Meld. St. 22 (2013–2014)

Noregs deltaking i den 68. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 67. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

2 Noregs hovudinnlegg i generaldebatten under FNs 68. generalforsamling

President, eksellensar, damer og herrar,

Vi lever i ei verd i rask endring. Den globale og regionale dynamikken er med på å forme om det globale styresettet.

Når verda endrar seg, er det uunngåeleg at FN endrar seg.

Men vi som er medlemer av denne flotte organisasjonen, kan påverke kva retning endringa skal gå i. Då må vi først foreta strategiske prioriteringar. Vi bør utvikle eit smidig multilateralt system for det 21. hundreåret.

Arkitektane bak FN var på mange måtar forut for si tid. I FN-pakta låg det ein visjon om ei verd der FN skulle vareta internasjonal fred og tryggleik, tvisteløysing og fremjing av felles interesser både på regionalt og globalt plan.

I 1945 fanst det få etablerte regionale mekanismar. Med andre ord var føresegnene om regionale ordningar i FN-pakta svært framsynte.

President,

I dag vert regionale organisasjonar og ordningar stadig meir relevante. I stadig større grad er det på det regionale planet at verdiar og normer vert definerte, tvistar løyste på fredeleg vis og økonomiar integrerte.

Samarbeid og integrering handlar ikkje berre om resultat, men òg om prosessar. Praktisk samarbeid kan leggje grunnlaget for strategisk tillit og delte verdiar.

Det var først etter dei to forferdelege storkrigane i førre hundreåret at mitt eige kontinent valte tett integrering. Dette bidrog til å skape eit fredeleg Europa. Det var på bakgrunn av dette historiske resultatet Den europeiske unionen vart tildelt Nobels fredspris i Oslo i fjor.

Den afrikanske unionen har følgt kontinentet gjennom 50 år med store omveltingar. Fridomens pris var høg. Likevel har Afrika aldri opplevd så stor velstand som i dag. Vi ser økonomisk vekst, betring i styresettet og styrkt regional samarbeid.

Frå Somalia til Mali syner Den afrikanske unionen og dei subregionale samarbeidspartnarane til organisasjonen gong på gong kor viktige dei er. AU er heilt klart på veg til å verte ein av dei viktigaste regionale samarbeidspartnarane til FN. Eg vil få rose AU for den målretta innsatsen organisasjonen har gjort, og eg vil få uttrykkje mine djupaste kondolansar for liva som så tragisk gjekk tapt i det avskyelege terroriståtaket i Nairobi.

Vi må aldri la terroristar få fastsetje dagsordenen. Difor må vi styrkje innsatsen og samarbeidet med AU for å fremje fred og stabilitet i Somalia.

Dei siste åra har Noreg samarbeidd med det colombianske folket om å leggje grunnlaget for varig fred mellom regjeringa og FARC-rørsla. Her har vi sett eit sterkt engasjement frå nabolanda til Colombia. Som alle andre stader har vi gjort oss den erfaringa at fred ikkje kan skapast berre i eitt land – freden må skapast i ein regional kontekst.

I Søraust-Asia er ASEAN i ferd med å bli både ei kjelde til og arkitekten bak regional stabilitet. Eg vil få rose ASEAN for den konstruktive rolla organisasjonen har spelt ved å støtte opp om den demokratiske reformprosessen i Myanmar. Myanmar skal ha formannskapen i ASEAN neste år, noko som på mange måtar syner kor stor tilpassingsevne organisasjonen har.

Akkurat som i Søraust-Asia har Noreg og våre arktiske naboland basert det utdjupa samarbeidet på eit av dei viktigaste organiseringsprinsippa i FN, nemleg havrettskonvensjonen.

Og vi når ut til kvarandre. Tidlegare i år tiltredde Noreg traktaten for venskap og samarbeid i Søraust-Asia. På same måten slutta Kina, Japan, India, Republikken Korea og Singapore seg til Arktisk råd som observatørar i vår. Gjennom denne handlinga slutta dei seg til dei grunnleggjande prinsippa for Arktisk råd – prinsipp som nok ein gong direkte speglar ein sentral FN-standard.

