Meld. St. 31 (2014–2015)

Garden som ressurs – marknaden som mål— Vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar

Til innhaldsliste

3 Potensialet innanfor enkeltnæringar

Dette kapitlet omtalar utviklingstrekk, potensial og utfordringar innanfor områda lokalmat, landbruks- og utmarksbasert reiseliv, energiproduksjon, juletreproduksjon og Inn på Tunet. Dette er i all hovudsak næringsverksemd på område departementet har prioritert høgt over fleire år.

3.1 Lokalmat og drikke

Det er eit vekstpotensial i marknaden for lokalmat og drikke. Det er difor ein ambisjon at samla omsetnad av slike produkt skal vekse frå dagens 3,5 mrd. kroner gjennom daglegvarehandelen til om lag 10 mrd. kroner til saman frå alle omsetnadskanalar innan 2025. Heile verdikjeda frå jord til bord må samarbeide for å nå denne ambisjonen.

Regjeringa vil

  • auke tilgangen på lokalmatprodukt for forbrukarane, irekna vilt- og fiskeprodukt.

  • lette marknadstilgangen for produsentar gjennom å medverke til etablering av ein database for lokalmatprodukt.

  • leggje til rette for ein årleg møteplass der produsentar av lokal mat og drikke kan møte innkjøparar frå daglevarehandelen og HoReCa-marknaden.

  • leggje til rette for styrkja og berekraftig produksjon av innlandsfiskeoppdrett.

  • opne opp for sal av alkoholhaldige varer over 4,7 volumprosent som ikkje er omfatta av EØS-avtala, direkte frå mindre produsentar.

  • foreslå å justere dagens regelverk om alkoholreklame i Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk mv. for å leggje til rette for nøktern faktabasert produktinformasjon.

Figur 3.1 Annis pølsemakeri, Mathallen, Oslo

Figur 3.1 Annis pølsemakeri, Mathallen, Oslo

Foto: Innovasjon Norge

3.1.1 Utvikling, marknadsvurderingar og potensial

Lokalmat er mat- og drikkeprodukt med lokal identitet eller særprega opphav eller særskilde kvalitetar knytt til produksjonsmetode, tradisjon eller produkthistorie.

Lokal matproduksjon er ein del av kulturarven og er viktig som tradisjonsberar. Både praktiske evner og kunnskap på matområdet er viktig å vidareføre gjennom produksjon av lokalmat. Det har skjedd ei stor utvikling i marknaden for lokalmat dei siste åra. Forbrukarane sin kunnskap om og interesse for norsk mat og matkultur er aukande og produksjon av lokale matprodukt har etter kvart blitt ei viktig vekstnæring i landbruket som både medverkar til eit større matmangfald og verdiskaping. Det er i tillegg mange andre positive effektar av utviklinga på lokalmatområdet, også samfunnsøkonomiske, slik som etablering av næringsverksemd lokalt, kunnskap, medvit og stoltheit over lokale produkt og mattradisjonar og bidrag til å styrkje andre næringar, t.d. reiselivet, jf. kap. 3.2.

Den gode utviklinga i lokalmatnæringa er eit resultat av målretta innsats hos produsentane, kombinert med støtte gjennom offentlege verkemidlar over ein lengre periode.

Verdiskapingsprogrammet for mat blei etablert i 2001 med jordbruksavtalepartane som initiativtakarar. Eit viktig mål med programmet var å auke produksjon, omsetnad og forbruk av lokalmat. Verdiskapingsprogrammet har etter kvart blitt utvikla og utvida til det som frå 2015 er Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping (Utviklingsprogrammet), jf. kapittel 1 boks 1.1. I heile denne perioden er det arbeidd med tilrettelegging og mobilisering, og det er gitt investeringsstøtte til bedriftsutvikling på alle nivå, både i etablerings-, gründer- og vekstfasen. Det er også etablert eit solid kompetansetilbod både i Innovasjon Norge og i Matmerk.

Innovasjon Norges kundeeffektundersøkingar omhandla mellom anna vurderingar av økonomiske effektar av støtta bedriftene har motteke. Undersøkingane viser gjennomgåande svært gode resultat for bedriftene som har motteke støtte over Utviklingsprogrammet. Kundane oppgir mellom anna at programmet har høg addisjonalitet, det vil seie at tilskot over programmet er utløysande for at prosjekt blir gjennomført. Undersøkingane viser også at programmet medverkar til innovasjon og utvikling både av varer, tenester, prosessar og marknader og til auka kompetanse hos bedriftene. Innovasjon Norge har i tillegg gjennomført ei undersøking blant matbedrifter som er organisert som aksjeselskap (AS) og som har fått støtte over programmet gjennom ein sjuårsperiode. Undersøkinga viser ei auke i resultat før skatt på om lag 700 pst. for desse bedriftene. Ei liknande undersøking utført av Innovasjon Norge i 2009, blant matbedrifter som har fått vekststøtte, viser ein auke i årleg omsetnad på mellom 10 og 35 pst. Dette viser at etterspurnaden etter vekststøtte gjer utslag i reell vekst i enkelte bedrifter. Det er likevel ei utfordring å drive verksemdene slik at ein oppnår god lønsemd. Mykje tyder på at for mange av lokalmatbedriftene framleis brukar for lang tid på å etablere seg til drift som gjer det mogleg å ta ut ei rimeleg løn for arbeidet. Det er difor naudsynt med auka grad av profesjonalisering og meir kompetanse om marknadsforholda.

Som eit ledd i bedrifts- og produktutviklinga er det viktig at næringa tek i bruk forsking på matområdet. Forskarane hos Nofima hjelper mellom anna matprodusentane med å utvikle mat for betre helse. Det kan dreie seg om nye produkt, forbetra produksjonsmetodar, riktig emballering, lagringsvilkår og tillaging. Nofima vektlegg auka konkurransekraft og verdiskaping hos næringsaktørane. Felles for prosjekta er at Nofima tek utgangspunkt i reelle behov hos næringsaktørane, og søkjer å implementere den forskingsbaserte kunnskapen i verdiskapande aktivitetar i bedriftene.

Utviklinga i lokalmatnæringa er også knytt til bruk av ulike merkeordningar som skal gjere forbrukaren trygg på at vara har særprega opphav og god kvalitet. Stiftinga Matmerk har ei viktig rolle i å synleggjere og kvalitetssikre lokalmat og drikke for forbrukarane. Målet til Matmerk er å styrkje konkurranseevna til norsk landbruk og å få forbrukarane til å velje norsk mat og drikke. Stiftinga forvaltar mellom anna Kvalitetssystemet i landbruket (KSL), og dei offentlege merkeordningane Nyt Norge og Beskytta nemning, samt Matmerk sitt eige merke, Spesialitet. Merkeordningane medverkar til å byggje omdøme for norsk mat og landbruk samtidig som produsentane får auka sitt kompetansenivå og blir utfordra til stadig utvikling av kvalitet og nye produkt. Spesialitet-merket vart lansert i 2005 og sidan då har talet på produkt med Spesialitet-merke auka frå 40 til 234 produkt. Produkt med Spesialitet-merke er laga i Noreg og skal oppfylle fastsette krav til råvare, produksjonsmetode og/eller oppskrift.

Sidan Beskytta nemningar blei tekne i bruk og forskriftsfesta i 2002 har talet på produkt med slik beskytting auka frå tre til 23 produkt. Beskytta nemningar er i dag lite kjent blant norske forbrukarar. Ein viktig grunn til det er at produkta er lite synlege i daglegvarehandelen. Per i dag er det berre Fenalår frå Noreg og klippfisk som utgjer produkt med større volum. Dette gjer det utfordrande å marknadsføre og synleggjere dei beskytta produkta for forbrukaren. Matmerk har som ambisjon å auke talet på volumprodukt som har Beskytta nemning. Erfaringar frå andre land viser at det er mogleg å bruke beskytta nemningar og spesialitetsmerke målretta i arbeidet med å byggje merkevarer rundt regionar der ein koplar saman mat og reiseliv. Parma i Italia er eit klassisk døme på dette. Frankrike er også eit døme på ein nasjon som har bygd identitet og merkevare rundt mange mat- og drikkeprodukt. I Frankrike står særskilt merket Label Rouge, tilsvarande vårt spesialitetsmerke, sentralt. Ein meir målretta bruk av Beskytta nemningar og Spesialitet kan vere viktig i arbeidet med å byggje sterkare mat- og reiselivsregionar også i Noreg.

Figur 3.2 Matmerks merkeordningar

Figur 3.2 Matmerks merkeordningar

Mange lokalmatprodukt er også økologisk produserte, og er merkt med Debio sitt Ø-merke.

Figur 3.3 Ø-merket, Debio

Figur 3.3 Ø-merket, Debio

Boks 3.1 Offentlege merkeordningar for norsk mat

Stiftinga Matmerk administrerar fleire offentlege merkeordningar for norsk mat. Merka skal gje forbrukarane tryggleik for at maten har rett kvalitet og opphav, og grunnlag for opplyste val i daglegvarehandelen.

Beskytta opphavsnemning: Næringsmiddelet må ha ei svært nær tilknyting til det geografiske området som namnet på produktet opplyser om.

Beskytta geografisk nemning: Næringsmiddelet må ha tilknyting til det geografiske området som namnet på produktet opplyser om, men kravet til tilknyting er ikkje så strengt som for beskytta opphavsnemning.

Beskytta nemning for tradisjonelt særpreg: Næringsmiddelet må ha særskilde eigenskapar som skil det frå liknande produkt.

Spesialitet-merket skal vise vegen for unike smaksopplevingar. Produkt som har dette kvalitetsmerket er laga i Noreg og oppfyller fastsette krav til råvare, produksjonsmetode og/eller oppskrift. Deretter vurderer eit uavhengig fagutval om produkta har ei unik smaksoppleving samanlikna med andre produkt i same kategori.

NYT NORGE-merket garanterer bruk av norske råvarer. Kjøt, egg og mjølk med Nyt Norge-merke er alltid frå Noreg. For samansette produkt er det tillate med inntil 25 pst. ikkje-norske ingrediensar, til dømes salt og sukker som vi ikkje produserer her til lands. NYT NORGE stiller krav til at matvarene i sin heilskap er produsert av verksemder som er lokalisert i Noreg.

Debio kontrollerer og godkjenner økologisk produksjon i Noreg etter delegert mynde frå Mattilsynet. Debio eig Ø-merket som gjeld for produkt som er godkjende i samsvar med regelverket for økologisk produksjon.

Omsetnad av lokalmat skjer gjennom fleire kanalar. Ein viktig kanal er Bondens marknad. Sidan starten i 2003 har Bondens marknad gått frå å ha marknad ni stader med ein samla omsetnad på 5,5 mill. kroner til å ha marknad på 35 stader og ein total omsetnad på 52 mill. kroner i 2014. Matfestivalane, både dei store som Matstreif og Trøndersk matfestival, og dei mange små og mellomstore festivalane, har også etter kvart blitt viktige salskanalar for lokalmaten. Lokalmat blir og omsett gjennom spesialbutikkar. Dei seinare åra er det etablert fleire nye salskanalar for omsetnad av mat, i form av abonnementsordningar, eller for bestilling av matvarer over internett. Dette kan representere eit område for ytterlegare vekst. I tillegg til å vere viktig for omsetnaden, er alternative salskanalar viktige arenaer for å synliggjere og å byggje omdøme og kunnskap om norsk matproduksjon blant forbrukarane.

Hotell, restaurant og catering – HoReCa – er ein annan viktig marknadskanal med vekstpotensial for lokalmatnæringa. Norske kokkar set i aukande grad norske råvarer og lokalmatprodukt på menyen på sine restaurantar og serveringsstader. Erfaringane frå reiselivet viser at maten er i ferd med bli ein viktig del av heile reiseopplevinga. Eit godt døme er Hurtigruta, som satsar stort på lokalmat. Utfordringane har vore mange, mellom anna å sikre kvalitet, jamn levering og å få oversikt over produsentar. Både utfordringane og potensialet er venteleg dei same for resten av HoReCa. For lokalmatbedrifter som ynskjer å vekse, er ofte HoReCa-marknaden ein fornuftig marknad å starte i. Gjennom målretta satsing i denne marknaden kan ein byggje opp produksjonen sin gradvis. Ein får testa ut kvaliteten på produkta, og ofte skjer det ei produktutvikling i samspelet mellom bedrift og kokk. Lukkast bedrifta i HoReCa- marknaden, kan dette vere eit godt utgangspunkt for vidare vekst inn i daglegvaremarknaden.

