Meld. St. 31 (2014–2015)

Garden som ressurs – marknaden som mål— Vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar

Til innhaldsliste

4 Landbruksgründeren og verkemiddelapparatet

Regjeringa vil

  • gå gjennom og relansere rettleiaren Plan- og bygningslova og landbruk pluss for betre tilrettelegging for landbruksbasert næringsutvikling.

  • leggje til rette for betre integrering av landbruket i regional og lokal samfunnsplanlegging.

  • vurdere om det er behov for å klargjere og styrkje kommunane si rolle knytt til lokal-, nærings- og samfunnsutvikling basert på utgreiingar bestilt i samband med kommunereforma, jf. Meld. St. 14 (2014–2015).

  • medverke til betre synleggjering av kompetanse- og rådgjevingstilbodet innanfor verkemiddelapparatet.

  • vidareføre og vidareutvikle arbeidet med einskapleg tilsyn og rettleiing frå Mattilsynet ovanfor lokalmatprodusentar og serveringsstader.

  • leggje større vekt på brukarretting gjennom forenkling og samarbeid på tvers av politikkområde og verkemiddelaktørar.

Figur 4.1 Kompetanseutvikling i trøndersk  landbruk

Figur 4.1 Kompetanseutvikling i trøndersk landbruk

Foto: Anne Grete Rostad

Vegen frå ein god ide til eit lønsamt forretningskonsept er lang og krevjande for dei fleste som vil starte med noko nytt. I denne prosessen kan rådgjeving, finansiering og anna hjelp frå det offentlege verkemiddelapparatet vere avgjerande for å kunne ta dei riktige vala i ein tidleg fase. For eksisterande bedrifter vil også verkemiddelapparatet kunne gi nødvendig rådgjeving og eventuelt finansiering i ei utviklings- og vekstfase. I tillegg må den enkelte næringsutøvar ta omsyn til ei rekkje lover, reglar og krav som det offentlege set til bedrifter, gjerne uavhengig av storleiken på bedrifta. Gjennom kommuneplanen blir det til dømes sett nokre rammer for lokalisering og satsing på det lokale næringslivet. Det er naudsynt med klare rammer og avgjerder kring bedrifter. Samtidig er det viktig at det er høg merksemd på forenkling og tilrettelegging av regelverk og offentlege tenester for å auke konkurranseevna til næringslivet.

Landbruksgründeren og landbruksbedrifta kan få hjelp frå fleire offentlege aktørar i oppstarts- og utviklingsfasar. Det blir ofte vist til at det offentlege støtteapparatet er fragmentert og uoversiktleg, med til dels konkurrerande eller overlappande tilbod. Ansvar og oppdrag i kommunen kan vere lagt til både landbrukskontor, næringskonsulent og næringshage. På regionalt nivå har både fylkesmannen, Innovasjon Norge og fylkeskommunane ressursar til å følgje opp etablerarar. Det er viktig at det er ei klar arbeidsdeling mellom desse aktørane og at verkemiddelapparatet rundt den enkelte næringsutøvar er så enkelt og så tilgjengeleg som råd. Totalt sett har alle dei offentlege aktørane eit ansvar for å tilvise næringsutøvaren til dei riktige miljøa for god rettleiing og hjelp. Rolla som mobilisator av nettverkssamarbeid er også ein viktig del av verkemiddelapparatet.

I det vidare vil vi difor synleggjere dei offentlege aktørane på næringsutviklingsområdet, og peike på korleis aktørane bør jobbe saman for å leggje best mogleg til rette for vekst og utvikling innanfor dei landbruksbaserte næringane.

4.1 Landbruket i planlegginga

Planlegging etter plan- og bygningslova er eit viktig verktøy for kommunane i lokal nærings- og samfunnsutvikling, der politikarane skal konkretisere måla og visjonane for utviklinga i kommunen. Arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen blir nytta til igangsetjing av prosessar for mobilisering, arenaskaping og iverksetjing av konkrete utviklingstiltak i kommunen eller regionen. Utvikling av næringsverksemd i koplinga mellom landbruk og andre næringar, og utnytting av landbruket sine ressursar og moglegheiter inngår i dette. Landskapsparkane i Hordaland er eit døme på ein modell for lokal nærings- og samfunnsutvikling som er forankra i kommunale planar. Gjennom mobilisering lokalt, er det etablert eit grunnlag for samarbeid og nettverksbygging mellom gardbrukarar, bygdefolk, næringsliv og offentlege aktørar. Merkevarebygging ved kopling mellom landskap og identitet med tydeleg profil på næringsutvikling, blir brukt for å auke verdiskapinga i dei aktuelle bygdene.

