6 Krav til tilbodet
6.1 Krav til utforming og levering av tilbodet
- Tilbodet skal vere elektronisk og innehalde eit utfylt tilbodsskjema (sjå vedlegg 3) som skal vere datert, underteikna og merka med namnet på tilbydar. Dersom to eller fleire tilbydarar leverer tilbod i fellesskap, må alle tilbydarane signere tilbodet.
- Sendinga skal vere merka «Tilbod FOT-ruter frå 1. november 2027».
- Tilbodet skal leverast på eit skandinavisk språk eller på engelsk.
- Tilbodet skal sendast med e-post til Samferdselsdepartementet si adresse (sjå punkt 1.6). Sjå elles lufttransportforskrifta § 17.
6.2 Tilbodsfrist
Tilbodsfristen er 6. oktober 2026 kl. 12.00 (lokal tid).
Tilbodet må vere tatt imot av Samferdselsdepartementet på e-postadressa som er nemnt i punkt 1.6 før tilbodsfristen går ut.
For seint innkomne tilbod kan bli avvist i medhald av lufttransportforskrifta § 18.
6.3 Endring og tilbakekalling av tilbod
Eit tilbod kan kallast tilbake eller endrast fram til tilbodsfristen går ut. Tilbakekallinga må gjerast skriftleg. Eit endra tilbod er å rekne som eit nytt tilbod og skal vere utforma i samsvar med krava i desse prosedyrereglane.
6.4 Frist for å vedstå seg tilbodet
Tilbydarane skal vedstå seg tilbodet i 160 dagar rekna frå når fristen for levering av tilbod går ut.
Samferdselsdepartementet kan be alle tilbydarane om å gje erklæring om at fristen for å vedstå seg tilbodet vert forlenga.
6.5 Innhald i tilbodet
6.5.1 Dei tilbydde tenestene og føresetnader for tenesteleveransen
6.5.1.1 Tilbod på eitt eller fleire ruteområde
Tilbydaren skal gi separate tilbod for kvar enkelt rute. Det er lov til å gi tilbod på berre eitt eller nokre av ruteområda.
Sør-Noreg i perioden 1. november 2027 – 31. oktober 2031:
|
Ruteområde |
Rute(r) |
|---|---|
|
1 |
Røros–Oslo v.v. |
|
2 |
Florø–Oslo v.v. |
|
3 |
Stord–Oslo v.v. |
|
4 |
Ørsta-Volda–Oslo v.v. |
|
5 |
Førde–Oslo v.v. |
|
6 |
Sogndal–Oslo v.v. |
|
7 |
Sandane–Oslo v.v. |
|
8 |
Ørsta-Volda–Bergen v.v. |
|
9 |
Sogndal–Bergen v.v. |
|
10 |
Sandane–Bergen v.v. |
I tillegg kan tilbydaren by på gyldige kombinasjonar av ruteområde dersom det kan gjere det samla behovet for kompensasjon lågare.
Desse kombinasjonane av ruteområde er tillatne:
- Ruteområde 4, 5, 6 og 7
- Ruteområde 4, 5, 6, 7 og 8
- Ruteområde 9 og 10
- Ruteområde 8, 9 og 10
- Ruteområde 4, 5, 6, 7, 8, 9 og 10
Dersom tilbydaren vel å gi tilbod på kombinasjonar av ruteområde i tillegg til tilbod på kvart enkelt ruteområde, skal han òg gi tilbod på alle tillatne delkombinasjonar som i sin heilskap inngår i ein større kombinasjon han òg gir tilbod på.
Eksempel 1
Tilbydar 1 byr på kombinasjon e (ruteområde 4, 5, 6, 7, 8, 9 og 10), som er den største kombinasjonen. Han er då nøydd til å by på alle dei andre tillatne kombinasjonane (kombinasjon a, b, c og d.) og ruteområda 4, 5, 6, 7, 8, 9 og 10.
Tilbydar 2 byr på kombinasjon d (ruteområde 8, 9 og 10). Han er då nøydd til å by på den andre tillatne delkombinasjonen i kombinasjon d (kombinasjon c) og ruteområde 8.
På denne måten kan ein tilbydar vinne ein stor kombinasjon, ein mindre delkombinasjon eller eitt eller fleire ruteområde, samstundes som ein annan tilbydar vinn ein annan delkombinasjon eller eitt eller fleire andre ruteområde.
