Averøy kommune – motsegn til reguleringsplan for Uran

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet godkjenner reguleringsplan for Uran i Averøy kommune med unntak av bustadtomter nummer 1-6 som i staden blir sett av til LNF – friluftsformål. Vidare må kommunen endre avkøyrslane på sørsida av fylkesvegen, ta inn rekkjefølgjeføresegn om busslommer og gang- og sykkelveg og gjere nokre mindre endringar i reguleringskartet.

Miljøverndepartementet viser til brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal av 22. oktober 2012 i nemnde sak. Reguleringsplan for Uran i Averøy kommune er send Miljøverndepartementet for avgjerd etter plan- og bygningsloven (pbl.) § 12-13 andre ledd. Statens vegvesen har motsegn til planen.

Miljøverndepartementet godkjenner reguleringsplan for Uran i Averøy kommune med unntak av bustadtomter nummer 1-6 som i staden blir sett av til LNF – friluftsformål. Vidare må kommunen endre avkøyrslane på sørsida av fylkesvegen, ta inn rekkjefølgjeføresegn om busslommer og gang- og sykkelveg og gjere nokre mindre endringar i reguleringskartet.

Bakgrunn

Averøy kommune vedtok 6. juli 2009 oppstart av regulering for Uran på Langøya. Formålet med reguleringa er å legge til rette for bygging av bustader og naust på ledige tomteareal i eksisterande bustadområde mot Langøysundet. Området ligg sørvendt med lyngdekte knausar og småskog og er i dag nytta til kombinert bustad- og feriebustadområde. Eksisterande bustader ligg på begge sider langs fylkesveg 260, tre på nordsida og tre på sørsida. Eit par av husa vert brukt som feriebustader. Tre naust ligg ned mot Langøysundet. I dag er det vidare to avkøyrsler på nordsida av fylkesvegen og tre på sørsida. Fartsgrensa på strekninga er skilta med 50 km/t. Planområdet er i gjeldande kommuneplan av 2. februar 2009 avsett til bustadformål med krav om regulering på nordsida av fylkesvegen. Reguleringsplanområdet følgjer avgrensingane i kommuneplanen.

Vegen gjennom bustadområdet er ein blindveg som ender 1600 meter lenger vest. Trafikken gjennom bustadområdet er på ca. 350 kjøretøy per døgn og 10 % av dette er tungtrafikk. Trafikken kjem frå to større verksemder lenger vest og frå ein del bustader og hytter. Ein reknar med at trafikken vil auke i åra som kjem. Vegen gjennom bustadområdet er i underkant av 5 meter brei og  svingete.

I sitt høyringssvar til oppstartsmeldinga uttalte Statens vegvesen:

Selv om dette er en vegstrekning med begrenset trafikk, har vegen betydning i transportmessig sammenheng på grunn av bedriftene lengre vest. Standarden på vegstrekningen er ikke god på grunn av vertikal- og horisontalkurvaturen, og det er ikke gang-/sykkelveg på strekningen. Situasjonen for de mjuke trafikantene synes derfor dårlig.

Så lenge det ikke foreligger konkrete planer for tiltak som vil kunne bedre situasjonen for de mjuke trafikantene, mener vi at en bør være svært forsiktige med å tillate ny utbygging som vil kunne resultere i en reduksjon av de sikkerhetsmessige forholdene på stedet.

Averøy kommunestyre vedtok den 22. august 2011 offentleg ettersyn av forslag til reguleringsplan for Uran. Reguleringsplanen legg til rette for utbygging av 12 nye bustadtomter. Nord for fylkesvegen mot Langøysundet er det lagt til rette for 6 nye tomter i ei gruppe bak eksisterande bustader. Sør for fylkesvegen er det regulert inn 6 nye tomter på rekke med eksisterande bustader. Det er også regulert inn 4 tomter for naust med tilhøyrande småbåtanlegg mot Langøysundet. Langs nordsida av fylkesvegen er det regulert inn gang- og sykkelveg. Eksisterande avkøyrsler frå fylkesvegen vil bli slått saman og endra slik at det blir 2 avkøyrsler på nordsida og 4 på sørsida av vegen. Det er lagt ei omsynssone langs vegen for å sikre fri sikt.