Innovasjon og næringsutvikling skjer på tvers av administrative grenser og sektorar. Dette krev god og heilskapleg planlegging i den enkelte kommune og på tvers av kommunale og fylkeskommunale grenser. Gjennom å kombinere næringslivet og det offentlege sine ynskje om å leggje til rette eigna areal med ei berekraftig forvalting av natur- og kulturgrunnlaget, vil ein oppnå eit godt grunnlag for lokalisering av verksemder og mogleg tilflytting av både arbeidskraft og næringsverksemd.

4.1.1 Plan- og bygningslova og tilrettelegging for næringsutvikling

Regjeringa ynskjer å leggje til rette for auka verdiskaping og lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Både bygningane på garden og utmarka er døme på ressursar som kan nyttast i mykje større grad som grunnlag for å utvikle ny næring. Det oppstår gjerne behov for å føre opp bygningar, anlegg, eller å ta i bruk eksisterande bygningar på nye måtar når ein vil utvikle ny næring. Plan- og bygningslova gir moglegheiter for å leggje til rette for eit mangfald av aktivitetar knytt til landbruket. Gjennom aktiv kommuneplanlegging der ulike offentlege styresmakter, organisasjonar og landbruksnæring samarbeider, kan ein skape eit godt grunnlag for offensiv satsing.

Bedrifter knytt til landbruket er ofte små med avgrensa ressursar til å følgje opp administrative oppgåver. Det er difor viktig at kommunane er medvitne på å vere i forkant gjennom å leggje til rette for nye næringar i kommuneplanlegginga. Dersom dette omsynet er innarbeidd i kommuneplanen, er det enklare for næringsutøvaren å få realisert sine planar. Kommunane bør oppmodast om å nytte både samfunnsdelen og arealdelen i kommuneplanen meir aktivt for å fremje næringsutvikling knytt til landbruk.

Presset på landbruksområda er ofte stort i by- og tettstadsnære område. Her er det behov for andre verkemidlar enn i område med fråflytting. Plan- og bygningslova gir moglegheit for å differensiere verkemidla.

Når det skal satsast på nye næringar i landbruket, kan det i mange tilfelle vere aktuelt å ta i bruk eksisterande bygningsmasse til nye formål. Dette kan vere positivt ut frå ressurs- og samfunnsmessige vurderingar. Slike bruksendringar skal vere i samsvar med føremålet i gjeldande arealplan. Ei bruksendring knytt til landbruk kan til dømes vere at eit av mange hus på bruket blir gjort om til galleri, at ein del av ei bygning blir gjort om til lager eller at setra blir leigd ut nokre veker i året til turistar.

Plan- og bygningslova opnar for at det kan setjast av nærare utpeika område for spreidd næringsverksemd i landbruksområda i kommuneplanen. Kommunane kan til dømes utarbeide føresegner om spreidd utbygging av næringsverksemd i landbruksområda, slik at det ikkje blir naudsynt med dispensasjon eller reguleringsplan. Det kan vere vanskeleg å sjå føre seg slike satsingar på det tidspunktet kommuneplanen blir utarbeidd, og slike føresegner kan nyttast i større grad for å leggje til rette for alternative næringar på ein fleksibel måte. Det er også til dømes mogleg å utarbeide retningsliner for dispensasjon for område med få arealkonfliktar.

Til gjengjeld vil sakshandsaminga knytt til enkeltsaker bli vesentleg enklare. Mange av dei problema som oppstår ved gjennomføring av tiltak knytt til nye næringar i landbruket, kan skuldast at det ikkje har vore ei avklaring i plan på førehand.

Det er behov for å informere og oppmode kommunane til i større grad å nytte dei moglegheitene som ligg i plan- og bygningslova til å leggje til rette for næringsutvikling i landbruket. I 2005 blei rettleiaren Plan- og bygningsloven og landbruk pluss utarbeidd for å bidra til god tilrettelegging for landbruksbasert næringsutvikling i kommunane. Rettleiaren blei vidareført då ny planlov blei vedteke i 2009, og er omtalt i forarbeida til plan- og bygningslova.