Boks 3.2 Gårdsand frå Vestfold – ein suksess det smaker fugl av

Gårdsand frå Vestfold er eit døme på ein produsent som har hatt HoReCa som sin viktigaste marknad, men som etter kvart leverer det meste av produksjonen til daglegvarehandelen. Om lag 40 pst. av all produksjon frå Gårdsand blir seld til hotell, og dei har langt på veg utkonkurrert sine utanlandske konkurrentar i denne marknaden sidan dei etablerte seg i 2005. Bedrifta samarbeider tett med kokkar i produktutviklinga, noko som har vist seg å vere ein nøkkel for å vekse så raskt og mykje som bedrifta har gjort. Produksjon og omsetnad har vakse mykje sidan 2005, frå 7 produsentar og ein omsetnad på snautt 3 millionar i 2005 til 12 produsentar og 68 millionar i omsetnad i 2014. Bedrifta sysselsett 34 personar og kan tilby eit mangfald av ande- og kyllingprodukt, til saman nær 60 ulike produkt pr. 2013. Verksemda har framleis klare vekstambisjonar, og vaks med heile 44 pst. frå 2013 til 2014.

Det største potensialet for vidare vekst i lokalmatomsetnaden ligg i å auke omsetnaden gjennom daglegvarehandelen. For å oppnå dette, må marknadstilgangen bli betre. Veksten i omsetnad av lokalmat gjennom daglegvarehandelen har vore sterk gjennom fleire år, med nærast ei fordobling i omsetnaden sidan 2010. Når ein samanliknar med omsetnad av mat og drikke totalt i daglegvaresegmentet, veks omsetnaden av lokalmat tre gongar så mykje.

Tabell 3.1 Omsetnad av lokalmat via daglegvarehandelen1

2010

2011

2012

2013

2014

Omsetnad av lokalmat (mrd. kroner)

2,31

2,62

2,79

3,02

3,54

Årleg omsetnadsvekst (pst.)

7,3

13

6,7

8,4

16,5

Totalvekst mat og drikke (pst.)

3,5

4

5

3,6

5,5

1 Omsetnaden er målt med utgangspunkt i ein ein definisjon av lokalmat det er semje om: «mat- og drikkeprodukt med lokal identitet eller særprega opphav eller særskilde kvalitetar knytt til produksjonsmetoden, tradisjon eller produkthistorie.»

Kjelde: Nielsen Scan Track, 52 rullerande veker. Omsetnad i daglegvarehandelen per veke 40 2014.

Dei store kjedene i daglegvarehandelen erfarer at lokalmat i butikkane både er ein konkurransefordel og viktig for omdøme. Samstundes medverkar det til lokal forankring. Å få tilgang til daglegvarehandelen er likevel ei stor og felles utfordring for mange lokalmatprodusentar. Utfordringa for små produsentar er særskilt knytt til distribusjon og leveringstryggleik. Moglegheit for å gjere innkjøpsavtalar med daglegvarekjedene har også vore ei utfordring for å få lokalmaten inn i butikkhyllene. For små produsentar kan organisering av innkjøpsnettverk vere eit relevant og nyttig grep. Etablering inn i daglegvaresegmentet krev nye former for samarbeid, lokalt, regionalt og nasjonalt. Det krevst framleis vekst, profesjonalisering og kompetanseheving.

For handelen er det særskilde utfordringar knytt til å ha oversikt over kor produsentane held til, kva dei kan tilby, om dei er i stand til å levere produkt i tilstrekkeleg volum, samt tryggleik for jamn kvalitet på produkta.

For nokre lokalmat- og drikkeprodusentar kan eksport vere eit aktuelt alternativ for vidare vekst. For mindre produsentar med avgrensa produksjonsvolum er det truleg naudsynt å sikte seg særskilt inn på nokre avgrensa marknader med høg betalingsvilje dersom ein skal lukkast med eksport. Departementet la nyleg fram ein eksportstrategi for norske jordbruksprodukt. Her er det lista tiltak som både skal treffe store og små produsentar som ynskjer å eksportere produkta sine til utlandet. Som ei oppfølging av strategien, skal Innovasjon Norge gjere ein analyse av potensialet og moglegheitene i utvalde marknadar og gje ei tilråding for vidare satsing.

Figur 3.4 Fenalår fra Norge
 SA. Ei produsentsamanslutning med eksportambisjonar. Her frå Frankrike

Figur 3.4 Fenalår fra Norge SA. Ei produsentsamanslutning med eksportambisjonar. Her frå Frankrike

Foto: Matmerk

Fleire kommunar viser interesse for å tilby lokalmat i offentlege institusjonar, som til dømes kantiner og barnehagar. Her ligg det eit uutnytta potensial både for kommunane og for produsentane.

Boks 3.3 Lokalmat i barnehage og skule – Rissa kommune

I Rissa kommune i Sør-Trøndelag kombinerer dei omsyn til folkehelsa med mål om å auke produksjon og omsetnad av lokal mat og drikke. Kommunen har mål om førebyggjande og helseaukande arbeid samstundes som dei arbeider aktivt med å synleggjere dei ulike lokale produsentane. Rissa tek del i det Trønderske Matmanifest. Kommunen forpliktar seg dermed til mellom anna «å bidra til å ta i bruk råvarer og produkt som fremmer matglede og helse».

Frå januar 2015 og i tre år vil forskarar frå NTNU, Nofima, Sintef og Rissa kommune følgje helsesituasjonen i til saman ni barnehagar og skular. Barna vil bli servert sunn og smakfull mat, og så mykje som mogleg skal vere lokal mat. Kommunen vil også setje i verk ulike aktivitetar der innbyggjarane skal bli kjende med kva som blir produsert i kommunen og korleis dette kan nyttast. Det er ynskjeleg at fleire produsentar let seg inspirere til å auke produksjonen av mellom anna grønsaker og blåskjel.

Gjennom prosjektet blir lokale produsentar og produkta synleggjort og kommunen sine innbyggjarar får moglegheit til å bli betre kjent med smakar og bruksområde for lokale produkt frå sjø og land.

Distribusjon

Både lokale små butikkar og butikkar som tilhøyrer store daglegvarekjeder har dei siste par åra teke inn stadig større utval av lokalmat i hyllene sine. Det same gjeld serveringsstader, samt auka etablering av eigne butikkar for sal av lokalmat (Bondens marknad, Bondens butikk og gardsutsal). Sal, marknadsføring og logistikk/distribusjon er likevel framleis utfordrande for mange lokalmatprodusentar. Ikkje desto mindre ser vi at utviklinga går i riktig retning. Det er utfordrande å skulle tilpasse lokalmatproduksjonen til grossistdistribusjon fordi det blir stilt krav om eit visst volum. Utfordringane gjeld også for leveringsfrekvens og transportkostnader. Ein konsekvens av låg leveringsfrekvens er større lagerbehaldningar og større risiko for svinn. Distribusjon av lokalmatprodukt kan difor vere ein flaskehals for lokalmatprodusentar. Ferske varer i små kvanta passer ikkje inn i transportsystemet. Mange produsentar må difor sjølve sørgje for transport ut til forbrukar, samt av returbehaldningane. Det kan også vere krevjande å ta småskalaprodukta i retur.

Boks 3.4 Rørosmat – suksess gjennom samarbeid

Rørosmat er eit døme på korleis samarbeid innanfor ramma av eit forpliktande produsentnettverk kan føre til vekst og utvikling for heile næringskjeda. Historia går heilt tilbake til 1998 då miljøetaten i Røros kommune og 6 lokale produsentar etablerte merket Mat fra fjellregionen BA. Dagens Rørosmat BA blei etablert i 2003, då med 15 aktive produsentar. Frå 2010 er verksemda basert på ein strategi med klare visjonar og målsetjingar, og i 2012 registrerte og beskytta dei varemerket sitt. Rørosmat har i dag 31 eigarar, 7 tilsette og ein omsetnad på 30 mill. kroner i 2014.

Rørosmat har fått hjelp og økonomisk støtte frå det offentlege verkemiddelapparatet både regionalt og nasjonalt, noko som har vore viktig for utviklinga av selskapet. Dagens strategi og forretningsplan, inkluderer både marknadsføring, felles verdigrunnlag og visjon og klare krav til bruk av merket «Mat fra Rørostraktene». Alt dette gjer Rørosmat til eit av dei mest komplette og profesjonelle lokalmatnettverka i Noreg.

Rørosmat sine eigarar produserer mellom anna øl, reinkjøt, ost, fisk og bakverk. Dei har ambisiøse mål om auka produksjon, auka sal, fleire medlemmar/produsentar, fleire faste kundar og auka matproduksjon i Rørosområdet.

Rørosmat fekk den nasjonale bygdeutviklingsprisen 2014 for sitt mangeårige arbeid. Med eitt kontaktpunkt, ein ordre og ei levering leverer Rørosmat i dag til både daglegvare- og storhushaldningsmarknaden og formidlar eit mangfald av varer som medlemmane produserar.

Samarbeid og nettverk kan vere gode løysingar for å gjere distribusjon enklare og billegare for lokalmatprodusentane. Partnarskap mellom store og etablerte matprodusentar og små lokalmatprodusentar fungerer godt i nokre bransjar. Til dømes nyttar TINE Distribusjon sin kapasitet på transport til å transportere varer for om lag 100 småprodusentar (ikkje berre meieriprodukt, men også til dømes fisk og spekemat). Slike moglegheiter der dei små får «haik» av dei store ut til hotell og restaurantar over heile landet gjer at dei når ut til ein større marknad enn dei elles ville gjort. Rørosmat og Gudbrandsdalsmat er døme på lokalmatprodusentar som har organisert seg i forpliktande nettverk. Begge har løysingar som gjer at innkjøparar kan bestille varer frå fleire leverandørar gjennom ei felles løysing. Dei har også samarbeid om marknadsføring og kvalitet. Avsetninga til forpliktande produsentnettverk over Utviklingsprogrammet har auka i takt med etterspurnaden etter støtte til slike nettverk. Forpliktande produsentsamarbeid bidreg til risikofordeling og utfyllande kompetanse mellom produsentane. Vi ser også døme på samarbeid mellom produsentar og forskingsmiljø for å finne smarte og effektive logistikkløysingar. Meir effektive distribusjonsløysingar vil også kome forbrukarane til gode.

Utvikling av marknaden for produkt av vilt og innlandsfisk

Det er eit unytta potensial i å vidareutvikle og omsetje produkt basert på innlandsfisk. Utfordringa i dette segmentet er samansett og kan mellom anna skuldast miljøutfordringar, lite marknadsorientering og liten grad av organisering blant produsentane. Det tek tid å etablere og å få opp ein god, stabil og berekraftig fiskeproduksjon. Det er også ein stor fordel om fleire råvareprodusentar samarbeider om produksjonsprosessen frå elv og fjord til bord. Vidare er det ein føresetnad med gründerar som har evne og vilje til å bruke dei gode råvarene til å utvikle kvalitetsprodukt som marknaden etterspør.

Utvikling av vidareforedling av vilt- og fiskeråvarer har eit stort potensial. Kjøtverdien av alt vilt som blei felt i 2007 blei berekna til om lag 500 mill. kroner1. Då er næringsaktivitet knytt til opplevingar rundt matauken ikkje medrekna (losji, utleige m.m.). Praktiske løysingar for mottak, nedskjeringsanlegg og vidareforedling av råvarer frå vilt og fisk er viktig for å få til utvikling av lønsame og gode konsept for bruk av råvarer frå vilt og fisk, der ein også tek vare på mattryggleiken gjennom godt samarbeid med Mattilsynet. Kombinasjon av sal av jakt- eller fiskeopplevingar med sal av vilt- og fisk, tyder i praksis at viltet eller fisken kan seljast både som mat og som aktivitet, noko som gir eit potensial for meirverdi.

Når det gjeld innlandsfiskeoppdrett har vi ulike dømer i Noreg. Merd-anlegg av den typen ein finn i konvensjonell lakse- og aureoppdrett i sjø, er i liten grad teke i bruk i innlandsfiskeoppdrett i Noreg. Dei fleste slike anlegg er såkalla semi-lukka anlegg, eller tilpassingar til det ein kan kalle landbasert oppdrett. Omsetnaden av rakfisk har auka gjennom fleire år, og fiskeoppdrettarane har ikkje klart å produsere nok fisk til å dekkje etterspurnaden. Det har difor vore naudsynt å importere fisk frå mellom anna Danmark. Næringa sjølv har ofte definert konsesjonsdrifta som eit hinder for næringsutvikling, og ynskjer ein overgang til utsleppsbasert drift, og å gjere det mogleg å drive oppdrett basert på avl av mellom anna røye. Regjeringa vil leggje til rette for styrka berekraftig produksjon av innlandsfiskeoppdrett. Regelverk og praktisering av dette vil bli gjennomgått for å vurdere forenklingspotensial og løyse utfordringar, for betre å kunne utløyse det potensial som ligg i næringa.

Boks 3.5 Rakfisk frå Noraker gard

Fiskeoppdrett med vidareforedling til rakfisk er ei viktig næring i Valdres og produktet «Rakfisk frå Valdres» er eit døme på at ein har lukkast med produktutvikling basert på innlandsfisk. Dette er eit formalisert samarbeid mellom seks oppdrettarar. Alle alar opp og foredlar sin eigen fisk, men samarbeider med basis ei rekkje felles kvalitetskriterium, mellom anna at fisken skal vere fødd og oppvaksen i Valdres og at gardane nyttar sine eigne tradisjonsrike oppskrifter. Rakfisk frå Valdres sysselset om lag 20–25 årsverk, og ser potensial i å satse vidare og å auke produksjonen. I tillegg til utvikling av eit matprodukt med høg kvalitet og ei sterk merkevare, har satsinga også bidrege til utvikling innanfor reiseliv og servering. Ein av deltakarane i samarbeidet, Noraker gard i Valdres, har satsa stort på å byggje opp ei totaloppleving basert på fiskeressursane i tilknyting til garden med fiskeoppdrett, slakteri, vidareforedling, eit større gardsmatutsal, omvisningar og servering. Totalt hadde garden i 2013 ein omsetnad på 9,3 mill. kroner og 6 -7 årsverk.

