Meld. St. 31 (2014–2015)

Garden som ressurs – marknaden som mål— Vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

7.1 Økonomiske konsekvensar

Tiltak i stortingsmeldinga som har økonomiske konsekvensar blir dekka innanfor departementet si til einkvar tid gjeldande budsjettrammer. Meldinga blir fylgt opp gjennom dei årlege jordbruks- og budsjettproposisjonane.

7.2 Administrative konsekvensar

Det er ikkje venta større administrative konsekvensar av forslaga til tiltak i meldinga. Tiltaka i meldinga vil ikkje gje systemendringar eller føre til vesentlege administrative tiltak. Nokre av forslaga til tiltak, til dømes knytt til forenkling av regelverk, kan gje forenklingar for den enkelte næringsutøvar og for forvaltinga.

Til forsida av dokumentet