Seksjon forskings- og instituttpolitikk
Seksjon forskings- og instituttpolitikk (SFI) har ansvar for forskings- og instituttpolitikk innanfor ansvarsområdet til departementet. Viktige oppgåver er departementet si etatsstyring av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Veterinærinstituttet (VI) og styringsdialogen med Noregs forskingsråd. Vidare har seksjonen ansvar for å følgje opp internasjonalt forskingssamarbeid på landbruks- og matområdet.