Meld. St. 4 (2021–2022)

Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2020–2021

Til innholdsfortegnelse

7 Justis- og beredskapsdepartmentet

Oversikt over anmodnings- og utredningsvedtak

Nedanfor gir departementet ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Justis- og beredskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2020–2021, og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 580 S (2020–2021) meinte ikkje var kvitterte ut. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. I desse tilfella vil det vere ein referanse til kvar denne teksten finst.

I kolonne fire i tabellen nedanfor går det fram om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket òg i budsjettproposisjonen til neste år.

Sjølv om det i tabellen blir opplyst om at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan t.d. gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

I enkelte tilfelle er det nødvendig å fremme forslag om at oppmodingsvedtaket blir oppheva før rapporteringa kan avsluttast. Departementet har fremma eit slikt forslag. Det blir vist til forslagsdelen i denne proposisjonen.

Tabell 7.1 Oversikt over oppmodingstiltak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (ja/nei)

2020–2021

43

Familiebesøk

Ja

2020–2021

47

Utviding av avverjingsplikta

Nei

2020–2021

50

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Nei

2020–2021

64

Tilgjengelege dopingopplysningar

Nei

2020–2021

65

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Nei

2020–2021

111

Rettferdsvederlagsordninga til Stortinget

Ja

2020–2021

140

Eigendelar etter finansavtalelova

Nei

2020–2021

154

Kvoten for overføringsflyktningar – religiøse minoritetar

Ja

2020–2021

155

Underhaldskravet ved familieinnvandring

Ja

2020–2021

169

Felles politistasjon på Magnormoen

Ja

2020–2021

180

Overgrepsdømde i soningskøen

Ja

2020–2021

206

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Nei

2020–2021

207

Plan for effektiv motarbeiding av irregulær migrasjon

Nei

2020–2021

208

Klarlegging av identitet

Nei

2020–2021

209

Skjerping av underhaldskravet

Nei

2020–2021

217

Rettsstader

Ja

2020–2021

236

Langsiktig plan for strukturelle endringar av politistasjonar i Oslo

Ja

2020–2021

237

Konsekvensanalyse av strukturelle endringar av politistasjonar i Oslo

Ja

2020–2021

443

Høgare straff for barn som gjer gjenteken kriminalitet

Nei

2020–2021

446

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Nei

2020–2021

447

Besøks- og opphaldsforbod

Nei

2020–2021

448

Forbod mot deltaking i kriminelle gjengar

Ja

2020–2021

449

Exit-program for gjengkriminelle

Ja

2020–2021

450

Registrering av skade med kniv

Ja

2020–2021

451

Forbod mot deltaking i kriminelle gjengar

Ja

2020–2021

452

Straff for å la verdiane til gjengkriminelle stå i eige namn

Nei

2020–2021

532

Kontroll ved grenseovergangane

Ja

2020–2021

559

Karantenehotell

Ja

2020–2021

562

Covid-19-testing i kommunen

Ja

2020–2021

627

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Nei

2020–2021

628

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Nei

2020–2021

676

Ny politihøgskule

Nei

2020-2021

677

Bevare Utrykkingspolitiet

Ja

2020–2021

678

Fullstendig drapsstatistikk

Ja

2020–2021

679

Motarbeiding av gjengkriminalitet

Ja

2020–2021

680

Gjenopning av arrestar

Ja

2020–2021

681

Oppretting av eit nasjonalt våpenregister

Nei

2020–2021

682

Identitetsskjerming for polititilsette

Nei

2020–2021

712

Straff for å tvinge barn til utlandet

Nei

2020–2021

719

Arbeidsvilkåra til politiet overfor ungdomsmiljø og gjengkriminelle

Ja

2020–2021

722

Langsiktig plan for strukturelle endringar av politistasjonar i Oslo og fysisk nærverande politi

Ja

2020–2021

728

Handlingsplan mot vald og overgrep i heimen

Ja

2020–2021

729

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Nei

2020–2021

730

Totalberedskapsutval

Nei

2020–2021

739

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Nei

2020–2021

740

Sivilforsvaret

Nei

2020–2021

741

Frivillige organisasjonar

Nei

2020–2021

742

Brann til sjøs

Nei

2020–2021

743

Tilfluktsrom

Nei

2020–2021

745

Objektsikring

Nei

2020–2021

746

Kompetanseheving innanfor IKT-tryggleik

Nei

2020–2021

747

Eigen beredskapskampanje

Ja

2020–2021

748

Inkludering av frivillige organisasjonar i beredskapsplanar

Nei

2020–2021

776

Følgje opp EMD-dom om digitale beslag

Ja

2020–2021

778

Digitalisere søknad om våpenløyve og andre prosessar i våpenforvaltninga

Ja

2020–2021

799

ADR-kontroll

Nei

2020–2021

814

Nasjonalt eierskap og kontroll

Nei

2020–2021

848

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Nei

2020–2021

883

Økonomisk kompensasjonsordning for våpeneigarar

Nei

2020–2021

928

Lovendringar som følgje av ny sivilombodslov

Nei

2020–2021

955

Tiltak for å kartlegge omfanget av pengestøtte frå utlandet til religiøse organisasjonar

