjellar i utdanningssystemet som ikkje kan aksepterast. Det er forskjellar i læringsutbytte i grunnskolen, fråfall i vidaregåande opplæring og sosialt skeiv rekruttering til høgre utdanning. Regjeringa vil styrkje den evna utdanningssystemet har til å motverke sosiale forskjellar gjennom å leggje grunnlaget for livslang læring, og legg derfor vekt på kvalitetsutvikling og tidleg innsats i alle ledd i utdanningssystemet. Tidleg innsats inneber både å styrkje innsatsen i tidleg alder og å setje inn tiltak når problem viser seg. I NOU 2009: 10 Fordelingsutvalget kjem det klart fram at barnehagar og utdanningssystemet har stor innverknad på sosiale forskjellar seinare i livet.

I Noreg har alle rett til gratis grunnskole og vidaregåande opplæring. Grunnutdanninga ved statlege universitet og høgskolar i Noreg skal vere gratis. Støtteordningane gjennom Statens lånekasse for utdanning skal sikre at alle kan ta ut retten til vidaregåande opplæring, og at personleg økonomi ikkje skal vere avgjerande for val av høgre utdanning. Stortinget har lovfesta ei rekkje tiltak for at retten til opplæring og utdanning skal vere uavhengig av betalingsevna til foreldra. Regjeringa har følgt opp barnehageforliket i Stortinget og har lagt til rette for at foreldrebetalinga for ein barnehageplass er redusert med 27 pst. sidan 2005. Frå 2009 har alle barn rett til barnehageplass, jf. Innst. O. nr. 69 (2007–2008) og Ot.prp. nr. 52 (2007–2008). Det er òg innført gratis læremiddel i vidaregåande opplæring, satsane i utdanningsstøtteordningane har vorte prisjusterte kvart år, og det er bygt fleire studentbustader.

Grunnleggjande dugleikar har stor betydning for prestasjonar i alle fag og er vesentlege for å klare seg godt seinare i livet. Regjeringa har derfor sett i verk fleire tiltak som skal sikre at alle barn lærer å lese og rekne i løpet av dei første skoleåra, og tiltak for å bidra til at elevane utviklar desse dugleikane vidare i utdanninga. Skoledagen er utvida og det er lagt til rette for ein meir heilskapleg skoledag for å oppnå meir og betre læring for alle elevar uavhengig av sosial bakgrunn. Timetalet på barnetrinnet er utvida med til saman fem timar til fag, og to timar til fysisk aktivitet i skolen.

Fullførd vidaregåande opplæring er plattforma alle bør ha for å vere godt rusta for arbeidsliv og vidare utdanning. Tre av ti ungdommar har ikkje fullført vidaregåande opplæring fem år etter at dei starta. Dette er ikkje ein akseptabel situasjon i eit samfunn der fullført vidaregåande opplæring i stadig større grad blir inngangsbilletten til vidare utdanning og arbeid. Samanhengen mellom grunnleggjande dugleikar, gjennomføring av vidaregåande opplæring og deltaking i arbeidslivet er godt dokumentert i St.meld. nr. 16 (2006–2007). Mange av dei som ikkje har gjennomført vidaregåande opplæring, fell ut av arbeidslivet i ung alder. Mangelfulle grunnleggjande dugleikar frå grunnskolen er den viktigaste årsaka til fråfall i vidaregåande opplæring.

Mange av dei som avbryt vidaregåande opplæring, har opplevd sviktande motivasjon og svake dugleikar på ungdomstrinnet. Ungdomstrinnet er derfor ein kritisk fase. For å auke fullføringa av vidaregåande opplæring er det viktig å gjennomføre fleire tiltak. Det er for eksempel viktig med praksisnære tilbod for ungdom som treng noko anna enn tradisjonell skolelæring, for å motivere til å halde fram i opplæringa. Det er òg viktig å sjå tidleg elevar som står i fare for å avbryte vidaregåande opplæring, og følgje opp desse. Tilgang på læreplassar har til dømes vist seg å ha god effekt på fullføring av fag- og yrkesopplæringa. I ei tid med nedgangskonjunkturar i økonomien har regjeringa lagt til rette for at bedrifter kan halde fram med å ta inn lærlingar.

