§ 20-1 - Unntak fra søknadsplikt for etablering av drikkevanns- og energibrønner

Vi syner til e-post av 30.03.2010. I e-posten vert det stilt spørsmål om søknadsplikt for etablering av drikkevatn- og energibrønnar kan heimlast i plan- og bygningslova § 20-1 bokstav k, vesentlege terrenginngrep.

Brønnboring etter drikkevatn er ikkje søknadspliktig. For at brønnboring skal vere søknadspliktig, må tiltaket vere omfatta av eit av alternativa i plan- og bygningslova (pbl.)     § 20-1 fyrste ledd. Spørsmålet blir om boring etter vatn kan karakteriserast som vesentleg terrenginngrep etter § 20-1 bokstav k, eventuelt om slike brønnar er konstruksjonar eller anlegg på eller i grunnen og såleis omfatta av søknadsplikta etter § 20-1 bokstav a. Boring av brønn er nødvendigvis inngrep i terrenget. Kva som er vesentleg må vurderast konkret i kvart einskild tilfelle. Omfanget av slike inngrep vil i dei fleste tilfelle likevel ikkje vere vesentleg etter § 20-1 bokstav k. Inngrep av denne arten inneber vanlegvis små endringar i opphavleg terreng..

Føresegna om unnatak i byggjesakshandsamingsforskrifta (SAK10) § 4-1 bokstav c. nr.6 gjev ein indikasjon på kor grensa mot det vesentlege skal trekkjast. Skal terrenginngrep vere søknadspliktig, må tiltaket vere meir omfattande enn kva som er unnateke frå søknad etter denne føresegna.

Installasjonar og eventuelt overbygg til slike brønnar vil kunne vere søknadspliktige
konstruksjonar/anlegg. Dei vil likevel normalt ha så avgrensa omfang at dei går innunder unnataket for andre mindre tiltak i pbl. § 20-3 bokstav f. Det er mogeleg at overbygg i særlege høve kan bli så store at unnataksføresegna ikkje er anvendeleg og at søknadsplikt gjeld etter pbl. § 20-1 bokstav a.

Kommunen har høve til å gjere unnatak frå søknadsplikta etter pbl.§ 20-3 fyrste ledd bokstav f. Eit slikt unnatak må gjerast etter ei konkret vurdering, der det må takast omsyn til storleik, plassering, omgivnader mv. Kommunen skal vurdere det einskilde tilfellet, men det kan vere praktisk at kommunen lagar retningsliner for kva tiltak kommunen ønskjer å unnta, og eventuelt kva vilkår som må oppfyllast for å unnta tiltaket frå søknadsplikta. På den måten sikrar ein lik og føreseieleg sakshandsaming.

Tiltakshavar er ansvarleg for at tiltak unntatt frå føresegnene om sakshandsaming, ansvar og kontroll er i samsvar med plan- og bygningslova og anna regelverk. Tiltak må ikkje føre med seg ulempe eller fare for omgivnadene. Tiltak som i utgangspunktet ikkje er søknadspliktige, vil vere ulovlege dersom dei strir mot gjeldande reguleringsplanar. Større anlegg med vassleidningar til fleire bustader/fritidsbustader kan i einskilde høve vurderast som søknadspliktige konstruksjonar eller anlegg. Sidan plan- og bygningslova ikkje har  tekniske krav til slike anlegg, vil det ikkje vere naudsynt med ansvarsrett, jf. pbl. § 23-1 tredje ledd. Tiltakshavar er likevel ansvarleg for at anlegget ikkje er i strid med plan- og bygningslova og bindande arealplanar.

Kvaliteten på vatn har stor samfunnsmessig verdi. Dette kjem mellom anna fram i pbl § 27-1 som set krav til hygienisk tryggjande og tilstrekkeleg drikkevatn ved oppføring og bruk av bustad. Ordninga med registrering av bora brønnar forvaltast av Norges geologiske undersøkelse (NGU). Borebrønnar omfattast av rapporteringsplikt til NGU, jf. forskrift av 19. nov. 1996 nr. 1066 (forskrift om oppgaveplikt ved brønnboring og grunnvannsundersøkelser).

Konklusjonen er at det skal noko til for at brønnboring blir eit ”anlegg” eller et ”vesentleg terrenginngrep” som omfattast av plan- og bygningslovas regler.

Departementet vil som avslutning påpeike at tilhøvet til andre myndigheiter og anna lovverk er regulert i pbl. § 21-5 kommunen si koordineringsplikt etter plan- og bygningslova. Opplistinga av myndigheiter i SAK10 § 6-2 er uttømmande og omfattar ikkje vassressursmyndigheiter.