Meld. St. 22 (2013–2014)

Noregs deltaking i den 68. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 67. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

2 Generalforsamlinga

2.1 Generaldebatten

Generaldebatten under 68. sesjon vart mindre konfronterande enn det vi har sett dei siste åra. Hovudsakene var FNs utviklingsdagsorden etter 2015, innsats for å nå tusenårsmåla, håp om ny framdrift i fredsprosessen i Midtausten, sterk fordømming av bruk av kjemiske våpen i Syria og håp om ny framgang i arbeidet med å få ei gjensidig og akseptabel forhandlingsløysing om kjernefysiske aktivitetar i Iran. På det siste punktet uttrykte både president Obama og Irans nye president Rouhani vilje til forhandlingar. Ingen forlèt salen denne gongen då den iranske presidenten talte, men Israels statsminister Netanyahu ordla seg nok ein gong kraftfullt då han åtvara mot dei kjernefysiske ambisjonane til Iran.

Fredsprosessen i Midtausten stod naturleg nok sentralt i innlegga til både president Abbas og statsminister Netanyahu, og begge uttrykte vilje til forhandlingar. Abbas åtvara likevel om at tida var i ferd med å renne ut, medan Netanyahu tvilte på om den palestinske leiinga var klar til å inngå dei nødvendige kompromissa. Andre medlemsland støtta gjennomgåande sterkt opp om initiativet frå den amerikanske utanriksministeren Kerry om å få i gong fredsprosessen og få lagt grunnlaget for ei varig tostatsløysing. Utviklinga i Syria gjekk att i svært mange innlegg og då særleg fordømming av all bruk av kjemiske våpen. Likevel kom det nok ein gong fram ulike syn på skuldspørsmålet og ikkje minst på korleis krisa i landet kunne løysast, der særleg Russland kom med ei tydeleg åtvaring mot utanlandsk militær innblanding.

Som venta kom så å seie alle land inn på FNs tusenårsmål for utvikling, utarbeiding av ein ny utviklingsdagsorden etter 2015 og oppfølginga av Rio-konferansen om berekraftig utvikling. Debatten viste at det er ulike tilnærmingar til korleis den nye utviklingsdagsordenen skal utformast. Det var brei semje om at kampen mot fattigdom skal stå sentralt, men ikkje alle land i sør delte vestlege prioriteringar som godt styresett, menneskerettar, fredsbygging og likestilling. Nokre, og då meir velståande utviklingsland slik som Sør-Afrika, åtvara mot å stille krav om at dei skal bli pålagde forpliktingar som gjevarland. Fleire utviklingsland hadde føretrekt ein meir tradisjonell utviklingsdagsorden, men det var likevel oppløftande at det ikkje kom til nokon skarp konfrontasjon rundt desse spørsmåla under generaldebatten. Som venta trekte fleire mindre øystatar fram kampen mot klimaendringar. Debatten viste likevel at det ikkje vil bli enkelt å kome fram til ein global utviklingsdagsorden som alle kan samle seg om.

Denne utfordringa kom òg til kjenne under høgnivådialogen om finansiering for utvikling. Det var positivt at fleire land omtalte mobilisering av nasjonale ressursar og skattlegging, kampen mot ulovleg kapitalflyt og korrupsjon, men nok ein gang la utviklingsland vekt på at landa i nord ikkje følgjer opp pliktene sine som gjevarland.

Regionalisering vart omtalt av mange land og var òg eit sentralt punkt i det norske hovudinnlegget. Frå norsk side vart det understreka at meir dynamiske regionale samarbeidsorganisasjonar ikkje utgjer nokon trussel mot FN, men snarare hjelper verdsorganisasjonen å utføre mandatet sitt. Mange kom inn på løfterike utviklingstrekk i Afrika, både for å løyse mange års fastlåste konfliktar og for å skape ny økonomisk vekst i denne verdsdelen. Fleire afrikanske land hylla AU (som runda 50 år i 2013) og den afrikanske renessansen. Med ei gruppe aust-afrikanske land i spissen fremja Afrika-gruppa innvendingar mot straffesakene i ICC mot sitjande statsleiarar i Kenya og Sudan. ICC vart skulda for å ha ein pro-vestleg, politisk agenda. ICC-skepsisen hjå enkelte afrikanske land kom òg klart fram i Tryggingsrådet seinare på hausten. Kampen mot vald, ekstremisme og terrorisme var ein gjengangar i fleire innlegg. Den som nok sette dette tydelegast på dagsordenen, var den malaysiske statsministeren, som oppmoda til ei global rørsle av moderate krefter. Kampen mot terrorisme og ekstremisme var òg ein raud tråd i Irans innlegg.

Presidenten for den 68. sesjonen i generalforsamlinga, ambassadør John Ashe (Antigua og Barbuda) avslutta debatten med å understreke kor viktig det er å styrkje innsatsen for å nå FNs tusenårsmål for utvikling. Vidare er det viktig å formulere nye utviklingsmål for perioden etter 2015, der klimaspørsmålet vil stå sentralt. Han la vekt på samanhengen mellom fred og utvikling og oppmoda medlemslanda til å kome fram til gode kompromissløysingar. Arbeidet i dei seks faste komitéane skulle likevel vise at slike kompromissløysingar ofte satt langt inne.