Høgre utdanning er ulikt fordelt i befolkninga. Det er meir sannsynleg at ein tek høgre utdanning dersom foreldra har høgre utdanning. Kvalitetsreforma i høgre utdanning og forsking legg vekt på at studentane skal lykkast i å fullføre utdanninga, og å auke rekrutteringa av grupper som i mindre grad deltek i høgre utdanning. Nye og meir varierte undervisnings- og vurderingsformer samt meir samanhengande studieopplegg er sentrale element i Kvalitetsreforma og viktige verkemiddel for å nå målet om sosial utjamning. Støtteordningane i Lånekassen, rimelege studentbustader og tilboda om etter- og vidareutdanning medverkar også til dette.

1.5 Budsjettprioriteringar

Barnehagar

Frå 2009 er det innført ein lovfesta rett til barnehageplass. Regjeringa vil at alle skal få eit barnehagetilbod med høg kvalitet til låg pris.

Forsking viser at eit godt pedagogisk tilbod før skolealder har positive effektar for læring og utvikling hos alle barn, uavhengig av familiebakgrunn. Betre barnehagar er også viktig for å betre resultata på skolen. Regjeringa meinar at kompetansen til personalet er den viktigaste føresetnaden for å skape gode barnehagar og utvikle verksemda i tråd med behova til barna, foreldra og samfunnet. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga med 35 mill. kroner i 2010 til ei rekkje tiltak som skal betre kvaliteten i barnehagen og følgje opp St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen. Mellom anna blir det foreslått å styrkje leiarkompetansen til barnehagestyrarane gjennom å innføre vidareutdanning i leiing for styrarar. Regjeringa vil også styrkje satsinga på studiet Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen (PUB-studiet) på prioriterte område.

Ein stor del av barnehagane i Noreg er private. For regjeringa er det viktig at barn skal ha like moglegheiter og at det blir lagt til rette for like lønns- og arbeidsforhold for dei tilsette uavhengig av om dei jobbar eller går i private eller offentlege barnehagar. Regjeringa tek derfor sikte på å oppnå likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar gjennom ein opptrappingsplan over ein periode på inntil fem år. I statsbudsjettet for 2010 foreslår regjeringa å løyve 82 mill. kroner for å starte opptrappinga.

Regjeringa vil at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass med god kvalitet. Regjeringa vil føre vidare maksimalgrensa for foreldrebetalinga nominelt inntil prisen er redusert til kr 1 750 (2005-kroner) per månad. Maksimalprisen blir derfor i 2010 som i 2009, kr 2 330 per månad og kr 25 630 på årsbasis for ein heiltidsplass. Det er foreslått å løyve brutto 203,5 mill. kroner til dette formålet.

I statsbudsjettet for 2010 er det lagt til rette for etablering av totalt om lag 7 200 nye barnehageplassar i permanente og mellombelse barnehagelokale. Dette måltalet svarer til forventa auke i etterspurnaden ved å føre vidare maksimalprisen på foreldrebetalinga på same nominelle nivå som i 2009 (1 500 plassar) og auke i barnehageutbygginga som følgje av befolkningsauke (5 700 plassar). Ein reknar med at desse plassane skal gi rom til 5 500 fleire barn. Totalt foreslår regjeringa å løyve 463,5 mill. kroner til utbygging og drift av nye barnehageplassar.

Departementet fører vidare satsinga på ulike studietilbod til tilsette i barnehagane frå revidert nasjonalbudsjett for 2009, jf. Innst. S nr. 355 (2008–2009), St.prp. nr. 67 (2008–2009) og omtale under budsjettprioriteringar innan høgre utdanning og forsking.