Tilbydarer kan altså ikkje delta i konkurransen med vilkår om at dei skal vinne «alt eller ingenting».
Eksempel 2
- Tilbydar 1 byr 100 for kombinasjon e (ruteområde 4, 5, 6, 7, 8, 9 og 10)
- Tilbydar 2 byr 60 for kombinasjon a (ruteområde 4, 5, 6, og 7)
For at tilbydar 2 skal vinne kombinasjon a, må ein annan tilbydar ha bydd mindre enn 40 for kombinasjon d, eller så må summen av enkeltboda på ruteområde 8, 9 og 10 vere mindre enn 40. Elles vil bodet til tilbydar 1 for kombinasjon e vere lågare enn summen av boda på kombinasjon a og d.
Tilbodet skal innehalde tilbodsbudsjett for kvart enkelt ruteområde, jf. vedlegg 4. Budsjetta skal vise fordelinga av kostnader og inntekter på kvart ruteområde som er med i kombinasjonen, og kva kompensasjon tilbydaren krev for kvart ruteområde. Sjå vedlegg 3.
6.5.1.2 Krav til spesifikasjon av tilbydd teneste
Tilbodet skal minst innehalde følgande spesifikasjon av tenestene, jf. FOT i vedlegg 1:
- Ruteprogram og rutestruktur
- daglege avgangar og rutetider
- tilbydd setekapasitet per ruteområde per driftsår
- Billettprisar
- Struktur, nivå, vilkår og rabattar
- Luftfartøy
- Type luftfartøy
- Storleik (setekapasitet)
- Lastekapasitet
Innanfor dei rammene som følgjer av FOT (vedlegg 1), skal tilbydaren sjølv utarbeide nødvendig ruteprogram for ruteområdet, jf. kontraktvilkåra (vedlegg 2). Ruteprogrammet skal liggje ved tilbodet og innehalde ein spesifikasjon av kor mange sete som vert tilbydd per rute. Som det går fram av punkt 8.2 vil dette bli lagt vekt på i vurderinga av tilbodet, men berre dersom alle tilbod inneheld identiske kompensasjonskrav. Operatøren skal syte for å innhente synspunkt frå aktuelle fylkeskommunar og kommunar, samt lufthamnoperatør, i fastsettelsen av første ruteprogram og ved større endringar undervegs i kontraktsperioden, jf. kontraktsvilkåra punkt 5.6.
Tenestene som er omfatta av anskaffinga skal utførast av tilbydar sjølv. Å leige inn luftfartøy med mannskap («wet-lease») er berre unntaksvis tillate, og berre dersom oppdragsgjevar aksepterer dette på førehand (sjå kontraktvilkåra punkt 5.14).
6.5.2 Tilbodsskjema, tilbodsbudsjett, krav om økonomisk kompensasjon og billettprisar
Tilbydar skal nytte skjemaet for budsjett som går fram av vedlegg 4, og kompensasjonen som er nødvendig for å drifte den aktuelle ruta i heile kontraktperioden skal vere oppgitt i norske kroner.
Alle budsjettpostar skal vere spesifiserte for heile driftsperioden samla og per driftsår. Realistisk budsjettering er ein føresetnad. Tilbydar skal opplyse om kva for skatter og avgifter som er med i tilbodet. Inntekter og utgifter skal førast opp i tilbodsbudsjettet utan passasjeravgifter og tryggingsavgifter.
Det samla kompensasjonsbeløpet for ruteområdet/ruteområda skal fyllast inn i tilbodsskjemaet i vedlegg 3 til konkurransegrunnlaget, og leggjast fremst i tilbodet.
Tilbodet skal bygge på prisnivået for første driftsår (1. november 2027 – 31. oktober 2028). For dei neste driftsåra skal kompensasjonsbeløpet i tilbodsbudsjettet reknast om i tråd med tolvmånadersendringa i kostnadsindeks for regional luftfart fastsett av Samferdselsdepartementet per september same året. Dette inkluderer alle postane i tilbodsbudsjettet med unntak av post 20–23. Drivstoffkostnader justerast og i tråd med delindeks for flydrivstoff for perioden frå 1. oktober 2026 til og med september 2027. Beløpet avreknast mot vederlag til utbetaling i desember 2027. Det samla kompensasjonsbeløpet for driftsåra med 12 månader skal vere likt fordelt i dei fire driftsåra for ruteområde 1–10.