2.2 Høgnivåmøte

I samband med generaldebatten vart det på den 68. generalforsamlinga som vanleg halde ei rekkje høgnivåmøte og arrangement. Nokre av desse var fastlagde av tidlegare sesjonar av generalforsamlinga, medan andre kom til etter initiativ frå Generalsekretæren eller medlemsland. Dei tre mellomstatlege fastlagde møta dreidde seg om ein høgnivådialog om migrasjon og utvikling, høgnivåmøtet om personar med nedsett funksjonsevne og høgnivåmøtet om kjernefysisk nedrusting. Både høgnivådialogen om migrasjon og høgnivåmøtet om personar med nedsett funksjonsevne munna ut i erklæringar, som mellom anna framheva kor viktig det er å løfte både migrasjon og rettane til personar med nedsett funksjonsevne inn på dagsordenen etter 2015. Det var ikkje lagt opp til at høgnivåmøtet om kjernefysisk nedrusting skulle produsere eit samstemt sluttdokument, men landa i den alliansefrie rørsla (NAM) la seinare på hausten 2013 fram ein svært omstridd oppfølgingsresolusjon. I tillegg til desse tre mellomstatlege høgnivåmøta vart det nyoppretta høgnivåforumet for berekraftig utvikling (HLPF) innvigd under høgnivåveka. Dette forumet tek over etter den no nedlagde kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD). Føremålet er å gje arbeidet med berekraftig utvikling eit politisk løft. Det vart òg gjennomført eit høgnivåmøte om avtalen om våpenhandel (Arms Trade Treaty/ATT) som vart vedteken av Generalforsamlinga 2. april 2013. Høgnivåmøtet vart mellom anna nytta til å fremje underteikning av avtalen. Fleire land underteikna.

Generalsekretæren kalla inn til enkelte høgnivåmøte om spesifikke tematiske eller regionale/nasjonale situasjonar, der eit avgrensa tal på medlemsland var inviterte til å delta. Naturleg nok var fleire av desse knytte til FNs tusenårsmål og utviklingsdagsordenen etter 2015. Vidare vart det halde møte om enkelte land og regionar, slik som Sahel. Medlemslanda hadde sine eigne arrangement, og Noreg fekk god utteljing for Trygve Lie-symposiet om hatefulle ytringar og det regulære møtet i gjevarlandsgruppa for Palestina (AHLC), i tillegg til frukostmøtet med GCC-land i samband med AHLC-møtet.

Høgnivåmøtet om personar med nedsett funksjonsevne

Eit viktig siktemål med høgnivåmøtet for rettane til personar med funksjonsnedsettingar var å setje søkjelyset på situasjonen for funksjonshemma i FNs tusenårsmål. Det er over ein milliard menneske i verda med ei funksjonsnedsetting. Mange av dei vert ofte møtte med negative haldningar og stigma. Av desse lever rundt 80 prosent i utviklingsland, og dei er blant dei fattigaste i verda. Dersom vi skal oppfylle FNs tusenårsmål, må funksjonshemma inkluderast. Noreg framheva at alle land har eit ansvar for å sikre at personar med nedsett funksjonsevne vert inkluderte i det nye rammeverket etter 2015. Det vart vist til at Noreg nyleg hadde ratifisert konvensjonen for funksjonshemma, og til kor viktig det er å få på plass eit godt system med indikatorar og statistikk for å følgje med på om konvensjonen blir sett i verk på globalt plan.

Sluttdokumentet forpliktar land til å utarbeide lovar og nasjonale handlingsplanar som fremjar inkludering av personar med funksjonshemming. Medlemslanda har òg forplikta seg til å arbeide spesielt for barn, kvinner og urfolk med funksjonshemming som er utsette for dobbel diskriminering.

Høgnivådialog om migrasjon og utvikling

Føremålet med høgnivådialogen i FN om migrasjon og utvikling var å diskutere korleis internasjonal migrasjon kan bidra til utvikling, både for migranten sjølv og for opphavs- og mottakarlandet. Migrasjon handlar om alt frå flyktningar via arbeidsmigrasjon til intern forflytting i eige land. Den desperate situasjonen mange migrantar står overfor, vart aktualisert ved den tragiske hendinga då over 200 afrikanske båtflyktningar mista livet utanfor den italienske øya Lampedusa fordi båten som skulle bringe dei frå Libya til Europa, sank. Dette skjedde same morgonen som høgnivådialogen i FN vart opna. Eit viktig spørsmål gjaldt rettar og vern for særleg utsette migrasjonsgrupper, særleg unge migrantar og kvinner. Det vart òg drøfta korleis ein betre kan utnytte synergiane av dei positive bidraga frå migrantar både i opphavsland og i mottakarland. Det er knytt store utfordringar til migrasjon, mellom anna menneskehandel og smugling, i tillegg til fordrivne som konsekvens av klimaendringar. Høgnivådialogmøtet vedtok ei erklæring om verdien av å sjå på migrasjon og utvikling i samanheng.