Grunnopplæringa

Regjeringa arbeider for ei grunnopplæring av høg kvalitet. Målsetjinga er økt læring for alle elevar, slik at skolen kan bidra til å jamne ut sosiale forskjellar.

I statsbudsjettet for 2010 foreslår regjeringa å utvide undervisningstimetalet for 1. til 7. trinn med ein veketime frå hausten 2010. Å utvide talet på undervisningstimar vil vere eit tiltak for å sikre elevane betre læring og utvikling av grunnleggjande dugleikar. For å bidra til betre læring gjennom tidleg innsats, vil regjeringa innføre eit tilbod om åtte veketimar gratis leksehjelp, delte på 1. til 4. trinn. Dette vil vere eit målretta tiltak for elevar og foreldre som ynskjer ekstra støtte i læringa. Regjeringa foreslår å løyve 241 mill. kroner til utvida undervisningstimetal og gratis leksehjelp.

Fullført vidaregåande opplæring er den plattforma alle bør ha for å vere rusta til arbeidsliv og eventuell vidare utdanning. Samstundes er det berre om lag 70 pst. av elevane som oppnår studie- eller yrkeskompetanse etter fem år i vidaregåande opplæring. Regjeringa foreslår derfor ei satsing på 58 mill. kroner i 2010 til auka fullføring med blant anna tiltak for å følgje opp elevar med svake resultat på kartleggingsprøver og utprøving av nytt praktisk fag på ungdomstrinnet.

Rehabiliteringsbehovet ved skoleanlegg er framleis stort, noko som påverkar læringsutbyttet til elevane og arbeidsmiljøet til lærarane. Derfor fører regjeringa vidare rentekompensasjonsordninga for skole- og symjeanlegg. Regjeringa foreslår å fase inn ytterlegare 2 mrd. kroner i 2010 av ordninga, med ein budsjetteffekt på 28 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å føre vidare det midlertidige tiltaket frå tiltakspakken med auka tilskott til lærebedrifter også i 2010, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet for 2009 med tiltak for arbeid. Regjeringa foreslår å løyve 190 mill. kroner til auka tilskott gjennom rammetilskottet til fylkeskommunane i 2010. Det blir opna for at tilskottet kan bli brukt til å stimulere enkeltbransjar eller enkeltbedrifter som har konjunkturproblem til å føre vidare eksisterande lærekontraktar og til å stimulere nye bedrifter til å ta inn lærlingar.

Regjeringa foreslår òg å føre vidare auken i løyvinga til lærlingar med særskilde behov med 10 mill. kroner i 2010.

Regjeringa vil at alle barn som ønskjer det, skal få eit kulturskoletilbod av god kvalitet og til ein rimeleg pris. For å styrkje kulturskoletilbodet blir det i 2010 foreslått å løyve 40 mill. kroner frå Kulturløftet II som eit øyremerkt statleg stimuleringstilskott til kulturskolar/kulturaktivitetar i skolen. Midlane skal gå til forsøk med ulike modellar av kulturaktivitetar. Modellforsøka ved eit utval skolar skal ha som mål å leggje til rette for eit breitt, variert og mangfaldig tilbod til elevane.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dei private toppidrettsgymnasa skal kunne gi eit godt tilbod om særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, og foreslår å løyve 10 mill. kroner ekstra i toppidrettstilskott.

I revidert nasjonalbudsjett for 2009 vart det orientert om at Kunnskapsdepartementet ville samle Uninett ABC, Utdanning.no og ITU – forsknings- og kompetansenettverk for IT i eit nytt senter for IKT i utdanninga. Dette er ei oppfølging av St.meld. nr. 31(2007–2008) Kvalitet i skolen. Løyvinga til dei enkelte tiltaka blir samla under eitt budsjettkapittel. Departementet foreslår ei samla løyving på 85,5 mill. kroner til Senter for IKT i utdanninga i 2010.