Tilbydaren skal leggje til grunn at han får behalde alle inntektene av den verksemda tilbodet omfattar, og at han er fullt ansvarleg for kostnadene. Presiseringar og unntak frå dette utgangspunktet går fram av kontraktvilkåra (vedlegg 2) punkt 7, 9, 10 og 11.
Tilboda skal spesifisere billettprisane og vilkåra som høyrer til. Sjå føresegnene om billettprisar i kontraktvilkåra (vedlegg 2) punkt 6 og forpliktingane til offentleg tenesteyting (vedlegg 1). Tilboda skal og innehalde budsjett for planlagt utført produksjon per ruteområde per år (tal på setekilometer og tonnkilometer, landingar og flytimar).
Vidare skal tilbydaren oppgi og spesifisere kva prinsipp som ligger til grunn for fordelinga av dei ulike kostnadane med den delen av verksemda som ikkje er en del av tilbodet. Det skal og gå klart fram i tilbodet kor stor del av dei totale kostnadane som er høvesvis direkte knytt til kontrakten og kostnader delt med andre delar av verksemda.
Dersom eit luftfartsselskap legg inn tilbod der kravet til kompensasjon er satt til kroner null («nulltilbod»), skal det forståast slik at operatøren vil drive ruteområdet med einerett, men utan kompensasjon frå staten.
6.5.3 Utgreiing om oppstart og gjennomføringsevne
Tilbodet skal innehalde ei utgreiing av forhold som gjer at tilbydar kan dokumentere at selskapet vil vere i stand til å starte oppdraget 1. november 2027, og oppfylle forpliktingane i kontrakten (sjå særleg kontraktens punkt 5 og 6).
Utgreiinga skal nyttast av oppdragsgjevar ved vurdering av om det er grunnlag for å avvise som nemnt i lufttransportforskrifta og i punkt 7.
Nedanfor er det lista opp nokon av forholda som bør inngå i utgreiinga. Det er ikkje eit absolutt krav at tilbydar legg ved all dokumentasjon som er lista opp. Det er òg mogleg å levere annan dokumentasjon enn den som er lista opp. Tilbydaren ber risikoen for at dokumentasjonen og utgreiinga i tilbodet er tilstrekkeleg.
Organisasjon:
- Gyldig Air Operator’s Certificate (AOC) med tilhøyrande spesifikasjonar
- Organisasjonskart med funksjonar og namn
- Tal på årsverk fordelt på
- Administrativt personell
- Flyoperativt personell
- Flyteknisk personell
Luftfartøy:
- Kort beskriving av tilbydt type
- Fullstendig typenamngjeving
- Om fartøyet er utrusta med trykkabin
- RNP kapasitet
- AFM-sertifisering og operativ løyve for steep approach dersom den aktuelle lufthamna krev det (innflyging 4,5°eller brattare)
- Avgrensingar i forhold til isingsforhold
- Tal på sete
- Fuelforbruk cruise og i holding 1500’ over plassen
- Om luftfartøyets evne til å operere under GNSS RFI.
- Basic Performance Data, inkludert ytingsdata for landingsplassane tilbodet omfattar:
- Dry operating weight (DOW) i aktuell konfigurasjon
- Max Take-off weight (MTOW)
- Max fuel kapasitet og endurance
- GMC for aktuelle lufthamner under RWYCC 3. Dokumentasjon på at ytingsdata er oppdatert til GRF standard( jf. AMC1 CAT.OP.MPA.303(e) til forordning (EU) 965/2012)
- At flyet er i stand til å møte publisert climb gradient på publisert SID, eller eventuelt alternative prosedyrar
- Selskapsprosedyrar for «engine failure climb out»
- Tal på kor mange fartøy av denne typen selskapet disponerer, eventuelt skildring av planar om leige av slikt materiell.
- Opplysningar om selskapet har simulator tilgjengeleg som tilfredsstillar krava i forskrift om kortbaneoperasjonar, jf. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2018-09-17-1339.
