Tokke kommune - arealdelen til kommuneplanen - hyttebygging på Skafsåheia/Hallbjønnsekken (villrein)

Avgjørelse i innsigelsessak, 8. november 2006

Tokke kommune - motsegn til del av arealdelen til kommuneplan - hyttebygging på Skafsåheia/Hallbjønnsekken.

Vi viser til fylkesmannen sitt brev av 4. januar 2006 til Miljøverndepartementet om denne saka.

Saka er i samsvar med § 20 - 5 femte ledd i plan- og bygningslova (pbl.) sendt Miljøvern-departementet for endeleg avgjerd.

Departementet finn etter ei samla vurdering å ta motsegna frå fylkesmannen ved miljøvernavdelinga til følgje. Noreg er det einaste landet i Europa som har intakte økosystem i fjellet med bestandar av villrein. Gjennom regional planlegging skal villreinen sikrast leveområde som er store nok og av god nok kvalitet slik at reinen kan vandre mellom områda. Det er ikkje aktuelt å godkjenne ny utbygging nær opp til villreinen sine trekkområde så lenge det ikkje er føretatt naudsynte regionale planavklaringar.

Bakgrunn for saka

Områda i Skafsåheia/Hallbjønnsekken i Tokke kommune har i dei siste 30 år vore satsingsområde for tung hyttebygging i kommunen. Allereie i 1964 vart det første hyttefeltet på Skafsåheia etablert i området mellom Hallbjønnsekken og Tjønnsviki. I alt er det i dag ca. 90 hytter i dette området. I 1980 vart Hallbjønnsekken servicebygg, hytter og alpinanlegg etablert, og utover i 1980 og 1990 åra har det vore ei vidare utbygging av høgstandardhytter på Hallbjønnsekkken.

I førre arealdel til kommuneplan for Tokke, vedteke 2. mars 1992. var område som det er reist motsegn mot vist som landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område). Våren 2004 vedtok formannskapet i samband med utarbeiding av ny arealdel å konsekvensutgreie området Hallbjønnsekken-Tjønnsviki med tanke på vidare utbygging. Konklusjonen frå konsekvensutgreiinga var å avgrense utbyggingsområde til R1 og R2, og redusere det spreidde hytteområdet SH1. Kommunen tok utgreiinga til fylgje og la den til grunn i framlegget til ny kommuneplan med arealdel for Tokke.

Fylkesmannen ved miljøvernavdelinga reiste i brev av 6. juli 2005 motsegn til vestre del av område vist som framtidig område for fritidsbustader vest for områda R3 og R4, Hallbjønnsekken vest og sør, samt eit område for spreidd hyttebygging SH7 i LNF-område.

Motsegna er grunna i omsynet til trekkrutene for villreinen i området. I følgje lokalkjende personar med villreinfagleg kunnskap var trekket over Kuskar mykje brukt før riksveg og seinare hytter blei bygd i området. Villreininteressene i området er i fylgje miljøvernavdelinga dokumentert i NINA-minirapport nr. 106, som viser at villreinen no nyttar mest trekkorridoren over Rv 45 som er lengre vest, mellom Store Bjørnevatn og Kjønnesviksvatnet. NINA sin rapport er utarbeidd på oppdrag av Tokke kommune, og rapporten viser at ei vidare utbygging i området vil ha moderat konfliktgrad.

Omsynet til villrein er styrka i den nasjonale arealpolitikken gjennom St.meld. nr. 21 (2004-2005). Ei generell innskjerping av arealpolitikken i høve til villrein og føre-var- prinsippet, gjer at miljøvernavdelinga meiner det ikkje er riktig å leggje til rette for vidare utbygging som kan ha moderat negativ verknad for villreintrekket.

Fylkeskommunen uttala seg til arealdelen i brev av 30. juni 2005. Fylkeskommunen finn at kommuneplanen sin arealdel ikkje inneheld tiltak som har slik innverknad at fylkeskommunen vil vurdere å reise motsegn mot kommunal eigengodkjenning av arealdelen.

Tokke kommunestyre handsama saka i møte den 13. september 2005 og vedtok arealdelen. Då det låg føre motsegn frå fylkesmannen ved miljøvernavdelinga til byggeområde for hytter vest for Hallbjønnsekken samt spreidd hyttebygging i LNF-område SH7 Gamasfit, vart planen ikkje gitt rettsverknad for desse områda.

Kommunen peiker på at fram til 1979 var det drift av tamrein i området, men vart så definert som villreinområde. Det vert vist til at området faktisk vart omdefinert etter at kommunen og private hadde lagt ned store ressursar i utvikling av Skafsåheia/ Hallbjønnsekken som utbyggingsområde.