Grunnleggjande dugleikar for vaksne

I ein periode prega av motkonjunktur er det viktig med tiltak for å hindre utstøyting frå arbeidslivet. Forsking viser at dei som først fell ut av arbeidsmarknaden ved omstillingsprosessar, er dei med svake grunnleggjande dugleikar. Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Bedrifter og offentlege verksemder kan få tilskott til å gi tilsette opplæring i grunnleggjande dugleikar. I samband med tiltakspakken til regjeringa og revidert nasjonalbudsjett for 2009 vart Program for basiskompetanse i arbeidslivet styrkt med til saman 40 mill. kroner for møte utfordringane i arbeidslivet. Regjeringa foreslår å føre vidare denne satsinga også i 2010.

Høgre utdanning og forsking

God og stabil finansiering er avgjerande for at universitet og høgskolar skal kunne drive langsiktig kunnskapsutvikling og kunnskapsforvaltning av høg kvalitet innanfor eit breitt spekter av fagtilbod.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 50 mill. kroner i 2010 for å bidra til meir profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø i sektoren gjennom samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. Regjeringa meiner som Stjernø-utvalet at det er behov for ei klarare arbeidsdeling og eit meir forpliktande samarbeid i sektoren. Samarbeidet skal likevel ikkje utvikle seg gjennom politisk styrte strukturreformer. Dei strukturelle utfordringane må løysast med frivillige prosessar som følgje av at fagmiljø og institusjonsleiingar ser kva sektoren kan oppnå gjennom samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. Rolla til statlege myndigheiter er å leggje til rette for, stimulere og bidra til at dei frivillige prosessane på universitet og høgskolar kan realiserast. Sjå òg omtale under om finansieringssystemet.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 100 mill. kroner i 2010 for å styrkje lærarutdanninga. Av desse midlane foreslår regjeringa om lag 15 mill. kroner knytte til tiltak for å auke samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i lærarutdanninga. Desse kjem i tillegg til 20 mill. kroner som Kunnskapsdepartementet tildeler til samarbeidsprosessar i lærarutdanninga i 2009.

For å møte behovet for auka kompetanse og sikre kapasitet og fleksibilitet i høgre utdanning, foreslår regjeringa å auke løyvinga til 291,2 mill. kroner i 2010 knytt til dei 3 000 studieplassane som vart tildelte til universiteta og høgskolane i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009. Det inneber at talet på nye studieplassar ved universitet og høgskolar aukar med om lag 2 600 i 2010, slik at den auka opptakskapasiteten kan førast vidare. Regjeringa vil òg føre vidare med heilårsverknad studieplassane som vart gitte i revidert nasjonalbudsjett for 2009 innanfor desentralisert utdanning, etter- og vidareutdanning og fagskoleutdanning. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvingane i 2010 knytt til desse studieplassane til 39,6 mill. kroner for desentralisert utdanning og etter- og vidareutdanning og 30,4 mill. kroner for fagskoleutdanning.

Regjeringa foreslår samla å løyve 13,5 mill. kroner i 2010 til etablering av trafikkflygarutdanning (treårig bachelorgrad i luftfart) ved Universitetet i Tromsø.

Høg kvalitet i forskinga er grunnlaget for vidare utvikling av samfunnet. Grunnforsking av høg kvalitet er ein føresetnad for meir målretta forskingssatsingar for å løyse samfunnsproblem. Dette er òg ein føresetnad for at norske forskarar og forskingsmiljø skal vere attraktive samarbeidspartnarar for utvikling av kunnskap på ein internasjonal arena. Noreg skal vere i front av den internasjonale kunnskapsutviklinga på område der vi har særlege føresetnader.

