3 Krav til tilbydarane og dokumentasjon

3.1 Innleiing

For å kvalifisere til å bli tildelt kontrakt, må tilbydaren kunne dokumentere at han har dei nødvendige tekniske og operative føresetnadane for å operere på den aktuelle rutestrekninga.

Nedanfor følgjer ei oversikt over kvalifikasjonskrava tilbydar må kunne dokumentere i tilbodet.

3.1.1 Lisens

Tilbydaren må ha gyldig lisens i samsvar med forordning (EF) nr. 1008/2008 av 24. september 2008 om felles regler for drift av lufttrafikk i Fellesskapet. Kravet er òg omtalt i lufttransportforskrifta § 12.

Dersom tilbydaren søkjer om lisens for første gang, skal lisenssøknaden leggast ved tilbodet. Samferdselsdepartementet er ikkje den myndigheita som utferdar lisensar, og tilbydaren ber risikoen for at lisens vert gitt.

Tilbydarar som ikkje har gyldig lisens, eller som ikkje kan påvise at gyldig lisens vil liggja føre ved tidspunktet for tildeling, vil bli avvist.

3.1.2 Attest for skatt og meirverdiavgift

Norske tilbydarar skal leggje ved attest for skatt og meirverdiavgift i tilbodet. Attestane skal ikkje vere meir enn seks månader gamle, rekna frå tilbodsfristen.