Meld. St. 31 (2014–2015)

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Garden som ressurs – marknaden som mål — Vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar

Meldinga omhandlar politikken for landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Meldinga drøftar både utviklingstrekk, utfordringar og potensial for vidare vekst og utvikling. Områda lokalmat og drikke, landbruksbasert reiseliv, Inn på tunet, bioenergi og juletreproduksjon blir særskilt drøfta i meldinga. Politikken for stimulering til vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar skal legge til rette for vekst og utvikling uavhengig av storleiken på gardsbruket. Forslaga omhandlar tiltak som skal styrke moglegheitene til betre utnytting av dei samla ressursane på garden, auka profesjonalisering og brukarretting, tilrettelegging for ytterlegare vekst i marknaden for lokalmat og drikke, stimulering til vekst innan landbruksbasert reiseliv og sterkare utnytting av utmarksressursane til næringsutvikling. Meldinga omhandlar vidare tiltak knytt til utnytting av garden som arena for velferdstenester, stimulering til bruk av klimavennlige energiløysingar, irekna bioenergi og meir fleksible rammer knytt til juletreproduksjon.

Les dokumentet

Følg meldinga vidare på www.stortinget.no