Boks 4.1 Parsellhagar, kolonihagar og andelsjordbruk som utgangspunkt for næringsutvikling

Å vere parselldyrkar betyr at ein leiger eller låner eit stykke jord på eit større areal som ein deler med andre parsellistar. Kvar enkelt parselldyrkar har eit privat ansvar innanfor rammene av eit fellesskap. Tradisjonen med parsellhagar er fyrst og fremst knytt til byane. Parsellhagane har mykje til felles med kolonihagane sidan det blir dyrka både blomster, frukt, bær og grønsaker begge stader. Dei skil seg likevel frå kolonihagekulturen m.a. ved at det ikkje er hus på parsellane. Parsellhagane er mykje mindre regulerte enn ein kolonihage, og kan vere ein moglegheit som ei tilleggsnæring på eigedomar nær byar eller større tettstader.

Ein kolonihage er ei samling parsellar på kommunal eller privat grunn, i byar eller bynære strok. Desse parsellane har hytte eller mindre hus og meir eller mindre infrastruktur som vegar eller stiar, vatn – og strømforsyning. I Noreg finst det 2000 parsellar fordelt på 44 kolonihagar. Dei aller fleste av desse er i Oslo. I dag er det fleire års ventetid for å få kjøpt ein parsell med hytte på. For å leggje ut eit jordbruksområde til kolonihage med hus eller hytter, kan det vere naudsynt med ei omregulering etter plan- og bygningslova.

Andelsjordbruk er ei form for direkte omsetnad og dialog mellom gardbrukar og forbrukarar. Forbrukarar kjøper delar av garden sin produksjon og tek imot varer frå garden utan mellomledd. Interessa blant forbrukarar om å bli eigarar av delar er aukande. Dei bynære andelsgardane har i dag ventelister for å bli eigarar av ein lott. Sidan 2006 har det blitt etablert 21 andelsbruk og fleire er under etablering.

Det er stor interesse for rettleiing om plan- og bygningslova knytt til utvikling av nye næringar i landbruket. Ny planlov blei vedteken etter at rettleiaren Plan- og bygningsloven og landbruk pluss blei utarbeidd. Landbruks- og matdepartementet vil i nært samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet gå igjennom denne rettleiaren, med sikte på oppdatering og synleggjering av dei moglegheitene kommunane har i planlova for offensiv planlegging og næringsutvikling. I samband med denne gjennomgangen vil departementet lage ei særskilt utgreiing om i kva grad ein kan leggje til rette for tilleggsnæringar av typen parsellhagar, kolonihagar og andelsjordbruk. Slike tiltak kan i varierande grad møte hinder i plan- og bygningslov, servituttlovgjevinga, jordlova og konsesjonslova. Slike tiltak kan vere god næringsutvikling for bønder som har eigna areal, samtidig som folk utan tilgang til dyrkingsareal kan produsere grønsaker og frukt til eige forbruk.

4.2 Kommunen

Kommunen er fyrstelinje for det lokale næringslivet og er såleis i mange tilfelle den fyrste offentlege instansen som gründeren møter. Kommunen sin innsats på dette området varierer frå kommune til kommune. Fyrstelinja kan bestå av rådgiving, finansieringstenester, formidling av kontakt til verkemiddelapparatet elles (hovudsakleg Innovasjon Noreg), samt mobilisering av ressursar for auka verdiskaping lokalt.

Det er berre innanfor landbruksområdet at kommunane har ei pålagt oppgåve innanfor næringsutvikling som fyrsteinstans for handsaming av søknader om midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Kommunen tek imot søknader og uttalar seg om saker som blir slutthandsama av Innovasjon Norge.

Det er særskilde utfordringar knytt til kommunane sin kapasitet på landbruksområdet generelt, og innanfor kommunen sitt arbeid knytt til næringsutvikling spesielt. For den enkelte næringsutøvar er det krevjande at det kommunale rettleiingsapparatet varierer frå kommune til kommune.

Den pågåande kommunereforma har som siktemål å medverke til større og meir robuste kommunar. Som eit element i arbeidet med kommunereforma, har regjeringa sett behov for meir forskingsbasert kunnskap for å vurdere om det er teneleg for samfunns- og næringsutvikling nasjonalt og regionalt at kommunane får ei større rolle her. Kommunal- og moderniseringsdepartmentet, i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet, har difor bestilt ei utgreiing for å få kartlagt roller, tiltak og verkemiddel i kommunane sitt arbeid med lokal nærings- og samfunnsutvikling. Utgreiinga vil utgjere eit grunnlag for å vurdere om det er behov for å klargjere og styrkje kommunane si rolle på dette området. Utgreiinga skal ferdigstillast innan 15. august 2015.