Det norske hovudinnlegget viste til at to tredelar av den norske befolkningsveksten skuldast innvandring, og at innvandrarar utgjer ein viktig del av norske arbeidstakarar. Vidare vart det understreka kor viktig det er å inkludere koplinga mellom migrasjon og utvikling i FNs utviklingsdagsorden etter 2015.

Høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF)

Det nyoppretta høgnivåforumet for berekraftig utvikling (HLPF) hadde sitt første møte 24. september 2013. Dette forumet tek over etter den no nedlagde kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD). Føremålet er å gje arbeidet med berekraftig utvikling eit politisk løft. Generalsekretær Ban Ki-moon sa at FN planlegg eit klimatoppmøte i 2014. Stats- og regjeringssjefane frå Brasil og Italia, som leidde konsultasjonane for etableringa av forumet, understreka at berekraftig utvikling og kampen mot fattigdom må gå hand i hand. Leiarane for Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF) viste til fordelane og utfordringane med å sikre grønare økonomisk vekst. Under leiardialogen om globale partnarskap framheva Noreg samanhengen mellom klima- og fattigdomsarbeid, og sa at skogbevaring, karbonprising, skatt og andre tiltak mot CO2-utslepp, i tillegg til kutt i fossile subsidiar, står sentralt i arbeidet mot global oppvarming.

Høgnivåforum om mødredødstal

Det vart halde eit høgnivåmøte om det femte tusenårsmålet: å redusere mødredødstala med to tredelar og sikre reproduktive helsetenester til alle. Generalsekretær Ban Ki-moon tok utgangspunkt i at 99 prosent av dei som døyr i barsel, døyr i utviklingsland. Dødsfalla skuldast i stor grad at desse kvinnene ikkje har tilgang til tilstrekkelege helsetenester. Kunnskapen om kva som må til, er der, men det er behov for pengar og styrkt innsats. Dette er ein av dei mest lønsame investeringane verda kan gjere.

Leiaren for FNs befolkningsfond (UNFPA), Babatunde Osotimehin, slo fast at mødredødstala har gått ned, men ikkje i tilstrekkeleg grad til å kunne nå tusenårsmål 5. Hovudutfordringa ligg først og fremst i Afrika og Sør-Asia. UNFPA har rekna ut at det trengst tre milliardar amerikanske dollar for å nå tusenårsmål 5 innan 2015. Helseministrane frå Etiopia, Nigeria, India og Malawi snakka om konkrete resultat, samtidig som dei gjorde greie for hindringane for å kome vidare. Dei har alle klart å redusere mødredødstala med mellom 35 og 70 prosent. I India er tala no lågare enn verdsgjennomsnittet. Tiltak dei har gjennomført, er betre opplæring og auka utsending av helsepersonell, betre tilgang til grunnleggjande helsetenester, fleire kvinner som føder på fødestover, spreiing av prevensjonsmiddel og betre forankring av innsatsen i lokalsamfunn. Likevel står det att alvorlege utfordringar som svake helsesystem, manglande ressursar og utilstrekkeleg politisk vilje. I tillegg kjem kulturelle hindringar som motstand mot familieplanlegging, praksis med barnebruder og ikkje minst livsfarleg abortpraksis.

Spesialmøte om tusenårsmåla

Under FN-toppmøtet om tusenårsmåla viste statsminister Stoltenberg til at han sjølv deltok på tusenårsforsamlinga i 2000, og sa han ikkje hadde trudd at verda ville kome så langt i å nå tusenårsmåla som ein kan sjå i dag, ikkje minst på helseområdet. I det norske innlegget vart det teke til orde for eit nytt sett med mål etter 2015 der berekraftig utvikling og kampen mot fattigdom går hand i hand og inkluderer nye mål for kvinners rettar og klimavennleg energi. Andre talarar, som leiaren for EU-kommisjonen Barroso og USAs utanriksminister Kerry, framheva på same måten som Noreg at fattigdomskamp og bevaring av miljøet på kloden var to sider av same saka. Leiarar frå utviklingsland la generelt vekt på at fattigdomsutrydding må stå i sentrum for eit nytt målsett. Presidentane frå Uganda og Rwanda la vekt på privat sektor og inntektsvekst som sentralt, Guyana meinte rike land må ta ansvar for å redusere klimagassutslepp, medan Japans statsminister var oppteken av menneskeleg tryggleik, universell helsedekning og katastrofeførebygging.

FNs generalsekretær arrangerte eit eige høgnivåforum om tusenårsmåla, som såg på korleis ein kan nå dei eksisterande utviklingsmåla innan 2015. Toppleiarar frå FN fortalte om kor viktig FN-initiativet for mattryggleik og ernæring, utdanning, energi og mødrehelse har vore for å nå tusenårsmåla, og korleis desse erfaringane kan nyttast vidare i prosessen etter 2015. Statsminister Stoltenberg deltok i eit panel som diskuterte verdien av innovasjon for tusenårsmåla, og forklarte korleis innovasjon hadde stått sentralt i hans engasjement for å redusere barne- og mødredødstala (tusenårsmål 4 og 5). I arbeidet med vaksinealliansen Gavi var det funne fram til ein ny finansieringsmodell som var resultatbasert: Det vart betalt per vaksinerte barn. Dette har vist seg å ha ein svært positiv effekt på kor mykje helse ein kan få for pengane. Ei rekkje paneldeltakarar framheva Internett og mobiltelefoni som sentrale innovasjonar, òg i global helsesamanheng. Både frå norsk side og frå Bill Gates vart det peikt på at tusenårsmåla hadde vore ein suksess fordi dei var målbare, konkrete og spesifikke. Dette burde vidareførast i måla på den nye utviklingsdagsordenen etter 2015.

