§ 1 - Viken Energinett AS og offentleglova

Saksnummer: 2000/17345 EO TME/TFJ

 

Dato: 12.01.2001

 

Viken Energinett AS og offentleglova

Vi viser til brev 30. november 2000, der Fylkesmannen i Oslo og Akershus ber oss vurdere om Viken Energinett AS er omfatta av offentleglova (offl.). Vi blir også bedne om å ta stilling til kva slags instans som har kompetanse til å avgjere om eit organ har journalplikt.

1.      Det første spørsmålet er om Viken Energinett AS er eit ”forvaltningsorgan”, jf. offl. § 1 første ledd.

I ei tidlegare sak har Lovavdelinga under tvil kome til at Sandefjordregionen Energiverk AS er omfatta av offentleglova, jf. fråsegner 30. juni 1999 og 26. mars 1998 (sak 98/2490 E). Det vart særleg lagt vekt på at dette selskapet er heileigd av det offentlege og at det har oppgåver med tilnærma faktisk monopol.

Både i Sandefjordregionen Energiverk AS og i Viken Energinett AS går verksemda hovudsakleg ut på distribusjon av elektrisk kraft. Ein skilnad mellom selskapa er at det førstnemnde fullt ut er eigd av det offentlege, medan Hafslund ASA eig 33 % av Viken Energinett AS. Det er etter vårt syn klart at eit såpass stort innslag av privat eigarskap medfører at Viken Energinett AS fell utanfor offentleglova. Eit vilkår for at offentleglova skal gjelde for eit aksjeselskap er at det offentlege eig det alt vesentlege av aksjane. Når så mykje som 33 % av aksjane er eigd av private, vil Hafslund ASA kunne øve ein ikkje uvesentleg innverknad på verksemda til Viken Energinett AS. At det no har kome private inn på eigarsida kan dessutan påverke den måten Oslo kommune utøver sine eigarfunksjonar på.

Lovavdelinga legg etter dette til grunn at Viken Energinett AS ikkje er omfatta av offentleglova.

2.      På bakgrunn av endringa av offentleglova § 2 andre ledd ved lov 15. desember 2000 nr. 98 blir det reist spørsmål om kven som har kompetanse til å avgjere om det ligg føre journalplikt.

Etter endringa av offentleglova § 2 går det fram av føresegna at forvaltningsorgan har plikt til å føre journal etter føresegnene i arkivlova med forskrifter. At eit organ har slik plikt etter offentleglova, er ein konsekvens av at det er eit ”forvaltningsorgan” etter offentleglova § 1. Det følgjer av offentleglova § 11 at Kongen kan fastsetje forskrifter om verkeområdet for offentleglova.

Justisdepartementets lovavdeling kan gi tolkingsfråsegner om offentleglova § 1.

Eit forvaltningsorgan vil også ha plikt til å føre journal etter arkivlova med forskrifter. I arkivlova §§ 19 og 20 er Riksarkivaren gitt heimel til å fastsetje at enkelte private rettssubjekt skal følgje føresegnene i arkivlova med forskrifter.

Etter det vi har fått opplyst, har ikkje fylkesmannen kompetanse til å avgjere spørsmål etter arkivlova. Fylkesmannen sin kompetanse etter offentleglova er avgrensa til å avgjere klager etter § 9. Det er etter vår oppfatning ikkje naturleg å tolke offentleglova § 9 slik at fylkesmannen også har kompetanse til å treffe avgjerd om journalplikt.

Dersom det er eit problem at fylkesmannen ikkje har slik kompetanse, ber vi om at dette blir greidd ut skriftleg, slik at vi kan vurdere om fylkesmannen bør få slik kompetanse.