I tillegg til rolla som fyrstelinje har kommunane ei viktig rolle i å mobilisere til næringsutvikling lokalt, både innanfor landbruket og andre næringar. Interesseorganisasjonen til kommunane (KS) har i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet sett i gang prosjektet Landbruk som ein aktiv del av lokal samfunnsplanlegging. Som ein del av dette arbeidet er det utvikla eit verktøy som kommunane kan bruke, både for å få overblikk over kva ressursar som finst innan landbruket lokalt og korleis desse ressursane kan nyttast til lokal nærings- og samfunnsutvikling.

Boks 4.2 Tiltak for eit samla offentleg støtteapparat

Fleire fylke har etablert samarbeidstiltak mellom aktørane i det offentlege støtteapparatet for næringsutvikling for å kunne møte nyetablerarane på ein meir samla og einskapleg måte. I Møre og Romsdal har forvaltinga samla seg om konseptet Hoppid.no, med aktørane Møre og Romsdal fylkeskommune, Innovasjon Norge Møre og Romsdal og fylkesmannens landbruksavdeling. Hoppid.no er eit varemerke, presentert på www.hoppid.no. Hoppid.no har avtalar med kvar enkelt kommune (35 av 36 kommunar har per dato avtale). Hoppid tilbyr nettverk, opplæring og sertifisering av bedriftsrådgjevarar (obligatorisk) og ferdige kurs- og kompetansepakkar som kan brukast lokalt.

I Hordaland har det offentlege verkemiddelapparatet gått saman om å etablere nettportalen kom-an.no. Nettstaden er retta mot gründerar og samfunnsutviklarar, og er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Hordaland. Målsetjinga med portalen er å skape ein god informasjonskanal for all aktivitet i fylket. Intensjonen er å gi kommunane og rettleiingsapparatet eit ansikt ut til målgruppa og slik få til god og effektiv rådgjeving.

I Vestfold har fleire offentlege etatar gått saman og etablert Start i Vestfold (www.startivestfold.no). Målet er å betre samordninga av offentleg sektor sitt tenestetilbod til nyetablerarar og småbedrifter i vekst.

Det er oppretta kommunale startkoordinatorar som skal vere den fyrste kontaktpersonen til gründeren i kommunane. I samarbeid med kommersielle hjelparar skal offentleg sektor tilby ei rettleiing som gir etablerarane større moglegheit for å vekse og overleve. Det blir arrangert gratis etablerarkveldar der også kontaktpersonar frå andre offentlege etatar og private aktørar med kompetanse innan mellom anna jus, selskapsformer, rekneskap, økonomi, marknadsføring og sal møter opp.

4.3 Fylkesmannen

Fylkesmannen har ansvar for oppfølging av nasjonal landbruks- og matpolitikk regionalt og lokalt, og har både utviklings- og forvaltingsoppgåver. Fylkesmannen skal leggje til rette for næringsutvikling, styrkt innovasjonsevne og verdiskaping i alle delar av landbruksnæringa. Arbeidet skjer i samarbeid med andre regionale og lokale aktørar. Fylkesmannen medverkar både til utvikling av tradisjonelle landbruksproduksjonar, og til utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Døme på dette er produksjon av lokal mat, utvikling av Inn på tunet-tilbod, landbruksbasert reiseliv og auka bruk av tre i byggjenæringa. Fylkesmannen skal medverke til å skape eit godt samspel mellom landbruket og andre sektorar.

Fylkesmannen leiar arbeidet med å utvikle regionale bygdeutviklingsprogram. Dei regionale bygdeutviklingsprogramma (RBU) skal omfatte regionale planar og verkemiddel for å fremje både landbruksbasert næringsutvikling og miljø- og klimaarbeid i sektoren. RBU inneheld følgjande tre hovudelement; 1. Regionalt næringsprogram (RNP) 2. Regionalt miljøprogram (RMP) 3. Regionalt skog- og klimaprogram (RSK). For å sikre auka målretting og betre regionale tilpassingar av innsatsen, skjer arbeidet i samarbeid med regionalt partnarskap der fylkesmannen, fylkeskommunen, Innovasjon Norge og næringsorganisasjonane er viktige aktørar. Innanfor RNP er samarbeid om fylkesplanar, næringsplanar, Inn på tunet-tiltak, reiselivsplanar, utvikling av matproduksjonen og bioenergi sentrale element.