Ja

2020–2021

983

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Nei

2020–2021

1038

Kartlegging av tryggleikskompetanse, gjennomgang av bruken av tryggleikslova og evaluering av tryggleiksforståing

Nei

2020–2021

1040

Stortingsmelding om nasjonalt eigarskap og kontroll over strategisk viktige naturressursar, bedrifter, infrastrukturar og teknologiar

Nei

2020–2021

1041

Nytt Oslo fengsel

Nei

2020–2021

1115

Forfølging av narkotikalovbrot i nødssituasjonar

Nei

2020–2021

1116

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Nei

2020–2021

1117

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Nei

2020–2021

1159

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Nei

2020–2021

1161

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Nei

2020–2021

1162

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Nei

2020–2021

1343

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Nei

2019–2020

124

Valdsoffererstatning

Ja

2019–2020

436

Elektroniske fraktbrev

Nei

2019–2020

515

Reklamasjonsfrist på bustader

Nei

2019–2020

669

Deling av registerinformasjon

Nei

2019–2020

789

Felles politistasjon på Magnormoen

Ja

2018–2019

98

Rettshjelpsordninga

Nei

2017–2018

532

Offentleggjering av krenkande bilete av andre

Ja

2017–2018

539

Alternativ til fengsling av barn

Nei

2017–2018

540

Einslege mindreårige asylsøkarar

Nei

2017–2018

541

Tvangsreturnering av barnefamiliar

Nei

2017–2018

542

Utvising og innreiseforbod – barn

Ja

2017–2018

589

Valdsoffererstatning

Ja

2017–2018

590

Valdsoffererstatning

Ja

2017–2018

788

Utanlandsopphald

Nei

2017–2018

795

Eige lovverk for Statens barnehus

Nei

2017–2018

798

Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep

Nei

2017–2018

899

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

Nei

2016–2017

523

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Nei

2016–2017

630

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

Nei

2016–2017

631

Besøksforbod

Nei

2016–2017

879

EOS-kontrollova

Ja

2016–2017

938

Lovfesting av ansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar

Ja

2016–2017

944

Lagring av IP-data

Ja

2016–2017

1043

Omvend valdsalarm

Nei

2015–2016

921

Tilsyn med drift av asylmottak

Nei

2014–2015

645

Kompensasjonsordning for 110-sentralar

Ja

2012–2013

515

Sivilombodsmannen

Ja

7.1 Stortingssesjon 2020–2021

Familiebesøk

Vedtak nr. 43, 20. oktober 2020

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte legge til rette for at besøksreiser til Norge til nær familie, partner eller kjæreste kan gjennomføres innenfor rammen av smittevernfaglige råd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 5 L (2020–2021) og Innst. 26 L (2020–2021) frå kommunal- og forvaltningskomiteen.

Vedtaket er følgt opp i Prop. 61 L (2020–2021). Regjeringa vurderer innreiserestriksjonane fortløpande, og alle restriksjonane på innreise grunna covid-19-pandemien vil bli fjerna i tråd med at smittesituasjonen tillet det.

Utviding av avverjingsplikta

Vedtak nr. 47, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om avvergingsplikten i straffeloven § 196 bør utvides til også å omfatte flere straffbare handlinger, særlig straffeloven §§ 257, 260, 261, 272 b, 292, 293, 294, 300, 301, 302, 304 og 305.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Vedtak nr. 50, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av foreldelsesreglene for seksuallovbrudd og voldsforbrytelser mot mindreårige, og komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som hever det generelle nivået på foreldelsesfrister for denne typen lovbrudd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 1159, 7. juni 2021.

Tilgjengelege dopingopplysningar

Vedtak nr. 64, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan opplysninger om idrettsutøvere og støtteapparat som straffes for dopingkriminalitet, også kan gjøres tilgjengelig for antidopingorganisasjonene, herunder eventuelle behov for endring av lovgivning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Vedtak nr. 65, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere muligheter for nye bestemmelser i straffeloven for å kunne straffeforfølge de som tjener penger på idrettsprestasjoner som følge av doping, og mulighet for inndragning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Stortingets rettferdsvederlagsordning

Vedtak nr. 111, 26. november 2020

«Stortinget ber regjeringen sørge for at Stortingets rettferdsvederlagsordning blir betre kjent, og bedre informert om, som erstatningsordning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:70 S (2019–2020) og Innst. 76 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Oppgåva vart gitt i tildelingsbrev for 2021 til Statens sivilrettsforvaltning (SRF). SRF har, i samarbeid med departementet, sett i verk tiltak som sikrar målretta informasjon overfor potensielle søkarar og søkargrupper, og som dessutan sikrar betre og breiare informasjon om ordninga for allmenta.