Planen blei lagt ut til offentleg ettersyn 5. september 2011. I høyringssvara både frå fylkeskommunen og fylkesmannen blir det retta søkjelys mot mindre plantekniske manglar. I høyringssvaret frå Statens vegvesen av 8. september 2011 blir det peika på ulike forhold knytt til vegstandard, trafikksituasjon, tiltak for mjuke trafikantar, krav til avkøyrselsforhold og frisiktsoner, og fylkesvegen som del av bustadområdet sitt interne trafikk- og leikeområde. Statens vegvesen konkluderer slik:

Som nevnt tidligere i brevet må vi av sikkerhetsmessige årsaker gå mot at det legges opp til utbygging på begge sidene av fylkesvegen og vi varsler innsigelse til boligtomter på sørsiden av fylkesvegen.

Nytt revidert planforslag blei utarbeidd med utgangspunkt i innkomne merknader. I møte den 30. januar 2012 vedtok formannskapet i Averøy samrøystes planforslaget og aksepterte ikkje motsegna frå Statens vegvesen. Fylkesmannen heldt eit uformelt drøftingsmøte mellom kommunen og Statens vegvesen den 15. mars 2012. Etter dette konkluderte fylkesmannen med at partane stod fast på sine standpunkt, og at framlegg til endringar i planutkastet blei forkasta.

Eit samrøystes kommunestyre heldt den 14. mai 2012 fast på det tidligare vedtaket om å vedta planforslaget. Fylkesmannen i Møre- og Romsdal tilrådde å ta motsegna frå Statens vegvesen til følgje og sende i brev datert 22. oktober 2012 saka til Miljøvern­departementet for endelig handsaming. I si tilråding drøfta fylkesmannen nokre særlege spørsmål. For det første drøfta fylkesmannen om motsegnsretten til Statens vegvesen var falt bort fordi dei ikkje varsla motsegn ved oppstartsvarselet, jf. pbl. § 5-5 siste ledd, og fordi dei burde ha fremma motsegn til kommuneplanen, jf. pbl. § 5-5 første ledd andre punktum. Fylkesmannen konkluderte her med at Statens vegvesen sin rett til motsegn stod ved lag. For det andre drøfta fylkesmannen sjølve motsegna til reguleringsplanens innhald og slutta seg her til konklusjonen frå Statens vegvesen.

Synfaring og møte fann stad 26. november 2012 med representantar for kommunen, fylkesmannen, Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Samferdselsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Samferdselsdepartementet uttalte seg til saka i brev datert 22. februar 2013. Her uttalte departementet mellom anna:

Departementet har forelagt spørsmålet om reguleringsplanen vil skape trafikkfare for Vegdirektoratet. Vegdirektoratet gir sin støtte til Statens vegvesen Region midts innsigelse til regulering av tomtene sør for fylkesvegen. Etter Vegdirektoratets vurdering åpner reguleringsplanen for at det kan etableres en tosidig randbebyggelse med totalt 6 avkjørsler. Fra å være et område med totalt 6 bolighus der 2 av 3 hus på sørsiden benyttes til fritidsbolig, blir området utvidet til tre ganger så mange boliger totalt. Antallet boliger på sørsiden av fylkesvegen blir seksdoblet. Fylkesvegen gjennom området har relativt lav standard og ender ca 1600 meter vest for området. Trafikken gjennom strekningen er ca. 350 kjøretøy per døgn, som hovedsakelig skyldes aktiviteter vest for planområdet til boliger og hytter og 2 større bedrifter. Tungtrafikkandelen er på ca. 10 %, bestående av skolebuss og varetransport.

Reguleringsplanen vil etter Vegdirektoratets vurdering føre til at myke trafikanter i økt grad krysser vegen mellom boligtomtene i området, og den vil føre til økt bruk av vegen som samlingsområde for barn og unge. I første omgang vil dette føre til økt risiko for trafikkulykker. De planlagte tiltakene med gang- og sykkelveg, samling av enkeltavkjørsler, busslommer, mv, vil etter Vegdirektoratets vurdering ikke føre til at forholdene bedres i forhold til dagens situasjon. Blant de bosatte vil nærheten til vegen trolig skape frykt for å la barn ferdes utendørs uten tilsyn, noe som også vil påvirke deres valg av transportmiddel i retning av mer bilbruk, selv for korte reiser. Vegdirektoratet påpeker at uten nybygging av bolighus på sørsiden av fylkesvegen, vil de aller fleste tomtene ligge på nordsiden av fylkesvegen, og det vil bli mer naturlig for beboerne å bruke dette område som fritidsområde uten behov for kryssing av vegen. På sikt mener Vegdirektoratet at utbyggingen av boligene på sørsiden vil skape behov for miljøprioriteringstiltak og eventuelle vegomlegginger. Dette er kostnadskrevende tiltak der det allerede i dag eksisterer store behov på lignende strekninger i fylket.

