8 Avgjerd av konkurransen
8.1 Avlysing av konkurransen og avvising av alle tilbod
Samferdselsdepartementet har rett til å avlyse konkurransen, eller delar av konkurransen, når det er sakleg grunn til det i samsvar med lufttransportforskrifta § 25. Det same gjeld avvising av alle tilbod.
Departementet legg blant anna til grunn at det har sakleg grunn til å avlyse konkurransen dersom eit EØS-luftfartsselskap som kan få løyve til å utøve trafikk på den utlyste ruta, dokumenterer at det vil starte vedvarande flygingar utan tildeling av einerett som omtalt i lufttransportforordninga, før ein av tilbydarane vert tildelt kontrakt. Sjå punkt 1.3 andre avsnitt.
Fristen for å melde kommersiell drift er dagen før avgjersla om kven som skal tildelast kontrakten vert offentleggjort (sjå punkt 8.3).
Dersom konkurransen vert avlyst, eller alle tilboda vert avviste, skal Samferdselsdepartementet melde frå om det til dei som har levert tilbod i samsvar med punkt 8.4.
8.2 Tildelingskriterium
Som hovudregel skal kontrakten tildelast det tilbodet som har det lågaste kompensasjonskravet for heile kontraktsperioden.
Dersom tildeling ikkje kan skje etter hovudregelen, fordi Samferdselsdepartementet har mottatt tilbod med identiske kompensasjonskrav, skal kontrakt tildelast det tilbodet som tilbyr høgast setekapasitet for heile kontraktsperioden.
8.3 Avgjerd om tildeling av kontrakt og omgjering
Avgjersla i Samferdselsdepartementet om kven som skal tildelast kontrakt, skal meldast skriftleg til alle deltakarane i rimeleg tid før det vert inngått kontrakt. Avgjerda kan gjerast om i samsvar med lufttransportforskrifta § 27. Meldinga skal innehalde ei grunngjeving for valet.
Kontrakten vert rekna som inngått når begge partar har skrive under.
Avgjerda om kven som vert tildelt kontrakt vert offentleggjort på nettsida til Samferdselsdepartementet (regjeringen.no).
8.4 Opplysingsplikt
Samferdselsdepartementet skal gje skriftleg melding med ei kort grunngjeving:
- dersom eit tilbod vert avvist
- dersom alle tilbod vert avviste
- dersom konkurransen vert avlyst