§ 13 - Handsaming av informasjon som er omfatta av teieplikt

Brevdato: 03.09.2013

Handsaming av informasjon som er omfatta av teieplikt

Vi viser til brev 10. juni 2013, der Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) ber om ei vurdering frå Lovavdelinga av visse spørsmål knytte til handsaminga av informasjon som er omfatta av teieplikt.

Førespurnaden gjeld for det fyrste kven som kan samtykkje til at informasjon som er omfatta av teieplikt, og som gjeld ein daud person, kan gjevast ut. I brev 25. mai 2010 frå Lovavdelinga til Kulturdepartementet (JDLOV-2010-4732) er det gjeve ei omtale av plikta etter offentleglova § 13 tredje ledd til å leggje fram spørsmålet om opplysningane for den som har krav på tystnad, dersom den som krev innsyn ber om dette. Det heiter her:

«Samtykke vil i mange tilfelle heller ikkje vere aktuelt når opplysningane som er omfatta av teieplikt, gjeld døde personar eller personar som elles ikkje er i stand til å samtykkje sjølv. Det kan tenkjast at det ikkje er nokon som kan samtykkje, og det kan i mange tilfelle ikkje leggjast fram nokon førespurnad om samtykke for arvingar eller pårørande, sidan ein slik førespurnad i seg sjølv kan utgjere brot på teieplikta.»

Bakgrunnen for dette er at det klare utgangspunktet er at teieplikt for opplysningar om «personlige forhold», jf. forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 1, òg gjeld for opplysningar om daude personar, jf. Rettleiar til offentleglova side 78. Teieplikta gjeld overfor alle, og eit organ kan såleis ikkje utan vidare gje pårørande opplysningar som er omfatta av teieplikt. Ofte vil det såleis ikkje vere nokon som kan samtykkje til at informasjon om daude personar kan gjevast ut.

Ein daud person kan elles ha gjeve nokon fullmakt til å samtykkje til at informasjon blir gjeve ut. Etter omstenda kan det nok vere høve for andre til å samtykkje utan at det ligg føre noka uttrykkjeleg fullmakt frå den daude, men det må liggje føre klare haldepunkt for at dette er i samsvar med kva den daude ynskte.

Vi går her ikkje nærare inn på når det er høve til å gje ut til pårørande informasjon som er omfatta av teieplikt. Sjå prinsippet i helsepersonellova § 24 fyrste ledd om dette. Dette prinsippet vil til dels òg gjelde utanfor verkeområdet for helsepersonellova.

Dersom opplysningane gjeld ein daud person som ikkje var i stand til sjølv å samtykkje medan han var i live, må foreldre, verja eller den som elles kunne samtykkje til utlevering då personen var i live, i utgangspunktet òg kunne samtykkje til utlevering etter at den opplysningane gjeld er daud. Dette kan stille seg annleis dersom eit verjemål må reknast som avslutta, og det ikkje er tale om foreldreskap eller liknande relasjonar mellom den daude og den tidlegare verja. Jf. nærare om samtykke i slike tilfelle i Rettleiar til offentleglova punkt 6.2.5.2 på side 88.

FAD har òg teke opp spørsmålet om eit organ må gå gjennom alle saker og saksdokument for å avgjere kven som er pårørande til ein person, og korleis dette stiller seg der denne informasjonen ikkje går fram av saka. Bakgrunnen vil her vere at det er oppmoda om at spørsmålet om utlevering blir lagt fram for den som har krav på tystnad. Vi nemner at på bakgrunn av det som er sagt ovanfor, vil det ofte ikkje spele noka rolle for spørsmålet om utlevering av opplysningane kven som er pårørande, sidan desse ikkje kan samtykkje til slik utlevering. Skulle det likevel vere behov for å kontakte dei pårørande, må det leggjast til grunn at plikta etter offentleglova § 13 tredje ledd òg inneber at organet må gå gjennom saksdokumenta, for å sjå om det går fram namn på dei pårørande. Dette spørsmålet må elles løysast innanfor rammene av dei generelle reglane om rettleiingsplikt i forvaltningslova § 11 og prinsippet i forvaltningslova § 17 fyrste ledd fyrste punktum om at saka skal vere best mogleg opplyst før det blir teke noka avgjerd.

I brevet 25. mai 2010 er det nemnt nokre tilfelle der det ikkje er praktisk mogleg å kontakte nokon for å få samtykke til utlevering. Det heiter her:

«I mange situasjonar kjenner organet ikkje det nye etternamnet på ein person, det veit ikkje kva for person ein skal ta kontakt med av di mange har same namn, eller det veit ikkje kvar personar oppheld seg. Det vil i slike tilfelle ikkje vere praktisk mogleg med nokon førespurnad.»

Dersom det ikkje går fram av saka kven som er pårørande, eller informasjonen ikkje er tilstrekkeleg til å kunne ta kontakt med dei, vil denne vurderinga gjelde tilsvarande for kontakt med pårørande.