Klima- og miljøministeren besøkjer Viken CTMP
Kalenderhending | Andreas Bjelland Eriksen
Adresse:
Årbogveien 100,
3515
Hønefoss
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen besøkjer Viken CTMP.
Tema for møtet er klagesaka om utsleppsløyve. Statsråden ønsker å diskutere moglege løysingar saman med bedriften. Møtet er lukka, men klima- og miljøministeren er tilgjengeleg for pressa i etterkant.
Presse som ønsker å dekke besøket, kan melde frå til kldinfo@kld.dep.no.