Vedlegg 1.Forpliktingar til offentleg tenesteyting (fot)

1 Innleiing

Med verknad frå 1. november 2027 innførte Noreg nye forpliktingar til offentleg tenesteyting på følgjande flyruter:

Sør-Noreg 1. november 2027 – 31. oktober 2031

Ruteområde

Rute(r)

1

Røros–Oslo v.v.

2

Florø–Oslo v.v.

3

Stord–Oslo v.v.

4

Ørsta-Volda–Oslo v.v.

5

Førde–Oslo v.v.

6

Sogndal–Oslo v.v.

7

Sandane–Oslo v.v.

8

Ørsta-Volda–Bergen v.v.

9

Sogndal–Bergen v.v.

10

Sandane–Bergen v.v.

2 Ruteområda og forpliktingar per rute

2.1 Ruteområde 1

Røros–Oslo

Kapasitet

Per driftsår 1. november 2027 – 31. oktober 2031

  • Tilbydt setekapasitet skal vere minst 12 500 sete per år i kvar retning.

Ruteføring

Måndag –fredag:

  • Det skal vere minst to daglege avgangar i begge retningar.

Laurdag –søndag:

  • Det skal vere minst to avgangar i begge retningar laurdag og søndag samla.

Rutetider

Måndag –fredag:

Frå Røros:

  • Første landing i Oslo skal vere seinast kl. 08:00.

Til Røros:

  • Siste avgang frå Oslo skal vere tidlegast kl. 17:00.

2.2 Ruteområde 2

Florø–Oslo

Kapasitet

Per driftsår 1. november 2027 – 31. oktober 2031

  • Tilbydt setekapasitet skal vere minst 31 600 sete per år i kvar retning.

Ruteføring

Måndag –fredag:

  • Det skal vere minst to daglege avgangar i begge retningar.

Laurdag –søndag:

  • Det skal vere minst to avgangar i begge retningar laurdag og søndag samla.

Rutetider

Måndag–fredag:

Frå Florø:

  • Første landing i Oslo skal vere seinast kl. 08:30.

Til Florø:

  • Siste avgang frå Oslo skal vere tidlegast kl. 17:00.

Ruteområde 3

Stord–Oslo

Kapasitet

Per driftsår 1. november 2027 – 31. oktober 2031

  • Tilbydt setekapasitet skal vere minst 27 800 sete per år i kvar retning.

Ruteføring

Måndag –fredag:

  • Det skal vere minst to daglege avgangar i begge retningar.

Laurdag –søndag:

  • Det skal vere minst to avgangar i begge retningar laurdag og søndag samla.

Rutetider

Måndag –fredag:

Frå Stord:

  • Første landing i Oslo skal vere seinast kl. 08:00.

Til Stord:

  • Siste avgang frå Oslo skal vere tidlegast kl. 17:00.

2.4 Ruteområde 4

Ørsta-Volda–Oslo

Kapasitet

Per driftsår 1. november 2027 – 31. oktober 2031

  • Tilbydt setekapasitet skal vere minst 78 900 sete per år i kvar retning.

Ruteføring

Måndag –fredag:

  • Det skal vere minst tre daglege avgangar i begge retningar.

Laurdag –søndag:

  • Det skal vere minst tre avgangar i begge retningar laurdag og søndag samla.

Rutetider

Måndag–fredag:

Frå Ørsta-Volda:

  • Første landing i Oslo skal vere seinast kl. 08:00

Til Ørsta-Volda:

  • Siste avgang frå Oslo skal vere tidlegast kl. 17:00

2.5 Ruteområde 5

Førde–Oslo

Kapasitet

Per driftsår 1. november 2027 – 31. oktober 2031

  • Tilbydt setekapasitet skal vere minst 55 900 sete per år i kvar retning.

Ruteføring

Måndag –fredag:

  • Det skal vere minst tre daglege avgangar i begge retningar.

Laurdag –søndag:

  • Det skal vere minst tre avgangar i begge retningar laurdag og søndag samla.

Rutetider

Måndag–fredag:

Frå Førde:

  • Første landing i Oslo skal vere seinast kl. 08:00.

Til Førde:

  • Siste avgang frå Oslo skal vere tidlegast kl. 17:00.

8.5 Ruteområde 6

8.5.1 Sogndal–Oslo

Kapasitet

Per driftsår 1. november 2027 – 31. oktober 2031

  • Tilbydt setekapasitet skal vere minst 31 800 sete per år i kvar retning.