Kommunen viser til NINA-rapporten og meiner at fylkesmannen si miljøvernavdeling feiltolkar denne når det gjeld konsekvensane for villreinen av vidare utbygging ved Hallbjønnsekken. Det er i rapporten ikkje nytta omgrep som ”moderat negativ konsekvens”, men ”moderat konfliktgrad”. Det vert og vist til at området som er lagt ut til utbyggingsområde er eit eksisterande område som er utbygd med om lag 35 hytter. Området bør regulerast av omsyn til kloakkering av området, sanering av avkøyrsler til riksvegen samt fortetting av eksisterande hyttefelt. Spreidd hytteområde SH7 Gamasfit er monaleg redusera og omfanget hytter er nå 5.

Tokke kommune meiner at fylkesmannen ikkje har vektlagt dei ålmenne interessene i arealplanen med etablering av løypetrasear og kanalisering av skiutfart ved omlegging av løypetrase til mindre sårbare område ut frå omsynet til villreinen.

Mekling med synfaring i saka vart halde 3. oktober 2005. Etter ein gjennomgang og diskusjon av saka, blei det konkludert med at kommunen og miljøvernavdelinga ikkje blei samde.

Fylkesmannen peikar i sitt oversendingsbrev av 4. januar 2006 på at han er generelt godt nøgd med arealplanlegginga i Tokke. Kommunen har justert planane i forhold til signal gitt i tidleg fase og i løpet av prosessen. Fylkesmannen ser det som viktig å trekke ei grense for vidare utbygging i motsegnsområdet, av omsyn til villreinen, og tilrår at område for spreidd hyttebygging i SH7 Gamasfit blir teken bort.

Når det gjeld byggeområde for hytter vest for områda R3 og R4, Hallbjønnsekken vest og sør, ser fylkesmannen at området alt er bygd ut med spreidd hyttebygging, høgspentliner og vinterbrøyta veg med høge brøytekantar. Det vil etter fylkesmannen si meining vere eit skjønn om kor langt vestover vidare utbygging skal kunne tillatast. Fylkesmannen meiner likevel at det aktuelle området alt er så utbygd at ei vidare utbygging vil kunne sjåast på som ei fortetting av allereie eksisterande spreidd utbygde område. Fylkes­mannen vil derfor tilrå at del av området vist som framtidig fritids-bustadutbygging vest for områda R3 og R4, Hallbjønnsekken vest og sør blir godkjent. Det bør samstundes bli sett tal for kor mange hytter som skal kunne byggast i området.

Synfaring i området vart halde 27. april 2006 med representantar frå kommunen, fylkeskommunen, fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Miljøverndepartementet. Under synfaringa blei det mellom anna peikt på at det frå Hallbjønnsekken til sørsida av dalen er planlagt eit nytt vegsystem. Det er ueinigheit mellom kommunen og miljøvernavdelinga om den formelle status for dette vegsystemet. Miljøvernavdelinga hevdar at det av teiknforklåringa på det høyringskart dei fekk frå kommunen gjeng fram at vegsystemet er eksisterande. Det vart derfor ikkje reist motsegn mot vegsystemet som miljøvernavdelinga ser som uheldig for villreintrekket. Kommunen meiner at miljøvernavdelinga var kjend med at vegsystemet ikkje var bygd, og at det derfor ikkje no kan reisast motsegn mot dette vegsystemet.

DN gav i brev av 29. mai 2006 uttale i saka til Miljøverndepartementet. I uttala tilrår DN at motsegna frå fylkesmannen ved miljøvernavdelinga vert teken til følgje. Dette vert grunngjeve med at den aktuelle hyttebygginga kan auke ferdsle og aktivitet vest for Hallbjønnsekken så mykje at villreintrekket over Kuskar kan gå ut av bruk.

Ut frå dei nasjonale måla som gjeld for forvaltninga av leveområde til villreinen, meiner DN det ikkje bør etablerast nye tiltak som ytterlegare kan svekke villreinen sitt vekslande områdebruk og trekk nordover fjellet langs Rv 45. Fungerande trekkvegar bør oppretthaldast og ikkje svekkast av meir utbygging og aktivitet. DN meiner at Hallbjønnsekken bør vera vestgrensa for nye utbyggingar. Trekket over Kuskar er det austlegaste av eit fåtal trekkvegar som er i bruk. Trekket er ikkje mykje brukt og kan vera sårbart for berre små endringar.