Operative forhold:
- Skildring av korleis det er tenkt at operative forhold skal ivaretakast ved kvar lufthamn (base) som skal brukast på ruteområdet. Eksempel kan vere planleggingsfasilitetar, tilgang til PC med tilgang til selskapets programvareløysing, osv.
- Skildring av korleis eventuelt erstatningsluftfartøy kan setjast i drift på kort varsel.
- Tilgang på nødvendige tenester i samband med vekt- og balanseutrekning, drivstoffylling, lasting og lossing.
- Landingsplasskvalifikasjonar, korleis nødvendig kompetanse/nødvendig kvalifikasjonar skal oppfyllast på landingsplassar i kategori B og C (der aktuelt)
- Tilgang på kvalifisert personell (besetning), eventuelle planar for tilsetjing og kvalifisering av slikt personell.
- Dokumentasjon av utstyrskrav som må vere oppfylt for å operere på ruteområdet/-a der dette er spesifisert i tilbodet eller publisert i AIP for den aktuelle lufthamna.
- Tryggleiksvurdering på kvar av rutestrekningane som det vert lagt inn tilbod på.
- Gjere greie for eventuelle sjølvpålagte restriksjonar som kan påverke regularitet
Tekniske forhold:
- Skildring av korleis kontinuerleg luftdugleik og teknisk vedlikehald er tenkt sikra i samband med ruteområdet/ruteområda som skal utførast i tilbodet.
- Parkering av luftfartøy på aktuell(e) endestasjon(ar) med omsyn til tryggleik, nødvendig vedlikehaldsarbeid og vern mot kritiske vêrforhold. Dersom fartøyet må stå ute, må selskapet avklare med lokal lufthamn om utslippsrestriksjonar knytt til av-isingsvæske.
- Tilgang til nødvendige tenester med omsyn til av-ising, tauing og servicing av luftfartøy.
- Kopi av kontrakt eller liknande med PART-145-verkstad, eventuell kopi av eigne PART-145 verkstadrettar .
- Kopi av Part-CAMO godkjenning (EASA Form 14).
- Kopi av Part-145 godkjenning (EASA Form 3-145) for vedlikehaldsorganisasjon operatøren enten har kontrakt med eller innehar sjølv.
Framdriftsplan:
- Framdriftsplan med tidsplan for alle relevante forhold som skal vere handtert før oppstartsdatoen. Tilbydaren oppmodast mellom anna til å vise korleis forholda i bokstav a) – s) vil bli tatt hand om.
Samferdselsdepartementet gjer ei sjølvstendig vurdering av kor sannsynleg det er at tilbydaren kan starte flygingane innan fristen og oppfylle resten av forpliktingane i kontrakten.
I tillegg til å vurdere dokumentasjonen i tilbodet, har departementet rett til å innhente opplysingar for å avklare, verifisere eller supplere opplysingane i tilbodet. Sjå meir om verknadene av dette mellom anna i lufttransportforskrifta § 23, jf. § 20.
6.5.4 Atterhald og avvik
Atterhald og avvik frå konkurransedokumenta skal gå klart fram av tilbodet. Tilbydar vert oppmoda til å vise særleg til kor i tilbodet atterhaldet eller avviket er forklart. Omtalen skal vere presis og eintydig og utforma slik at Samferdselsdepartementet kan vurdere avviket eller atterhaldet utan kontakt med tilbydaren.
Tilbod som inneheld atterhald eller avvik vil kunne medføre avvising. Avvising kan skje på eitkvart tidspunkt i konkurransen når vilkåra for dette er oppfylt. Avgjerda om avvising kan utsettast til etter at har vært gjennomført avklaringar, jf. punkt 7.3 under, eller forhandlingar.
6.5.5 Komplett tilbod
Eit komplett tilbod skal minst omfatte:
- Utfylt tilbodsskjema, jf. punkt 6.5.2 tredje avsnitt.
- Utfylt budsjett for ruta/rutene, jf. punkt 6.5.2 første og andre avsnitt.
- Alle opplysingane som det er stilt krav om i punkt 6.5.1.
- Dokumentasjon på kvalifikasjonar, jf. kapittel 3:
- kopi av lisens og AOC
- attest for skatt og meirverdiavgift
- Utgreiing og dokumentasjon om oppstart og oppfylling av kontrakten, jf. punkt 6.5.3.