Meld. St. 31 (2014–2015)

Garden som ressurs – marknaden som mål— Vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar

Til innhaldsliste

2 Stimulering til gründerskap, vekst og innovative næringsmiljø

Regjeringa vil

  • støtte opp om gründer- og vekstbedrifter på landbruksområdet gjennom verkemiddel som Investerings- og bedriftsutviklingsordninga (IBU-ordninga), Utviklingsprogrammet og inkubatorsatsinga.

  • styrkje satsinga på rekruttering ved å lyfte fram dei gode døma og prøve ut ei mentorordning.

  • leggje til rette for kompetanseutvikling i heile verdikjeda gjennom relevante studie-, etter- og vidareutdanningstilbod.

  • medverke til forskingsbasert innovasjon i landbruksbaserte næringar gjennom ulike nasjonale verkemiddel.

  • medverke til at dei landbruks- og matfaglege forskingsmiljøa bidreg til å utvikle og spreie kunnskap som støttar opp under landbruksbasert næringsutvikling.

Figur 2.1 
Salsbod på matstreif

Figur 2.1 Salsbod på matstreif

Foto: Jon Marius Nilsson/ Innovasjon Norge

Vi treng både fleire gode nyetablerarar og vekstbedrifter innanfor landbruksbaserte næringar som kan skape lønsame arbeidsplassar. Bedrifter som tek utgangspunkt i landbruket sine ressursar bidreg til verdiskaping og sysselsetting i heile landet. Gründerar kjem med nye idear, produkt og prosessar som gjer at næringa utviklar seg vidare. Bedrifter med større vekstambisjonar medverkar til å sikre vidare utvikling, tilstrekkeleg lønnsemd og sysselsetting. Vi treng både dei som går føre med nye idear og dei som etterkvart har musklar og kapasitet til å lyfte bedrifta mot nye høgder produksjonsmessig og økonomisk. Kva landbruksbaserte ressursar som i framtida vil kunne skape økonomisk vekst og sysselsetting veit vi ikkje i dag. Politikken på dette området må difor vere så open at den legg til rette for vekst og utvikling uavhengig av kva det satsast på. I denne meldinga ynskjer regjeringa å synleggjere moglegheiter og foreslå tiltak som kan medverke til fleire gode gründerar og vekstkraftige bedrifter med utgangspunkt i landbruket sine ressursar.

2.1 Gründerskap og vekstkraft

Entreprenørskap og nye bedrifter er viktig for endring, innovasjon og omstilling i økonomien. Ut over kommunen si rolle som fyrstelinje for næringsutvikling er Innovasjon Norge den viktigaste verkemiddelaktøren på bedriftsnivå for å stimulere gründerar til å utnytte sine moglegheiter for vekst. På landbruksområdet er også fylkesmannen ein viktig utviklingsaktør som medverkar til mobilisering for rekruttering av nye etablerarbedrifter. Målet er ikkje å etablere flest mogleg bedrifter, men at lovande nyetableringar evnar å vekse. I Noreg etablerer mange nye bedrifter seg kvart år. Utfordringa er at mange av desse ikkje evnar å vekse tilstrekkeleg til å bli lønsame nok. Det trengst difor fleire vekstbedrifter. Regjeringa vil styrkje innovasjon og nyetablering i alle delar av landet, med vekt på gründerar. Nærings- og fiskeridepartementet vil leggje fram ein gründerplan hausten 2015. Målet er å styrkje og samordne entreprenørskapspolitikken, og følgje opp regjeringsplattforma på området. Gründerplanen skal gje ein heilskapleg omtale av regjeringa sin politikk for å fremje gründerar og entreprenørskap. Denne planen vil soleis også vere retningsgjevande for gründerar innanfor landbruksbasert næringsutvikling.

2.1.1 Er landbruksgründeren som alle andre gründerar?

På dei aller fleste områder vil ein gründer som tek utgangspunkt i landbruket sine ressursar møte dei same utfordringane som gründerar i anna næringsliv. Gründeren har som regel svært god kunnskap om den vara eller tenesta som skal produserast, men manglar kunnskap om marknaden vara eller tenesta skal inn i. Marknadskompetanse, tilgang til risikovillig kapital, god rådgjeving og tilgang til relevante nettverk er viktige element for alle som arbeider med bedriftsutvikling, uavhengig av sektor.