Der eg bur, opplever vi den globale oppvarminga på nært hald. Når polisen smeltar, vert vi minte om det felles ansvaret vi alle har for å redde planeten. I dag er Polhavet opna for menneskeleg verksemd på måtar vi vanskeleg kunne sjå for oss for få år sidan. I løpet av dei ti siste åra har vi lagt vinn på å utvikle framtidsretta strategiar for sikker forvaltning av denne nye maritime møtestaden mellom Asia, Europa og Nord-Amerika.

President,

Det er faktisk gode nyheiter for FN at det veks fram regionale institusjonar som ein del av det globale styresettet.

Vi treng eit FN som kan fungere som katalysator for regional utvikling, noko som støttar opp under vår felles internasjonale og multilaterale dagsorden.

President,

Midtausten står så langt utan nokon effektiv regional arkitektur. Dette er òg ein del av verda som skapar stor uro i desse dagar.

Israel og Palestina er no inne i ei avgjerande tid. Denne månaden markerer vi 20-årsjubileet for Oslo-avtalen. Vi har sett positive resultat på bakken. Det er bygd statsinstitusjonar som no er klare for at det kan dannast ein palestinsk stat. Men den politiske prosessen må framleis levere. Tida renn no ut for ei framforhandla tostatsløysing.

Men no har palestinske og israelske leiarar vendt tilbake til forhandlingsbordet, og det er nytt håp. I ettermiddag, her i dette huset, leidde eg eit møte i den internasjonale gjevargruppa for Palestina, AHLC. Gjevarane stadfesta nok ein gong at dei forpliktar seg til å yte nødvendig støtte til dei palestinske styresmaktene i den aktuelle overgangsperioden mot ein eigen palestinsk stat.

Dette kan vere den siste sjansen vi får, ein sjanse vi ikkje har råd til å gå glipp av.

President,

Medan vi er samla her, held redslene i Syria fram. Tusenar på tusenar av barn, kvinner og menn vert drepne og lemlesta. Millionar flyktar frå heimane sine.

Bruken av kjemiske våpen er heilt uakseptabel, og det er eit alvorleg brot på folkeretten. Dei ansvarlege må stillast for retten, og saka må førast for den internasjonale straffedomstolen.

Krisa i Syria kan berre løysast på det politiske planet.

FNs tryggingsråd må no leve opp til ansvaret som vi, medlemslanda i FN, har gjeve dei.

Humanitær tilgang må sikrast av alle partar og til alle område.

Blodbadet i Syria må ta slutt.

President,

I frustrasjon over situasjonen i Syria har mange kritisert FN for manglande handlekraft.

Vi må likevel ikkje tape av syne resultata FN har oppnådd.

Kvar einaste dag sørgjer FN for husly til flyktningar, vaksinering av barn, fremjing av mødrehelse og stabilisering av sårbare statar.

Etter kvart som normene for menneskeleg tryggleik utviklar seg, kjem det til nye punkt på dagsordenen. Barn og væpna konflikt, kvinner, fred og tryggleik og vern av sivile er blant dei nyaste eksempla på den viktige normative rolla FN spelar.

President,

I ei tid med knappe ressursar, noko som vert forsterka av presset på verdsøkonomien, bør vi auke, ikkje redusere, fleksibiliteten til Generalsekretæren. I fjor haust vedtok denne forsamlinga at budsjettet for 2014-2015 skal reduserast med hundre millionar dollar. Dersom vi kuttar i budsjettet samtidig som vi aukar talet på oppgåver, vil dette svekkje organisasjonen i staden for å styrkje han. Denne forsamlinga må vere konsekvent i avgjerdene sine.

Denne forsamlinga bør ha i oppgåve å gje råd og rettleiing, ikkje å detaljstyre.

For å avslutte, president,

Dersom vi skal overvinne dei regionale og globale utfordringane i vår tid, må medlemsstatane samarbeide om å oppfylle ambisjonane og potensialet i FN-pakta.

Takk.