Etne - Massetak, Sørheim (kulturminnevern)

Avgjersle i motsegnssak, 9.10.2001

Etne – Massetak, Sørheim

Etne kommune - Motsegn til reguleringsplan for massetak på Sørheim

Vi viser til fylkesmannen sin ekspedisjon hit av 30.05.2001.

Saka er i samsvar med § 27-2, nr. 2 i plan- og bygningslova sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd fordi Riksantikvaren har motsegn mot massetak på delar av Sørheim, gnr. 36, bnr. 5 og 10.

Departementet stadfestar reguleringsplan for massetak på Sørheim med tilhøyrande føresegner. Motsegna frå Riksantikvaren er etter dette ikkje teken til følgje. Ein føresetnad for vedtaket er at planområdet må granskast i samsvar med kulturminnelova § 9 og at kommunen tek ansvar for formidlinga av eventuelle kulturminner som vert avdekt.

Bakgrunn for saka:

Riksantikvaren har reist motsegn mot massetak på delar av Sørheim, gnr. 36, bnr. 5 og 10 etter at Fylkesutvalet i Hordaland vedtok å tilrå planen, i strid med administrasjonen si tilråding. Riksantikvaren meiner uttaket har store negative konsekvensar for dei nasjonale kulturminneinteressene knytt til kulturmiljøet ved Stødle-/ Sørheim- og Austrheimterrassane.

Fylkesutvalet i Hordaland tilrår at massetaket vert godkjend og viser i vedtaket til omsynet for trygge arbeidsplassar og næringsgrunnlag i sand- og betongproduksjonen. Fylkesutvalet oppmodar vidare kommunen til å leggje til rette for alternative uttaksområde i kommuneplanen, og ber om at arbeidet med å sikre eit område på Stødleterrassen etter kulturminnelova vert sett i verk.

Fylkesmannen har i sitt oversendingsbrev til departementet, vist til at Etne er ein uttynningskommune, og at det er viktig å trygge lokale arbeidsplassar innan sand- og betongproduksjon.

Nærings- og handelsdepartementet har i brev av 23.08.01 bede om at det omsøkte tiltaket vert godkjend i samsvar med Bergvesenet si tilråding. Bergvesenet seier at det er ein særs viktig regional grussressurs som det er riktig å nytta mest mogeleg av innafor dei aktuelle eigedomane. Departementet er vidare samd med fylkesmannen som finn at det er viktig å tryggja arbeidsplassar innan sand- og betongnæringa lokalt. Bergvesenet sitt brev følgjer vedlagt.

Det vart halde synfaring i området den 4. juli 2001 med deltakarar frå kommunen, fylkesmannen, fylkeskommunen, Riksantikvaren, tiltaks- og grunneigarar, grannar og Miljøverndepartementet.

Miljøverndepartementet har desse merknadene:

Konflikten gjeld utnyttinga av delar av ein stor regional grusressurs i høve til innverknaden på eit særs verdfullt kulturmiljø.

Området som konfliktane gjeld har status som landbruks-, natur- og friluftsområde i kommuneplanen for Etne, vedteke 28.06.1988. Reguleringsplanen er på 44 daa og omfattar berre masseuttak. Uttaket skal nyttast til grus og betongproduksjon for ei eksisterande verksemd. Planen er ein liten del av Støle-/Sørheim-/Austrheimterrassen og ligg inntil ein stadfesta reguleringsplan for eit større uttak søraust i terrassen.

Etne kommune har utarbeidd ein kommunedelplan for sand- og grusuttak der store delar av Støle-/Sørheim-/Austrheimterrassen var foreslått til uttaksområde. Hordaland fylkeskommune fremma motsegn til områda for masseuttak på terrassen av omsyn til det viktige kulturmiljøet. Kommunen vedtok etter dette planen som temaplan for sand- og grusuttak utan juridisk bindande arealdel.

Samstundes med arbeidet med kommunedelplanen vart reguleringsplanen fremma som privat planforslag. Det er utarbeidd konsekvensutgreiing for massetaket. Riksantikvaren skriv i si fråsegn til konsekvensutgreiinga at direktoratet ikkje tilrår at tiltaket vert godkjent. Departementet vil peika på at drøftingane i konsekvensutgreiinga er knytt til dei uttaksområda som var inne i kommunedelplanen og det fyrste reguleringsplanframlegget, altså eit større masseuttak enn det som denne saka gjeld.

I samband med fylkesmannen sin mekling la kommunen fram nytt reguleringsforslag der uttaksområdet er redusert til 45 % av opphavleg planforslag. Meklinga førte ikkje fram, men saka vart handsama på nytt av Etne kommunestyre den 5. april 2001, der kommunestyret godkjende dette siste planforslaget. Det er difor planen for det reduserte uttaket som nå er til handsaming i Miljøverndepartementet.