Figur 3.5 Rakfisken er servert

Figur 3.5 Rakfisken er servert

Foto: Tom Haga

Småskalaslakteri/ gardsslakteri

Det er aukande interesse for å starte opp småskalaslakteri/gardsslakteri fleire plassar i landet. Småskalaanlegg kan også gje næringsutvikling og ekstra grunnlag for arbeidsplassar lokalt. Regelverket for slakteri er harmonisert i EØS-avtala. Alle slakteri, uavhengig av storleik, må følgje krava til hygiene, dyrevelferd og dyrehelse, og alle slakteri skal vere godkjende av Mattilsynet. Dette gjeld også mobile slakteri. Alle slags fasilitetar (industrislakteri, småskalaslakteri, gardsslakteri, mobile slakteri) kan slakte dei dyreartane dei blir godkjende for, gitt at dei oppfyller dei aktuelle krava i hygieneregelverket. Omgrepet «slakteri» i regelverket er knytt til verksemder som tek imot levande dyr og handsamar desse fram til nedskjering. Det er noko enklare krav til nedskjeringsanlegg, som til dømes eit vilthandsamingsanlegg, enn til eit slakteri. Småskalaslakting og foredling av kjøt kan vere eit alternativ for ein del bønder i staden for å levere dyr til dei store slakteria, som ofte ligg lokalisert langt frå garden. For dei som er lokalisert nærare eit større slakteri, er retur av eigne slakt for vidare lokal foredling ein moglegheit.

Departementet vil sjå til at Mattilsynet utarbeider rettleiingsmateriell og informasjon retta mot dei som ynskjer å starte opp småskalaslakteri eller nedskjeringsanlegg. Målet er å gjere det enklare å få oversikt over aktuelt regelverk, kva for krav som gjeld, og å auke kunnskapen kring trygg handtering og produksjon av animalske produkt. Det er gode erfaringar med rettleiingsmaterialet som Mattilsynet utarbeidde for lokalmat i 2014, og ein ser for seg at rettleiingsmateriell for småskalaslakteri/nedskjeringsanlegg kan fylgje same formatet.

Mobile slakteri kan medverke til særskilt tilpassa lokale driftsformer i husdyrproduksjonen og vere viktig i utviklinga av regionale matspesialitetar. For å oppnå større grad av likehandsaming mellom småskalaslakteri og mobile slakteri, blei det i årets jordbruksoppgjer semje om at også mobile slakteri skal kunne få frakttilskot.

3.1.2 Auka produksjon og omsetnad av lokale drikkevarer

Noreg har lange tradisjonar for å nytte lokale ressursar til å produsere eit mangfald av drikkevarer med og utan alkohol. Mangfaldet av lokale drikkevarer har auka kraftig dei siste åra. Der ein for 15 år sidan berre fekk tilbod om ein type fransk alkoholfri vin når ein ville ha alkoholfri drikke på restaurant, får ein no valet mellom eit mangfald av norske alkoholfrie drikkevarer tilpassa maten ein skal ete. I dag har vi tilgang til eit breitt utval av norske alkoholfrie drikkevarer, både i butikk og på restaurant. Utviklinga på drikkeområdet har dei siste åra vore like stor som på matsida, og er drive fram av pionerar som Epleblomsten i Telemark og Egge gård i Lier. Det er også oppvist stor kreativitet ved å ta i bruk nye emballasjeformer som bag-in-box og bruk av attraktiv design for å selje produkta.

Salet frå norske småskalabryggeri auka med heile 51 pst. i fyrste kvartal i 2014. Lokalbryggeria sto samla for tre prosent av ølsalet i Noreg i same periode. Nokre bryggeri leverer berre lokalt, medan dei seks-sju største småskalabryggeria har nasjonal distribusjon og blir omsett i daglegvarehandelen og på Vinmonopolet. Talet på lokalbryggeri har auka dei seinare åra og utgjer i dag ein viktig del av mangfaldet i norsk drikkeproduksjon. Fleire av desse eksporterer dessutan ein del av produksjonen, mellom anna til land som Tyskland og Belgia. Auka mangfald av norskproduserte øltypar gjer det no mogleg å lage ølmenyar tilpassa måltidet på same måte som ein gjer med vin.

Framveksten av lokalbryggeria starta i Noreg med etableringa av bryggeriet Nøgne Ø. Nøgne Ø sette ein standard både for produktutvikling og prissettjing av produkta som resten av lokalbryggeria sidan har bygd vidare på. Utviklinga på området har vakse i takt med aukande etterspurnad frå forbrukarar med høg betalingsvilje, noko som hittil har gjort det mogleg å halde prisane på eit jamt høgt nivå. Utviklinga er også eit resultat av ein motkultur mot dei store etablerte bryggeria og bransjen er difor i stor grad særprega av til dels tett samarbeid og stor grad av kunnskapsdeling som andre landbruksbaserte næringar med fordel kan lære av.

Vinmonopolsystemet er ein viktig kanal for å få omsett lokale drikkevarer. AS Vinmonopolet har plikt til ikkje å forskjellshandsame leverandørar og produkt på grunnlag av nasjonalitet eller opphavsland. Innanfor desse rammevilkåra blir det arbeidd aktivt med å sikre god marknadsåtgang for norske produsentar av lokale drikkevarer. Eigne hyller for norske produkt er eit døme på dette. Gjennom Vinmonopolet sitt system er det fleire moglegheiter for å få produkt inn på lokal liste i vinmonopolbutikkar. På den måten kan små produsentar få tilgang til ein viktig marknadskanal.

Akevitt produsert på norske poteter er ei nasjonal merkevare som har fått den beskytta nemninga «Norsk akevitt». Norsk akevitt er eit produkt med ein verdifull posisjon i marknaden og nemninga gir garanti for kvalitet, tradisjon og kultur. Produksjonen av norske akevittar har auka vesentleg dei siste åra og akevitt er den einaste brennevinskategorien som kan vise til auka salstal. Om lag halvparten av produksjonen av akevitt går til eksport og EU er ein viktig marknad.

Det ligg eit verdiskapingspotensial i å i større grad utvikle produksjon av alkoholhaldige drikkar basert på norske bær- og fruktressursar. Interessa for å satse på slik produksjon, og etterspurnaden blant norske forbrukarar, er aukande. Produksjonen bidreg til auka mangfald for forbrukarane, auka verdiskaping og næringsverksemd lokalt, og til meir kunnskap og stoltheit over både gamle lokale tradisjonar og nye gründerar. Fleire produsentar har laga gode tilbod for turistar med å kople frukt-/siderproduksjon til reiselivsaktivitet.

Ei utgreiing2 frå hausten 2014 viser at Noreg har eit antatt handlingsrom knytt til sal av alkohol for produkt som er utanfor EØS-avtala, det vil seie eplesider, pæresider og andre gjæra drikker basert på frukt og bær, og øl-liknande drikker basert på andre råvarer enn malt. Utgreiinga viser samstundes at det kan vere EØS-rettslege utfordringar ved å tillate nisjesal av produkt som er innanfor EØS-avtala, t.d. vin basert på druer, øl og brennevin. Regjeringa vil i 2015 sende på høyring eit forslag om å endre alkohollova sine reglar som nyttar det pårekna handlingsrommet for sal av alkoholhaldige varer over 4,7 volumprosent som ikkje er omfatta av EØS-avtala. Dette inneber å opne opp for sal av denne type alkoholhaldige drikkar direkte frå mindre produsentar.

Regjeringa har sett behov for å justere dagens regelverk i føresegnene om alkoholreklame i Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk mv. Dette skuldast fleire forhold. Større krav frå forbrukarane om å bli informert om ulike sider ved varer og tenester, behov for presiseringar for å gjere det enklare for bransjen å stille seg til regelverket, og den tekniske utviklinga har gjort det naudsynt å sjå på regelverket på nytt. Eit forslag til endringar i alkoholreklameforskrifta blei difor sendt på høyring juli 2014. Forslaget til endringar vil gjere det enklare for forbrukarar å få nøktern, faktabasert informasjon om mellom anna innhaldet i alkoholhaldige drikkar, eigenskapar, produksjonsprosessar og produksjonsstad. Samstundes blir det enklare for verksemdene å informere om sine produkt. Regjeringa er no i ferd med å sjå nærare på høyringsinnspela og tek sikte på å fastsetje endringar i løpet av 2015.

Boks 3.6 Drikkeproduksjon med lange tradisjonar

Produksjon av cider og eplebaserte drikkar har lang tradisjon i Noreg, og særskilt i Sogn og Hardanger. Det er dokumentert fruktdyrking i Sogn heilt sidan 1200-talet. Ciderhuset i Balestrand er ei familiedriven verksemd som i tillegg til ciderproduksjon og destillering, har servering i eigen restaurant. Kulturvandringar, kunstutstillingar, konsertar og smaksopplevingar med mat og drikke er nokre av tilboda til Ciderhuset. Råvarene kjem frå eiga økologisk dyrka frukt og frå eigen urtehage. Ciderhuset samarbeider med og er deleigarar i det lokale fruktpresseriet Balholm AS som har levert fruktjuice over heile landet i snart 20 år. På grunn av sikker avsetnad av frukt til Balholm sine økologiske juicar, er Sogn i dag den fruktregionen i landet som har flest økologisk godkjende fruktprodusentar. Balhom AS har hatt Debio-godkjenning sidan 1999. Balholm AS vart tildelt Bygdeutviklingsprisen i 2008, Målprisen i 2009 og ØKO-prisen for Vestlandet i 2012.

Ciderhuset hadde ein omsetnad i 2014 på 3 mill. kroner, og har i dag 3 årsverk og 8 personar tilsette i verksemda. Balholm AS hadde ein omsetnad på 10 mill. kroner i 2014 og har i dag 4 årsverk og 5 personar tilsett.

Figur 3.6 Fruktpressa

Figur 3.6 Fruktpressa

Foto: Thomas Morel/ Balholm

Genressursar som grunnlag for næringsutvikling på matområdet

Gamle husdyrraser og eldre mat- og nytteplanter kan gje grunnlag for auka verdiskaping knytt til produksjon av særeigne produkt med særskilde og ettertrakta eigenskapar. Landsortar av korn frå tidlegare tider har ei ernæringsmessig samansetjing som mange etterspør. Kjøt av gamle kuraser har ein struktur som er ettertrakta mellom anna av gourmetrestaurantar. Gamle saueraser er godt eigna til å halde nede vegetasjonen i kulturlandskap og i verneområde. Opphavleg stadeigne husdyr og jordbruksvekstar er ein del av vår kulturhistorie og kan gje ekstra verdi til regionale og lokale spesialitetar, til kulturlandskap og reiseliv.

Bevaring av genressursar og genetisk mangfald er viktig i landbruket for å sikre det framtidige ressursgrunnlaget for både dyr og plantar. Det er også årsaka til etableringa av det globale Frøhvelvet på Svalbard. Dette arbeidet har samtidig gitt gevinst ved at særskilde sortar eller raser har gitt grunnlag for ny næringsverksemd.

Figur 3.7 Telemarksfe. Gamal norsk kurase

Figur 3.7 Telemarksfe. Gamal norsk kurase

Kjelde:  Foto: Anna Rehnberg/Genressurssenteret

Boks 3.7 Gamalt bygg til malting

Små og store bryggeri med lokale spesialitetar etterspør norske humletypar og kornsortar som er eigna til malting. Den gamle sorten Domen frå NordGens genbank er foreløpig den einaste godkjende byggsorten som har slike eigenskapar. Bioforsk Løken har innleia eit samarbeid med bryggerisektoren, både mikrobryggeri, konvensjonell bryggeri og heimebryggeri om planar for eit større prosjekt Norsk malt, humle og urter – smaken av norsk øl. Fem gamle norske sortar er vald ut til å bli testa for maltingseigenskapar og tilpassing til dagens produksjonar. Etter to års forsøk viser mellom anna 6-radsorten Varde gode eigenskapar. I den nordiske genbanken er det frå Noreg tatt vare på om lag 100 typar bygg som kan vere aktuelle for malting og ølbrygging.

3.2 Landbruksbasert reiseliv

Regjeringa vil

  • styrkje koplinga mellom det landbruksbaserte reiselivet og anna reiseliv.

  • arbeide med forenklingstiltak for små reiselivsaktørar og serveringsbedrifter, m.a. krav knytt til løyve, tilsyn og rapportering.

  • arbeide for ei einsarta tolking og praktisering av skiltregelverket over heile landet, og at det blir lettare å skilte til reiselivsbedrifter.