Ynskje og moglegheit for vekst er eit viktig utgangspunkt og drivkraft for lønsam utvikling av bedrifter. Det som kjenneteiknar mange landbruksbaserte bedrifter som vil utvikle noko nytt med utgangspunkt i landbrukseigedommen sine ressursar, er jamvel at dei har tradisjonell landbruksdrift i botnen. Omstillinga frå å vere råvareleverandør til å jobbe med vidareforedling av varer og tenester kan vere stor, og særskilt er det krevjande å ha god nok marknadskompetanse, irekna prissetting og verdsetting av eigen arbeidsinnsats. Motivasjonen er ofte eit ynskje om å utnytte og forvalte garden sine ressursar på nye måtar som grunnlag for auka inntekt i staden for å måtte hente delar av inntekta si frå anna lønnsarbeid utanfor garden. Næringspolitikken rundt landbruksgründeren må difor vere tilpassa både dei med ambisjonar om vekst, og etableraren som ikkje har andre vekstambisjonar enn at familien kan vere heiltids sysselsett med utgangspunkt i dei ressursane garden har totalt. Samstundes er det slik at ambisjonar knytt til ein viss vekst og ei viss omstilling er naudsynt for at ei bedrift skal overleve i marknaden. Mål om flest mogleg vekstkraftige bedrifter også innanfor landbruket må difor vere ein klar ambisjon frå det offentlege si side.

Til sjuande og sist er det likevel personane bak bedrifta som er drivarane for ei positiv utvikling. Forsking på gaselleselskap1 gjennomført ved NMBU2 viser at dei som har hatt raskast vekst, også er dei som har sett seg eit klart definert mål om å vekse. Suksess for entreprenøren handlar om kva ein har sett seg som mål. Klart definerte ambisjonar om bedrifta si utvikling kan difor seiast å vere eit viktig utgangspunkt for å lukkast for den enkelte næringsutøvar.

Kvinner og menn skal ha dei same moglegheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og i tilknytte næringar. Tal frå OECD syner at rundt ein av fire gründerar i Noreg er kvinner. Denne fordelinga har vore relativt stabil over lenger tid3. Over investerings- og bedriftsutviklingsmidlane i landbruket har kvinner blitt særskilt prioritert. Dei siste åra har kvinnedelen på etablerarstipendordninga over Investerings- og bedriftsutviklingsmidlane i landbruket vore på nærare 80 pst. Delen løyvingar gitt til kvinner til bedriftsutvikling innanfor desse næringane har vore stabil på i underkant av 70 pst. dei siste åra.

Boks 2.1 Suksessfaktorar for overleving og vekst

Innovasjon Norge peikar på sju kritiske suksessfaktorar som har avgjerande innverknad på norske gründerar si evne til overleving og vekst, internasjonalt, nasjonalt og regionalt:

  • Marknadsorientering og internasjonalisering må byggjast inn i forretningsmodellen frå dag ein.

  • Det må bli meir attraktivt og gje høgare status å vere vekstgründer.

  • Kompetansen om forretningsutvikling må aukast.

  • Betre og enklare tilgong til kompetent risikokapital, offentleg og privat.

  • Enklare tilgang til informasjon.

  • Eit støtteapparat som tek gründeren på alvor.

  • Gode gründermiljø og nettverk.

2.1.2 Vekstkraftige bedrifter i landbruket

Føretak som veks spelar ei viktig rolle i den økonomiske utviklinga fordi dei er viktige bidragsytarar til sysselsetting og verdiskaping. Vekstbedriftene bidreg til høg produktivitetsutvikling og auka konkurransekraft som grunnlag for verdiskaping.

Ei rekkje hinder kan føre til at bedriftene ikkje set seg tydelege vekstambisjonar og klarar å realisere måla sine. Som tidlegare nemnt er det særskilt mangel på marknadsorientering og risikoavlastning som hemmar vekstkraft. Bistand i form av kompetanse, rådgjeving, nettverk, profilering og finansiering for å auke marknadsorienteringa og avlaste risiko, er difor viktige verkemiddel.

2.1.3 Styrking av gründerar og vekstbedrifter i landbruket

Tilgjengelege låne- og tilskotsordningar i ei oppstarts- og utviklingsfase dempar risikoen ved å utvikle eiga bedrift. Både oppstartsgründeren og vekstgründeren vil kunne ha behov for slike verkemiddel. Over jordbruksavtala blir det løyvd særskilde midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Tiltaka innanfor denne ordninga er samansett slik at den både skal møte etableraren sine behov gjennom etablerarstipend til etablering av ny verksemd, og interessene til bedrifter som er i ei form for utviklings- og investeringsfase gjennom investeringstilskot og tilskot til produktutvikling, kompetansebygging, marknadsføring m.m. Innovasjon Norge si kundeeffektundersøking frå 20104 syner at ein stor del av dei som har motteke etablerartilskot innanfor landbruket vurderer at tilskotet har stor verdi for overleving, lønnsemdsutvikling og auka omsetnad. 95 pst. av dei spurde sa at prosjektet ikkje hadde blitt gjennomført utan støtte frå Innovasjon Norge, samt at 93 pst. sa at Innovasjon Norge i stor grad hadde bidrege til auka samarbeid.

I Utviklingsprogrammet blir det særskilt jobba med å stimulere vekstbedriftene gjennom finansiering til bedrifter og produsentnettverk som ynskjer å vekse, samt tilpassa kompetansetiltak for bedriftene i dette segmentet.