Fylkesmannen forvaltar midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak. Midlane blir brukt i ein tidleg fase for utvikling av landbruksbaserte næringar, som regel i forkant av dei bedriftsretta midlane, som Innovasjon Norge forvaltar.

Fylkesmannen har også ei pådrivarrolle knytt til Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping, særskilt knytt til økonomiske verkemiddel innan områda kompetanse, omdømmebygging og nettverk.

4.4 Fylkeskommunen

Fylkeskommunane er regional utviklingsaktør, gjennom mellom anna ansvaret for å leggje til rette for næringsutvikling og regional planlegging etter plan- og bygningslova. Dette gjer det mogleg for fylkeskommunane å ivareta ansvaret for ei heilskapleg regional utvikling, og å kunne sjå innsatsen til ulike sektorar i samanheng på tvers av ulike forvaltingsnivå. Fylkeskommunane sitt engasjement innanfor landbruksbasert næringsutvikling må sjåast i samband med denne rolla og rolla som oppdragsgjevar til Innovasjon Norge. I samband med dette er det viktig at landbruket blir sett på som ein del av det lokale næringslivet elles i fylka, og inngår i den samla samfunnsplanlegginga. For å medverke til gode koplingar mellom landbruk og anna regionalt utviklingsarbeid og regionale planstrategiar, er fylkeskommunane aktive deltakarar i arbeidet med dei regionale bygdeutviklingsprogramma. Fylkeskommunane har også ei viktig rolle som utdanningspolitisk aktør, m.a. som ansvarlege for den vidaregåande opplæringa i fylka. Fylkeskommunane forvaltar eigne midlar som skal styrkje innsatsen innanfor rekruttering og kompetanseheving i landbruket.

4.5 Innovasjon Norge

For mange gründerar og bedriftsutviklarar er Innovasjon Norge ein tidleg bidragsytar for å få realisert forretningsideane. Innovasjon Norge har både økonomiske verkemiddel i form av lån og tilskotsordningar, og ikkje minst verdifull kompetanse på næringsutvikling og ein rekkje rådgjevingstenester. Innovasjon Norge skal vere tett på det lokale næringslivet, og har difor kontor i dei fleste fylke. I tillegg har selskapet kontor i 29 land over heile verda, og sikrar dermed at norsk næringsliv blir profilert i utlandet, og at norske bedrifter kan hente heim kunnskap frå utlandet.

Innovasjon Norge forvaltar alle bedriftsretta verkemiddel på landbruks- og matområdet som skal støtte opp om landbruksbasert næringsutvikling generelt, og spesielt innanfor områda mat, reiseliv, bioenergi og innsats mot den trebearbeidande industrien. Innovasjon Norge sine delmål om vekstkraftige bedrifter, fleire gode gründerar og innovative næringsmiljø ligg til grunn for måloppnåing på ordningane, i tillegg til dei sektorpolitiske måla. Regjeringa arbeider med ein gjennomgang av Innovasjon Norge, både når det gjeld Innovasjon Norge sine verkeområde og organiseringa av selskapet, jf. Prop. 89 L (2014–2015) Endringer i lov om Innovasjon Norge.

Det gir ein stor meirverdi for landbruket å ha verkemidla til landbruksbasert næringsutvikling samla hos Innovasjon Norge. Dette gir landbrukssektoren tilgang til det same rådgjevingsapparatet og kompetansen som anna næringsliv, samt kopling mot Innovasjon Norge sine samarbeidspartnarar (SIVA, Forskingsrådet m.m.). Ein rapport utarbeidd av Innovasjon Norge i 2012 såg på meirverdien for landbruket av å tilhøyre eit samla verkemiddelapparat. Rapporten synte at bedrifter innanfor landbrukssektoren ikkje berre nytta seg av dei særskilde ordningane over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett, men at dei også nytta seg godt av ein rekkje generelle finansierings- rådgjevings- og kompetansetenester.