Miljøverndepartementet støttar seg til fråsegna frå Riksantikvaren og legg til grunn at det samla kulturmiljøet på terrassen er av nasjonal interesse/verdi. Både fylkeskommunen og Riksantikvaren har vurdert området for kulturmiljøfredning etter kulturminnelova § 20. Riksantikvaren har i si fråsegn også peika på at i tillegg til dei kjente kulturminna utafor planområdet, har innmarka over det heile eit stort potensiale for funn av ikkje-synlege kulturminne.

Støle-/Sørheim-/Austrheimterrassen dannar eit naturleg avgrensa rom og det er eit nært samspel mellom landskapet og kulturminna. Dette gjer kulturmiljøet sårbart mot nye terrenginngrep og utbygging. Dei siste 100 åra er talet på registrerte automatisk freda kulturminner i området halvert.

Motsegna frå Riksantikvaren er fremja av omsyn til heilskapen i dette verdifulle kulturmiljøet. I motsegna vert det halde fram at inngrep i terrassen vil vere i konflikt med dei nasjonale kulturminneinteressene.

Samstundes er det også viktige samfunnsinteresse knytt til bruken av grusressursen i området.

Spørsmålet er om det er mogeleg å finne fram til ei kompromissløysing som tek høveleg omsyn til begge dei viktige interessene.

Miljøverndepartementet vil trekke fram at planforslaget gjeld ein liten del av grusressursen i Støle-/Sørheim-/Austrheimterrassen, og at både Nærings- og handelsdepartementet, fylkesutvalet og fylkesmannen legg vekt på kor viktig ei utnytting av ressursen er.

Vidare vil departementet understreke at det planlagde masseuttaket er eit inngrep i ein mindre del av terrassen, og er lokalisert inntil eit eksisterande masseuttak. Det nye tiltaket vil ikkje føre til at såret i terrassekanten får større breidde. Dette inneber at dei negative effektane på landskapet ikkje vert særleg store. På grunn av det flate terrenget på terrassen med ein liten morenerygg parallelt med uttakskanten, vil det vere mogeleg å skjerme mot innsyn frå andre delar av kulturmiljøområdet.

Vassdraget i dalbotnen har vore med på å utforme landskapet gjennom å danne skiftande meanderformer. Departementet er samd med kommunen i at det nye uttaket vil føre til at det eksisterande grusuttaket vil få ein mjukare tilpassing til dei vekslande linene i dal- og terrasselandskapet. Dette kom m.a. fram under synfaringa. Vidare finn departementet at føresegnene til reguleringsplanen legg til rette for ei god istandsetjing av uttaksområdet.

Planområdet er i hovudsak dyrka mark utan kjende kulturminne.

Sjølv om det er eit nasjonalt mål å minske ytterlegare tap av kulturminne og kulturmiljø, meiner Miljøverndepartementet at kommunen sitt planforslag er eit akseptabelt kompromiss i konflikten mellom vern og bruk.

Ut frå ei samla vurdering finn ikkje Miljøverndepartementet grunnlag for å setja fylkesutvalet si tilråding og kommunestyret sitt vedtak til sides.

På grunn av at det vart reist motsegn i saka er plikta i kulturminnelova § 9 til å gjere granskingar ikkje gjennomført. Ein må difor sette inn i føresegnene eit tillegg om at registrering og eventuell særskilt gransking i samsvar med kulturminnelova må gjennomførast før tiltaket kan setjast i gong. Endringa i føresegnene er drøfta med kommunen.

Vedtak:

I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 stadfestar departementet Etne kommunestyre sitt vedtak i møte den 05.04.2001. Samstundes fastsett departementet eit tillegg i føresegnene knytt til frigjeving av planområdet etter kulturminnelova § 8, 2.ledd.

Det stadfesta plankartet følgjer vedlagt med påteikning om stadfestinga saman med dei stadfesta føresegnene med tillegg.

Departementet viser til at planområdet må granskast i samsvar med kulturminnelova § 9 og at kulturminnestyresmaktene kan fastsetje mogelege vilkår for særskilt gransking etter lova før tiltak kan setjast i verk. Etter kulturminnelova § 10 skal eigaren av tiltaket kosta granskinga. Kommunen må ta ansvar for formidlinga av eventuelle kulturminner som vert avdekt.

Departementet legg vidare vekt på at kommunen fylgjer nøye opp føresegnene om ei god istandsetjing av planområdet etter uttak med tilplanting og terrengmessig tilpassing.

Kulturminnestyresmaktene har fleire gonger dei siste 20-25 åra søkt å sikre kulturmiljøet på terrassen. Ytterlegare inngrep i Støle-/Sørheim-/Austrheimterrassen som vil forringe dei samla kulturmiljøverdiane, vil ikkje vere i tråd med nasjonale mål. Departementet føresett difor at spørsmålet om lokalisering av nye masseuttak vert avklara i samband med kommunen si komande overordna planlegging.

Departementet finn at reguleringsplanen er handsama i samsvar med føresegnene i plan- og bygningslova, og at handsaminga ikkje gir grunn for merknader.

Om kunngjering av stadfesta reguleringsplan viser vi til reglane i plan- og bygningslova § 27-2 nr. 3).

Kommunen vert gjort kjent med vedtaket med kopi av dette brevet.