Det er også svært viktig å peike på at verkemiddelapparatet sin kompetanse, kunnskap og rolle som rettleiar for bedrifter er viktig. Både verkemiddelapparatet sjølve og næringa må jobbe for å synleggjere dei tilboda som finst.

Gründerar får ofte god hjelp i starten, men har behov for støtte og hjelp også i fasen etter etablering. Nettverk eller mentorar kan vere viktige tiltak her. Innovasjon Norge har ei eiga mentorteneste for gründerar. Tenesta vart evaluert av Oxford Research i 20145. Evalueringa viste at tenesta fungerte relativt godt, med nokre behov for tiltak for å vidareutvikle ordninga. I jordbruksoppgjeret i 2014 vart det avsett 4 mill. kroner til ei fleirårleg satsing på rekruttering og gründerskap. Målsetjinga var auka rekruttering og å lyfte fram fleire gode gründerar gjennom «beste praksis». Departementet ynskjer å bruke denne satsinga til å prøve ut ei mentorordning i landbruket. Mandatet skal utarbeidast i samarbeid med avtalepartane i jordbruket og arbeidet skal setjast i gong i 2015. Det er vidare viktig at slike satsingar kan nyttast til å synleggjere handlingsrommet som ligg i å satse innanfor landbruket.

Behov for samarbeid, deling av kunnskap og auka profesjonalisering er gjennomgåande områder det bør satsast på for å i endå større grad gjere dei landbruksbaserte næringane verdifulle i marknaden. SIVA sitt program for inkubatorar skal hjelpe til med å identifisere, vidareutvikle og kommersialisere gode idear til nye vekstbedrifter, og gje vekst i etablerte verksemder. Fire av inkubatorane, i Verdal, Stavanger, Hamar og på Ås, rettar seg mot utvikling av vekstbedrifter innan landbruksbaserte næringar. I 2015 er i alt 39 bedrifter knytt til desse inkubatorane. Bedriftene fordelar seg på verksemd innan lokal matproduksjon og foredling med potensial for ein nasjonal marknad, og innan bioøkonomi med eit internasjonalt marknadspotensial. Kvalifisert rettleiing i etableringsprosessen er ofte avgjerande for om nyetableringar lukkast, og gjennom inkubatorane får bedriftene tett oppfølging frå personar med lang røynsle frå etablerarverksemd. Gründerane får tilgong på profesjonelle forretningsutviklarar, rådgjevarar og investorar, og inngår i eit fagleg og sosialt fellesskap med andre gründerar.

2.1.4 Godt omdøme viktig for rekruttering

Omdøme kan forståast som summen av oppfatningar og forventningar omgjevnadane har til landbruket som næring. Eit godt omdøme må byggjast over tid og haldast ved lag. Tilliten til norskprodusert mat er gjennomgåande høg. Framveksten av nye varer og tenester med god kvalitet basert på landbruket sine ressursar bidreg positivt til omdømet for heile landbruket.

Landbruket sitt omdøme som ei attraktiv næring og ein mogleg yrkesveg er avgjerande for rekrutteringa til næringa. Heile spekteret av mangfald i landbruket med ressursar og moglegheiter for å skape attraktive arbeidsplassar må synleggjerast både av forvaltinga og av næringa sjølv.

Ved etablering av nye landbruksbaserte bedrifter, vil kompetanse og utdanning som ikkje nødvendigvis er landbruksrelatert kunne nyttast i utviklinga av ein ny arbeidsplass. Dette kan på sikt gjere landbruket til ein meir attraktiv og mangfaldig arbeidsplass. Hausten 2014 vart det nedsett eit regjeringsoppnemnt utval som skal sjå på rekrutteringsutfordringane i landbruket. Utvalet leverer sin rapport innan utgangen av 2015.

Mange av pionerane innan t.d. lokalmatnæringa har vore aktive i fleire år. Det er behov for nye krefter og auka rekruttering, her som i andre deler av landbruket. Det er ei stor utfordring som må møtast gjennom synleggjering, men også gjennom framleis vekst og utvikling på området. Dei offentlege aktørane kan vise fram dei gode døma og syte for at ungdom som skal velje yrkeskarriere får god informasjon om dei moglegheitene som finst. Det er viktig å byggje ein entreprenørskapskultur frå tidleg alder av. Gode førebilete og dømer på bedrifter og enkeltpersonar som har lukkast med å tenkje nytt rundt bruk av landbruket sine ressursar må lyftast fram. Det er ein av grunnane til at Innovasjon Norge årleg deler ut Bygdeutviklingsprisen – ein pris for årets bedriftsutviklar i landbruket. Både på fylkesnivå og på nasjonalt nivå blir bedrifter med suksess synleggjort. Kriteria for å nå opp i konkurransen er knytt til økonomisk resultat, sysselsetting, nyskaping/originalitet og sosial og miljømessig berekraft.