  • leggje til rette for auka verdiskaping basert på hausting av villaks i elvar.

  • medverke til skjøtsel og pleie av landbrukets kulturlandskap som grunnlag for natur- og kulturarvsbaserte reiselivsopplevingar, irekna etablering av ei eiga satsing på utsiktsrydding i kulturlandskapet.

  • leggje til rette for verdiskaping, i og i tilknyting til verneområde innanfor ramma av vernet for det enkelte område.

  • i samband med komande revisjon av jaktforskrifta, vurdere forlenga jakttid for elg og utvida jakttid på andre artar, irekna betre moglegheiter for konfliktdempande tiltak.

Med landbruksbasert reiseliv meiner vi reiselivsaktivitetar basert på landbruket sine ressursar både på landbrukseigedomen og i tilknyta utmark. Gards- og bygdeturisme har lange tradisjonar i Noreg. Berekraftig bruk av dei norske landbruksareala med kringliggjande ressursar som elvar, sjøar, skog, fjell og landbrukets kulturlandskap dannar eit godt utgangspunkt for utvikling av reiselivet. I tillegg kjem ein rik kulturarv med gamle bygningar, kulturminne, handverkstradisjonar og regional og lokal matkultur. Aktivitet med husdyr høyrer også med som del av dette reiselivet.

Figur 3.8 Nøgd gjeddefiskar

Figur 3.8 Nøgd gjeddefiskar

Foto: Innovasjon Norge

3.2.1 Utviklingstrekk, marknadsvurderingar og potensial

Den norske reiselivsnæringa har omlag 140 000 tilsette og ei samla årleg verdiskaping på nærare 70 mrd. kroner. Dette utgjer om lag fem prosent av samla verdiskaping i norsk næringsliv. Dei siste 10 åra har verdiskapinga i næringa blitt dobla. I 2013 var det registrert 29,3 mill. kommersielle gjestedøgn i Noreg, der nordmenn utgjer tre fjerdedelar av gjestedøgna. Av utanlandske turistar utgjer Tyskland det største segmentet følgt av Sverige, Danmark, Storbritannia og Nederland. Talet på turistar frå Russland og Kina er sterkt aukande3.

Noreg er eit særprega land også i reiselivssamanheng. Oljerikdomen og den positive økonomiske utviklinga sidan 1970-talet har gitt oss høgare lønsnivå enn andre land. Dette påverkar også reiselivsnæringa. Både løns- og prisvekst i Noreg fører til at reiselivsprodukta gradvis har blitt dyrare for utanlandske turistar, medan utanlandske turistprodukt gradvis har blitt billegare for norske turistar. Verdiskapingsanalysa av reiselivsnæringa i Noreg utført av Menon i 2014 drøftar dette, og peiker på at trass tapte marknadsdelar i den internasjonale feriemarknaden, har næringa langt på veg lukkast i å kompensere dette tapet i kostnadsmessig konkurranseevne med auka kvalitetsmessig konkurranseevne. Innhaldet i det norske reiselivsproduktet har utvikla seg mykje og blitt vesentleg styrkt. Kombinasjonen av kommersielle kulturgode og ikkje kommersielle natur- og kulturgode er viktig i denne samanhengen. Norsk reiselivsnæring blir stadig dyktigare til å kultivere og kommersialisere bruken av naturgitte fellesgode. Opplevingsbransjen har hatt ei positiv verdiskapingsutvikling etter tusenårsskiftet, og veks raskast av alle bransjar (overnatting, servering, transport, oppleving og kultur, samt formidling) i reiselivsnæringa med omsyn til verdiskaping og talet på tilsette.

Landbruksbasert reiseliv er ein del av det opplevingsbaserte reiselivet, og det er mykje som tilseier at det er moglegheiter for vekst og utvikling på dette området.

Turistundersøkinga til Innovasjon Norge4 viser at det er aukande etterspurnad etter genuine opplevingar og at både norske og utanlandske turistar ynskjer eit større mangfald av kulturelt innhald, mat og drikke som ledd i opplevinga. «Matturistar» som gruppe auka frå 2013 til 2014, frå 31 pst. til 44 pst. Dei Historiske hotel- og spisesteder er eit døme på ei verksemd som satsar på denne trenden. Eit anna døme er Hurtigruta si satsing på lokalmat. Dette er ei strategisk viktig og langsiktig satsing frå ein aktør som dagleg opplever konkurranse frå utanlandske turistskip. Hurtigruta står for 15 pst. av alle utanlandske reisedøgn i Noreg per år. Dei serverer 3 mill. måltid kvart år og kjøper mat og drikke for nesten 400 mill. kroner i året. Satsinga viser gode økonomiske resultat allereie etter kort tid, og dei rapporterer om senka kostøre som følgje av omlegginga. Satsinga krev stor innsats og profesjonalisering hos dei små lokalmatleverandørane, kombinert med tydelege krav og forventingar frå Hurtigruta.

Boks 3.8 Mat langs nasjonale turistvegar

Nasjonale turistvegar er 18 køyreruter gjennom vakker norsk natur der opplevinga blir forsterka med nyskapande arkitektur og plassering av kunst på tilrettelagde utsiktspunkt og rasteplassar. Statens vegvesen står bak dette arbeidet. I pilotprosjektet «Mat langs nasjonale turistvegar» har ein vurdert korleis næringsutviklingspotensialet knytt til matopplevingar langs dei nasjonale turistvegane kan utløysast. Prosjektet var knytt til strekningane Sognefjellet, Valdresflye, Rondane, Gamle Strynefjellsvegen og Geiranger –Trollstigen. Ei evaluering gjort av Østlandsforskning viser at pilotprosjektet i nokon grad har makta å lage modellar for samarbeid kring dei nasjonale turistvegane. Det blir også peikt på område med potensial for vidare utvikling, og då særskilt knytt til pakking av heilskaplege opplevingar der mat, kultur og reiseliv kan inngå. Innovasjon Norge har fått i oppdrag å sjå på korleis erfaringane frå Mat langs nasjonale turistveger kan brukast vidare som eit konsept mot andre nasjonale turistvegar, innanfor Utviklingsprogrammet.

Figur 3.9 Nasjonal turistveg, Dalsnibba, Geiranger – Trollstigen

Figur 3.9 Nasjonal turistveg, Dalsnibba, Geiranger – Trollstigen

Foto: Tina Stafrén

Innovasjon Norge har i fleire år hatt temasatsingar innanfor naturbaserte aktivitetar som vandring, fisking og sykling retta mot målgrupper i utlandet (særskilt Europa med Russland). Satsinga omfattar både produktutvikling, kompetanseheving, marknadskartlegging, nettverksbygging og marknadsføring. Ein annan marknad det har blitt satsa på er fuglekikking. Varangerhalvøya har i løpet av få år blitt blant verdas 100 mest attraktive stader å sjå fugl, og turismen til Finnmark har auka kraftig dei siste åra. Adventure Travel Trade Association (ATTA)5, viser til at naturbasert reiseliv er det segmentet som truleg vil ha den sterkaste veksten innan globalt reiseliv dei neste 10 åra.

Globalt er det ei interesse for berekraftig reiseliv. Som fyrste nasjon i verda innførte Noreg i 2013 ei merkeordning for berekraftig reiseliv. Bedrifter og destinasjonar som investerer i miljømerking byggjer inn ein meirverdi i produkta sine som også kan vere ei lønsam investering for framtida.

Boks 3.9 Naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg

Eit forskingsprosjekt i regi av NMBU i 2014 har identifisert at det finst mellom 2000 og 3000 naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg. Dette er kommersielle føretak som tilbyr aktivitetar eller opplevingar i naturen. Rapporten «Naturbaserte reiselivsbedrifter i Norge» byggjer på ei spørjeundersøking der nesten 700 av desse bedriftene svarte. Mangfaldet i aktivitetar som blir tilbydd er stort. Mest vanleg er fiske og vandring, så følgjer jakt, aktivitetar på ferskvatn, båtsightseeing, overnatting knytt direkte til naturoppleving, naturfoto, fuglekikking, turriding med hest, og andre aktivitetar i og på saltvatn. Av desse har 20 pst. av bedriftene utspring i ein landbrukseigedom. Av totalen er det 38 pst. som opererer i eller i randsona til ein nasjonalpark. Ferie- og fritidsmarknaden er klart viktigare enn bedriftsmarknaden, og den norske marknaden er viktigast. Dette er i stor grad småskala bedrifter (1-3 tilsette) med gjennomsnittleg omsetnad på 1 mill. kroner.

Figur 3.10 Sykkelturistar på skogsveg
, ein del av det landbruksbaserte reiselivet

Figur 3.10 Sykkelturistar på skogsveg , ein del av det landbruksbaserte reiselivet

Foto: Nancy Bundt, Innovasjon Norge

3.2.2 Kva kjenneteiknar det landbruksbaserte reiselivet?

Det landbruksbaserte reiselivet har utvikla seg mykje dei siste åra. Utviklinga er eit resultat av ei medviten satsing på landbruksbasert reiseliv i form av verkemidlar over jordbruksavtala, ei marknadsstyrt utvikling basert på etterspurnad etter autentiske og unike reiselivsprodukt og engasjerte og satsingsvillige næringsutøvarar.

Som for matområdet, er ei av dei største utfordringane med det landbruksbaserte reiselivet at det består av mange og til dels små bedrifter. I tillegg er mange bedrifter sesongbaserte. Sårbarheit for svingingar i marknaden er difor stor. Samstundes er det viktig å leggje til rette for at mange bedrifter ikkje ynskjer å bli heilårlege, men heller vil auke kompetansen og bli meir profesjonelle innanfor den sesongbaserte aktiviteten dei tilbyr. Organisering, samarbeid, kompetanse, lønsemd, profesjonalisering og tilgang til gode sals- og marknadsføringskanalar er sentrale utfordringar for næringa.

Det er naudsynt å styrkje samarbeidet og nettverksbygginga for å kunne tilby konkurransedyktige reiselivsprodukt og få produkta ut i marknaden. Regionale nettverk og klynger av mat- og reiselivsbedrifter har vist seg å vere ein viktig suksessfaktor for å lukkast. Internationale Grüne Woche (IGW) er den største markeringa av norsk mat og reiseliv i utlandet som Landbruks- og matdepartementet er involvert i. Den viktigaste målsettinga med å delta på IGW er å etablere gode samarbeidsrelasjonar på tvers av regionar, fylke og næringar. Arbeidet som er lagt ned i fleire regionar i Noreg i samband med Noreg si deltaking, har bidrege til forsterka regionalt samarbeid på mat- og reiselivsområdet. Gjennom dette arbeidet jobbar dei utvalde bedriftene med å presentere sine produkt og marknadsføre dei som ein del av ei regional totaloppleving innanfor mat og reiseliv. Samarbeid om meir slagkraftige regionale reiselivsprodukt er viktig både med tanke på utanlandsmarknaden, men også for å styrkje den norske forbrukaren si interesse for Noreg som reisemål. I 2013 blei det laga ei evaluering av langtidseffekten av deltakinga på IGW. Evalueringa blei gjort av Menon6, og konkluderte med at målsettingane med prosjektet i stor grad blir nådde.

Figur 3.11 Frå den norske standen på Internationale Grüne Woche (IGW) 2015

Figur 3.11 Frå den norske standen på Internationale Grüne Woche (IGW) 2015

Foto: Vidar Alfarnes

Boks 3.10 Bruk av hest i reiselivssamanheng

Bruk av hest i turisme og reiseliv er gjerne knytt til rideturar i utmark og fjellheim, men kan også omfatte køyring. Rideturar i fjell og utmark betyr ofte at tilbydar også tek i bruk område utanfor eigen eigedom. Det er naudsynt å ha klare avtaler med grunneigarar om ferdsel, og det må visast omsyn til natur og anna friluftsliv. Næringsutvikling med bruk av hest vil i mange tilfelle tangere andre sektorpolitiske område, som til dømes samferdsel, miljø, helse og kunnskap. For etablering av næringsverksemd med hest er det viktig at hesteverksemder blir tekne vare på i kommuneplanar. Det må også leggjast til rette for trygg ferdsel med hest på veg, så vel som i naturen.

Anne Margrethe og Morten Sæterhaug kjøpte garden Kvistli i Folldal kommune i 1999. Dei har gradvis bygd ut og utvikla eigedomen for turistnæring basert på aktivitetar rundt Islandshest. Folldal er ei gamal hestebygd og tanken er å bringe tradisjonar vidare med å halde i hevd gamle ferdselsvegar og tråkk. Det blir formidla kunnskap om hest, fjellet og historie frå fjellområda rundt Hjerkinn, men også om fangstkultur, seterdrift og gruvedrift. Dei samarbeider med den lokale tilbydaren av overnatting og aktivitetsbedrifter for å kunne presentere eit variert og unikt konsept. Dei har såleis skapt arbeidsplassar både til seg sjølve og andre i fjellbygda. Paret vant Bygdeutviklingsprisen for Hedmark for 2014. Omsetnaden var på om lag 2 mill. kroner for både 2013 og 2014. I høgsesongen sysselsette dei 5 personar i tillegg til seg sjølve. Dei har også elevar og studentar på utplassering og praksis på garden gjennom heile året.

