Meld. St. 22 (2013–2014)

Noregs deltaking i den 68. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 67. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

4 Tryggingsrådet

Syria-konflikten dominerte på dagsordenen i Tryggingsrådet hausten 2013, med den samrøystes vedtakinga av resolusjon 2118 om destruksjon av dei syriske kjemiske våpna som det mest handfaste resultatet. Behandlinga av Syria følgde tre hovudspor: i) den politiske prosessen med vekt på førebuingane til Genève II, ii) det humanitære sporet med vedtaking av ei presidentfråsegn (PRST) i kjølvatnet av resolusjon 2118, tillegg til oppfølginga av denne resolusjonen, og iii) kjemiske våpen.

For første gong kunne Tryggingsrådet samle seg om ein Syria-resolusjon som viste til kapittel VII av FN-pakta. Det var òg illustrerande for arbeidsforma til Tryggingsrådet at denne resolusjonen vart framforhandla av dei fem faste medlemene, og at dei valde medlemene først vart trekte inn då alt var klappa og klart. Resolusjonen framheva kor viktig det er å få løyst krisa i landet politisk og å få kalla saman til ein ny Genève-konferanse så snart som mogeleg. Trass i semja om å få fjerna dei kjemiske våpna i Syria og få landet med i kjemivåpenkonvensjonen rådde det likevel ikkje semje i Rådet om kven som faktisk hadde brukt dei kjemiske stridsmidla. Dette var tydeleg då rapporten frå FN-inspektøren (Åke Sellström) vart lagd fram rett før jul 2013. Medan vestlege land las rapporten som ei endeleg stadfesting av at det syriske regimet var ansvarleg, hadde russarane ei heilt anna tolking. Trass i denne djupe usemja stod medlemane samla om å opprette ein felles operasjon saman med Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) i gjennomføringa av resolusjon 2118. Den humanitære situasjonen i Syria har òg vore debattert i rådet. Det lukkast ikkje å verte einige om ein resolusjon, men 2. oktober vart det semje om ei presidentfråsegn som dessverre ikkje førte til endringar på bakken i Syria1.

Motsetningane mellom USA og Russland gjorde seg også gjeldande i Sudan-/Sør-Sudan-spørsmålet, og dette hindra lenge FN i å gje sterke føringar til forhandlingsprosessen mellom desse to landa, og då ikkje minst i Abyei-spørsmålet. Vidare kunne heller ikkje Rådet samle seg om å stille krav om humanitær tilgang til Blånilen og Sør-Kordofan. Mot slutten av året vart motsetninga mellom Sudan og Sør-Sudan overskygd av uroa og kamphandlingane i Sør-Sudan, og her kunne Tryggingsrådet langt lettare samle seg om å svare på den nye krisa. Dette kom til uttrykk gjennom vedtakinga av resolusjon 2132 om styrking av FN-operasjonen i Sør-Sudan (UNMISS).

Medan krisa i Sør-Sudan kom uventa på Tryggingsrådet, kan ikkje det same seiast om den dramatisk forverra situasjonen i Den sentralafrikanske republikken (SAR). Dette var ei varsla krise der Tryggingsrådet lét vere å ta nødvendige førebyggjande grep i tide. SAR-erfaringa vart kort etter brukt som argument av Generalsekretæren for at det nye initiativet (Rights Up Front) var heilt nødvendig, eit initiativ der evna FN har til å førebyggje konfliktar, utgjer ein viktig dimensjon.

Vedtakinga av resolusjon 2122 om kvinner, fred og tryggleik var eit positivt bidrag frå Tryggingsrådet hausten 2013. Denne resolusjonen understreka verdien av å trekkje kvinner langt sterkare med – på alle nivå – i fredsprosessar og fredsbygging. Resolusjonen var òg tydeleg når det gjaldt kampen mot seksualisert vald. Resolusjonen stiller konkrete krav til FN-systemet om meir systematisk rapportering og styrkt deltaking for kvinner i fredsprosessar. Utfordringa er å bruke denne resolusjonen aktivt framover, og det er positivt å merkje seg at generalsekretær Ban framheva verdien av at kvinner deltok i oppkøyringa til Genève II (Syria). Vern av sivile har òg stått på dagsordenen, utan at dette har leidd til nye resolusjonar eller presidentfråsegner i denne omgangen. Tryggingsrådet vedtok under den australske presidentskapen i september ein resolusjon om forsterka innsats i kampen mot ulovleg omsetjing av handvåpen. Denne resolusjonen framheva kor viktig ATT er, og Noreg teikna seg som medforslagsstillar. ATT-referansen var ei av årsakene til at Russland valde å avstå på denne resolusjonen.

Spørsmålet om forholdet mellom Tryggingsrådet og Den internasjonale straffedomstolen (ICC) vart i november sett på spissen, då den afrikanske gruppa prøvde å få til eit vedtak om utsetjing av straffesakene mot presidenten og visepresidenten i Kenya. Allereie under generaldebatten hadde fleire afrikanske land flagga misnøye med ICC, og i Rådet fekk den afrikanske gruppa støtte av land som ikkje var part i Roma-vedtektene om ICC, med USA som eit viktig unntak. Det afrikanske resolusjonsutkastet fall då det ikkje oppnådde tilstrekkeleg fleirtal. Syria-spørsmålet sette sitt preg på dei regulære Midtausten-debattane. Fredsprosessen mellom Israel og Palestina gjekk att i desse debattane, utan at dette leidde til nye initiativ. Dette må tilskrivast dei pågåande USA-leidde forhandlingane mellom partane. Ein viktig bodskap frå FN-sekretariatet var likevel at tida for ei berekraftig tostatsløysing var i ferd med å renne ut.

Fotnotar

1.

Tryggingsrådet vedtok samrøystes 22. februar 2014 ein resolusjon om den humanitære situasjonen i Syria (SC/RES2139 (2014)).