Regjeringa foreslår å føre vidare rekrutteringsstillingane frå tiltakspakken med 72,7 mill. kroner i 2010, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet for 2009 med tiltak for arbeid. Utdanning av fleire forskarar er eit viktig verkemiddel for å auke den norske forskingsevna. Etterspørselen etter personar med doktorgrad aukar òg utanfor akademia. Fleire forskarutdanna personar vil auke tilfanget av høgt kompetent arbeidskraft for framtidas arbeidsliv. Målet om eit meir kunnskapsintensivt næringsliv krev fleire med doktorgrad, særleg innanfor faga matematikk, naturfag og teknologi (MNT-faga).

Regjeringa vil òg framover leggje stor vekt på at Noreg skal spele ei aktiv rolle i internasjonale organisasjonar og prosessar, og delta på viktige møtestader for høgre utdannings- og forskingssamarbeid. Dette gjeld blant anna i samarbeidet med EU og deltaking i EUs utdannings- og forskingsprogram. OECD, Bologna-prosessen, Nordisk ministerråd og UNESCO er andre viktige arenaer der Noreg deltek aktivt. I St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning legg regjeringa vekt på at internasjonalisering ikkje berre er eit mål i seg sjølv, men òg eit verkemiddel for å fremme kvalitet og relevans i norsk utdanning og forsking. Analysen og tiltaka i meldinga vil vere utgangspunktet og danne grunnlaget for det vidare arbeidet på internasjonaliseringsområdet. Regjeringa foreslår om lag 127 mill. kroner knytt til ulike internasjonaliseringstiltak i 2010.

Formålstenlege bygg innanfor høgre utdanning og forsking er ein føresetnad for å gjennomføre utdannings- og forskingspolitikken. Regjeringa foreslår å løyve 1,1 mrd. kroner i 2010 til vidareføring av byggjeprosjekta i 2010, jf. kap. 1580 post 33 og kap. 2445 post 33 i Prop. 1 S (2009–2010) forFornyings- og administrasjonsdepartementet.

Regjeringa foreslår å løyve 164 mill. kroner til ny universitetsklinikk i Trondheim medrekna 58 mill. kroner til utstyr. Regjeringa foreslår å løyve 3,5 mill. kroner til heilårsverknad av husleigekompensasjon til Samisk vitskapsbygg, 11,7 mill. kroner til husleige ved Høgskolen i Vestfold og 23 mill. kroner til husleige ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 5 mrd. kroner til 77 mrd. kroner frå 1. januar 2010. Dersom renta held seg på det same nivået som i dag, vil det gi om lag 210 mill. kroner i auka avkasting frå 2011. Avkastninga av to tredelar av den nye kapitalen er øyremerkt forskingsinfrastruktur.

Nivået på norsk forskingsinfrastruktur står heilt sentralt for at Noreg skal kunne trekkje til seg dei beste stipendiatane og dei beste nasjonale og internasjonale forskarane. Også konkurransekrafta i næringslivet er basert på kompetanse og teknologi utvikla i samarbeid med akademiske miljø med tilgang til moderne vitskapleg utstyr. I statsbudsjettet for 2009 vart avkastninga av 4 mrd. kroner av kapitalauken i Forskingsfondet øyremerkt infrastruktur. Det gir ei stabil, årleg løyving til forskingsinfrastruktur på om lag 140 mill. kroner frå 2010.

Dei regionale forskingsfonda vart oppretta 1. januar 2009 med ein fondskapital på 6 mrd. kroner. Avkastninga vil i 2010 vere på 212,4 mill. kroner og står til disposisjon frå 1. januar 2010. Dei regionale forskingsfonda skal styrkje forskingsevna gjennom regional forsking og innovasjon og vil støtte FoU-prosjekt initierte av både offentlege og private verksemder og forskingsmiljø. Formålet med fonda er vidare å bidra til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til auka kvalitet i forskinga.