Innsats for forenkling og styrking av lønsemd, profesjonalisering og marknadsføring

Det har gjennom åra vore ei rekkje satsingar for å styrkje lønsemda og profesjonaliseringa i det landbruksbaserte reiselivet. I 1993 blei det innleia eit formalisert samarbeid mellom landbruksstyresmakter og faglaga om marknadsføring av bygdeturisme, og i 2007 kom eit eige utviklingsprogram for grønt reiseliv som blei finansiert over jordbruksavtala. Frå 2015 har ein gjennom det nye Utviklingsprogrammet forsterka satsinga på reiseliv, jf. boks 1.1.

Reiselivsnæringa er i sin heilskap karakterisert av eit generelt lågt utdanningsnivå samanlikna med resten av næringslivet. Utover arbeidet innanfor Utviklingsprogrammet, tilbyr Innovasjon Norge ei rekkje skreddarsydde kurs innanfor vertskap, berekraft, opplevingsproduksjon, møte- og konferansemarknaden, sal mot turoperatørar, cruiseturisme, kokkekurs, design og kulturnæringar, samt kurs i strategisk leiing og bedriftsutvikling.

Bygdeturismekampanjen, Norgeskampanjen og temasatsingar er marknadsføringstiltak som i fleire år har fått midlar over jordbruksavtala. Bygdeturismekampanjen er eit tilbod til små reiselivsbedrifter om å profilere seg og marknadsføre sine produkt på den norske marknaden. Aktivitetane i kampanjen skal inspirere til reiselyst og byggje kjennskap til og kunnskap om Noreg som reisemål. Om lag 200 bedrifter har delteke dei siste åra, og dei er gjennomgåande svært nøgde med utbytet av deltakinga. Felles marknadsføring er oppfatta som positivt og naudsynt frå dei mange bedriftene.

Det er interesse i næringa for å arbeide med kvalitetssikring. NCE Tourism samarbeider med fleire aktørar i næringa om moglegheit for å etablere ei kvalitetssikringsordning for opplevingsleverandørar. Eit eige pilotprosjekt som skal sjå på drifts- og finansieringsmodell for ei slik ordning er støtta av Innovasjon Norge, og det er gjort ei kartlegging av eksisterande ordningar i m.a. Skottland, Island og Sverige.

Den aukande etterspurnaden etter heilskaplege reiselivstilbod gjer det naudsynt å tenkje sal, booking, og pakkeløysningar for dei reisande. «Incoming» er nemninga på bedrifter som er ute i internasjonale marknader og sel pakka reiser i Noreg til utanlandske kundar. Kundane kan vere utanlandske reisebyrå, turoperatørar eller firma som planlegg møte-/insentivreiser til Noreg. Transport, overnatting, måltid og opplevingar blir seld i ei ferdig pakka reise. Desse turoperatørane kan opne marknader og vere viktige salsledd for dei mange attraktive, men små landbruksbaserte reiselivsbedriftene. Innovasjon Norge, Virke, NCE Tourism‐Fjord Norway og NordNorsk Reiseliv har gjennom Incoming 2013 samla kunnskap om dei norske incomingoperatørane si tyding for norsk reiseliv.

Det er svært krevjande for små bedrifter å orientere og marknadsføre seg mot incoming-selskapa og i dei store bookingkanalane på eiga hand. Ein del gardar har inngått samarbeid og tilbyr genuine opplevingar med felles konsept, marknadsføring og nettsider. Døme på dette er Håndplukket SA, Mjøsgårdene, Konferansegårdene og Kulturgardar i Gudbrandsdalen.

HANEN er ein landsdekkjande næringsorganisasjon for verksemder innan bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg. Dei har i dag i underkant av 450 medlemsbedrifter over heile landet. Hanen samarbeider med Bondens Marknad og Norsk gardsost og har samarbeidsavtale med Norges Bondelag. Organisasjonen tilbyr mellom anna ein nettportal der bedriftene presenterer seg gjennom bilete og tekst. Leiande bookingkanalar har dei siste åra skifta merksemda frå hotell til andre overnattingstypar, aktivitetar og bordbestilling. Hanen arbeider aktivt for å etablere gode bookingløysningar for sine medlemar og har gjennomført eit forprosjekt som har kartlagt korleis dei kan utnytte denne endringa. Dei vil arbeide vidare med dette for å kunne knytte seg og sine bedrifter til dei store bookingselskapa.

Boks 3.11 Åmot Operagard

Åmot Operagard i Sunnfjord, Sogn og Fjordane, tilbyr ein unik kombinasjon av gardsovernatting, lokal mat og nyskapande kulturopplevingar. Operagarden er blitt ein attraktiv formidlingsarena for alt frå klassisk musikk til tradisjonell bygdekultur. Åmot gard var opphavleg eit tradisjonelt mjølkeproduksjonsbruk fram til 1993. Bedrifta Åmot Operagard starta opp i 2004 med Steinar Sørli og Yngve Brakstad som eigarar. Operagarden blei i 2010 tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa frå Norsk Kulturarv, og har vunne fleire kultur- og næringsprisar for bedrifta si. Operagarden er også medlem av hotellkjeda De historiske. I 2014 sysselsette bedrifta 4 årsverk og hadde ein omsetnad på 4,5 mill. kroner.

Figur 3.12  Oppsetjing av Orlando av Händel på Åmot Operagard, Sogn og Fjordane

Figur 3.12 Oppsetjing av Orlando av Händel på Åmot Operagard, Sogn og Fjordane

Foto: Geir Birkeland/ Åmot Operagard

Marknadsføring av reiselivstilbod handlar også om å kunne synleggjere det landbruksbaserte reiselivet der det er, langs dei norske landevegane. Samferdselsdepartementet og Vegdirektoratet har ansvar for regelverk om skilting også for reiselivsaktørane. Det har jamvel vore ei oppfatning hos næringsaktørane at regelverket er for strengt og at det blir praktisert ulikt rundt om i landet. I tillegg til eit godt og brukarvennleg regelverk er det viktig å sikre god dialog mellom ansvarleg myndigheit for skilting og lokale og regionale næringsaktørar, samt einskapleg tolking og praktisering av regelverket. Det er samstundes viktig at bedrifter og attraksjonar det skiltast til er kvalitetssikra. Hanen samarbeider med Statens vegvesen om vegskiltsymbolet for «Gardsmat/bygdeturisme», den såkalla Veghanen. Hanen gjer ei kvalitetsmessig vurdering av kven som bør få bruke skiltet, medan Statens vegvesen tek stilling til om vilkåra for å skilte er oppfylte. I denne prosessen er det no god dialog mellom myndigheitene og reiselivsaktørane. Vegdirektoratet reviderer også skiltnormalane i 2015, mellom anna for å sikre omsynet til reiselivsbedrifter.

Meir heilskapleg arbeid med marknadsføringskanalar for det norske reiselivet er viktig framover. Nettstaden Visitnorway.com er ein type marknadsføringskanal for den norske reiselivsnæringa og ei generell plattform for inspirasjon og informasjon for turistar på 12 ulike språk. Nettstaden er under stadig omlegging, og det finst allereie i dag eit generelt innhald om gardsturisme og mat.

I følgje Spisefakta 20147 finst det i dag om lag 1000 hotell og 1200 restaurantar og serveringsstader i Noreg, og serveringsnæringa er ein heilt sentral del av reiselivet. I ein nyleg framlagt rapport til Nærings- og fiskeridepartementet om serveringsnæringa8 blir det understreka at serveringsnæringa er ein av dei mest stabile næringane vi har, og at den sysselset mellom ein og to prosent av arbeidsstyrken og er særskilt viktig for sysselsetting i mindre folketette delar av landet. Rapporten har fleire tilrådingar for å sikre vekst i denne næringa framover, mellom anna forenkling av serveringslova og tiltak for å styrkje kompetansen og rekrutteringa til næringa. Rapporten understrekar også at det er viktig å halde fram arbeidet mot økonomisk kriminalitet og etterlyser betre samordning av kontrollar og kontrollmyndigheiter. Nærings- og fiskeridepartementet vil ha eit hovudansvar for oppfølging av rapporten. Landbruks- og matdepartementet har likevel eit særskilt ansvar for dei små landbruksbaserte reiselivs- og serveringsbedriftene, mellom anna for å medverke til forenkling for desse aktørane. Det er sett i gong eit samarbeid mellom myndigheitene og næringa og dette vil bli vidareført og forsterka for å medverke til at potensialet i desse bedriftene kan bli teke ut.

Bedriftene innanfor landbruksbasert reiseliv er avhengig av hensiktsmessige måtar å frakte gjestar på. Framkomelegheit og føreseielege kollektive rutetilbod er viktig for å oppnå vekst og lønsemd. Utfordringane er ofte særskilt store utanom hovudsesongane. Det er fylkeskommunane som har ansvar for samferdsle. Fylkestinget vedtek ein samferdsleplan kvart fjerde år, og her blir også mål og prioriteringar som i prinsippet skal gjelde for heile perioden fastsett. Det er viktig at reiselivet sine interesser blir inkluderte i denne prosessen.

I jordbruksoppgjeret 2014 blei løyvinga til Utviklingsprogrammet auka vesentleg, mellom anna med sikte på å forsterke innsatsen knytt til landbruksbasert reiseliv. For å sikre ein meir strategisk og målretta bruk av mellom anna desse midlane, vil Landbruks- og matdepartementet utarbeide ein strategi for vidareutvikling av landbruksbasert reiseliv i samarbeid med næringa.

Våren 2016 skal Regjeringa leggje fram ei eiga melding til Stortinget om reiselivsnæringa. Koplinga mellom politikken knytt til det landbruksbaserte reiselivet og reiselivspolitikken generelt vil bli synleggjort i denne meldinga.

3.2.3 Natur- og utmarksressursar i det landbruksbaserte reiselivet

Figur 3.13 Reinsdyrsjakt
. Verdiskaping basert på utmarksressursar

Figur 3.13 Reinsdyrsjakt . Verdiskaping basert på utmarksressursar

Foto: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa vil medverke til å auke verdiskapinga basert på natur- og utmarksressursane. Betre utnytting av utmarksressursane i tilknyting til landbrukseigedomen kan gi grunnlag for auka omsetnad og sysselsetting på det enkelte gardsbruk. I Norges Skogeierforbund sine estimat for omsetnad av jakt og innlandsfiske i Noreg frå 2012 er omsetnaden i 2009 berekna til 3,6 mrd. kroner. I same rapport er potensialet for 2020 anslått til om lag 5,9 mrd. kroner.

Noreg har låg tettleik av småvilt samanlikna med andre europeiske land, men vi har andre fortrinn. Nokre av dei viltartane vi haustar i Noreg, er bortimot unike i internasjonal samanheng, og dette gjer dei eksklusive. Ikkje alle kan selje produkt i den øvre prisklassa, og rettshavarane bør difor tilby differensierte produkt slik at ein kan nå både gjestar som ynskjer ei høg grad av tilrettelegging og meir tradisjonelle jegerar som ynskjer å klare seg sjølve.

Det er eit potensiale for auka verdiskaping basert på elvefiske etter laks. Norges Skogeierforbund har estimert at omsetnaden av fisketurisme i laksevassdrag kan auke frå 1,1 mrd. kroner til 2 mrd. kroner innan 2020. Auka fiskeoppgang i elvane og betre samarbeid mellom forvalting, rettshavarar og reiseliv er naudsynt for å realisere dette potensialet. Sidan 1970 har utviklinga for villaksen vore negativ i heile Nord-Atlanteren, og dei samla fangstane i Noreg er reduserte med om lag 75 pst. Bestandsnedgangen sidan 1970 skuldast eit samspel mellom ulike påverknader. I følgje Vitenskaplig råd for villaksforvaltning er lakselus og rømt oppdrettslaks dei to ikkje-stabiliserte bestandstrugslane mot norsk laks. Styresmaktene jobbar aktivt for å minske påverknaden oppdrettsfisk har på vill laksefisk. Endringane og naturlege variasjonar i økosystemet i havet er også av stor tyding for villaksen sine oppveksttilhøve og sjøoverleving. Også i elvane er det mange faktorar som påverkar laksen, det vere seg sur nedbør, lakseparasitten Gyrodactylus salaris, vassdragsreguleringar eller overfiske. Noreg har i dei seinare åra svekka sin posisjon som ein leiande nasjon innan laksefiske i elv.

Boks 3.12 Nettverkssamarbeid gav auke i omsetnaden

Eit døme på samarbeid innan det naturbaserte reiselivet er prosjektet «Fishspot». I Hedmark har fleire som sel fiskekort gått saman i eit nettverkssamarbeid. Gjennom produktutvikling, merkevarebygging og målretta marknadsføring har deltakarane i nettverket hatt ein årleg auke i sal av fiskekort på 10 pst. dei siste fem åra. I 2014 blei det gjennom Fishspot omsett fiskekort for 6,8 mill. kroner til om lag 18 000 fiskarar. Dette genererte til saman 119 000 fiskedøgn. Samla kjøpte fiskarane varer og tenester for rundt 100 mill. kroner (NINA rapport nr 1116).