Dersom innsigelsen blir tatt til følge, må det etter Vegdirektoratets vurdering legges inn et rekkefølgekrav, slik at den planlagte gang - og sykkelvegen mellom avkjørslene på nordsiden av fylkesvegen og busslommer på begge sider etableres samtidig med at området bygges ut. Vegdirektoratet påpeker at kommunen bør avklare hvordan disse tiltakene skal finansieres. Vegdirektoratets vurdering i brev av 12.12.2012 følger vedlagt.

Samferdselsdepartementet viste etter dette til målet i St.meld. nr. 16 (2008-2009 Nasjonal transportplan 2010-2019) om eit sikkert og miljøvennleg transportsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling. Departementet slutta seg til vurderinga frå Vegdirektoratet. Dei bad om at motsegna blei tatt til følgje og at det blei tatt inn rekkefølgjekrav om gang- og sykkelveg og busslommer.

Miljøverndepartementet si vurdering

Miljøverndepartementet vil først vurdere dei prosessuelle problemstillingane i saka før innhaldet i reguleringsplanen blir vurdert.

Prosessuelle problemstillingar

I Averøy kommune si oversending av saka til fylkesmannen den 16. mai 2012 uttalte kommunen at dei meinte Statens vegvesen sin rett til motsegn var falt bort etter pbl. § 5-5. Fylkesmannen kommenterte problemstillinga i sitt brev 22. oktober 2012.

Den første problemstillinga gjeld pbl. § 5-5 første ledd andre punktum som lyder: ”Det kan heller ikke fremmes innsigelse mot forhold i plansak som det kunne vært fremmet innsigelse mot i forbindelse med en tidligere plan om samme forhold vedtatt i løpet av de ti foregående år.” Averøy kommune gjer gjeldande at Statens vegvesen burde ha fremma motsegn mot kommuneplanen vedtatt i 2009, som legg til rette for utbygginga som nå blir nærare detaljert i reguleringsplan. Miljøverndepartementet er opptatt av at alle partar må delta aktivt i planprosessen, og at innspel til arealbruken må komme så tidlig som mogleg. På denne bakgrunnen burde Statens vegvesen kommentert utbygginga på Uran da kommuneplanforslaget var på høyring. Likevel er vi i dette tilfellet einige med fylkesmannen i at det i reguleringsplanen har kome nye opplysningar og detaljar som gjer at motsegnsretten til vegvesenet ikkje har falt bort.

Den andre problemstillinga gjeld pbl. § 5-5 siste ledd som lyder: ”Retten til å fremme innsigelse bortfaller dersom kravet til deltakelse i planprosessen etter § 3-2 tredje ledd ikke er oppfylt, forutsatt at planmyndigheten har oppfylt sin varslingsplikt og kravene til varsling for vedkommende plantype.” Averøy kommune meiner at Statens vegvesen har mista retten til motsegn sidan dei ikkje varsla motsegn ved oppstart. Sjølv om departementet gjerne skulle ha sett at vegvesenet ga eit tydelegare signal om fara for motsegn på eit tidleg stadium i reguleringsprosessen, er departementet einig med fylkesmannen i at motsegnsretten ikkje har falt bort i dette tilfellet. Det er ikkje eit krav at ordet motsegn blir brukt, og Miljøverndepartementet meiner at Statens vegvesen har vore klar nok i si åtvaring om motsegn.

Reguleringsplanen sitt innhald

I den gjeldande kommuneplanen for Averøy kommune vedtatt 2. februar 2009, er det uttalt at kommunen treng fleire bustader som følgje av eit aukande folketal dei kommande åra, og på Uran blei det såleis opna for fleire bustader i kommuneplanen. Dette er no følgt opp i reguleringsplan for Uran. Miljøverndepartementet har tatt kommunen sitt behov for fleire bustader med i avgjerda av denne saka.