Evalueringa av Innovasjon Norge frå 2010 viste til at Innovasjon Norge har ein breiare verkemiddelportefølje enn i samanliknbare land. I motsetnad til andre land er arbeids- og ansvarsdelinga i det norske verkemiddelapparatet fordelt på få og forholdsvis store aktørar med ei klar ansvarsdeling mellom seg (Pöyry 2010). Sjølv om dette gir ein meir kompleks organisasjonsstruktur gir dette færre aktørar å halde seg til for den enkelte næringsutøvar. Innovasjon Norge har stor kjennskap til næringslivet og behova til landbruksbedriftene. Selskapet si rolle som næringspolitisk rådgjevar for departementet er difor viktig.

4.6 Mattilsynet

Produksjon av trygg mat er ein føresetnad også for lokalmat. Det er verksemdene sjølve som har ansvaret for å sikre god mattryggleik i produksjonen av mat og drikke. Mattilsynet har ansvar for å handheve regelverket. Mattilsynet har difor ei sentral rolle i å rettleie og føre tilsyn med alle verksemder som driv med produksjon av mat og drikke. Mattilsynet er på plass i heile landet. Rettleiing og utøvande tilsyn i direkte kontakt med dei som skal etterleve regelverket, er kjerneverksemda til Mattilsynet. God kunnskap om lokale tilhøve er viktig for brukarvennleg rettleiing og for å sikre eit effektivt, målretta og godt synlig tilsyn. Mattilsynet skal lytte til omgivnadene, vere tilgjengelege og tydelege.

Produksjon, omsetnad og servering av lokalmat og lokale drikkevarer har særskilde utfordringar. I gardsbaserte verksemder er det til dømes kort avstand mellom reine og ureine område, noko som lettare kan føre til forureining. Med få tilsette kan det vere utfordrande å oppretthalde eit tydeleg skilje mellom arbeidsoppgåver i reine og ureine soner. Det kan også vere svært krevjande ressursmessig å halde seg oppdatert om aktuelt regelverk til ei kvar tid. Mattilsynet har med støtte frå Innovasjon Norge utarbeidd informasjonsmateriell retta mot lokalmatprodusentar.

Rettleiingsmaterialet omhandlar krav som produsentane av lokalmat må følgje slik at krava til hygiene, kvalitet og forbrukaromsyn blir ivareteke gjennom heile produksjonskjeda. Materialet skal gjere det lettare for lokalmatprodusentane å orientere seg om reglar og krav som er sett for å sikre produksjon av trygg mat og drikke og naudsynt matinformasjon til forbrukarane. I tillegg til å auke kunnskapen hos produsentane er dette eit godt bidrag for å styrkje verdiskapinga på matområdet og leggje til rette for lik praksis i Mattilsynet si rettleiing.

Boks 4.3 Rettleiing for lokalmatprodusentar

Mattilsynet har med støtte frå Innovasjon Norge i 2014 utarbeidd eige informasjonsmateriell for lokalmatprodusentar. Faktaark og informasjon er lett tilgjengeleg på Mattilsynet si nettside (http://www.mattilsynet.no/Lokalmat/). Her finn ein oversikt over krav i regelverket som gir føringar for trygg matproduksjon. Målet med rettleiingsmaterialet er å styrkje kunnskapen om aktuelt regelverk og å gjere produsentane i stand til å gjere gode vurderingar av mogleg risiko i alle ledd i sin eigen produksjon.

Figur 4.2 Rettleiingsmateriell frå Mattilsynet

Figur 4.2 Rettleiingsmateriell frå Mattilsynet

Regelverket på matområdet er i all hovudsak harmonisert innanfor EØS-området. Det gjeld for alle produsentar, uavhengig av storleik. Regelverket om næringsmiddelhygiene har i stor grad målretta reglar der produsentane kan velje ulike løysingar for å nå målet om trygg mat. Det krevst god kompetanse hos produsentane for å kunne nytte den fleksibiliteten dei målretta reglane gir. Mattilsynet legg til rette for at lokale produsentar kan nytte den fleksibiliteten som er i regelverket, slik at utviklinga av lokal matproduksjon kan skje utan unødige byrder. Mattilsynet skal gjennomgåande praktisere lik handsaming av verksemder når dei driv tilsyn og rettleiing. Ulik praktisering av regelverket frå Mattilsynet si side kan gi uheldige følgjer for konkurransetilhøva mellom ulike matprodusentar. Det skal ikkje skje ulik praktisering av regelverket frå styresmaktene si side med mindre dette er grunngjeve med godt fagleg skjønn. Mattilsynet skal utøve fagleg skjønn i møte med verksemder som kan ha valt ulike måtar for å oppfylle målretta krav i regelverket. Det kan difor vere saklege grunnar til at to produsentar av same type produkt får ulik konklusjon frå Mattilsynet. Verksemdene skal sjølv kunne gjere greie for at dei måtane eller metodane dei har valt, er tilstrekkelege for å oppfylle krava. Dersom det ligg fagleg skjønn til grunn for at to tilsynelatande like tilfelle får ulikt resultat frå Mattilsynet si side, skal Mattilsynet grunngje dette på ein tydeleg måte til verksemda. I nokre tilfelle kan det til dømes handle om ulik kvalitet på råvarer, ulike tekniske løysingar og ulik kompetanse som gjer at det blir vurdert som utilfredsstillande i det eine tilfellet, og greitt i det andre.