Ruteføring

Måndag –fredag:

  • Det skal vere minst to daglege avgangar i begge retningar.

Laurdag –søndag:

  • Det skal vere minst to avgangar i begge retningar laurdag og søndag samla.

Rutetider

Måndag–fredag:

Frå Sogndal:

  • Første landing i Oslo skal vere seinast kl. 08:00.

Til Sogndal:

  • Siste avgang frå Oslo skal vere tidlegast kl. 17:00.

2.7 Ruteområde 7

Sandane–Oslo

Kapasitet

Per driftsår 1. november 2027 – 31. oktober 2031

  • Tilbydt setekapasitet skal vere minst 28 600 sete per år i kvar retning.

Ruteføring

Måndag –fredag:

  • Det skal vere minst to daglege avgangar i begge retningar.

Laurdag –søndag:

  • Det skal vere minst to avgangar i begge retningar laurdag og søndag samla.

Rutetider

Måndag–fredag:

Frå Sandane:

  • Første landing i Oslo skal vere seinast kl. 08:00.

Til Sandane:

  • Siste avgang frå Oslo skal vere tidlegast kl. 17:00.

2.8 Ruteområde 8

Ørsta-Volda–Bergen

Kapasitet

Per driftsår 1. november 2027 – 31. oktober 2031

  • Tilbydt setekapasitet skal vere minst 29 100 sete per år i kvar retning.

Ruteføring

Måndag –fredag:

  • Det skal vere minst to daglege avgangar i begge retningar.

Laurdag –søndag:

  • Det skal vere minst to avgangar i begge retningar laurdag og søndag samla.

Rutetider

Måndag–fredag:

Frå Ørsta-Volda:

  • Første landing i Bergen skal vere seinast kl. 09:00.

Til Ørsta-Volda:

  • Siste avgang frå Bergen skal vere tidlegast 16:30.

2.9 Ruteområde 9

Sogndal–Bergen

Kapasitet

Per driftsår 1. november 2027 – 31. oktober 2031

  • Tilbydt setekapasitet skal vere minst 7 300 sete per år i kvar retning.

Ruteføring

Måndag –fredag:

  • Det skal vere minst to daglege avgangar i begge retningar.

Laurdag –søndag:

  • Det skal vere minst to avgangar i begge retningar laurdag og søndag samla.

Rutetider

Måndag–fredag:

Frå Sogndal:

  • Første landing i Bergen skal vere seinast kl. 09:00.

Til Sogndal:

  • Siste avgang frå Bergen skal vere tidlegast kl. 16:30.

2.10 Ruteområde 10

Sandane–Bergen

Kapasitet

Per driftsår 1. november 2027 – 31. oktober 2031

  • Tilbydt setekapasitet skal vere minst 2 000 sete per år i kvar retning.

Ruteføring

Måndag –fredag:

  • Det skal vere minst to daglege avgangar i begge retningar.

Laurdag –søndag:

  • Det skal vere minst éin avgang i begge retningar laurdag og søndag samla.

Rutetider

Måndag–fredag:

Frå Sandane:

  • Første landing i Bergen skal vere seinast kl. 09:00.

Til Sandane:

  • Siste avgang frå Bergen skal vere tidlegast kl. 16:30.

3 Billettpris

Maksimal billettpris, fullt fleksibel éin veg (maksimalpris), skal i driftsåret som tek til 1. november 2027, ikkje overstige følgjande beløp:

Tabell 8.1 Tabell 3.1 Maksimalprisar ruteområde 1–10

Rute – til og frå

Maksimalpris

Røros–Oslo

1 675 kr

Florø–Oslo

2 008 kr

Stord–Oslo

1 591 kr

Ørsta-Volda–Oslo

1 963 kr

Førde–Oslo

1 852 kr

Sogndal–Oslo

1 585 kr

Sandane–Oslo

1 877 kr

Ørsta-Volda–Bergen

1 502 kr

Sogndal–Bergen

1 244 kr

Sandane–Bergen

1 376 kr

For påfølgjande driftsår skal maksimalprisen justerast 1. november innanfor ramma av tolvmånadersendringa i konsumprisindeksen (KPI) i september same året. Statistisk sentralbyrå offentleggjer KPI i oktober (http://www.ssb.no).

Operatøren skal tilby billettar gjennom minst éin salskanal til ein pris som ikkje overstig maksimalprisen.