Regjeringa følgjer opp Klimaforliket med å foreslå ein ytterlegare auke på 300 mill. kroner til forsking og utvikling innanfor fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring i budsjettet for 2010. Målet er å møte forskingsutfordringar og utnytte potensialet for verdiskaping knytt til fornybar energi og karbonfangst og -lagring. 65 mill. kroner blir foreslått løyvde over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Desse midlane vil gå til grunnforsking, rekruttering, infrastruktur, internasjonalt forskingssamarbeid og samfunnsfagleg forsking på feltet, samt til forsking knytt til globale utfordringar. Samfunnsfagleg forsking og internasjonalt samarbeid knytt til fornybar energi og karbonfangst og -lagring er også foreslått finansiert over budsjetta til andre departement.

Vidare foreslår regjeringa å løyve 50 mill. kroner til anna klimaforsking. I 2010 skal delen av midlane foreslått løyvde over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, i alt 31 mill. kroner, gå til etablering av eit klimaforskingssenter i Bergen, grunnforsking og rekruttering i Noregs forskingsråds program NORKLIMA, til delar av Noregs kontingent til nordisk toppforskingsprogram om energi, miljø og klima, samt sekretariatet for det strategiske samarbeidsforumet for klimaforsking, Klima21. Satsinga blir finansiert over budsjetta til fleire departement. Ei auka løyving til klimaforsking vil gi eit styrkt kunnskapsgrunnlag for klimapolitikken og for tilpassing, tiltak, verkemiddel og næringsutvikling innanfor ulike sektorar.

Studentvelferd

Regjeringa meiner at alle skal ha lik rett til utdanning uavhengig av økonomisk og sosial situasjon, og at det på sikt skal vere mogleg for alle å studere på heiltid. For å bidra til dette legg regjeringa opp til å finansiere om lag 1 000 nye hybeleiningar i 2010. Regjeringa foreslår å føre vidare løyvinga til bygging av studentbustadar med om lag 220,8 mill. kroner i 2010.

I tillegg foreslår regjeringa å auke alle satsar i utdanningsstøtteordningane med 1,6 pst. for undervisningsåret 2010–11. Den auka løyvinga vil innebere at basisstøtta til studentane stig frå kr 87 600 i undervisningsåret 2009–10 til kr 89 000 for undervisningsåret 2010–11.

Regjeringa ønskjer auka mobilitet blant norske studentar og auka internasjonalisering i grunnopplæringa, jf. St.meld. nr. 14 (2008–2009). Departementet foreslår derfor fleire justeringar i regelverket for tildeling av utdanningsstøtte for å redusere barrierane for å ta utdanning i utlandet, sjå omtale under kategori 07.80.

Regjeringa foreslår òg fleire tiltak for leggje betre til rette for nye kvotestudentar. Mange kvotestudentar er i dag i ein vanskeleg situasjon fordi det kan ta lang tid frå dei kjem til Noreg, før dei får utbetalt utdanningsstøtte, ettersom dei må ha fødselsnummer og bankkonto for å søkje støtte. Departementet foreslår å løyve 7,5 mill. kroner til ei ordning der studentane får utbetalt eit startstipend tilsvarande basisstøtte i to månader når dei kjem til lærestaden i Noreg. Departementet foreslår vidare å opne for støtte til ei heimreise den første sommaren til kvotestudentar som startar utdanninga i vårsemesteret. I tillegg foreslår departementet å opne for utdanningsstøtte om sommaren for kvotestudentar som er forseinka i det siste semesteret i utdanninga slik at dei kan fullføre utdanninga om sommaren.

I 2009 vart det innført ei ordning for avskriving av utdanningsgjeld for låntakarar som fullførte visse lærarutdanningar innanfor realfag eller språk. Ordninga blir no foreslått utvida med utdanningar i samiske språk. Formålet med tiltaket er å stimulere til at fleire tek samisk lærarutdanning eller får kompetanse i samisk som del av lærarutdanninga.

Regjeringa foreslår òg nokre mindre justeringar i vilkåra som gjeld utstyrsstipend, sjukestipend, foreldrestipend og behovsprøving av utdanningsstipend mot formue og inntekt, sjå omtale under kategori 07.80.