Regjeringa har lagt til rette for ei større omorganisering av Mattilsynet, som blei sett i verk 1. februar 2015. Med den nye organiseringa blir det færre forvaltingsnivå, færre administrative einingar og færre leiarar. Det blir frigjort ressursar frå administrative oppgåver til utøvande tilsyn og rettleiing i bedriftene. Den nye organiseringa legg til rette for meir tverrfagleg samarbeid og heilkjedetenking i arbeidet inn mot næringsaktørar. Dette legg også til rette for meir dialog og direkte kontakt med verksemdene.

Mattilsynet arbeider med konkrete tiltak ut frå ein fleirårig handlingsplan for utvikling av eit meir einskapleg tilsyn (plan frå 2012). Planen har særskilt merksemd på korleis inspektøren gjennomfører rettleiing og tilsyn, særskilt i utøvinga av det faglege skjønnet og bruken av verkemiddel.

Mattilsynet si oppgåve som rettleiar om regelverket er stadig under vidareutvikling i god dialog med verksemder og næring. Mattilsynet vil framover auke innsatsen for å informere betre om regelverket og gjere det meir tilgjengeleg. Å kommunisere og dele kunnskap med verksemder, bransjeorganisasjonar og kompetansenettverk er viktig på lokalmatområdet.

4.7 Mobilisering, forenkling, brukarretting

Det er viktig at verkemiddelapparatet som skal hjelpe i næringsutviklingsarbeidet er så einskapleg som mogleg. Dei enkelte offentlege aktørane som jobbar med landbruksbasert næringsutvikling skal kvar for seg og samla sett medverke til at dei politiske måla blir nådd. Det offentlege verkemiddelapparatet kan medverke i mobiliseringsarbeidet for å få opp fleire gode gründerar på ulike måtar. Kunnskap om tilgjengelege verkemiddel, rådgjevings- og kompetansetenester for næringsutøvaren er viktig slik at verkemiddelapparatet ikkje står fram som for uoversiktleg for den enkelte næringsutøvar. Også næringa sine eigne organisasjonar må jobbe med mobilisering og synleggjering av det offentlege tilbodet som finst for gründerar og vekstbedrifter.

Regjeringa er oppteken av forenkling og brukarretting. Forenklingar i regelverk og rapporteringskrav er nokre område det er viktig å ha merksemd om. I samband med regjeringa sitt moderniseringsarbeid har organisasjonen Virke konkretisert ei rekkje forslag til forbetringar som mellom anna vedkjem småskala reiselivsbedrifter. Her blir det peika på forbetringspotensial både når det gjeld Altinn-rapportering, tilhøvet til NAV, tilsynspraksis hos Mattilsynet og praksis hos den kommunale skjenkekontrollen. Regelverksbyrda blir opplevd som stor. Som del av regjeringa sitt forenklingsprosjekt EDAG er det frå 1.1.2015 innført ei ny felles ordning for rapportering frå arbeidsgjevar om tilsetjing- og inntektstilhøve til skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og Statistisk sentralbyrå. Målet er å forenkle innrapporteringa ved at arbeidsgjevar ikkje skal måtte levere dei same opplysningane fleire gonger. Det er naudsynt å følgje opp EDAG og brukarerfaringane til små og mellomstore landbruksbaserte bedrifter gjennom tett dialog med næringa generelt. Det er til dømes viktig at verkemiddelapparatet medverkar til god rettleiing og legg til rette for god tilsynskultur.

Til forsida av dokumentet