Boks 2.2 Vom og Hundemat AS – ei vekstbedrift med Skandinavia som marknad

Vom og Hundemat AS er produsent av ferskfryst hundefôr til jakt- og hundekøyrarmiljøet i Skandinavia. Bedrifta, som er etablert på garden Manstad i Trøgstad, har i dag 24 tilsette. I 2014 omsette bedrifta for over 45 mill. kroner og produserte over 3500 tonn hundefôr. Råvarene som nyttast i foret er plussprodukt frå slakteri og fiskemottak og er utelukkande frå Noreg.

Bedrifta har motteke Dagens Næringslivs pris som Gaselle-bedrift, fekk Bygdeutviklingsprisen for Østfold i 2014 og var ein av fire bedrifter som blei plukka ut til å delta i finalen for den nasjonale Bygdeutviklingsprisen. Dei nyttar FoU aktivt inn for å optimalisere produktet sine eigenskapar og dei har eit nært samarbeid med Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU). Vom og Hundemat AS leverer produkta sine over heile Skandinavia og dei har bygd opp ei merkevare som lokalmiljøet er stolte av.

To nasjonale omdømeprosjekt som skal bidra særskilt i bygginga av matnasjonen Noreg er den årlege norske standen på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin og den årlege nasjonale matfestivalen Matstreif i Oslo. Målet med IGW er å styrkje den heilskaplege profileringa av norsk landbruk og reiseliv, betre samarbeid på tvers av regionar, fylke og næringar, styrkje lønsemd, marknadsføring og testing av norske mat- og reiselivsprodukt på den tyske marknaden, samt auke den internasjonale kompetansen hos bedriftene og regionane som deltek. Matstreif skal gje auka kunnskap og interesse for mat og drikke frå heile Noreg. Festivalen har utvikla seg over meir enn 10 år til å bli ein sentral møteplass og salsarena for produsentar av lokalmat og drikke frå heile landet. Desse store prosjekta bidreg til kompetanseheving og utvikling for dei som deltek, og styrka omdøme og interesse for norsk mat og landbruk. Dei årlege evalueringane frå Matstreif og IGW syner nettopp at desse to prosjekta er viktige arenaer for å teste ut nye produkt og lære av kvarandre og forbrukarane, samtidig som dei også er viktige sals- og marknadsføringskanalar.

Boks 2.3 Gardsbruk med arbeidsplass for mange

Det finst mange gode dømer på småbruk som er omdanna til moderne bedrifter med fleire bein å stå på. Felles for desse er at dei har eit mangfald av tilbod til fleire ulike grupper og at dei sysselsett både folka som høyrer heime på garden og fleire frå lokalsamfunnet.

I Lofoten ligg Aalan gård. Garden blir drive økologisk og produserer geitemjølk som dei dels foredlar sjølve til ost og dels leverer til TINE. På garden produserer dei også tørka krydder og har Inn på tunet-tilbod til skular og barnehagar i nærområdet. Aalan er arbeidsplass for to generasjonar gardsfolk og folk frå bygda elles. Garden sysselsett totalt 6 årsverk. Drifta inkluderer også ein gardskafé og ein butikk med sal av eigne og andre varer. Omsetnaden på garden var for 2014 på om lag 1,7 mill. kroner utanom mjølkeproduksjonen.

På Inderøy finn vi Berg gard. Drifta omfattar eit gardsslakteri, ein serveringsstad, ein landhandel og Inn på tunet-tilbod innanfor grønt arbeid. Mangfaldet er bygd opp gjennom fleire år med arbeidsplassar og verdiskaping basert på ressursane på garden. Dei har også starta produksjon av akevitt i eit nybygd brenneri på garden. Grønt arbeid på Berg er eit godkjend Inn på tunet-tilbod til menneske som skal inn på den vanlege arbeidsmarknaden. Deltakarene i Grønt arbeid deltek i alle aktivitetane på garden ut i frå eigne interesser og evner. I 2013 var omsetnaden på garden på totalt 3,4 mill. kroner og dei sysselsette 3 årsverk på årleg basis og nokre ekstra på innleigd basis.

Hillestad gard i Åmli kommune i Aust-Agder fekk den nasjonale Bygdeutviklingsprisen i 2012. Garden har gitt opphav til tre bedrifter. Med 8 årsverk er garden ein viktig arbeidsgjevar i Åmli kommune. I tillegg har dei andre bedriftene 4 årsverk fordelt på Arendal og Drammen, 32 årsverk i Danmark og 2 årsverk i Frankrike. Drifta på garden femnar om eit galleri, smykkeproduksjon, servering og eit feriesenter. Eigarane har bygd stein på stein gjennom mange år og omsette i 2014 for over 134 mill. kroner. Alt dette med utgangspunkt i eit gardsbruk i indre Agder.