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

224 374

224 388

235 741

5,1

Sum kategori 07.10224 374224 388235 7415,1

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

224 902

253 801

272 542

7,4

221

Foreldreutvalet for grunnopplæringa

8 270

9 777

9 613

-1,7

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

122 858

124 572

101 406

-18,6

223

Samisk utdanningsadministrasjon

31 887

33 290

34 355

3,2

224

Senter for IKT i utdanninga

85 057

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 011 228

1 145 994

1 178 266

2,8

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

960 699

1 020 039

1 043 566

2,3

227

Tilskott til særskilde skolar

61 364

62 345

65 240

4,6

228

Tilskott til private skolar o.a.

2 477 206

2 582 197

2 838 432

9,9

229

Andre tiltak

11 909

12 433

21 499

72,9

230

Kompetansesenter for spesialundervisning

700 724

675 816

685 426

1,4

Sum kategori 07.205 611 0475 920 2646 335 4027,0

Barnehagar

231

Barnehagar

21 178 562

24 314 940

26 827 222

10,3

Sum kategori 07.3021 178 56224 314 94026 827 22210,3

Tiltak for å fremme kompetanseutvikling

252

EUs program for livslang læring

176 752

187 697

215 381

14,7

253

Folkehøgskolar

592 986

619 478

641 301

3,5

254

Tilskott til vaksenopplæring

192 365

198 969

205 335

3,2

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

43 790

50 974

56 806

11,4

256

Vox - Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

51 044

54 041

52 523

-2,8

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

41 479

38 570

79 804

106,9

258

Analyse og utviklingsarbeid

37 347

38 066

43 114

13,3

Sum kategori 07.501 135 7631 187 7951 294 2649,0

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

260

Universitet og høgskolar

23 370 869

270

Studium i utlandet og sosiale formål for studentar

211 141

299 758

309 281

3,2

271

Universitet

12 200 856

13 154 993

-100,0

272

Vitskaplege høgskolar

979 546

1 220 669

-100,0

275

Høgskolar

8 050 911

7 913 046

-100,0

276

Fagskoleutdanning

312 725

343 277

-100,0

280

Felles administrative einingar

119 700

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

838 700

969 417

689 767

-28,8

Sum kategori 07.6022 593 87923 901 16024 489 6172,5

Forsking

283

Meteorologiformål

257 270

282 646

301 932

6,8

285

Noregs forskingsråd

1 315 338

1 427 291

1 471 705

3,1

286

Forskingsfond

6 942 105

12 929 517

6 261 860

-51,6

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

153 800

211 195

227 623

7,8

288

Internasjonale samarbeidstiltak

1 203 680

1 317 065

1 463 301

11,1

Sum kategori 07.709 872 19316 167 7149 726 421-39,8

Utdanningsfinansiering

2410

Statens lånekasse for utdanning

28 809 165

30 176 394

26 071 415

-13,6

Sum kategori 07.80

28 809 165

30 176 394

26 071 415

-13,6

Sum utgifter

89 424 983

101 892 655

94 980 082

-6,8

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

01-29

Driftsutgifter

3 177 189

3 311 916

3 556 565

7,4

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

111 337

179 286

202 034

12,7

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

27 233 160

28 640 999

30 077 585

5,0

60-69

Overføring til kommunesektoren

21 920 967

25 177 100

27 895 431

10,8

70-89

Overføring til private

11 870 406

12 732 270

11 844 591

-7,0

90-99

Utlån, avdrag o.a.