Når det gjeld ueinigheita mellom fylkesmannen si miljøvernavdeling og kommunen i tolkinga av NINA-minirapport 106 vedrørande graden av konflikt for villreinen av framtidig fritidsbustadbygging, har DN lagt dette spørsmål fram for Per Jordhøy i NINA. Av Jordhøy sitt svar framgjeng at ”Slik eg oppfattar skalaen er den slik:

  • Stor konfliktgrad
  • Moderat konfliktgrad
  • Liten konfliktgrad
  • Ingen konfliktgrad”

I rapporten har ein etter justering av planane nytta vurderinga ”moderat konfliktgrad”.

På grunnlag av presiseringa frå NINA oppfattar DN at instituttet ikkje vil karakterisera konfliktgraden for utbygginga som kommunen no går inn for som stor, men at den heller ikkje er liten. Ut frå målet om å vidareføra Kuskar som trekk for villreinen og at trekket allereie er sterkt pressa av eksisterande utbyggingar og aktivitet, meiner DN at forventa konflikt av den utbygging som kommunen går inn for er for stor.

Til spørsmålet om tolkinga av arealplankartet og den formelle status til det planlagde vegsystemet på sørsida av dalen uttalar DN at det ikkje ligg til denne saka konkret å vurdere denne utbygging.

I samband med handsaming av motsegnsaka i departementet har ein motteke brev av 20. juni 2006 frå grunneigar Ragnvald Holm Lie. I brevet kjem Holm Lie mellom anna med merknader til uttala frå DN. Han tek opp DN sine synspunkt til det planlagde vegsystemet frå Hallbjønnsekken til sørsida av dalen med to tverrvegar vestover, av dei ein til Kuskarsetra og ikkje Kuskaret, og ein veg austover. Holm Lie meiner fylkes-mannen ved miljøvernavdelinga kjende til desse planane. Likeeins tek han opp merknaden frå DN når det gjeld kommunen sine planer om utbetring av løypenettet og kanalisering av skigåinga på sørsida av Rv. 45. Han meiner at etter veglaget sitt syn vil det planlagde vegsystemet opne for moglegheit for profesjonelt løypenett. Det vil verke som ein vinn/vinn situasjon for villreinen, skiutfart og grunneigarane/hytteeigarane.

Miljøverndepartementet si vurdering

Departementet si rolle i motsegnssaker er å gjere endeleg vedtak der det er konflikt mellom kommunen, nabokommunen, fylkeskommunen eller statleg sektormyndigheit. Det må liggje føre nasjonale eller viktige regionale interesser for at departementet skal kunne overprøve dei lokalpolitiske prioriteringane.

Konflikten i denne saka gjeld spørsmålet om kor grensa for ny hyttebygging skal gå vest for Hallbjønnsekken av omsyn til villreinen sine trekkruter i det same området.

Bruken av Skafsheia-Hallbjønnsekkenområdet som område for friluftsliv og område for fritidsbustader har lang tradisjon. Områda ved Hallbjønnsekken vert rekna for å vera av dei beste som utgangspunkt for turar innover fjellområde og er av dei mest attraktive å ha hytte i. Av den grunn er det også bygd ut turist- og alpinanlegg i området. Tokke kommune har i plansamanheng lagt opp til ei vidare utbygging i dette populære og vakre turområdet.

Samstundes er det klårt at det i området er fleire trekkruter for villrein. Det er derfor semje mellom kommunen og fylkesmannen si miljøvernavdeling om at det må trekkast ei grense for vidare fritidsbustadbygging mot villreinens leveområde og trekkvegar i vest. Kommunen meiner det kan byggast noko lenger vest enn det som er oppfatninga til miljøvernavdelinga. Det er og semje om at det bør gjerast tiltak for å kanalisere turferdsla bort frå trekkområde og dei viktige leveområda for reinen. Med heimel i tidlegare godkjende disposisjonsplanar vil det i dei områda det er strid om kome nokre få nye fritidsbustader.

Hallbjønnsekken ligg innanfor det som i villreinforvaltninga vert kalla Setesdal Austhei villreinområde. Villreinstamma i Setesdal er den nest største i Noreg og under sterkt press. Villrein har status som norsk ansvarsart ut frå at Noreg er det einaste landet i Europa som har att bestandar av opphavleg vill fjellrein. Det er derfor viktig at inngrep i leveområda til villreinen vert minst moglege, og likeeins at trekkruter ikkje vert gjenbygde eller påverka av auka ferdsle frå nærliggande fritidsbustader. Villrein er særleg sky overfor auka ferdsle innafor sitt leve- og trekkområde. Ny hyttebygging innanfor slike område vil naturleg nok føre til auka ferdsle, noko som igjen vil verke negativt inn på villreinen sine levekår.