Figur 3.14 Flugefiske

Figur 3.14 Flugefiske

Foto: Christian Houge/ Innovasjon Norge

Naturmangfald, her under biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø og landbrukets kulturlandskap er element som gir grunnlag for natur- og kulturbaserte opplevingar. Fleire satsingar har vore etablerte dei sist åra. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet samarbeider om tiltak til forvalting og skjøtsel av viktige jordbrukslandskap med store miljøverdiar knytt til biologisk mangfald og kulturminne og kulturmiljø. Utvalde kulturlandskap i jordbruket med 22 utvalde område er etablerte for å ta vare på ulike landskapsvariasjonar over heile landet. Det er forventa at områda med sine ressursar skal bidra til auka verdiskaping.

Verdsarvområda og dei store verneområda er særskilt viktige attraksjonar for reiselivet. I vest-norsk fjordlandskap og Vegaøyane er det over jordbruksavtala løyvd midlar til skjøtsel av jordbrukets kulturlandskap for mellom anna å sikre tilleggsverdiane for innskriving av områda på verdsarvlista.

Gjennom prosjektet Naturarven som verdiskaper blei det i førre regjeringsperiode sett i verk tiltak for å leggje til rette for berekraftig bruk av verneområda. Vel 650 bedrifter var involverte i totalt 15 pilotprosjekt. Telemarksforskning si følgjeevaluering av prosjektet viste at kriterium for å lukkast med produktutvikling og verdiskaping basert på naturverdiane, var knytt til lokalt eigarskap og forankring, tverrsektorielt samarbeid mellom frivillige, private, det offentlege og kompetansesektoren. Bygging av marknadsorienterte nettverk mellom bedriftene og å jobbe langsiktig var også viktige element. Utvikling av lønsame produkt og tilbod tek tid.

Gjengroing av kulturlandskap og vegkantar er ei aukande utfordring mange stader i Noreg. Gjengroing er ei ulempe for landbruket, og kan svekke grunnlaget for reiselivet. I eit forskingsprosjekt frå 20129, om reiseliv, kulturminne og gjengroing blei det mellom anna konkludert med at dersom kontrastar og variasjonar i landskapet forsvinn, saman med spor etter folk og busetting, forsvinn også store delar av det turistane refererer til som det særeigne med det norske kulturlandskapet som grunnlag for næringsaktivitet og verdiskaping.

I årets jordbruksoppgjer blei det semje om å etablere ei ny ordning for rydding av kulturlandskap, vegkantar og utsiktspunkt av særskilt verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side. Målet med ordninga skal mellom anna vere å medverke til utsyn og å fremje verdiar knytt til kulturlandskapet.

Figur 3.15 Krattrydding, Undredal, Aurlandsfjorden

Figur 3.15 Krattrydding, Undredal, Aurlandsfjorden

Foto: Landbruks- og matdepartementet

3.2.4 Innsats for auka verdiskaping basert på natur- og utmarksressursar

Eigedomsstrukturen i Noreg kan vere ei utfordring med omsyn til utvikling av natur- og utmarksbasert reiseliv. Ofte vil den enkelte grunneigar ikkje ha stor nok eigedom med nok areal til å kunne tilby gjestane jakt og fiske, eller som grunnlag for heilårleg drift og sysselsetting. Vidare kan det vere at grunneigaren sjølv ikkje ynskjer å ha ei vertskapsrolle. Det vil med andre ord vere viktig med eit godt samarbeid mellom dei som har naturressursane, dei som har kompetansen på utvikling av næring og dei som ynskjer rolla som formidlar, vertskap eller guide. Dette kan sjølvsagt vere same person.

Private rettshavarar har ofte ein sterk motivasjon og eit stort engasjement for forvalting av eigedomen. Nokre har allereie gjort alvor av kombinasjonen opplevingsproduksjon og matproduksjon. Mange kan framleis gjere meir for å gjere utmarksprodukt tilgjengelege, både i form av opplevingar og sal av kjøt frå vilt og fisk. Ved å tilby desse produkta, vil ein heve inntektene frå eigedomen. I denne samanheng er det viktig å peike på behovet for ei god og målretta forvalting av vilt og fisk. Volum og berekraft bør vere stikkord for å produsere salbare produkt grunneigaren eller entreprenøren kan hauste og selje over tid. Det må utviklast både enkle og tradisjonelle tilbod og tilbod som møter behov hos dei jegerane og fiskarane som har høgare krav til komfort og tilrettelegging. Nye og tilrettelagde jakt- og innlandsfisketilbod i regi av landbruket baserer seg i stor grad på eksisterande kortordningar og fortrengjer difor ikkje dei som ynskjer å drive tradisjonell og enkel jakt eller sportsfiske.

Boks 3.13 Inatur.no

Gode marknadsplassar for utmarksprodukt er viktig for å gjere produkta kjende. Inatur.no er i dag den største marknadsplassen for nettbasert annonsering og sal av jakt, fiske og hytteutleige i Noreg med 1,6 mill. besøk per år og 60 000 som følgjer sida på Facebook. Selskapet har klart å gjere jakt-, fiske,- og overnattingstilbod langt meir tilgjengeleg for brukarane gjennom nettstaden. I 2014 hadde selskapet ein omsetnad på 65,7 mill. kroner brutto, ein vekst på 17,3 pst. frå året før. Inatur Noreg AS er eigd av Statskog SF saman med fleire private aktørar.

Auka tilbod av eit større spekter av utmarksprodukt vil gjere det enklare for fleire å ta del i opplevingar i utmarka. Det betyr nye moglegheiter for grunneigarane. Utover å kunne betre inntekta frå eigedomane, vil ei slik tilrettelegging medverke positivt til rekruttering og aksept for haustingsbaserte aktivitetar.

Naturkvalitetane i verneområda er grunnlag for verdiskaping og må sikrast langsiktig. Bruk og tiltak må skje innanfor rammene til naturmangfaldlova og verneforskrifta slik at ikkje verneverdiane blir skada eller øydelagde. Klima- og miljødepartementet innfører no ein ny merkevare- og kommunikasjonsstrategi for nasjonalparkar. I mykje større grad enn tidlegare vil ein hjelpe dei som kjem til ein stad der dei kan overnatte, til eit senter for å lære meir, og til eit startpunkt i nasjonalparken. Tiltaket kan medverke til auka attraksjonskraft og verdiskaping. Regjeringa vil også vurdere justeringar i ferdselsføresegnene i verneforskriftene og leggje vekt på arbeidet med forvaltingsplanar som fremjer moglegheit for berekraftig verksemd i samband med verneområda.

Fleire næringsutøvarar opplever mangel på næringsperspektiv i forskrifter og forvaltingsplanar. Dette hemmar moglegheita for berekraftig verksemd i samband med verneområda. Det bør vere mogleg å leggje til rette for varsame inngrep som kan utløyse næringsverksemd. Slike tiltak vil også leggje til rette for friluftsliv i våre verna område og gje folk gode opplevingar og auka forståing for vernet. Regjeringa viser til at det er eit tydeleg skilje mellom verneområde og ikkje-verneområde.

Meir fleksible rammer for jakt vil gje fleire mogligheiter for auka næringsutvikling. Regjeringa vil ha større merksemd på verdiskaping i samband med komande revisjon av jakttidsforskrifta og mellom anna vurdere forlenga jakttid på elg og utvida jakttid på andre artar, irekna å betre moglegheitene for konfliktdempande tiltak. Det er ein føresetnad at ei utvida jakttid ikkje fører til at andre brukarar av utmarka opplever dette som ei fortrenging, og at utvidinga er i tråd med biologiske føresetnader.

Ein positiv sideeffekt av utvida jakttid på elg er at ein kan regulere beitetrykket betre gjennom vinteren. Det blir også enklare å oppnå ei rettferdig fordeling av ulempe og nytte av elgstamma i skadeutsette skogområde, samt å lette koplingar mellom jakt og tilknytt verdiskaping. I tillegg vil det vere større sannsyn for å felle heile kvota, slik at forvaltinga i større grad kan lukkast i si måloppnåing.

For artane grågås og kortnebbgås vil ei meir dynamisk jakttid kunne dempe skadegjersla ved beiting, i tillegg til å danne grunnlag for sal av jaktopplevingar. I hovudsak vil dette gjelde jakt om våren, før gjæsene tek til med hekkinga.

3.3 Inn på tunet – garden som arena for velferdstenester

Regjeringa vil

  • følgje opp tiltaksområda i handlingsplanen for Inn på tunet (2013–2017).

  • bruke erfaringane frå Inn på tunet-løftet til å forbetre tenestene slik at dei blir meir attraktive og konkurransedyktige.

  • medverke til å synleggjere Inn på tunet for aktuelle tenestesektorar.

  • medverke til god koordinering og samarbeid mellom dei ansvarlege styresmakter på dei ulike tenesteområda.

  • medverke til dokumentasjon av effektar og samfunnsnytte av Inn på tunet-tilboda.

Figur 3.16 Skjerven gård

Figur 3.16 Skjerven gård

Foto: Bente Wallander/Matmerk

3.3.1 Utviklingstrekk, marknadsvurderingar og potensial

Landbruket har tradisjon og potensial for å tilby gode velferdstenester. Inn på tunet (IPT) er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytte til garden, livet og arbeidet der. Garden er ein unik og allsidig arena for stimulerande opplevingar gjennom kontakt med dyr, landbruk, natur og friluftsliv.

Regjeringa vil at helse- og omsorgstenester skal ytast så nært brukarane som mogleg. Brukarane sine behov må vere utgangspunkt for utforminga av tenestene. Dei kommunale tenestene dekkjer i dag heile livsløpet og har tenestemottakarar i alle aldersgrupper med behov for eit mangfald av løysingar på butilbod, tenestetilbod og faglege tilnærmingar. Samhandlingsreforma har forsterka dette mangfaldet og gir kommunane nye oppgåver og nye moglegheiter.

Dei enkelte sektormyndigheitene er ansvarlege for regelverk og kvalitetssikring på sine tenesteområde, medan landbrukssektoren skal medverke til utvikling og kvalitetssikring av garden som arena. Det er frå 2012 etablert ei nasjonal godkjenningsordning, knytt til garden som arena for tenestane for IPT-tilbod, og frå 1.januar 2014 er det krav om å vere godkjend for å nytte nemninga Inn på tunet. Det er pr. februar 2015 i underkant av 370 gardar som er godkjende og rundt 100 som er under godkjenning. Godkjenningsordninga skal bidra til å styrkje tilliten og omdømet til garden som arena for tenestene.

Figur 3.17     Inn på tunet-logoen

Figur 3.17 Inn på tunet-logoen

NILF (2015)10 har i ei spørjeundersøking kartlagd aktiviteten hos IPT bedrifter som enten er godkjende eller under godkjenning hos Matmerk. Til saman blei det motteke 187 svar, som utgjer ca. 34 pst. av det totale talet IPT bedrifter som er registrert hos Matmerk.

Figur 3.18 viser tal på IPT-bedrifter, godkjende og under godkjenning fordelt på kommunar. Dei blå felta markerer kommunar som ikkje har IPT-tilbod registerte hos Matmerk. Akershus og Hordaland er dei to fylka med flest IPT-bedrifter, med høvesvis 51 og 49 bedrifter.

Figur 3.18 IPT-bedrifter fordelt på kommunar

Figur 3.18 IPT-bedrifter fordelt på kommunar

Kjelde: NILF 2015

Ifølgje undersøkinga (NILF, 2015) har dei fleste IPT-bedriftene tilbod innanfor tilrettelagt undervisning for barne– og ungdomsskule (42 pst.), ulike avlastingstilbod til barn og unge (35 pst.), dagtilbod for personar med psykisk liding (30 pst.) og Grønt arbeid i regi av NAV (28 pst.). Dagtilbod for personar med demens er eit tilbod hos 22 pst. av bedriftene.

Ynskje om å utnytte garden sine ressursar er den viktigaste faktoren for å starte opp med IPT-tilbod. Ynskje om å nytte eigen og/eller sambuars kompetanse og dekkje samfunnet sine behov for IPT-tenester er også viktige motivasjonsfaktorar.

Frå undersøkinga går det fram at 36 pst. av bedriftene har IPT som hovudinntektskjelde. Omsetnaden seier fyrst og fremst noko om aktiviteten i bedriftene. Det er stor spreiing i omsetnad per år frå IPT-aktivitetane, men dei fleste ligg på eit nivå på mellom 50 000 kroner og 400 000 kroner. 10 pst. av bedriftene har ein omsetnad på over 1 mill. kroner.

Tradisjonell gardsdrift er framleis viktig for dei fleste bedriftene og 62 pst. får mindre enn halvparten av dei samla inntektene frå garden frå IPT-aktivitetane, jf. fig. 3.19. Det er jamvel ein ikkje ubetydeleg del på 21 pst. som får meir enn 70 pst. av gardsinntektene frå IPT.