Eit resultat av innovasjonsarbeidet til FN-kommisjonen for livsviktige medisinar og utstyr for kvinner og barn (CoLSC), leidd av Noregs statsminister og presidenten i Nigeria, var volumgarantiavtalar for prevensjonsimplantat (p-pinnar), som førte til halvering av prisen på produkta. For under ti dollar får kvinner i fattige land no prevensjon som varer i opptil fem år. Dette er eitt tiltak blant fleire som CoLSC tilrår for å få raske resultat innanfor mødre- og barnehelse.

Statsministrane frå Noreg og Pakistan, den danske utviklingsministeren og FNs spesialrådgjevar for berekraftig energi for alle, Kandeh Yumkella, forplikta seg til å arbeide saman for at berekraftig energi for alle skal verte eit utviklingsmål etter 2015. Dei noverande tusenårsmåla inkluderer ikkje energi. Noreg, Danmark og Pakistan leier ei venegruppe i New York i fellesskap for å fremje berekraftig energi for alle. Denne gruppa er samansett av 32 land. Føremålet er å støtte Sustainable Energy for All (Se4All)-initiativet frå generalsekretæren.

Utdanning for alle

I høve eittårsmarkeringa av generalsekretær Bans Global Education First Initiative vart det halde eit høgnivåmøte om utdanning. Ei viktig problemstilling var korleis konflikt, marginalisering av folkegrupper og kulturelle faktorar verkar inn på innsatsen for å nå tusenårsmålet om utdanning. Under møtet vart det vist til at utdanning fører til betre helse og auka levealder, økonomisk vekst og likestilling. Sidan initiativet vart oppretta, har det vore framgang, men det trengst auka ressursar. Den pakistanske skulejenta Malala Yousafzai, som vart skoten i hovudet etter at ho trossa forbodet frå Taliban mot skulegang for jenter, vart trekt fram som eit uredd eksempel på kor viktig – men òg kontroversielt – utdanning for jenter er i mange samfunn. Malala heldt sjølv eit engasjert innlegg om jenter og utdanning.

Noreg la i sitt innlegg vekt på kvalitet i utdanninga, på at jenter må prioriterast, og på at ein ikkje må gløyme at jenter òg treng vidaregåande skulegang for å kome vidare. Tilgang til ungdomsskule for jenter er avgjerande for å utsetje ekteskap og barnefødsel. Utdanning bidreg òg til å sikre at kvinner i større grad får høve til å ta sjølvstendige val og kan stå på eigne bein økonomisk.

Høgnivådialog om finansiering for utvikling

Møtet var ei oppfølging av FN-konferansen om finansiering for utvikling i Monterrey (2002) og Doha-konferansen i 2008. Norske prioriteringar som nasjonal ressursmobilisering, skatt, kamp mot ulovleg kapitalflyt og korrupsjon og betre nasjonal kontroll på naturressursforvaltning vart nemnde ved mange høve, også av fleire utviklingsland. Det som i mindre grad vart teke opp, var ressursfordeling internt i land. Mykje av debatten vart retta mot det openberre finansieringsgapet for å nå eksisterande tusenårsmål og framtidige berekraftige utviklingsmål etter 2015. Som vanleg var det sterk meiningsutveksling om bistandsoppfølging. Det vart likevel slått fast at det er behov for å tenke nytt rundt makroøkonomiske spørsmål for å få ei meir konstruktiv tilnærming til framtidige finansieringsdebattar. Nasjonal ressursmobilisering og styrking av offentleg-privat samarbeid vil stå sentralt, mellom anna behovet for langsiktige investeringar. Diskusjonen om innovative finansieringskjelder blir stadig meir aktuell – landa i G77-gruppa synest her å vere mindre skeptiske enn tidlegare.

Utanrikspolitikk og global helse

Noreg tok i 2006 initiativ til å opprette eit samarbeid om utanrikspolitikk og global helse. Samarbeidet omfattar Brasil, Frankrike, Indonesia, Senegal, Sør-Afrika, Thailand og Noreg. Dei sju landa gjer ein felles innsats for å setje globale helsespørsmål høgare på den utanrikspolitiske dagsordenen og for å kople utanrikspolitikk og helse betre saman. Kvart år vert det lagt fram ein resolusjon i FNs generalforsamling om global helse og utanrikspolitikk, og eit sentralt tema i resolusjonen for 2013 var globale partnarskap for helse.

Fleire land, mellom dei Noreg, framheva at gode helseresultat avheng av ei heilskapleg tilnærming med sektorovergripande innsats, til dømes utdanning, klima og ernæring. Global helse på utviklingsdagsordenen etter 2015 vart òg drøfta. Frå norsk side vart universell helsedekning understreka som sentralt på dagsordenen etter 2015. Vidare vart det lagt vekt på at landa sjølve må ta ansvar for tilbodet av grunnleggjande helsetenester til eiga befolkning, medan rolla til det internasjonale samfunnet må vere å støtte opp om den nasjonale innsatsen. Sjulandsgruppa var samd om å søkje nærare samarbeid med relevante regionale organisasjonar og fora, sidan desse har ei stadig aukande rolle internasjonalt. Noreg overtok koordineringsansvaret frå nyåret 2014.

