Statssekretær Eivind Vad Petersson

Statssekretær Petersson er i Berlin

Stad: Berlin

Statssekretær Eivind Vad Petersson besøkjer Tyskland. Her skal han mellom anna ha samtalar med statssekretærane Tobias Lindner og Andreas Michaelis i det tyske utanriksdepartementet og leiar for forsvarskomiteen i Forbundsdagen, Marie Agnes Strack-Zimmermann.

Tema for samtalane er krigen i Ukraina, tryggings- og forsvarspolitikk i Europa og samarbeidet mellom Tyskland og Noreg.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02