Figur 3.19 Inntekter frå IPT i prosent av samla inntekter frå garden, intervall

Figur 3.19 Inntekter frå IPT i prosent av samla inntekter frå garden, intervall

Kjelde: NILF 2015

Ein relativt stor del av bedriftene (41 pst.) ventar ein auke i IPT-aktiviteten dei næraste 2-3 åra, noko som kan tyde på optimisme og framtidstru hos IPT-bedriftene.

Kommunane er den største kjøparen av IPT-tenester. Tenesta blir i all hovudsak kjøpt av dei enkelte kommunane sine fagetatar. I tillegg er arbeids- og velferdforvaltinga (NAV) kjøparar av IPT-tenestar på kommunalt nivå. Ei undersøking (NILF 2013)11 viser at om lag 60 pst. av kommunane har eitt eller fleire IPT-tilbod. Manglande kjennskap til, eller ynskje om å prøve ut nye former for tilbod og tenester, kan vere årsak til at ein del kommunar ikkje har IPT-tilbod. I undersøkinga til NILF kom det også fram at oppstart av IPT-tilbod i kommunane hittil i stor grad har vore avhengig av enkeltpersonar i kommunane, kombinert med påtrykk frå tilbodssida. Det er difor mykje som tyder på at ei betre forankring av IPT-tilbod i kommunane vil vere viktig for utvikling av området framover. Landbruket har også ei utfordring knytt til å gjere seg synleg som ein god og konkurransedyktig tenesteleverandør. I tillegg til kvalitetssikra tilbod, er det viktig med god dokumentasjon rundt økonomien i tilboda på kort og lang sikt. God kommunikasjon mellom landbruket og tenestesektoren, og god kompetanse hos tilbydar er sentralt.

I NILF si undersøking frå 2015 oppgjer heile 93 pst. av bedriftene at dei har kommunen som kjøpar, jf figur 3.20. Kontraktar på mellom tre månader og eitt år er det vanlegaste, 57 pst. oppgjer at dei har denne typen kontraktar.

Figur 3.20  Kjøpargrupper for IPT-tenester

Figur 3.20 Kjøpargrupper for IPT-tenester

Kjelde: NILF 2015

Handlingsplan for Inn på tunet blei lagt fram i 2013. Regjeringa legg denne handlingsplanen til grunn for sitt vidare arbeid på området. Det er naudsynt med god tverrsektoriell forankring av innsatsen rundt IPT på regionalt og kommunalt nivå. I fleire fylke er det etablert godt samarbeid mellom landbruksavdelinga, helse-, sosial, og omsorgsavdelinga og utdanningsavdelinga hos fylkesmannen. Nesten alle fylke har utarbeidd eller er i gang med fylkesvise handlingsplanar for IPT i den regionale partnarskapen. Resultata frå utvikling og utprøving av tilbod i nær 77 kommunar gjennom Inn på tunet-løftet, skal evaluerast i 2015 og vil gje ny kunnskap om kommunane sine erfaringar med tenestene. Målet med Inn på tunet løftet var å få til utviklingsprosjekt som var godt forankra og eigd av kommunane sjølve.

Regjeringa sin handlingsplan peikar på at IPT-tilboda i dag er retta mot eit breitt spekter av sektorar. Eit målretta arbeid for å vidareutvikle området er særs krevjande om ein skal leggje vekt på alle område og sektorar parallelt. I handlingsplanperioden (2013–2017) skal det difor særskilt arbeidast med IPT-tilbod innanfor tre hovudområde: aktivitetstilbod til personar med demens, pedagogiske tilbod i grunnskule og vaksenopplæring, samt arbeidsretta tilbod innanfor psykisk helse og rusomsorg. Dette er område der kommunane sjølve, med utgangspunkt i dei behova dei har, meiner det framover kan vere størst potensial for å auke IPT-tilbodet.

IPT har tilbod om tenester innanfor fleire sektorar og det er eit breitt sett med politiske og juridiske rammer og føringar som ligg til grunn for utviklinga av området. Eit sentralt tiltak i handlingsplanen er å utvikle tydelege konsept og rettleiande materiell og informasjon særskilt innanfor dei tre prioriterte hovudområda. Konsepta og informasjonen skal vere eit verktøy for kommunikasjon og fagleg rettleiing tilpassa både kjøpar, tilbydar og brukar. Arbeidet er godt i gang, og det er eit nært samarbeid mellom Matmerk og kompetansemiljø og direktorat innanfor dei ulike involverte sektorane.

Regjeringa vil styrkje satsinga på tilbodet til personar med demens, og vil leggje til rette for fleire dag- og aktivitetstilbod for denne gruppa. Våren 2015 vedtok Stortinget å fastsetje ei plikt for kommunane til å tilby eit dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens, gjeldande frå 1. januar 2020. Regjeringa vil følgje opp dette på eigna vis. Det er meir enn 70 000 personar som har demens i Noreg i dag, og mange av desse bur heime og har behov for tilrettelagde dag- og aktivitetstenester. Aktivitetstilboda gir meining, meistring og gode opplevingar for den enkelte og avlasting for pårørande, i tillegg til at tilboda kan medverke til å hindre eller utsetje institusjonsinnlegging. I dag kan om lag 80 IPT- gardsbruk gje aktivitetstilbod til personar med demens, og ein ser ei aukande interesse hos kommunane. Det er rekna eit behov for 9 200 dagaktivitetsplassar for heimebuande personar med demens. I 2012 blei det oppretta ei tilskotsordning for dagtilbod til heimebuande personar med demens. Tilskotet dekkjer om lag 30 pst. av kostnadane for etablering og drift av ein dagaktivitetsplass. Kommunar kan søkje om tilskot. Regjeringa har lagt til rette for om lag 1000 nye plassar i 2015. Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse har følgt utviklinga av IPT-tilbod dei siste 10 åra. I undersøkingar er betre søvn, mindre vandring og lågare bruk av anti-depressiva nokre av effektane som er observert hos brukarar av Inn på tunet-tilbod. Brukarane sine interesser og fysiske og mentale ressursar blei også meir synlege gjennom mangfald av aktivitetar på garden. Det er difor mykje som tilseier at det burde vere eit særskilt behov og rom for fleire IPT-tilbod innanfor dette området i dei næraste åra.

Boks 3.14 Inn på tunet – tilbod til barn og unge

Martha Bjørvik Angedal har sidan 2009 hatt tilbod til ungdom med særskilde utfordringar heime på garden i Førde kommune. Ho har i tillegg til utdanning som sosionom praksis frå omsorg, psykiatri og barnevern. På garden er det butilbod, og avlastings-, skule- og fritidstilbod. Det er oppretta avtaler med barnevernstenesta, NAV, psykiatritenesta og kommunane i Sogn og Fjordane. Bedrifta har utvikla seg raskt, og Angedal har delteke på Innovasjon Norge sine tilbod til unge gründerar, Alkymisten, og nytta seg av Innovasjon Norge sine ordningar med etablerarstipend og investeringstilskot til å byggje opp tilbod og utvikle garden. I 2012 var omsetnaden på kr 2,7 mill. kroner og det var 12 tilsette. Garden er godkjend etter Matmerk si godkjenningsordning. Angedal fekk Bygdeutviklingsprisen for Sogn og Fjordane i 2013.

Figur 3.21  
Hesteriding som del av eit IPT-tilbod

Figur 3.21 Hesteriding som del av eit IPT-tilbod

Foto: Matmerk

Boks 3.15 Inn på tunet – tilbod i regi av NAV

Grønt arbeid er arbeidsmarknadstiltak på gardsbruk i regi av NAV for personar med psykiske helseproblem eller rusproblem. Det blir tilrettelagt for arbeidstrening gjennom allsidige og praktiske arbeidsoppgåver, fysisk aktivitet og sosialt fellesskap. Gardbrukaren er arbeidsleiar eller praksislærar og stiller garden til disposisjon for aktivitetar. Tilboda spenner vidt, frå stell og tilsyn med dyr, til arbeid på åker, i hage og i skog, bruk og vedlikehald av maskiner, produksjon av ved, landskapspleie, matlaging, handverk og friluftsliv.

Utover tradisjonell gardsdrift kan garden også vere utgangspunkt for anna næringsverksemd, som gardsbutikk/kafé og vidareforedling av naturprodukt. Dette mangfaldet kan gi allsidig arbeidstrening i eit stimulerande miljø. Arbeidssituasjonen kan tilpassast den enkelte brukaren sine ynskjer, behov og funksjonsevne.

Boks 3.16 Inn på tunet – tilbod til personar med demens

Skjerven gård i Maridalen har gjennom fleire år hatt Inn på tunet- tilbod til unge og eldre. Dei vann Oslo sin bygdeutviklingspris for 2014, og har vore pionerer for tilbod til heimebuande personar, fortrinnsvis for yngre, med demens. Tilbodet er populært for brukarane og ikkje minst for dei pårørande. I møtet mellom det urbane og landbruket byggjer bedrifta relasjonar som gir positive ringverknader for det norske landbruket.

Gardbrukarane har hatt fokus på kvalitet og kompetanse, og har knytt seg til godkjenningsordninga for Inn på tunet. Skjerven gård har samarbeidd tett med Kirkens bymisjon. Det er Oslo kommune som kjøper tenester frå garden.

Som kjøparar må kommunane følgje eiga sektorlovgjeving, samt regelverk for offentleg anskaffing og regelverk for innkjøp av private tenester. Kommunane må også ta omsyn til budsjett og føringar og regelverk frå sentrale styresmakter. Utvikling og innovasjon av nye tilbod er ressurskrevjande. Utviklinga av IPT-tenester, inngåing av kontraktar og oppretting av rutinar for oppfølging og kvalitetssikring av tilboda, må vere ein prosess mellom tilbydar og kjøpar. Det er er mykje som tyder på at eit betre og meir formalisert samarbeid mellom fleire IPT-tilbydarar, gjennom samvirke eller andre organisasjonsformar, kan vere eit viktig tiltak på området. Eit formelt samarbeid om marknadsføring, kvalitetsutvikling og kompetansebygging kan medverke til profesjonalisering av næringa og gjere IPT som tenestekonsept tydeleg for både kjøparar og brukarar. Per 2013 fanst det regionale IPT-nettverk i 11 fylke. Det er likevel få av nettverka som per i dag har etablert eit formalisert og profesjonelt samarbeid slik det er beskrive over.

Boks 3.17 Inn på Tunet Trøndelag SA

Inn på Tunet Trøndelag SA (IPTT) er eit samvirke eigd av 45 gardbrukarar i Trøndelagsfylka, med felles administrasjon og styre. IPPT i Nord Trøndelag er eitt av svært få samvirkeorganiserte IPT-konsept i Noreg. Samvirket hadde i 2013 ein omsetnad på 4,2 mill. kroner, ein fordobling frå 2011. Talet på leverandørar har auka med 18 pst. frå 2011–2013. Alle leverandørar av tenestene skal vere godkjende etter Matmerk si godkjenningsordning.

IPTT har gjennomført fleire utviklingsprosjekt med vekt på profesjonalisering og auka marknadstilgang. Målet er å auke IPTTs konkurransekraft i ein marknad med auka behov og etterspurnad.

IPTT ynskjer å vere offensive og konkurransedyktige på innhald, kvalitet og pris. Dei tilpassar og utviklar difor stadig tilboda på gardane i takt med brukarane og marknaden sine behov.

  • Samvirkebedrifta er eit mellomledd mellom kunde og tilbydar. Samvirkets administrasjon marknadsfører og formidlar tenestene, utarbeider avtaler og legg rammevilkåra rundt tilboda.

Dei utviklar avtalar, arbeider med rammevilkår og medverkar til at tenestetilbod er godt kvalitetssikra. Samvirkemodellen medverkar og til leveransetryggleik. Gjennom samvirke har kjøparar tilgang på fleire tilbydarar og vikarordningar ved sjukdom eller ferie.

3.3.2 Bruk av dyr i Inn på tunet-tenester

For mange IPT-tilbydarar er dyr på garden ein viktig del av tenestetilbodet. Mange ulike dyr kan bli brukt for å forbetre livskvaliteten for folk og for miljøet ein ferdast i. Nokre dyr blir også nytta direkte i terapisamanhengar. Internasjonal forsking gir støtte til teoriar om at menneske får fysiske og psykiske fordelar av å vere saman med dyr.

Hest har særskilde eigenskapar som gjer den eigna i helsefremjande arbeid. Hesten kan mellom anna nyttast til terapitiltak for fysisk og psykisk handikappa personar, i arbeidstrening og som læringsarena for barn og unge, til bruk i fritidsaktivitetar, i ridesport for personar med nedsett funksjonsevne, og som veg til vidare utdanning.