Trygve Lie-symposiet

Utanriksminister Espen Barth Eide leidde det sjette årlege Trygve Lie-symposiet om grunnleggande fridomar på International Peace Institute i New York. Temaet for debatten i år var kamp mot hatefulle ytringar. Paneldeltakarane inkluderte Marty Natalegawa (Indonesias utanriksminister), Frank La Rue (FNs spesialrapportør for ytringsfridom), Sarah Wynn-Willams (Head of Global Public Policy, Facebook), Aidan White (direktøren for Ethical Journalism Network) og Caroline Criado-Perez (journalist, bloggar og grunnleggjar av The Women’s Room). I tillegg presenterte Victor Mukasa (LHBT-aktivist frå Uganda) og den belgiske statssekretæren Armand Dei Decker innlegg frå salen. Frå fleire talarar vart det lagt vekt på at det må takast effektive steg for å kjempe mot den stadige auken i hatefulle ytringar retta mot kvinner, minoritetar, LHBT-personar og andre grupper i samfunnet. I sosiale medium ser vi ein stadig straum av hatefulle ytringar. For å kjempe mot hatefulle ytringar er det viktig at det vert sett i verk tiltak som er effektive, samtidig som vi vernar om ytringsfridomen. Frå norsk side vart det understreka at kampen mot hatefulle ytringar er eit felles ansvar, og at dette er eit problem som gjeld oss alle. Frank La Rue, FNs spesialrapportør for ytringsfridom, kommenterte vidare: «Statane har ei juridisk plikt til å kjempe mot hatefulle ytringar, men vi, som individ, har eit etisk ansvar for å fremje og verne om andres menneskerettar».

Møte om rettane til lesbiske, homofile, bifile og transseksuelle

Ei rekkje land, mellom dei Noreg, deltok saman med høgkommissæren for menneskerettar, USAs utanriksminister John Kerry og andre ministrar på eit historisk ministermøte i FN om kamp mot vald og mot diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transseksuelle personar (LHBT). Utgangspunktet for møtet var behovet for å styrkje innsatsen for å fremje og verne om menneskerettane til LHBT-personar. Kvar dag opplever LHBT-personar verda over kriminalisering og diskriminering, i form av både trakassering og valdelege overgrep. I det norske innlegget framheva vi at menneskerettane gjeld for alle, uavhengig av kjønn, sosial bakgrunn, etnisitet, religion, seksuell orientering eller kjønnsidentitet. Det vart vist til at Noreg nyleg arrangerte ein internasjonal konferanse om menneskerettar, seksuell orientering og kjønnsidentitet i Oslo, og at dette er eit tema som er ein del av Noregs utanrikspolitiske prioriteringar. Deltakarane vart samde om ei sterk ministererklæring til støtte for LHBT-personar.

I desember, på menneskerettsdagen, stod òg kjernegruppa for eit LHBT-arrangement der sport var temaet. FNs generalsekretær Ban Ki-moon hadde ei tydeleg videohelsing der han tok avstand frå angrep og vald mot lesbiske, homofile, biseksuelle, transpersonar og interseksuelle personar. Han understreka at alle personer er fødde frie og like, og at alle har grunnleggjande menneskerettar, også LHBT-personar. FNs høgkommissær for menneskerettar har sett i gang kampanjen «Free and equal», som har fått mykje positiv merksemd. Men kampanjen har òg vorte eksplisitt kritisert av Russland og Nigeria, som meiner at FN-kommissæren ikkje bør arbeide for denne gruppa av menneske. LHBT-saka har dei siste åra segla opp som eit svært omstridd tema i FN.

Kvinner, fred og tryggleik

FNs fredsbyggingskommisjon og UN Women arrangerte eit høgnivåmøte om fredsbygging. Føremålet med møtet var å rette søkjelyset mot kor viktig det er å styrkje den økonomiske stillinga kvinner har, i arbeidet for å skape fred. Høgnivåmøtet vedtok ei erklæring om verdien av å styrkje innsatsen på dette området. All erfaring tilseier at sjansane for å skape varig fred aukar dersom det lukkast å integrere kvinner i gjenreisingsarbeidet etter ein konflikt. Kvinner er ofte dei mest sårbare i post-konfliktsituasjonar. Dei har i mindre grad enn menn høve til å finne arbeid og har ofte ikkje eigedomsrett til jorda. Tiltak som gjer det enklare for kvinner å forsørgje seg sjølve og barna, bidreg både til auka økonomisk aktivitet og større stabilitet i post-konfliktsituasjonar.