Figur 2.2  Galleri, Hillestad gard

Figur 2.2 Galleri, Hillestad gard

Foto: Hillestad gard

Figur 2.3  Aalan Gård

Figur 2.3 Aalan Gård

Foto: Aalan gård

2.2 Utvikling av innovative næringsmiljø i landbruket

2.2.1 Kva er innovative næringsmiljø?

Regjeringa vil styrkje konkurransekrafta i næringslivet og vektlegg verdien av kunnskap, forsking og innovasjon for å stimulere verdiskapinga og sikre vekstkraftige regionar i heile landet. Gode koplingar mellom næringsliv, forskings- og utviklingsmiljø, utdanningsinstitusjonar og offentleg sektor blir understreka for å kunne nå nasjonale mål om auka verdiskaping og konkurransekraft. Utvikling og utnytting av kunnskap, enten ved at bedriftene maktar å kople kjent kunnskap, innhente ny kunnskap, eller nytte kunnskap på nye måtar, er kjenneteikn på innovative næringsmiljø.6 Næringslivet i ulike regionar brukar i ulik grad erfaringsbasert eller FoU-basert kunnskap, samstundes som dei brukar kunnskapsorganisasjonar i og utanfor regionen i ulik grad og på forskjellige måtar. Kundar og leverandørar er dei viktigaste samarbeidspartnarane for bedrifter som innoverer.7 Samarbeid mellom bedrifter med komplementære produkt, tenester eller ressursar, kan gje grunnlag for innovasjonssamarbeid og nye forretningsidear. Slikt samarbeid kan særskilt fremjast gjennom organiserte klyngjer eller bedriftsnettverk. Dei mest innovative bedriftene arbeider ofte i lag med ulike forskings- og kunnskapsmiljø i sine innovasjonsprosessar for utvikling av nye produkt og tenester. Medan dei største bedriftene ofte har eigne FoU-avdelingar, er dei små og mellomstore bedriftene meir avhengig av eit tettare samarbeid med eksterne forskings- og kunnskapsmiljø.

Innovasjonsaktivitet i samspel med ressursbaserte næringar innan jordbruk, skogbruk og fiske, og bedrifter og forskingsmiljø som produserer kunnskap og teknologi for sektoren, har stått for ein viktig del av dynamikken i norsk økonomisk utvikling gjennom det 20. århundre.8

Boks 2.4 Høgteknologisk verksemd på Moer gard

Eit døme på at høgteknologisk verksemd med stor lokal verdiskaping og sysselsetting med utspring i tradisjonelle landbruksproduksjonar er mogleg finn vi hos Moer gard i Akershus. I tillegg til tradisjonell eggproduksjon til konsum har Moer gard, med kompetanse frå bioteknologi, veterinærmedisin, agronomi og humanmedisin, utvikla selskapet Norwegian Antibodies AS. God norsk dyrehelse gjer det mogleg å nytte råstoff frå eggproduksjonen til produksjon av antistoff, med kommersiell utnytting og sal til den internasjonale diagnoseindustrien og bioteknologisk forsking som resultat. I dag er selskapet ei internasjonal verksemd som er marknadsleiande på sitt felt. I 2014 hadde bedrifta en omsetnad på 10,1 mill. kroner og 7 årsverk fordelt på 8 tilsette.

2.2.2 Regional nyskaping gjennom utnytting av regionale fortrinn

Regionale fortrinn og ressursar kan nyttast til å fremje innovasjonsprosessar i bedrifter og næringsmiljø ut frå tilgang på naturressursar, erfaren arbeidskraft, spesialiserte leverandørar og kunnskapsaktørar. Ein finn fleire døme på dette frå landbruket. I verksemda Rørosmat, jf. kapittel 3, boks 3.4, har gjennomgåande bruk av lokale tradisjonar kopla med ny kunnskap lagt grunnlaget for eit innovativt næringsmiljø. Gjennom opprettinga av Rørosmat gjekk bedrifter, lokale styresmakter og einskildpersonar saman for å oppnå større styrke og dynamikk på både produksjons- og salssida. Etter oppstart i 2003 har Rørosmat vekse frå 6 til 31 eigarar, og har i dag 7 tilsette og ein omsetnad på 30 mill. kroner i 2014. Dei som bur i regionen utnyttar eigen matkultur, historie og andre ressursar, for å setje i gong eller utvide næringsverksemda. Rørosmat og dei lokale produsentane må også kople seg til kundar og distribusjonssystem utanfor regionen, noko som krev ny kompetanse og oppbygging av nye nasjonale nettverk. I oppstartfasen fekk mange av produsentane hjelp frå eksterne, både forskarar og konsulentar, for produkt- og prosessutvikling.