I dag er bruk av hest i helserelatert arbeid hovudsakleg knytt til den tradisjonelle terapiridinga, men mange miljø ser moglegheiter for ytterlegare bruk. Gaustad sjukehus i Oslo er ei drivande kraft når det gjeld bruk av hest i rehabilitering av rusavhengige, og dokumentasjon av effekten med bruk av hest i rusomsorg er ein viktig del av dette arbeidet. Bruk av hest i arbeid med mental helse er også i fokus. Det blir kravd vitskapeleg dokumentasjon av effekten for bruk av hest på desse områda for at aktivitet med hest skal få støtte frå Helfo. Stiftinga Hest og Helse arbeider for å samle slik dokumentasjon om verknader av kontakt med hest for pasientane, samt riding på andre område enn det som i dag er godkjend av eller får støtte frå Helfo. I tillegg til KSL-standarden for Inn på tunet-tenester har Norsk Hestesenter utarbeidd ein bransjestandard for hest saman med Matmerk. KSL-standarden oppfyller behovet for kvalitetssikring og trygge tilbod med hest og tek vare på miljø og tryggleik for både tilsette, kundar og hestar. I tillegg jobbar Hest og Helse for å etablere ein standard som skal kvalitetssikre det helsemessige nivået der hest blir brukt i terapiriding, og for anna helserelatert bruk.

Boks 3.18 Norske hesterasar med roleg gemytt

Eit roleg gemytt er kjenneteikn på alle dei norske hesterasane. Dette er ein eigenskap som gjer dei særskilt eigna til samspel og aktivitetar med menneske, som mellom anna terapi- og handikapriding. Dei norske hesterasane blir difor nytta av mange IPT-gardar. For dei fleste er riding ein sport og ei treningsform med mosjon, frisk luft, gode naturopplevingar, livsglede og godt sosialt samvær med dyr og menneske. Personar med store handikap og nedsett funksjonsevne kan ha stort utbytte av hesteriding. Stall Stene i Hildre i Haram kommune er ein av IPT-gardane som nyttar norsk fjording i sitt tilbod. I tillegg til å ri og å bruke hesten som treningsarena er omgang med hestane, og andre dyr, gjennom fôring og stell på garden, også ein viktig del av aktivitetstilbodet.

Figur 3.22 Jente og nordlandshest

Figur 3.22 Jente og nordlandshest

Foto: Fylkesmannen i Nordland

3.4 Energiproduksjon – bioenergi

Regjeringa vil

  • vidareføre satsinga på bioenergi mellom anna gjennom Bioenergiprogrammet, for å stimulere interessa for varmesalsanlegg, og auke bruken av biomasse som energiråstoff.

Figur 3.23 Nord-Troms bioenergianlegg AS på Storslett

Figur 3.23 Nord-Troms bioenergianlegg AS på Storslett

Foto: Øyvind Halvorsen/ Innovasjon Norge

3.4.1 Utvikling, marknadsvurderingar og potensial

Å auke bruken av bioenergi er eitt av grepa som må takast for å oppnå lågutsleppssamfunnet. Samstundes er bioenegiproduksjon lokal næringsutvikling og kan vere ein viktig varestrøm frå skogsdrifta. Av den grunn oppretta Landbruks- og matdepartementet i 2003 eit eige bioenergiprogram for å stimulere til etablering av småskala bioenergianlegg. Bioenergiprogrammet som blir administrert av Innovasjon Norge, har medverka til etablering av 1430 gardsanlegg og 162 varmesalsanlegg ved utgangen av 2014. Samla produksjonskapasitet for desse anlegga er 307 GWh. Det er gjennomført to evalueringar av respektive varmesalsanlegg i 2012 og gardsanlegg i 2013. Varmesalsanlegga viser positive driftsresultat (etter investeringsstøtte) og reduserte klimagassutslepp. For gardsanlegga viser undersøkinga at eigarane samla sett er nøgde med investeringa. Dei to viktigaste motivasjonsfaktorane for å investere i biovarmeanlegg på garden, er ynskje om lågare energikostnad og auka komfort for folk og/eller dyr.

Bioenergiprogrammet, og varmeprogramma til Enova er samordna slik at Innovasjon Norge finansierer småskala varmeanlegg, mens Enova finansierer større anlegg. Til trass for skilnad i storleiken på anlegga, utløyser Bioenergiprogrammet like mykje energi per støttekrone som Enova sine ordningar. Ut frå erfaringane ein har fått i perioden programmet har vore i drift, er det framleis ein stor marknad for meir utbygging av bioenergi. Av klimaforliket går det fram at regjeringa skal innføre eit forbod mot fyring med fossil olje i hushald og til grunnlast i andre bygg innan 2020. Her er ein potensiell marknad for varmeanlegg for produksjon og sal av biovarme til mellom anna kommunale bygg som skular, sjukeheim, barnehagar og idrettsanlegg.

I tillegg til utbygging av anlegg for å skape inntekt frå sal av biovarme, blir det satsa på utvikling av gardsbaserte varmeanlegg og biogassanlegg for å sikre reduksjon av klimagassutslipp frå jordbruket. Overgang til bioenergi gjer landbruket meir miljøvenleg og medverkar til å nå regjeringa sine mål i klima- og energipolitikken. Gjennom utbygginga av varmesalsanlegga er landbruket blitt ein viktig leverandør av biovarme til andre samfunnssektorar – og det er fyrst og fremst kommunane som er kundar. Marginane i produksjonen av biovarme er små, særleg ved låge el-prisar. Støtta via Innovasjon Norge eller Enova ligg rundt 8 øre/kWh. Til samanlikning får annan ny fornybar energi ei støtte på 13–20 øre/kWh gjennom el-sertifikatordninga. Det er ei utfordring for bioenergi å konkurrere under gjeldande rammevilkår. Regjeringa vil difor gjere ei vurdering av konkurransesituasjonen for bioenergi samanlikna med annan fornybar energi. Mange produsentar av småskala biovarme greier likevel å tene pengar. Effektundersøkinga for varmesalsanlegg frå 2012, som har fått støtte over Bioenergiprogrammet, nemnd ovanfor, viser at ved full drift er gjennomsnittleg forteneste 14 øre/kWh produsert varme.

Boks 3.19 Miljøvenleg energiløysing med ringverknader i lokalsamfunnet

Etablering av småskala varmeanlegg gir også ringverknader for lokalsamfunnet. I tillegg kjem verdien av lokalt skogråstoff som ofte ikkje har annan alternativ bruk. Pengestrømmen knytt til energi snur frå «import» av energi – til produksjon og forbruk i eige lokalsamfunn – men også i nokre tilfelle til «eksport» av energi. Energiproduksjon blir dermed ei ny kjelde for å generere inntekt lokalt. Lom Biovarme AS har rekna på lokal verdiskaping knytt til etableringa av ein varmesentral i Lom sentrum i 2015. Den skal på årsbasis levere 2,4 mill. kWh til fleire kommunale bygg, som helseheim, ungdomsskule, bibliotek, fleirbrukshus med vidaregåande skule, to private bustader og til Ottadalen mølle. Prosjektet vil generere ein omsetnad rundt 4,5 mill. kroner i byggjefasen til ulike firma i Vågå, Lom og Skjåk og for seinare år ein årleg omsetnad på 700 000 kroner. I tillegg vil dei fire bøndene som eig og driftar anlegget, opparbeide verdifull kunnskap om vannboren varme.

Det er vanskeleg å anslå talet på gardsbruk der det kan vere aktuelt å konvertere til bioenergi. Til no er det bygd over 1400 gardsanlegg, og totalt er det i overkant av 47 000 bustader med tilknytt næringsverksemd på norske gardsbruk. Det er ikkje registrert kor mange av desse som har vannboren varme, men talet tilseier uansett at potensialet er stort. Erfaring frå eksisterande anlegg viser at det er mogleg å spare 15–20 øre/kWh ved overgang frå oppvarming ved elektrisitet til biovarme. Ved overgang frå fyringsolje eller gass, er vinsten enda høgare. Dette tilseier at energiomlegging til biovarme gjer gardsbruka meir robuste. I tillegg kjem effekten i form av betre trivsel og komfort for dyra som gir positive utslag på produksjonen.

3.5 Produksjon av juletre

Regjeringa vil

  • auke fleksibiliteten i bruk av landbruksareala til juletreproduksjon og syte for meir føreseielege vilkår for produsentane.

  • vurdere å forenkle sakshandsaminga for bruk av utanlandske treslag til produksjon av juletre.

Figur 3.24 Fjordtre. Fjelledelgran med marknadsfortrinn som eit særeige juletreprodukt frå Noreg

Figur 3.24 Fjordtre. Fjelledelgran med marknadsfortrinn som eit særeige juletreprodukt frå Noreg

Foto: Landbruks- og matdepartementet

Produksjon av juletre er ei viktig inntektskjelde for dei som har slik produksjon, og gir også gode arbeidsplassar sjølv om produksjonsareala er relativt små. Samtidig kan juletre dyrkast på meir marginale landbruksareal. Erfaringane viser at slik produksjon er godt eigna i kyst- og fjordstrøk.

Arbeidsinnsatsen i juletrenæringa i Noreg ligg på om lag 400 årsverk. På den norske marknaden reknar ein at det er behov for rundt 1,9 mill. tre med ein estimert marknadsverdi på 675 mill. kroner (2009). I løpet av få år har eksporten av norske juletre auka kraftig, og importen er kraftig redusert. Det blei i 2010 sett ut i underkant av 1,5 mill. plantar av ulike treslag på om lag 14 000 dekar. Næringa har eit mål om ei nær tidobling av dette, og eit årleg planteomfang på 8 til 10 mill. plantar. For å få til ei slik utvikling har næringa foreslått tiltak som mellom anna auka satsing på etterspurde treslag, styrkt frøforsyning av eigna proveniensar, målretta innsats mot klimatisk gunstige produksjonsregionar, auka rådgjeving mot produsentar og kvalitetssikring gjennom sertifisering. Den norske produksjonen av juletre er i vekst. I 2014 blei det for fyrste gong innført ein felles merkevare for norskprodusert fjelledelgran som eit framstøyt i konkurransen om eksportmarknaden.

Boks 3.20 Bolstad Skog og gard i Setskog

Juletreproduksjonen på Bolstad skog og gard i Setskog (www.bolstadskog.no) dekkjer 40 dekar, alt på tidlegare dyrka areal. Det blir i hovudsak produsert fjelledelgran, men også vanleg gran. Årleg blir det omsett om lag 1000 tre, nær halvdelen frå eigen utsalsplass, resten engros. Tilplanting i dag på nær 3000 tre i året vil auke den salbare delen av produksjonen om 5–8 år til det dobbelte. Med utgangspunkt i dagens sal gir dette inntekter på 250–280 000 kroner med ein arbeidsinnsats på nær eit halvt årsverk.

Det er viktig for næringa å kunne planleggje drifta på lang sikt, og det er difor viktig at vilkåra for bruk av marginale landbruksareal til juletreproduksjon er like og føreseielege i dei ulike kommunane. Forslag til endra føresetnader kan til dømes vere at det ikkje blir gitt nokon tidsfrist for produksjonen, men at omdisponeringa varer så lenge det er ein aktiv juletreproduksjon på arealet.

Bruk av utanlandske treslag til juletreproduksjon krev tillating etter Forskrift om utsetting av utenlandske treslag til skogbruksformål. Juletreproduksjon gir lågare risiko for spreiing enn andre typar produksjon sidan trea vanlegvis blir hogde før frøsetjing. Bakgrunnen for at denne produksjonen er omfatta av søknadsplikt er for å sikre kontroll med kvar produksjonen går føre seg og at det ikkje blir sett igjen tre etter hogst. Rettleiar til Forskrift om utsetting av utenlandske treslag til skogbruksformål blir revidert og fastsett av Klima- og miljødepartementet i samråd med Landbruks- og matdepartementet. Det er eit mål å forenkle sakshandsaminga for bruk av utanlandske treslag til produksjon av juletre. Det skal vurderast å gå frå søknadsplikt til meldeplikt. Det skal leggjast vekt på kontrollbehov.

Fotnotar

1.

SSB, Samfunsspeilet 4/2009

2.

EØS-rettslig vurdering av om salg av alkohol frå nisjeprodusenter kan tillates uten å svekke dagens monopolordning. Finn Arnesen og Fredrik Sejersted. 30.09.2014.

3.

Menon Economic Business: (2014) Verdiskapingsanalyse av reiselivsnæringen i Norge – Utvikling og fremtidspotensial. Rapport 2014.

4.

Innovasjon Norge: (2014) Turistundersøkelsen sommersesongen 2014.

5.

Global report on Adventure Tourism. UNWTO. 2014.

6.

Menon Business Economics (2013): Evaluering av langtidseffekt av deltagelse på IGW. Rapport 13b/2013.

7.

IPSOS MMI (2014) Norske Spisefakta 2014.

8.

Damvad (2014): Utredning om norsk serveringsnæring. For Nærings- og fiskeridepartementet.

9.

Bryn, A, et. al. (2012) Cultour – et forskningsprosjekt om reiseliv, kulturminner og gjengroing. Norsk institutt for skog og landskap og Bygdeforskning.

10.

Knutsen, H. og Milford, A.B (2015). Inn på tunet. Resultater fra en spørreundersøkelse. NILF-notat 2015-7.

11.

Prestvik, A., Nebell, I. og Pettersen, I. (2013) Aktør og markedsanslyse av Inn på tunet. NILF-rapport 2013-4.

Til forsida