Noreg deltok vidare på eit arrangement om seksuell vald i konflikt. Storbritannia har teke initiativet til ei erklæring som forpliktar det internasjonale samfunnet til arbeidet mot seksuelle overgrep i konfliktsituasjonar. 113 land har så langt slutta seg til erklæringa, mellom dei Noreg. Den britiske utanriksministeren William Hague annonserte at Storbritannia, som ei oppfølging av erklæringa, vil ta initiativet til ein global konferanse i London i 2014. Noreg la vekt på at overgriparane må straffeforfølgjast, og at stillinga til kvinner må styrkjast. Det vart her gjeve fleire eksempel på korleis vi bidreg til å skape resultat på bakken. Noreg har bidrege til bygging av sjukehus der offer kan få hjelp, vi har støtta mobile «rettslokale» som gjer rettsleg forfølging mogeleg også på landsbygda, og vi har bidrege til relevant opplæring av politifolk.

Det vart vidare halde eit møte om rolla kvinner spelar i politiske overgangssituasjonar i Midtausten og Nord-Afrika. Kvinneaktivistar frå Egypt og Syria fortalde om situasjonen for kvinner i deira respektive land.

Kravet til det internasjonale samfunnet var at tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik og handlingsplanen knytt til oppfølging av resolusjonen må gjennomførast i heile Midtausten- og Nord-Afrika-regionen. Når det gjaldt Syria spesielt, vart det understreka at kvinners rettar og deltaking må sikrast i komande politiske prosessar, slik som ein Genève II-konferanse.

Fredsprosessen i Midtausten

Den norske utanriksministeren leidde gjevarlandsmøtet for Palestina (AHLC) i New York. FNs generalsekretær Ban Ki-moon var vertskap for møtet, og partane var representerte på høgt politisk nivå. Utanriksminister John Kerry orienterte om status i fredssamtalane. Den høge representanten Catherine Ashton (EU), kvartettrepresentant Tony Blair og ei lang rekkje ministrar frå dei andre gjevarlanda gav si støtte til den pågåande prosessen.

Møtet uttrykte full støtte til forhandlingane mellom Israel og palestinarane frå det internasjonale samfunnet. 20 år etter at Oslo-avtalen kom på plass, vart det uttrykt håp om endeleg å finne ei varig løysing på konflikten. Palestinsk statsbygging, økonomisk vekst som er driven av privat sektor, og ei politisk løysing på konflikten må sjåast i samanheng. Det vart presentert ei ny stimuleringspakke for privat sektor som skal auke investeringane på Vestbredden og Gaza. For at dette skal lukkast, må Israel byggje ned stengingsregimet og ta skritt for å avvikle okkupasjonen. Palestinske styresmakter vart oppmoda til å vidareføre økonomiske reformer og gjennomføre innstrammingstiltak. Noreg understreka at ein no kan vere inne i ein heilt avgjerande fase for framtida til tostatsløysinga, og gjevarane må vere budde på å yte ein ekstra innsats for å støtte opp om den politiske prosessen. Dersom partane ikkje vert samde denne gongen, kan ikkje gjevarane lenger halde fram som før. I samband med AHLC-møtet inviterte utanriksministeren representantar frå GCC-landa til ein frukost for å gje ei tilbakemelding om AHLC-møtet og kome med ei oppmoding til dei arabiske landa om å støtte prosessen og vidareføre den økonomiske støtta til dei palestinske styresmaktene.

FN og Den arabiske ligaen arrangerte i samband med generaldebatten eit høgnivåmøte for vener av UNRWA, der hovudmålsetjinga var å mobilisere ressursar til palestinske flyktningar. I det norske innlegget vart det framheva at gjevarbasen må utvidast, og at UNRWA må halde fram med å tilpasse seg endra rammevilkår, spesielt i lys av konflikten i Syria. Det vart òg peikt på at UNRWA må førebu seg på eit positivt utfall av fredsprosessen mellom Israel og Palestina. Møtet vedtok ei erklæring som oppmoda eksisterande gjevarland om å oppretthalde bidraga sine, arabiske land om å innfri løfta om å bidra med ein vesentleg del til UNRWAs budsjett og nye gjevarland om å bidra meir.

Høgnivåmøte om kjernefysisk nedrusting

Etter initiativ frå den alliansefrie rørsla (NAM) vart det halde eit høgnivåmøte om kjernefysisk nedrusting. NAM presenterte konkrete framlegg om at Nedrustingskonferansen i Genève (CD) snarleg innleier forhandlingar om ein konvensjon som forbyr atomvåpen, at 26. september vert utropt som den internasjonale dagen for avskaffing av kjernevåpen, og at det vert kalla inn til eit nytt høgnivåmøte om fem år for å sjå på framdrifta i nedrustingsarbeidet.

Debatten viste brei semje om det overordna målet om ei verd fri for atomvåpen, men ikkje om vegen dit. Medan mange land, og då spesielt dei som høyrer til NAM, tok til orde for snarlege forhandlingar om eit forbod mot atomvåpen, la kjernevåpenstatane vekt på at forholda først må liggje til rette for nye omfattande reduksjonar av dei kjernefysiske arsenala. Noreg og likesinna land understreka kor viktig det er med ein full gjennomgang av handlingsplanen som vart vedteken på tilsynskonferansen for avtalen om ikkje-spreiing av kjernevåpen (NPT) i 2010. Denne handlingsplanen inneheld klare nedrustingsforpliktingar og har ei verd utan atomvåpen som endeleg mål. Dette dokumentet har òg sterke ikkje-spreiingsforpliktingar. Samtidig vart det uttrykt stor frustrasjon over stillstanden i det etablerte mellomstatlege forhandlingsforumet. Fleire land viste til Oslo-konferansen om dei humanitære verknadene av kjernevåpen som eit konstruktivt skritt når det gjeld haldninga i det internasjonale samfunnet til kjernevåpen. Under generaldebatten vart det òg halde eit ministermøte om prøvestansavtalen (CTBT), som no må tre i kraft så snart som mogeleg.