I Rogaland er det, med utspring i matmiljøet innan både blå og grøn sektor, etablert eit samarbeid som har ført til utvikling av eit nasjonalt tyngdepunkt på matområdet. I 2007 fekk miljøet status som Norwegian Centres of Expertise (NCE), innanfor området gastronomi og kulinarisk differensiering. I 2009 blei Måltidets Hus etablert som ein felles arena for forsking, utvikling og dialog. Klyngja er sett saman av bedrifter og forskings- og utviklingsaktørar, med ambisjon om å etablere konkurransedyktig, norsk matproduksjon på europeiske kvalitetsmarknader. Gjennom å utvikle ein felles kunnskapsplattform, og å ta i bruk denne innovativt, er målet å få til auka verdiskaping og lønsemd for aktørane gjennom heile verdikjeda, frå råvare, tilverking, ferdig produkt og sal.

Regjeringa sin nordområdestrategi vektlegg at Nord-Noreg har store naturgitte fortrinn som kan nyttast til næringsutvikling og verdiskaping. Her er det etablert eit samarbeid i heile verdikjeda mellom næringsaktørar, forvalting og kunnskapsmiljø, med sikte på utnytting av potensiala knytt til arktisk landbruk. Lange lyse dagar og låg temperatur gjer at arktisk landbruk produserar råvare av unik kvalitet, som utgjer eit potensial for utvikling av varer og tenester innan til dømes mat- og reiselivsområdet. I arbeidet med å utvikle produksjonar som kan inngå i ei felles arktisk merkevare, er det igangsett prosjekt innanfor m.a. arktisk bærproduksjon, potet- og grønnsaksproduksjon, lamme-, kje- og reinkjøtproduksjon. Utfordringa vidare er knytt til merkevarebygging under ein felles Nordnorsk matregion, der samarbeid mellom mat og reiseliv er sentralt.

2.2.3 Verkemiddel for stimulering til innovative næringsmiljø

Gjennom Noregs Forskingsråd, Innovasjon Norge og SIVA er det utvikla eit sett av verkemiddel som på ulike måtar skal stimulere til meir velfungerande regionale innovasjonssystem og byggje opp under innovative næringsmiljø.

I Langtidsplan for forsking og høgare utdanning, Meld. St. 7 (2014–2015), går det fram at regjeringa vil styrkje forsking som kan bidra til eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv, gjennom auka nyskaping, nyetablering og kommersialisering. Ei styrking av dei generelle, næringsretta ordningane skal medverke til at heile bredda av næringslivet forskar meir, og at forskinga blir omsett til næringsutvikling. Verkemidlar som til dømes SkatteFUNN, FORNY2020 og VRI (Verkemiddel for regional FoU og innovasjon), gir viktige insitament til forskingsbasert innovasjon i dei landbruksbaserte næringane.

Gjennom ei styrking av SkatteFUNN har regjeringa lagt til rette for auka forskings- og utviklingsaktivitet, der bedrifter kan søkje om skattefrådrag for kjøp av FoU-tenester til gjennomføring av sine prosjekt. Innanfor landbruks- og matsektoren ligg aktiviteten på eit høgt nivå. I 2014 auka delen søknadar med 50 pst. for skog- og tresektoren og 14 pst. for jordbruks- og matsektoren. Dette viser at SkatteFUNN er eit eigna verkemiddel for innovasjon i landbruks- og matsektoren, og at fleire bedrifter har blitt merksame på verdien av å satse på forsking og utvikling. På same måte er Forskingsrådet sitt program FORNY2020 styrka, som del av regjeringa si satsing på næringsretta forsking og kommersialisering. Programmet gir støtte til kommersialisering i form av lisensieringar og nyetableringar, og er også relevant for vekst og gründerskap i dei landbruksbaserte næringane.

VRI-programmet, i regi av Forskingsrådet, skal utvikle kunnskap om og kapasitet til samhandlings- og innovasjonsprosessar i regionane, og stø opp om forskingsbasert innovasjon i norsk nærings- og arbeidsliv. Her får landbruksbaserte bedrifter høve til å arbeide på nye måtar, til samarbeid, til ide- og kunnskapsbytte med bedrifter innanfor andre næringar og medverknad frå miljø som dei elles ikkje har samarbeida med. I Trøndelag har dette resultert i utarbeiding av eit innovasjonsprogram for trøndersk landbruk, Landbruk 21. Omfanget av ressursar knytt til det trønderske landbruket, og potensialet for auka samarbeid mellom tradisjonelle og meir utradisjonelle kunnskapsleverandørar til landbruket både i og utanfor regionen, utgjer ei sentral drivkraft for arbeidet. Målet er å få til meir berekraftige verdikjeder bygd på det trønderske landbruket, både med omsyn til miljø, sosiale og økonomiske tilhøve.

Figur 2.4 Frå Borregaard
, som driv innovasjon med basis i landbruket sine ressurar.

Figur 2.4 Frå Borregaard , som driv innovasjon med basis i landbruket sine ressurar.

