Avdeling for matpolitikk (MP)

Avdelinga si hovudoppgåve er å fremje trygg matproduksjon, dyrevelferd og plante- og dyrehelse.

Dei viktigaste føringane for arbeidet i avdelinga framgår av Prop. 1 S og Stortinget si handsaming av denne. Avdelinga har ansvar for å følgje opp matlova, dyrevelferdslova, dyrehelsepersonellova og totalisatorlova. Regelverket på matfeltet er i stor grad harmonisert innan EØS. Avdelinga har ansvar for oppfølging av EØS-avtalen på områda: dyrehelse, dyrevelferd, innsatsvaretryggleik (fôr, såvarer, gjødsel), plantevernmiddel, animaliske biprodukt, økologisk produksjon, opphavsmerking av mat og trygg matproduksjon/mattryggleik (i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) og Nærings- og fiskeridepartementet (NFD)).

Avdelinga varetek òg problemstillingar under WTO/SPS (om sanitære og phytosanitære forhold under WTO). Avdelinga følgjer opp konsesjonsvilkåra for Norsk Rikstoto.

Avdelinga har ansvar for etatsstyring av Veterinærinstituttet og Mattilsynet. Etatstyring av Mattilsynet skjer i nært samarbeid med dei andre fagansvarlege departementa for Mattilsynet; HOD og NFD.

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • Seksjon internasjonal koordinering og forbrukerinteresser (SIF)

    Seksjonen har ansvar for forvalting og regelverksutforming for ulike merkeordningar, matkvalitet, sporbarheit og genmodifiserte organismar (GMO). Arbeidet med å styrkje forbrukarinteressene, oppfølging av internasjonale avtalar og koordinering av det internasjonale arbeidet i avdelinga ligg òg i denne seksjonen. Vidare arbeider seksjonen med SPS-avtalen, kvalitetsregelverk, gebyr og avgifter. Seksjonen har ei koordinerande rolle i arbeidet med etatsstyring av Mattilsynet.

    Seksjonsleiar: Avdelingsdirektør Cathrine Steinland

  • Seksjon dyrevelferd og miljø (SDM)

    Seksjonen har ansvaret for forvalting og utforming av regelverk knytt til dyrevelferd for produksjonsdyr og familie- og sportsdyr. Vidare har seksjonen ansvar for miljørelatert regelverk i matproduksjonen inklusive plantevernmiddel og økologi. Seksjonen har òg ansvar for avl, innsatsvarer (fôr, gjødsel, såvarer) og hagebruk. Store deler av seksjonen sin portefølje er ein del av EØS-avtalen. Avdelinga arbeider for at totalisatorspel skjer innanfor rammene av den nasjonale spelpolitikken og varetek den løypande oppfølginga av konsesjonsvilkåra for Norsk Rikstoto.

    Seksjonsleiar: Avdelingsdirektør Kristin Nummedal

  • Seksjon dyrehelse, plantehelse og zoonosar (SDP)

    Seksjonen har ansvar for forvalting og utforming av regelverk knytt til dyrehelse, plantehelse og zoonosar (sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske). Seksjonen arbeider med regelverk knytt til dyrehelsepersonell, vernebuing, grensekontroll, lækjemiddel til dyr og biprodukt. Seksjonen varetek avdelinga sitt ansvar for etatsstyring av Veterinærinstituttet.

    Seksjonsleiar: Avdelingsdirektør Eva Grendstad

Til toppen