Fred og tryggleik i Afrika

Ein viktig bodskap frå høgnivåmøtet til generalsekretæren om Sahel-regionen var framgangen i Mali, der franske styrkar og FN-operasjonen MINUSMA har klart å redusere nærværet av ekstremistgrupper. Styresmaktene har på nytt fått territorial kontroll i Mali, og det vart gjennomført eit vellukka presidentval, sjølv om valdeltakinga var avgrensa. Samtidig vart det understreka at krisa ikkje var over, men lett kunne flytte seg vidare til nabolanda. Utfordringane i regionen er samansette og omfattar terrorisme, valdelege opprørsgrupper, tverrnasjonal kriminalitet, narkotikasmugling, korrupsjon, klimaendringar og fattigdom kombinert med svake statlege strukturar.

Då det vart klart kor sårbar Sahel-regionen er, utgjorde dette bakgrunnen for den integrerte FN-strategien med fokus på betre og meir inkluderande styresett, auka kapasitet til å handtere grenseoverskridande tryggleikstruslar og tettare kopling av humanitær bistand og langvarige utviklingsaktivitetar for å byggje opp større motstandsevne. Strategien er godt motteken blant medlemslanda i FN, samtidig som landa i regionen vart oppmoda om å vise kvarandre større tillit og jobbe saman om felles løysingar som kan støttast av det internasjonale samfunnet. Verdien av nasjonal forankring og inkludering av ulike aktørar i det sivile samfunnet vart understreka. FN, AU, den økonomiske fellesskapen for Vest-Afrika (ECOWAS), Verdsbanken og Afrika-banken lova å samarbeide tettare.

Det vart vidare halde eit afrikansk toppmøte om Somalia, som i stor grad vart prega av terrorangrepet på kjøpesenteret i Nairobi i Kenya. Den tragiske hendinga gav fornya vilje til eit sterkare engasjement for fred og kamp mot terrorisme i Somalia. Møtet markerte at eit år har gått sidan dei permanente styresmaktene kom på plass i Mogadishu. Somalia er den første sårbare staten som har inngått ein såkalla New Deal-kontrakt (compact) med det internasjonale samfunnet, der Noreg speler ei aktiv rolle. Fokuset er på fredsbygging og statsbygging, der målet er at alle grupper i samfunnet skal inkluderast.

Møtet gav eit fornya fokus på gjennomføring av inngåtte avtalar og utbetaling av annonserte bidrag. Det vart sterkt framheva at det trengst ei integrert internasjonal og regional tilnærming, i tillegg til samanhengen mellom fred, tryggleik og utvikling. Utan ytterlegare finansiering av AU-operasjonen AMISOM ville framgangen stoppe opp, og kampen mot terrorgruppa Al Shabaab ville mislukkast. I tillegg var det behov for å støtte oppbygginga av Somalias eigne tryggingsstyrkar og politi. Det vart vidare halde eit eige møte om utdanningssituasjonen i Somalia.

Verdas første humanitære toppmøte i 2016

Generalsekretær Ban Ki-moon og FNs humanitære koordinator Valerie Amos annonserte på den 68. generalforsamlinga at verdas første humanitære toppmøte skal haldast i Istanbul i 2016. Toppmøtet vil ha nye partnarskap, innovasjon, sårbarheit og risiko som sentrale tema. Generalsekretæren la i sitt innlegg vekt på at prosessen fram mot møtet ville vere like viktig som møtet i seg sjølv. Regionale konsultasjonar, ein inkluderande prosess og bruk av ny teknologi vil stå sentralt. I tillegg vil den internasjonale Røde Kors- / Røde Halvmåne-konferansen og kriseførebyggingskonferansen i 2015 spele inn saman med mellom anna diskusjonen om tusenårsmåla, i tillegg til generalsekretærens planlagde klimamøte og resolusjonar som tek opp humanitær assistanse.

Ei rekkje land tok ordet i debatten, og mange tilbydde seg å bidra med støtte til førebuingane eller å vere vertskap for regionale konsultasjonar. Frå norsk side vart det lagt vekt på ein inkluderande og konsulterande prosess, og Noreg var det einaste landet som minna om kor viktig det er å ta med eit kjønnsperspektiv.