Det springande punktet i saka er trafikktryggleiken i det planlagde bustadområdet og særleg omsynet til dei mjuke trafikkantane. Etter tilrådingane frå Statens vegvesen, Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet meiner Miljøverndepartementet det er gjort klart at trafikktryggleiken langs fylkesveg 260 vil bli forverra som følgje av dei planlagde utbyggingane.  Fleire bustader på begge sider av vegen vil gjere at folk i større grad treng å krysse vegen, og det er truleg at vegen blir ein møteplass og leikeområde. Departementet meiner det ikkje er godtgjort at dei avbøtande tiltaka i form av gang- og sykkelveg og leikeområde vil kunne forhindre dette godt nok.

Miljøverndepartementet legg stor vekt på trafikktryggeleiken i plansaker. I denne saka meiner departementet at behovet for nye bustader ikkje kan vege opp for den reduserte tryggleiken som dei nye bustadene gir for bebuarane i området. Seks nye bustader på nordsida av vegen vil også gi auka fare for at vegen blir brukt som møteplass og leikeområde, men i mindre grad enn om det også var nye bustadhus på sørsida.

Miljøverndepartementet tek etter dette motsegna frå Statens vegvesen til følgje og godkjenn ikkje den delen av reguleringsplanen som opnar for seks nye bustadhus på sørsida av fylkesveg 260. Miljøverndepartementet ber kommunen ta desse bustadtomtene ut av reguleringsplanen og regulere arealet for dei til Landbruks-, natur- og friluftsformål (LNF) – friluftsformål SOSI-kode 5130 etter pbl. § 12-5 nr. 5. Som følgje av dette må det gjerast endringar i avkøyrslane i reguleringskartet. Avkøyrslane til tomt nummer 1 og 2 og til tomt nummer 5 og 6 fell bort og arealet blir sett av til LNF – friluftsformål. Dei to midtre avkøyrslane blir verande som i reguleringskartet. Gnr. 84 bnr. 2 brukar etter dette den eksisterande avkøyrselen sin.

Av omsyn til trafikktryggleiken gjennom bustadområdet meiner Miljøverndeparte­mentet at busslommer på begge sider av vegen samt gang- og sykkelveg må stå ferdig til bruk seinast samtidig med at det første av dei nye bustadhusa blir tatt i bruk. Departementet ber kommunen ta inn i ei rekkjefølgjeføresegn i reguleringsplanen § 8 som lyder: ”Busslommer på begge sider av vegen og gang- og sykkelveg frå austgrensa av planområdet fram til avkøyrselen ved gnr. 84 bnr. 11 skal være vere ferdigstilt seinast samtidig med at det første av dei nye bustadhusa blir tatt i bruk”.

Vi ber også om at gang- og sykkelvegen blir vist i plankartet som arealformål SOSI-kode 2015 frå planområdet si austgrensa i det minste fram til den vestre avkøyrsla ved gnr. 84 bnr. 11. Vidare må kommunen endre eit par feil i bruken av kartsymbol. For det første må ein for nausttomtane bruke SOSI-kode 1589. For det andre må kommunen endre kartsymbola for moloen med fylling; ein kan ikkje bruke formålsgrense og grense for regulert støttemur slik som det er gjort i reguleringskartet. Departementet ber kommunen bruke RpBestemmelseGrense for å markere omrisset til toppen av moloen og kanten av fyllingsfoten, og vidare knytte planføresegner til dei to grensene for å beskrive tiltaket, sjå Nasjonal produktspesifikasjon for  arealplan og digitalt planregister del 1 punkt 1.5.17.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-13 godkjenner Miljøverndepartementet reguleringsplan for Uran i Averøy kommune med unntak av bustadtomter nummer 1-6 som i staden blir regulert til LNF – friluftsformål. Som beskrive ovanfor må kommunen vidare gjere endringar i avkøyrslane, ta inn rekkjefølgjeføresegna om busslommer og gang- og sykkelveg og gjere andre mindre endringar i reguleringskartet.

 

Miljøverndepartementet legg til grunn at Averøy kommune endrar reguleringsplankartet og planføresegnene i samsvar med vedtaket.

 

Med helsing

 

Bård Vegar Solhjell                                                                                        

 

 

Kopi til:

 

 

Averøy kommune

Bruhagen

6530

AVERØY

Samferdselsdepartementet

Postboks 8010 Dep

0030

OSLO

Statens vegvesen,  Vegdirektoratet

Postboks 8142 Dep

0033

OSLO

Statens Vegvesen,  Region midt

Fylkeshuset

6404

MOLDE

Iversen Petch AS