Vang kommune - kommunedelplan for E16 gjennom Øye (vegkostnader)

Avgjørelse i innsigelsessak, 9. november 2006

Vang kommune – motsegn til kommunedelplan for E16 gjennom Øye

Saka er sendt Miljøverndepartementet ved fylkesmannen sitt brev 24. april 2006 for avgjerd etter plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd.

Miljøverndepartementet godkjenner kommunedelplan for E16 gjennom Øye med vegtrasé etter alternativ 3. Miljøverndepartementet er samd med kommunen og Samferdselsdepartementet i at dette alternativet er det beste av dei vurderte alternativa. Motsegna frå Statens vegvesen vert dermed ikkje teken til følgje.

Bakgrunnen for saka

Kommunedelplan for E16 gjennom Øye er basert på konsekvensutgreiing og høyring av 6 alternative vegtraséar. Målet for planarbeidet er å gi grunnlag for ombygging av E16 til stamvegstandard.

Fylkeslandbruksstyret fremja i møte 2. desember 2004 motsegn til alternativ 1, 2a, 2b, 4 og 5, og tilrår alternativ 3. Vedtaket er basert på ei landbruksfagleg vurdering, som viser at alternativ 3 gir minst beslag av dyrka jord og beite.

Fylkesmannen rår i brev 21. desember 2004 til at alternativ 2b blir vedteke. Fylkesmannen meiner dette har relativt få negative konsekvensar og er det klårt rimelegaste. Fylkesmannen rår sterkt frå alternativa 1 og 3. Fylkesmannen meiner alternativ 1 har verknader for landskapsbiletet, strandsona langs vassdraget og det biologiske mangfaldet, medan alternativ 3 vil gi eit dominerande inngrep i landskapet og kan vere i konflikt med det biologiske mangfaldet.

Fylkesutvalet vedtok 21. desember 2004 å fremje motsegn til alternativ 1 og 2a, som vil kome i konflikt med varsla områdefreding ved Øye kyrkje. Til grunn for motsegnene ligg uttale frå Riksantikvaren i brev 15. november 2004.

Statens vegvesen varsla i brev 4. mars 2005 motsegn til vedtak om val av alternativ 3 eller 5. Ut frå ei samla vurdering, der ein har lagt vekt på å finne ei løysing som gir relativt små inngrep og låg kostnad, vil Statens vegvesen tilrå at alternativ 2b vert lagt til grunn for vidare planlegging. Vegvesenet opplyser at alternativ 3 og alternativ 5 er vesentleg dyrare enn dei andre alternativa, med berekna skilnad på ca 70-90 mill kroner samanlikna med alternativ 4 eller 2b. Alternativ 3 har i tillegg stor høgdeskilnad, noko som er lite gunstig for tungtrafikken.

Kommunestyret vedtok i møte 21. juni 2005 kommunedelplanen med alternativ 3.

Mekling i saka vart halde 10. oktober 2005 men førte ikkje fram. I oppsummeringa frå meklinga går det fram at det ikkje er nokon som går inn for alternativ 2a og 5.

Vang kommune har i brev 3. november 2005 opplyst at kommunestyret har drøfta saka etter meklingsmøte og står fast på alternativ 3.

Kommunen sende saka til fylkesmannen i brev 7. november 2005. I brevet er det peika på at alternativ 3 tek omsyn til bygda med skule og lokaltrafikk, og at gardstuna og jordvegen vert skåna for inngrep.

Kommunen kom i brev 23. februar 2006 med supplerande opplysningar om grunngjevinga for val av alternativ 3. Kommunen ønskjer å skape gode, trygge lokalsamfunn, og å oppretthalde folketalet og sysselsettinga ved å gjere bustadområda attraktive. Kommunen ønskjer ei vegløysing som ikkje deler bygda i to, og som tek vare på gardstun og jordbruksareal, og lokalsamfunnet med bustader, skule og barnehage. Kommunen vil ikkje la dårlege vegliner for gjennomfartsveg øydeleggje for lokalmiljøet i Øye.

Fylkesmannen peiker i oversendingsbrevet til departementet 24. april 2006 på at framføring av E16 forbi Øye er ei konfliktfylt sak der ulike interesser står mot kvarandre. Fylkesmannen peiker på at det er knytt vesentlege konfliktar også til det alternativet kommunen har valt, med omsyn til kostnader og miljømessige forhold. Fylkesmannen uttaler likevel at er det ikkje er tvil om at alternativ 3 er best, av omsyn til oppsitjarane langs vegen og landbruksinteressene.

