Ansvarsområder og oppgåver i Landbruks- og matdepartementet

Publisert under:

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for matpolitikk og landbrukspolitikken.

Landbrukspolitikken omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket. Landbrukspolitikken skal sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon, utvikle kunnskapsgrunnlaget og medverke til verdiskaping og sysselsetting i heile landet med utgangspunkt i landbruket og landbruksbaserte produkt.

Sentrale rammevilkår for mat- og landbrukspolitikken er den generelle økonomiske politikken, marknaden og handelspolitikken som følgje av WTO-avtalen og EØS-avtalen, og Stortinget si behandling av proposisjonar og meldingar til Stortinget.