Under den humanitære veka i FN seinare på hausten vart det halde ein høgnivåkonferanse om FNs naudhjelpsfond (CERF), der det vart lova i alt 404,6 millionar amerikanske dollar til CERF. Det er ein auke på 21,2 millionar dollar samanlikna med møtet i 2012 (5,5 % auke). Noreg annonserte eit bidrag på 380 millionar kroner og er den tredje største gjevaren til fondet. Mange gjevarar stadfesta at CERF er ein viktig reiskap for rask utbetaling til innsats i akutte kriser og til underfinansierte og gløymte kriser. Mali vart ønskt velkomen som ny gjevar til fondet. FN arrangerte òg sitt årlege humanitære symposium. Medlemslanda i FN var for første gong inviterte til å delta på dette møtet, som denne gongen diskuterte korleis det humanitære systemet ville sjå ut i 2025, og samla deltakarar frå næringsliv, tankesmier og organisasjonar frå ei rekkje regioner. Diskusjonane dreidde seg i stor grad om innovasjon og nye partnarskap og var ei innleiing av dei konsultasjonane som skal leie opp til det humanitære toppmøtet.

2.3 Saker som har gått direkte i plenum

I tillegg til generaldebatten er det fleire resolusjonar som går direkte i plenum utan at dei er behandla i dei seks faste komitéane. Det har vidare vore fleire tematiske debatter i plenum, og då ofte i samband med behandling av resolusjonar.

Hausten 2013 inneheldt ingen epokegjerande resolusjonar, slik som i 2012 då Generalforsamlinga vedtok å oppgradere statusen til Palestina i FN. Plenumsresolusjonane under den regulære sesjonen i Generalforsamlinga var i stor grad gjengangarar, slik som samarbeidet mellom FN og ulike regionale organisasjonar, IAEA, den olympiske våpenkvila og oppfølging av FNs handlingsprogram for dei minst utvikla landa (MUL). Det næraste ein kom innovative plenumsresolusjonar, var den iranske resolusjonen om kamp mot ekstremisme, vald og terrorisme. Denne resolusjonen spegla delar av bodskapen frå generaldebatten om å intensivere kampen mot ekstremisme. Etter nokre forhandlingsrundar vart det mogeleg å få vedteke resolusjonen utan votering. Israel gav klart uttrykk for at dei mislikte prosessen. Noreg var tilslutta EUs stemmeforklaring som understreka at kampen mot terrorisme må vere forankra i grunnleggjande menneskerettsprinsipp.

Resolusjonen om global helse og utanrikspolitikk viste seg å vere vanskeleg fordi han omhandla følsame spørsmål som partnarskap med privat sektor og opphavsrettar. Noreg var med i sjulandskrinsen som utarbeidde det første resolusjonsutkastet. Dette var vanskelege forhandlingar, men det lukkast å kome til eit godt resultat, og resolusjonen vart til slutt vedteken samrøystes med over 50 medforslagsstillarar. Det var vidare positivt at Noreg fekk gjennomslag for viktige prioriteringar i havretts- og fiskeriresolusjonane, som fokus på rolla sjømaten speler for sikring av global mattryggleik, kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (såkalla UUU-fiske), mellom anna utvikling av eit globalt fangstsertifikat, og tiltak mot menneskehandel og tvangsarbeid i fiskerisektoren. Fiskeriresolusjonen vart vedteken ved konsensus, medan det nok ein gong vart votering om havrettsresolusjonen. Den årlege resolusjonen om Afghanistan vart vedteken utan avstemming, men det måtte nokre rundar til for å få akseptable referansar til menneskerettar.

Forhandlingane om den generelle humanitære resolusjonen var nok ein gong vanskelege med omfattande polarisering mellom vestlege land på den eine sida og Russland og enkelte G77-land på den andre, særleg land som er ramma av konflikt. Dette gjaldt følsame spørsmål, som humanitær tilgang, som vart knytte opp til spørsmålet om nasjonal suverenitet og sanksjonar. På den positive sida vart språket om vern av medisinsk personell, fasilitetar og transport styrkt. Det same gjeld tekstane om kvinners deltaking og om vern av sivile. Likevel viste denne eksersisen kor vanskeleg det er å få samla universell oppslutning om grunnleggjande humanitære prinsipp.

Havretts- og fiskeriresolusjonane

Desse to resolusjonane vart også denne gongen behandla direkte i plenum. Det vart som tidlegare halde avstemming over havrettsresolusjonen, der Tyrkia nok ein gong stemte imot, medan fiskeriresolusjonen vart vedteken ved konsensus. Noreg fekk gjennomslag for viktige prioriteringar i begge resolusjonane. I havrettsresolusjonen fekk vi gjennomslag for at temaet for den uformelle konsultative prosessen (ICP) neste år vert «Sjømatens rolle i sikring av global mattryggleik». Vidare fekk Noreg inn tekst som framhevar arbeidet FNs kriminalitetskommisjon har gjort i kampen mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske (UUU-fiske).

I fiskeriresolusjonen fekk Noreg inn ei ny fråsegn som oppmodar statane til å starte arbeidet i FNs matvareorganisasjon (FAO) om utarbeiding av felles retningslinjer og reglar, mellom anna eit globalt fangstsertifikat, og fråsegna som omtalar studien frå FNs kontor for narkotika og kamp mot kriminalitet (UNODC) om forholdet mellom ulovleg fiske og grenseoverskridande organisert kriminalitet, vart ståande. USA fekk, med god støtte frå Noreg, inn ei ny fråsegn i resolusjonen om arbeidet i Den internasjonale arbeidstakarorganisasjonen (ILO) med menneskehandel og tvangsarbeid i fiskerisektoren.