Foto: Torbjørn Tandberg

I samarbeid mellom Innovasjon Norge, SIVA og Forskingsrådet er det etablert eit nasjonalt program som rettar seg mot klyngje- og nettverksutvikling mellom bedrifter i ulike fasar. Arena-programmet rettar seg mot regionale næringsklyngjer i ei tidleg utviklingsfase, mens NCE-programmet skal utløyse og styrkje samarbeidsbaserte innovasjons- og internasjonaliseringsprosessar i modne klyngjer med ein nasjonal posisjon. Målet med klyngjeutviklinga er å stimulere til auka innovasjon og styrka konkurranseevne på grunnlag av samhandling mellom bedrifter, FoU- og utdanningsmiljø og offentlege utviklingsaktørar. Næringsklyngjene utgjer ein viktig basis for dei regionale forskings- og innovasjonsmiljøa, og eit potensial for framtidig deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Her er næringslivet si rolle i forsking og innovasjon vektlagt i større grad enn tidlegare, noko som gjer at norske miljø kan inngå i alliansar med internasjonale miljø, med sikte på auka innovasjon, verdiskaping og konkurransekraft.

Boks 2.5 Klyngjesamarbeid gav kraftig vekst i frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane har det vore eit tett og godt samarbeid i næringsklyngja for frukt- og bær. Primærprodusentar, mottaksapparat, industri, marknadsaktørar, det regionale verkemiddelapparatet, landbruksrådgjevinga og forskingsmiljø har over fleire år jobba saman om nye sortar, nye produksjonsmetodar og nye marknadskanalar. I 2004 var råvareverdien av frukt og bær frå Sogn og Fjordane 20 mill. kroner, og fylket var det fjerde største fylket på frukt og bær i landet. 10 år seinare er råvareverdien femdobla til 100 mill. kroner, og fylket er blitt det leiande frukt- og bærfylket i Noreg. Mykje av æra for den kraftige veksten skuldast det tette og gode samarbeidet i næringsklyngja.

I perioden 2010–2013 fekk frukt og bær-klyngja i Sogn og Fjordane finansiell og fagleg støtte gjennom Arena-programmet. Ei evaluering av prosjektet1 viser at Arena har vore eit viktig verktøy for å vidareutvikle frukt- og bærnæringa i fylket. Gjennom oppretting av møteplassar og nye arenaer har samhandlinga blant aktørane auka, bedriftene si innovasjonsevne har auka, det er lagt til rette for nye koplingar mellom ulike aktørar i verdikjeda og mellom bedrifter og FoU-miljø, samt at merksemda mot det internasjonale er styrkja. For å vidareutvikle klyngja vektlegg evaluator utvikling av samarbeidet mellom aktørane i heile verdikjeda; industri, forsking, rådgjeving, produsentar, samt det regionale verkemiddelapparatet.

1 Lerfald M. og Mei Ying X., Evaluering av Arena Frukt og bær – Prosjektperiode 2010–2013, ØF-rapport 3/2014.

Gjennom oppretting av sentre for forskingsdrive innovasjon (SFI), er det lagt til rette for å styrkje innovasjon gjennom langsiktig forsking i eit nært samarbeid mellom FoU-aktive bedrifter og sterke forskingsmiljø. I 2014 fekk Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) under namnet Foods of Norway, status som fyrste SFI på landbruks- og matområdet. Her skal forskarar samarbeide med bedriftspartnarar om å utvikle nye fôrprodukt frå landbruk, biprodukt frå husdyr, makroalgar og skog.

2.2.4 Kunnskap og kompetanse som grunnlag for vekst og gründerskap

Kunnskap- og kompetanseutvikling er viktige verkemiddel for auka innovasjon og gründerskap i landbruksbaserte næringar. Regjeringa vil leggje til rette for utvikling av kompetanse i heile verdikjeda gjennom relevante studie-, etter- og vidareutdanningstilbod. Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås (NMBU), Høgskulen i Hedmark og Høgskulen i Nord-Trøndelag, utdannar fagpersonar som kan gå inn i den landbruksbaserte næringa, eller som kan bidra med kunnskap og forsking for næringa. Dei vidaregåande skulane med utdanningsprogram naturbruk, er eit godt utgangspunkt for framtidige næringsutøvarar, og for dei som vil gå vidare på høgare utdanning eller fagskule.

Fleire av naturbruksskulane utviklar seg vidare til kompetansesentra, med tilbod om etter- og vidareutdanning til næringsutøvarane.

Utdanningssystema i landbruket må vidareutviklast med sikte på å styrkje kunnskapsgrunnlaget for vekst og verdiskaping i heile verdikjeda, og for å kunne by fram attraktive utdanningar for innovasjon og gründerskap i landbruket. For å få fram unge gründerar må det satsast på entreprenørskap i grunnskulen og vidaregåande skule. Det er og viktig å utvikle eit godt samarbeid mellom naturbruksskulane og næringa, slik at skulane har kompetansetilbod som utøvarane treng for å kunne ta i bruk garden sine ressursar til næringsutvikling.

