Forsknings- og administrasjonsavdelingen (FA)

Avdelinga har ansvaret for forskingspolitikken samt utvikling og drift av dei administrative funksjonane i departementet, medrekna administrative støttefunksjoner for politisk leiing og departementsråden.

Viktige oppgåver er å vidareutvikle forskings- og innovasjonspolitikken, ivareta sektoransvar for landbruksutdanning  på alle nivå samt leggje til rette for god personalforvalting og organisasjonsutvikling, og vareta forsvarleg informasjonsforvalting og tryggleik i departementet. Avdelinga har mellom anna ansvar for departementet si etatstyring av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og styringsdialogen med Noregs forskingsråd, samtkoordineringsoppgåver innanfor fleire sentrale område som statsbudsjettet, intern verksemdstyring og beredskapssaker. I tillegg skal avdelinga levere god administrativ støtte til politisk leiing, departementsråd og verksemda elles.

Statsrådseininga

Statsrådseininga er eit sekretariat for politisk leiing og departementsråden. Hovudoppgåva er praktisk tilrettelegging og koordinering av administrative støttefunksjonar for politisk leiing og departementsråd. Eininga har òg ansvar for koordinering av departementet sitt arbeid med regjeringsnotat, saker i Statsråd, statsråden si deltaking i Stortinget, rapporteringar til Statsministeren sitt kontor (SMK) og Stortinget, og avklaring av den politiske leiinga si deltaking i møte og arrangement.
 

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • Seksjon for tryggleik, informasjonsforvalting og digitalisering (SID)

    Seksjon for tryggleik, informasjonsforvalting og digitalisering (SID) har ansvaret for tryggleiksarbeidet i departementet, og for koordinering av beredskapssaker. Seksjonen har òg eit pådrivar- og koordineringsansvar for digitaliseringsarbeidet i landbruks- og matforvaltinga og i departementet. SID er sentral i informasjonsforvaltinga i departementet gjennom ansvaret for intranettet, arkivtenesta og sak- og arkivløysinga, og for innføring av digitale samhandlingsløysingar. Seksjonen driftar også departementet sitt servicetorg, og har eit hovudansvar for å følgje opp tenesteleveransar frå Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS).

    Seksjonsleiar: Avdelingsdirektør Kai-Ove Nauen

  • Seksjon for forskning, innovasjon og utdanning (FIU)

    Seksjonen skal jobbe for vidareutvikling av forskings-, innovasjons- og utdanningspolitikken. Det blir lagt vekt på rammevilkår og det offentlege si rolle. Seksjonen har ansvar for departementet si etatsstyring av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og styringsdialogen med Noregs forskingsråd, i tillegg til kontakten med Selskapet for industrivekst SF (SIVA). Oppfølging av regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning og utvikling av bioøkonomien i Noreg står sentralt. Vidare arbeider seksjonen med utforming av instituttpolitikk, oppfølging av landbruks- og matfaglege forskingsmiljø og har ansvar for å følgje opp internasjonalt forskingssamarbeid på landbruks- og matområdet. Seksjonen koordinerer og følger også opp departementet sitt sektoransvar innan rekruttering til landbruksutdanning på alle nivå, og kompetansetiltak i sektoren. Seksjonen varetek dialogen med Kunnskapsdepartementet (KD) og Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og andre departement på aktuelle område.

    Seksjonsleiar: Avdelingsdirektør Kirsti Gustad

  • Seksjon for personal og organisasjon (PO)

    Seksjonen har ansvar for utvikling av organisasjonen og medarbeidarane for å hjelpe til langsiktige gode leveransar og måloppnåing. Dette inneber mellom anna arbeid med rekruttering, tilsettingar, kompetanseutvikling, lønsforhandlingar, HMS og rådgiving til leiarar både internt i departementet og for underliggjande verksemder. Seksjonen har òg ansvar for rådgiving innan omstillingsarbeid, og rådgiving innan arbeidsrett, offentleglova og forvaltningslova internt og for underliggande verksemder.

    Seksjonsleiar: Avdelingsdirektør Anna Berg

  • Seksjon for økonomiforvaltning og budsjett (ØB)

    Seksjonen har ansvar for fleire store koordineringsoppgåver for departementet, der dei viktigaste er å utarbeide departementet sine forslag til dei årlege statsbudsjetta (Prop 1 S), hjelpe til effektiv intern styring og drift av departementet, og oppfølging av riksrevisjonssaker. I tillegg har seksjonen ansvar for rapportering til statsrekneskapen, rettleiing til avdelingane i budsjett- og økonomisaker, og forvalting av departementet sine eigedomar. Seksjonen deltek òg i departementet si styring av underliggjande etatar.

    Seksjonsleiar: Avdelingsdirektør Per Eivind Jensen

Til toppen