Synfaring og møte om saka vart halde 30. august 2006, med representantar for kommunen, fylkesmannen, fylkeskommunen, fylkeslandbruksstyret, Statens Vegvesen, Vegdirektoratet, Samferdselsdepartementet, Riksantikvaren, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet.

Samferdselsdepartementet rådde i brev 19. oktober 2006 til at motsegna frå Statens vegvesen ikkje vert teken til følgje, og at alternativ 3 vert lagt til grunn for den vidare deltaljplanlegginga av E16 gjennom Øye. Samferdselsdepartementet legg vekt på ei samla vurdering av argumenta i saka, og legg spesielt vekt på at alternativ 2b vil føre til at lokalsamfunnet i Øye i svært stor grad vil bli prega av stamvegen. Etter Samferdselsdepartementet si oppfatning er alternativ 3 det einaste reelle alternativet. Departementet meiner dei eventuelle negative konsekvensane av denne traséen, både med tanke på kostnader og eventuelle økte driftskostnader for transportnæringa, vert vege opp at dei positive effektane tiltaket openbart vil gje for lokalsamfunnet i Øye.

Miljøverndepartementet si vurdering

Kommunedelplanen for E16 gjennom Øye skal sikre framtidig stamvegstandard i området. Planen er utarbeidd etter konsekvensutgreiing og høyring av 6 alternative traséar, og i høyringa er det fremja motsegn til alle alternativa. Kommunestyret har vedteke kommunedelplanen med alternativ 3. Statens vegvesen hadde motsegn til dette alternativet, og det er denne motsegna Miljøverndepartementet skal ta stilling til. Ved vurderinga må departementet likevel vurdere dette alternativet opp mot dei andre alternativa.

Kommunen har valt alternativ 3 fordi dette vil vere best for busetnaden på Øye og lokalsamfunnet der. Dessutan er dette alternativet best ut frå omsynet til jordbruket. Fylkeslandbruksstyret har motsegn til alle dei andre alternativa.

Motsegna frå Statens vegvesen er grunna i at alternativ 3 vert dyrt. Vegvesenet legg og vekt på at det på grunn av høgdeskilnad er lite gunstig for tungtrafikken. Samferdselsdepartementet har i sin uttale ikkje støtta motsegna frå vegvesenet og tilrår etter ei samla vurdering alternativ 3.

Miljøverndepartementet er samd i Samferdselsdepartementet si vurdering av saka.

Alternativ 3 er det beste for lokalsamfunnet, både når det gjeld omsynet til busetnaden og vidareutviklinga av bygda, og ikkje minst ut frå omsynet til jordvernet. Fylkeslandbruksstyret har fremje motsegn til alle dei andre alternativa, og for to av desse er det og fremja motsegn ut frå kulturvern. Det alternativet som i tillegg til alternativ 3 er mest aktuelt er alternativ 2b, men dette alternativet vil gå tvers igjennom Øye. Sjølv om alternativ 3 kan føre til uheldige inngrep i landskapet, meiner

Miljøverndeparte­mentet likevel at dette alternativet vil vere det beste for framføring av ny veg i området.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd finn Miljøverndeparte-mentet å kunne godkjenne Vang kommunestyre sitt vedtak 21. juni 2005 om kommunedelplan for E16 gjennom Øye.

På det plankartet som er oversendt til Miljøverndepartementet, er ikkje det vedtekne alternativ 3 teikna riktig inn. Mellom anna er det vist ein kortare tunnel enn det som er vedteke. Dette vart tatt opp på møtet i samband med synfaringa 30. august 2006, og kommunen opplyste at dei vil korrigere plankartet etter at Miljøverndepartementet har handsama saka. Miljøverndepartementet føreset såleis at kommunen rettar opp plankartet slik at dette vert korrekt. Miljøverndepartementet tar difor ikkje inn påteikning om godkjenninga på sjølve plankartet.

Miljøverndepartementet finn etter det som er opplyst at kommunedelplanen er handsama i samsvar med reglane i plan- og bygningslova, og at sakshandsaminga ikkje gir grunn til spesielle merknader. For kunngjeringa av den endelege kommunedelplanen gjeld plan- og bygningslova § 20-5 åttande ledd.

Med helsing
Helen Bjørnøy

Kopi:
Vang kommune
Samferdselsdepartementet
Vegdirektoratet
Statens vegvesen Region Øst
Oppland fylkeskommune
Fylkeslandbruksstyret i Oppland
Riksantikvaren
Landbruks- og matdepartementet

Vedlegg:
Saksdokumenta i retur