Miljøverndepartementet legg stor vekt på det ansvar Noreg har for at våre villrein-stammer skal få eit best mulig vern. Vi viser i den samanheng til kva som er uttala om villreinpolitikken i St.meld. nr. 21 (2004-2005) ”Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.” I meldinga og handsaminga av den i Stortinget legg ein opp til ein generelt høg prioritering av leveområde til villreinen.

Villreinområde som er spesielt viktige for arten si framtid i Noreg skal få status som nasjonale villreinområde. Det er ennå ikkje teke stilling til kva for område det vil bli. Avgrensinga og innhaldet skal avklarast gjennom regionale planprosessar. Dei regionale planane skal sikre at leveområda er store nok, av god nok kvalitet og at villreinen har nok vandringsmoglegheiter. Det er ein føresetnad at planane skal avklare det overordna utbyggingsmønsteret på tvers av kommunegrensene, og at tiltak som vinterbrøyting av vegar, utfartsparkering og preparering av løyper/stiar skal inngå i planane.

Ut frå dette er det ikkje aktuelt å godkjenne ny utbygging som ligg tett opp mot villreinens trekkområde, så lenge det ikkje er gjennomført ei regional planavklaring for området. Departementet legg vekt på at dette ikkje inneber at vidare utbygging av fritidsbustader i kommune må stoppe opp. I den eigegodkjente delen av kommuneplana er det store uutnytta byggeområde aust for Hallbjønnsekken og vidare langs riksvegen.

Når det gjeld usemja mellom kommunen og miljøvernavdelinga omkring handsaminga av det planlagde vegsystemet frå Hallbjønnsekken til sørsida av dalen blei det opplyst på synfaringsmøtet at fylkesmannen ikkje hadde reist motsegn mot dette grunna at vegsystemet var vist som eksisterande på det arealplankartet han hadde til høyring. Hadde den korrekte status på vegsystemet vore vist på arealplankartet ville fylkesmannen ut frå omsynet til villreintrekket i Kuskar heilt klårt reist motsegn.

Det vart vidare opplyst at fylkesmannen hadde nytta retten til klaga på byggesak for dette vegsystemet. I avgjerd av settefylkesmann vart klagen teken til følgje.

Til ovannemnde usemje skal departementet merka at det formelt ikkje ligg føre motsegn til det omtala vegsystem. Departementet har såleis ikkje grunnlag for å ta dette spørsmål opp til motsegnshandsaming. Dessutan vart den delen av arealplanen som det ikkje knytte seg motsegn til på vanleg måte etter plan- og bygningslova send departementet til orientering. I samband med dette kunne departementet ut frå nasjonale interesser gjort endringar i planen. Føresetnaden var at kommunen vart underretta om endringa innan 3 månader etter at departementet mottok planen. Denne fristen er for lengst gått ut.

Departementet har fått overlevert det kart fylkesmannen si miljøvernavdeling har hatt til uttale. Av både dette kart, og det kart som er sendt over frå kommunen i samband med handsaminga av motsegna, gjeng det fram at vegsystemet er vist med svart strek som for eksisterande kommunale vegar/private vegar. Slik status etter dei framkomne opplysningane for dette vegsystemet no er, må det vere ein feil at vegsystemet stend fram som eksisterande.

Departementet ser det som positivt at nye veganlegg i utmark takast opp i kommune-plansamanheng, men det inneber at kommunen må kommunisere tydeleg i plan-dokumenta kva som er forslag om nye vegar. Slik departementet vurderar denne konkrete saka, vil veganlegget komme inn under plikta til å utarbeide reguleringsplan etter § 23 i plan- og bygningslova. Ettersom det ikkje gjekk klårt fram ved høyringa av kommuneplanen at det låg inne eit forslag til ny veg i området, vil fylkesmannen ikkje være bunde av kommuneplana ved vurdering om det skal reisast motsegn til ein eventuell reguleringsplan for veganlegget.

Vedtak

I medhald av § 20-5 femte led i plan- og bygningslova finn departementet ikkje å kunne godkjenne del av kommuneplanen si arealdel for byggjeområde -fritidsbustader vest for R3 og R4, Hallbjønnsekken vest og sør, samt LNF-område med tillate spreidd hyttebygging SH7 Gamasfitt . Motsegna frå fylkesmannen ved miljøvernavdelinga vert derfor tatt til følgje.

Dei andre delane av arealdelen av kommuneplanen er eigengodkjend med rettsverknad av Tokke kommunestyre i møte den 13. september 2005.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brev.

Med helsing
Helen Bjørnøy

Vedlegg:
Plandokument

Kopi:
Tokke kommune
Telemark fylkeskommune
Direktoratet for naturforvaltning