25 111 924

31 851 084

21 403 876

-32,8

Sum under departementet

89 424 983

101 892 655

94 980 082

-6,8

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

7 757

3 247

1 751

-46,1

Sum kategori 07.107 7573 2471 751-46,1

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

8 805

11 916

10 020

-15,9

3221

Foreldreutvalet for grunnopplæringa

171

276

-100,0

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

10 181

7 069

4 309

-39,0

3224

Senter for IKT i utdanninga

1 000

3225

Tiltak i grunnopplæringa

20 311

118 589

141 275

19,1

3229

Andre tiltak

2 386

3230

Kompetansesenter for spesialundervisning

73 355

62 559

64 561

3,2

Sum kategori 07.20112 823200 409223 55111,5

Tiltak for å fremme kompetanseutvikling

3256

Vox - Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

6 909

10 285

10 614

3,2

Sum kategori 07.506 90910 28510 6143,2

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

3280

Felles administrative einingar

20

3281

Fellestiltak for universitet og høgskolar

3 519

10

10

0,0

Sum kategori 07.603 5191030200,0

Forsking

3286

Forskingsfond

3 087 505

3 368 260

3 770 560

11,9

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

21 503

21 500

21 500

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

3 809

3 843

4 752

23,7

Sum kategori 07.703 112 8173 393 6033 796 81211,9

Utdanningsfinansiering

5310

Statens lånekasse for utdanning

13 958 521

15 710 400

11 965 178

-23,8

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

5 898 829

6 763 305

3 788 500

-44,0

Sum kategori 07.80

19 857 350

22 473 705

15 753 678

-29,9

Sum inntekter

23 101 175

26 081 259

19 786 436

-24,1

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

162 533

269 196

293 230

8,9

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

9 141 110

10 250 763

7 673 506

-25,1

90-99

Utlån, avdrag o. a.

13 797 532

15 561 300

11 819 700

-24,0

Sum under departementet

23 101 175

26 081 259

19 786 436

-24,1

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

I denne proposisjonen omtaler Kunnskapsdepartementet følgjande oppmodingsvedtak:

Vedtak nr. 54, 21. november 2008. Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.20, kap. 226.

«Stortinget ber Regjeringen vurdere å gjenoppta arbeidet med skolebidragsindikatorer».

Vedtak nr. 266, 13. desember 2007. Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.80, kap. 2410.

«Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med stortingsmeldingen om internasjonalisering vurdere en opptrapping av rammen i Statens lånekasse for utdanning slik at nye søkerskoler kan innlemmes i støtteordningen for elever som tar deler av sin videregående opplæring i utlandet.»

Vedtak nr. 284, 2. april 2009. Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.60, kap. 260.

«Stortinget ber Regjeringen om snarest å komme tilbake til Stortinget med status for rekrutteringsutfordringene knyttet til samisk lærerutdanning og tiltak for å sikre rekrutteringa.»

Vedtak nr. 298, 27. april 2009. Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.60, kap 281 post 51.

«Stortinget ber Regjeringen sørge for at virksomheten til Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) blir gjenstand for en evaluering tilsvarende den som ble foretatt for NOKUTs virksomhet.»

Vedtak nr. 299, 27. april 2009. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.80.

«Stortinget ber Regjeringen om å forlenge gjeldende praksis i Lånekassen for tildeling av støtte til studenter ved Gründerskolen til og med studieåret 2009/2010, og samtidig vurdere hensiktsmessigheten av gjeldende regelverk.»

Vedtak nr. 391, 7. mars 2008. Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.60, kap. 260.

«Stortinget ber Regjeringen vurdere å innføre krav om ekstern sensor for all høyere utdanning.»

Vedtak nr. 399, 8. juni 2009. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.20.

«Stortinget ber Regjeringen utarbeide forslag til hvordan det på best mulig måte kan innføres antimobbeprogram eller en handlingsplan mot mobbing ved alle skoler.»

Vedtak nr. 501, 30. mai 2008. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.20.

«Stortinget ber Regjeringen snarest utarbeide forslag til bestemmelser som forplikter videregående skole til foreldresamarbeid.»

Vedtak nr. 545, 14. juni 2007. Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.20, kap. 228 post 70.

«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak om tilskuddsordningene når gjennomgangen av utregningsmodellen for skolene er gjennomført.»

Til forsida