Maksimalprisen gjeld òg for billettar som vert selde av andre selskap som operatøren kontrollerer. Operatøren er ansvarleg for at også slike tilbydarar rettar seg etter maksimalprisen.

Maksimalprisen skal vere inkludert alle skattar, avgifter og gebyr til det offentlege, og alle andre prispåslag (servicegebyr o.a.) som operatøren legg på prisen i samband med utskriving av billetten.

Maksimalprisen er til kvar tid avgrensa nedover til det som er summen av passasjeravhengige skattar, avgifter og gebyr til det offentlege.

4 Reglar om sosiale rabattar

Leverandøren skal tilby dei sosiale rabattane som oppdragsgivar til kvar tid fastset, så langt dette ikkje inneber vesentlege endringar i kontrakta.

4.1 Personar som er omfatta

På flyruter der Samferdsledepartementet kjøper tenester etter forpliktingar til offentleg tenesteyting, skal følgjande persongrupper ha krav på sosial rabatt:

  1. Personar som har fylt 67 år på utreisedagen.
  2. Blinde.
  3. Personar som har fylt 18 år og har uføretrygd i medhald av lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova) kapittel 12, eller personar som tek imot tilsvarande ytingar frå anna EØS-land, eller personar som tek imot supplerande stønad etter lov om supplerande stønad.
  4. Ledsagar til person som har gyldig ledsagarbevis.
  5. Personar som ikkje har fylt 18 år på utreisedagen.

4.2 Sosial rabatt

Sosial rabatt for personar omfatta av punkt 4.1 skal utgjere 50 prosent av maksimal billettpris, fullt fleksibel éin veg (maksimalpris), sjå punkt 3, avgrensa nedover til å dekke inn alle passasjeravhengige skattar, avgifter og gebyr til det offentlege.

4.3 Unntak for reiser betalt av Folketrygda mv.

Sosial rabatt skal ikkje ytast dersom reisa vert betalt av Folketrygda eller annan statleg instans.

4.4 Barn under to år

Person som har fylt 16 år skal ha rett til å ta med seg barn under to år gratis så sant barnet ikkje tek opp eit eige sete og barn og følgjeperson reiser saman.

4.5 Dokumentasjon

Ved kjøp av billett og ved ombordstiging kan det krevjast at dei reisande viser følgjande dokumentasjon:

  1. Person som nemnt i punkt 4.1 bokstav a. må vise identifikasjon med bilete og fødselsdato. For personar som nemnt i bokstav e. kan det krevjast dokumentasjon på alder.
  2. Person som nemnt i punkt 4.1 bokstav b. eller c. må vise honnørkort eller tilsvarande dokumentasjon. For personar frå andre EØS-land kan det krevjast dokumentasjon frå heimlandet som viser at vilkåra for tilsvarande rabatt er oppfylte.
  3. Person som nemnt i punkt 4.1 bokstav d. må dokumentere at den dei reiser saman med har gyldig ledsagarbevis.

5 Rutedrift

5.1 Ruteprogram

Operatøren skal ta omsyn til publikum sin etterspurnad etter flyreiser.

5.2 Heilagdagar

Det er ikkje trafikkplikt 1. juledag og langfredag.

På følgande dagar kan ruteprogrammet reduserast og tilpassast etterspurnaden: nyttårsaftan, nyttårsdag, 1. påskedag, skjærtorsdag, 1. mai, Kristi himmelfartsdag, 1. pinsedag, 2. pinsedag, 17. mai, julaftan, 2. juledag, samt to valfrie dagar.

Det skal det vere minst éin avgang i begge retningar desse dagane.

Dei vanlege krava til rutetid og mellomlandingar gjeld ikkje på desse dagane.

5.3 Mellomlanding

Ingen avgangar skal ha meir enn ei mellomlanding. Ved mellomlanding skal overgangstid ikkje overstige 60 minutt.

5.4 Delt kapasitet mellom to destinasjonar

Der to ruter med forplikting deler kapasitet, kan operatøren fordele billettsalet mellom de to rutene, så lenge operatøren oppfyller det samla kapasitetskravet. Operatøren kan selje billettar etter først-til-mølla-prinsippet.

Det er tillate å kombinere ruter med forpliktingar med ruter utan slike forpliktingar. Operatøren skal då sørgje for at den faktiske kapasiteten på ruta med forpliktingar svarer til påkravd minimumskapasitet.

5.5 Trykkabin

Operatøren skal av omsyn til regularitet bruke fly med trykkabin på alle flygingar.