Boks 2.6 Innovasjon gir berekraftig veksthusproduksjon på Mære Landbrukskule

Ved Mære landbruksskule er det utvikla ein ny varmelagringsteknologi for veksthus, i nært samarbeid med tre oppfinnarar, skuleeigar, landbruksnæringa, teknologiselskap, offentlege verkemiddelaktørar og forskingsmiljø. Resultatet er eit kutt i energiforbruket med 80 pst., reduksjon i CO2-utsleppa med 99 pst., samt ei auke i tomatavlingane med 57 pst. det siste året. No blir same teknologi brukt til å byggje om skulen si totale energiforsyning, noko som vil gje årleg reduksjon på 70 pst. i skulen sitt energiforbruk.

Evna til å utvikle og ta i bruk ny kunnskap er ein sentral konkurransefaktor for norsk næringsliv. Forsking og forskingsbasert innovasjon er eit av dei viktigaste verkemidla for auka konkurransekraft og verdiskaping i verdikjedene i landbruket. Det må mobiliserast for at det landbruksbaserte næringslivet skal investere meir i forsking, og for auka forskingsaktivitet i heile den landbruksbaserte verdikjeda. Ved å målrette forskingsmidlar til innovasjon i landbruksbaserte næringar kan varer og tenester utviklast på nye område.

Landbruket sitt kunnskapssystem er omfattande, og består av mange offentlege og private aktørar. Det kan vere krevjande å få til ein god kunnskapsflyt mellom kunnskapsleverandørar og næringsaktørar, slik at kunnskapen blir tatt i bruk. Regjeringa vedtok 19. juni 2014 å slå saman Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Instituttet skal bli ein motor i å utvikle og spreie kunnskap som støttar opp under vekstkraft, gründerskap og innovative næringsmiljø i landbruket. I 2014 kom det i stand ei samarbeidsavtale mellom NMBU, Veterinærinstituttet, Nofima, NILF, Bioforsk og Skog og landskap, med sikte på å utvikle eit komplett tilbod innanfor innovasjon og kommersialisering av kunnskap frå forsking. Gjennom investeringane i desse miljøa er det store forventningar til deira bidrag for auka verdiskaping i eksisterande næringsliv og for etablering av ny næringsverksemd. Miljøet representerar ein nasjonal kunnskapsbase, som skal utvikle og formidle ny kunnskap til landbruks- og matsektoren i heile landet.

Eit sentralt ledd i å utvikle meir innovative næringsmiljø i landbruket, er å stimulere til auka koplingar mellom ulike aktørar i verdikjeda og mellom bedrifter og kunnskapsaktørar. Fylkesmannen og den regionale partnarskapen, med Innovasjon Norge og fylkeskommunane, har ei sentral rolle i å etablere møteplassar og felles læringsarenaer. Langsiktig nettverkssamarbeid legg til rette for meir systematisk tilgong til informasjon om marknader og kundebehov. Dette kan gje grunnlag for idear til nye produkt og løysingar, og gjennom dette auka lønnsemd.

Fotnotar

1.

Gaselleselskap er i denne samanhengen knytt til Dagens Næringsliv si årlege kåring av vekstbedrifter i Noreg. Krav til bedriftene i konkurransen er at det er 4 år eller meir sidan bedrifta blei etablert, at bedrifta skal ha hatt omsetnadsvekst dei 4 siste åra, at omsetnaden skal vere meir enn dobla dei 4 siste åra, og at bedrifta har hatt positivt driftsresultat i alle dei 4 siste åra.

2.

Rasmussen C.C. (2014): Vekst i små og mellomstore bedrifter: Betydningen av kollektive kompetansebaserte ressurser. NMBU.

3.

OECD (2014). Economic survey of Norway 2014. http://www.oecd.org/eco/surveys/economic-survey-norway.htm

4.

Oxford Research (2010): Spira lyt få gro. Etterundersøkelse blant bedrifter som mottok støtte fra Innovasjon Norge i 2010.

5.

Oxford Research (2014): Nok for de fleste, men for lite for noen. Evaluering av Innovasjon Norges mentortjeneste for gründere.

6.

Normann R. H., Fosse J. K., Isaksen A., Jakobsen S. E. (2014), Kunnskapsgrunnlaget for klyngeprogrammene og delmål 3: «Flere innovative næringsmiljø», Agderforskning FoU-rapport nr. 1/2014.

7.

SSBs innovasjonsundersøkelse 2010–2012.

8.

Hanson J. og Wicken O (red.), (2008)Rik på natur, Innovasjon i en ressursbasert kunnskapsøknomi, Fagbokforlaget 2008.

Til forsida av dokumentet