Avdeling for skog- og ressurspolitikk (ASR)

Avdelinga si hovudoppgåve er å bidra til å utvikle ein langsiktig skog- og ressurspolitikk for verdiskaping, miljø og berekraftig næringsutvikling.

Viktige oppgåver er å utvikle eit moderne og sterkt jordvern, utforme politikk,  strategiar og verkemiddel for næringsutvikling innanfor verdikjedene skog, utmark, bioenergi o.a., og eigedomslovgivinga i landbruket. Kunnskapsutvikling og forsking er ein viktig del av dette. Avdelinga følgjer òg opp Svalbard Globale frøhvelv, Statskog SF og jordskifterettane, i tett dialog med Domstoladministrasjonen.

Avdelinga arbeider med internasjonale spørsmål innanfor mellom annan skogpolitikk (FN sine skogfora og Forest Europe), genressursar (FAO (Kommisjonen for genetiske ressursar)) og planteforedling (UPOV).

Avdelinga samarbeider med ei rekkje andre institusjonar og organisasjonar innanfor fagområda til avdelinga, mellom anna Det norske Skogselskap, Skogkurs og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • Seksjon for areal-, miljø- og regionalpolitikk (AMR)

    Seksjonen har ansvar for koordinering av miljøinnsatsen og planarbeidet til Landbruks- og matdepartementet, og arbeid med biologisk mangfald. Seksjonen arbeider med tryggleik for framtidig matproduksjon, genressursar nasjonalt og internasjonalt og Svalbard Globale frøhvelv. Vidare har seksjonen ansvar for kulturlandskap, kulturmiljø og kulturminne, jordvernpolitikk og arealpolitikk. Seksjonen koordinerer sektorens miljøarbeid og arbeider med samfunnsplanlegging. Dette inneber kartpolitikk, bruk og vern, verneplanar og plansaker (kommuneplanar, fylkesplanar, vegplanar, vassdragssaker, konsekvensutgreiingar), og arealdokumentasjon/ressursoversikter. Seksjonen arbeider også med regionalpolitikk, regional- og kommunal landbruksforvaltning og forvaltar støtte til frivillige organisasjonar. Oppfylging av fylkesmennene er seksjonen sitt ansvarsområde.

    Avdelingsdirektør Geir Dalholt

  • Seksjon for skogpolitikk (SKOG)

    Seksjonen har ansvar for skogpolitiske spørsmål knytt til primærskogbruket, og tilhøyrande juridiske og økonomiske verkemiddel. Vidare har seksjonen ansvar for miljøtiltak i skogbruket, bioenergi og foredling og marknad. Seksjonen arbeider med næringsutvikling tilknytt skog og utmark, trebasert innovasjonsprogram, opplæring og rekruttering. Seksjonen har ansvar for Statskog SF og Stats- og bygdeallmenningar. Seksjonen arbeider med ytre forvalting, medrekna oppfylging av fylkesmennene på seksjonen sitt ansvarsområde. Seksjonen har ansvar for koordinering av avdelinga sitt internasjonale arbeid og internasjonal skogpolitikk, som til dømes FN sitt skogfora og Forest Europe.

    Avdelingsdirektør Frode Lyssandtræ

  • Seksjon for eigedoms- og busetnadpolitikk (SEB)

    Seksjonen har ansvar for politikkutforming, regelutvikling og juridiske oppgåver knytt til mellom anna følgjande lover: Lov om konsesjon for erverv av fast eigedom (konsesjonslova), Lov om jord (jordlova), Lov om odelsretten og åsetesretten (odelslova) (med unnatak av prosessreglane), Lov om grannegjerde (gjerdelova), Lov om beitespørsmål (beitelova), Lov om jordskifte o.a. (jordskiftelova), Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m.(jordskiftelova), Lov om forpakting, Lov om sikring mot og erstatning for naturskadar (naturskadelova) og Lov om erstatning for naturskadar (naturskadeerstatningsloven).

    Avdelingsdirektør Hanne Klægstad