Meld. St. 22 (2013–2014)

Noregs deltaking i den 68. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 67. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

1 Vurderande samandrag

Den innleiande generaldebatten under den 68. generalforsamlinga i FN vart halden i ein konstruktiv tone. Signal om ei politisk forhandlingsløysing på det iranske kjernefysiske programmet og sterk støtte til initiativet frå utanriksminister Kerry for å skape ny dynamikk i fredsprosessen i Midtausten skapte forventningar. Utviklinga i Syria og bruken av kjemiske våpen vart omtalt av mange land, og det var spesielt oppmuntrande at Tryggingsrådet gjorde eit historisk og samrøystes vedtak om å øydelegge dei kjemiske våpna i Syria innan 30. juni 2014. Vedtaket bidrog sterkt til å få kalla saman til den andre Genève-konferansen om Syria. Generaldebatten stadfesta at medlemslanda har forplikta seg til å nå FNs tusenårsmål og til å utforme ein truverdig utviklingsdagsorden for perioden etter 2015.

Generaldebatten stadfesta òg kor mangfaldige haldningane blant medlemslanda er i sentrale globale spørsmål, og dette prega det påfølgjande arbeidet i dei ulike komitéane. Dette førte til at den regulære haustsesjonen først kunne avsluttast på overtid 27. desember (2013), særleg som følgje av djup usemje i 5. komité (som behandlar budsjettmessige og administrative spørsmål) om både storleiken på det regulære FN-budsjettet for perioden 2014–2015, administrative reformer, forsøket på å styrkje evna i FN-sekretariatet til å støtte FNs politiske sendelag (Special Political Missions) og spørsmålet om det skal opprettast ei eining for partnarskap med privat sektor.

Arbeidet i komitéane viste stor avstand på sentrale område som menneskerettar, resolusjonen om kvinnelege MR-forsvararar, likestilling og kvinnerettar, seksuelle og reproduktive rettar, humanitære spørsmål, utviklingsdagsordenen etter 2015, finansiering for utvikling, oppfølging av Rio-konferansen for berekraftig utvikling, Midtausten, kjernefysisk nedrusting og ikkje-spreiing og folkerettslege spørsmål.

Norske og likesinna posisjonar vart ikkje berre utfordra av tradisjonelle motpartar som Iran, Syria, Cuba, Venezuela, Russland, Kina og Vatikanet, men òg av meir moderate land som Indonesia, Singapore, Sør-Afrika og andre land i Afrika-gruppa. Singapore spelte ei sentral rolle når det gjaldt både menneskerettar og FN-budsjettet og administrative spørsmål. Brasil heldt høg profil både i 5. komité, i forhandlingane om global helse og utanrikspolitikk og i diskusjonane om utviklingsdagsordenen etter 2015. Det vanskelege forholdet mellom afrikanske land og Den internasjonale straffedomstolen (ICC) prega òg biletet.

Trass i utfordringane vart svært mange resolusjonar framleis vedtekne samrøystes. Noreg fekk godt gjennomslag for sine politiske prioriteringar og lóste mellom anna gjennom politisk følsame resolusjonar på menneskerettsområdet til konsensusvedtak. Norge spelte òg ei sentral rolle i å utforme innrettinga på det nye høgnivåforumet for berekraftig utvikling og var med på å samle brei og tverregional oppslutning til den internasjonale avtalen om våpenhandel.

I Tryggingsrådet vart arbeidet dominert av situasjonen i Syria. Då tryggingsrådsresolusjon 2118 vart vedteken, bana dette veg for etableringa av fellesoperasjonen med Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) for destruksjon av dei kjemiske våpna i Syria, men det var òg eit viktig bidrag til den politiske prosessen. Avstanden mellom USA og Russland i Syria-spørsmålet er stor, og humanitær tilgang i Syria har vist seg å vere vanskelig. Det var difor positivt at Tryggingsrådet makta å samle seg om ei presidentfråsegn om den humanitære situasjonen i Syria, som i sin tur la grunnlaget for vedtakinga av den viktige resolusjonen 2139 fire månader seinare. Den alarmerande utviklinga i Den sentral-afrikanske republikken og krisen i Sør-Sudan har elles prega arbeidet i Rådet. Medlemene av Tryggingsrådet har i dei to landsituasjonane vist vilje til å trekkje i same retning og gjere vedtak for å avhjelpe den dramatiske situasjonen på bakken. For første gong i historia valde ein nyvald medlem av Tryggingsrådet, Saudi-Arabia, å seie frå seg setet. Jordan kom dermed inn som ny medlem. Litauen er ny medlem frå austgruppa og legg opp til å trekkje vekslar på nordisk-baltisk samarbeid.

Nok ein gong har det vist seg at grunnleggjande reform av FN ikkje kan gjerast i ei handvending, men det vart likevel teke enkelte viktige avgjerder. Det var svært positivt at høgnivåforumet for berekraftig utvikling (HLPF) vart oppretta og tek over etter den no nedlagde kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD). Dette gjev håp om ei sterkare politisk forankring av innsatsen FN gjer på området berekraftig utvikling.

Viktige initiativ som vil gje Generalsekretæren auka handlingsrom i forvaltninga av apparatet, er foreløpig utsette, men det var oppløftande at den viktige mobilitetsreforma til slutt vart vedteken i første halvår av 2014. Det vil likevel bli meir krevjande å få gjort nødvendige vedtak som vil gje Generalsekretæren høve til å støtte FNs politiske sendelag på ein meir effektiv måte. Forslaget om å opprette ei ny eining for å styrkje partnarskapen med privat sektor er òg utsett etter vanskelege forhandlingar.

Vidare er det behov for ein gjennomgang av måten Generalforsamlinga arbeider på, spesielt dei seks faste komitéane. Mange medlemsland har sterke og til dels fastlåste posisjonar omkring reform av Generalforsamlinga. Likevel synes det å rå vilje i arbeidsgruppa om revitalisering av Generalforsamlinga til å behandle dei meir utfordrande spørsmåla. Posisjonane i spørsmålet om utviding av Tryggingsrådet er endå meir fastlåste, og debattane i den 68. sesjonen av Generalforsamlinga stadfesta dette. Norge har difor, saman med ei tverregional gruppe av land (ACT), profilert seg for å gjere Tryggingsrådet meir ope og påliteleg. Det er positivt at dette initiativet har fått ei god mottaking.

Ei sentral utfordring for komande år vil vere utforminga av FNs utviklingsdagsorden for perioden etter 2015. Noreg har ei viktig rolle i FN som støttespelar for dei fattige i verda. Leiarrolla vi har spelt i arbeidet med finansiering for utvikling, er eit eksempel på det. Samtidig vil Noreg ha ei sterk stemme i saker som gjeld menneskerettar, demokrati og godt styresett. Noreg vil halde fram med systematisk å byggje alliansar på tvers av regionale grupper for å oppnå konsensus på tvers av regionale skiljeliner.