Eigendelar etter finansavtalelova

Vedtak nr. 140, 1. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere om egenandelen i finansavtaleloven § 3-20 tredje ledd bør oppjusteres for å ta hensyn til prisstigningen de siste årene og for å sørge for at beløpet gir et godt nok initiativ til at rettighetshaverne bruker sin elektroniske signatur på en forsvarlig måte. Regjeringen bes også vurdere om beløpet bør knyttes til grunnbeløpet i folketrygden slik at det automatisk justeres for prisendringer. Disse vurderingene bør også gjøres for beløpet i § 4-30 tredje ledd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. LS 92 (2019–2020) og Innst. 104 L (2019–2020) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Kvoten på overføringsflyktningar

Vedtak nr. 154, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sørge for at også forfulgte kristne, ahmadiyya og jesidiske flyktninger skal prioriteres som gruppe og individ ved uttak av overføringsflyktninger.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 16 S (2020–2021). Vedtaket er følgt opp i brev om kvotesammensetning til Utlendingsdirektoratet og UNHCR frå 22. desember 2020.

Underhaldskravet ved familieinnvandring

Vedtak nr. 155, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen endre underholdskravet (både kravet til fremtidig og tidligere inntekt) i sak om familieinnvandring slik at stønad etter introduksjonsloven ikke medregnes (fra 01.01.2021: stønad etter integreringsloven).»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 5 S (2020–2021) frå finanskomiteen. Vedtaket er følgt opp gjennom forskriftsendring 28. juni 2021.

Felles politistasjon på Magnormoen

Vedtak nr. 169, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ overfor svenske myndigheter første halvår 2021 med sikte på å inngå avtale om felles norsk-svensk grensestasjon på Magnormoen med svenske myndigheter før revidert nasjonalbudsjett. Det henstilles til regjeringen å komme tilbake i revidert nasjonalbudsjett med en rapportering, slik at en realisering av politistasjon på grensen/Magnormoen kan gjennomføres når finansiering av hele prosjektet er avklart.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 5 S (2020–2021) frå finanskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Det er etablert kontakt med svenske politimyndigheiter om oppretting av felles grensestasjon på Magnormoen, jf. Prop. 195 S (2020–2021). Sjå også omtale under vedtak 789 (2019–2020).

Overgrepsdømde i soningskøen

Vedtak nr. 180, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen påse at kriminelle som er dømt for overgrep mot barn prioriteres i soningskøen, slik at de kan gå direkte fra dom til soning.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 2 S (2020–2021) frå finanskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Kriminalomsorgsdirektoratet prioriterer allereie denne gruppa ved innkalling til gjennomføring av straff. I tildelingsbrevet til Kriminalomsorgsdirektoratet for 2021 har Justis- og beredskapsdepartementet også understreka at domfelte som har begått alvorleg kriminalitet, irekna domfelde dømt for seksuallovbrot, skal ha høgste prioritet ved innkalling til soning.

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Vedtak nr. 206, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til lovendringer som innenfor rammen av internasjonale forpliktelser gir et klarere skille mellom konvensjonstatus (asyl) og subsidiær beskyttelse, gjennom å begrense retten til familiegjenforening samt utvide bruken av midlertidige tillatelser ved subsidiær beskyttelse.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Eit liknande forslag om ein beredskapsheimel i utlendingslova til bruk ved ei betydeleg auke i asylsøkartilstrøyminga var på høyring i 2020.

Plan for effektiv motarbeiding av irregulær migrasjon

Vedtak nr. 207, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for hvordan Norge kan bidra til mer effektiv bekjempelse av irregulær migrasjon, herunder sørge for at dagens hjemmel for å henvise asylsøkere til trygge tredjeland utenfor EU brukes aktivt. Dette forutsetter samarbeidsavtaler med tredjeland som sikrer at asylsøkere behov for beskyttelse blir ivaretatt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 (2020–2021) og Lovvedtak 25 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Klarlegging av identitet

Vedtak nr. 208, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen stille de samme krav til klarlegging av identitet for permanent oppholdstillatelse og familieetablering som for statsborgerskap.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Skjerping av underhaldskravet

Vedtak nr. 209, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til endringer i forskrift som sikrer selvforsørgelse gjennom en skjerping av underholdkravet samt vurdere mulig skjerping av bestemmelsen om tilknytningskravet i familieetableringssaker.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Rettsstader

Vedtak nr. 217, 10. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at alle rettssteder skal bestå og være bemannet. Ved rettssteder som i dag har fire faste dommerårsverk eller mindre, skal nivået på dagens antall årsverk knyttet til kjernevirksomheten opprettholdes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 11 L (2020–2021) og Innst. 134 L (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp. Ny forskrift om domssokn og lagdømme vart fastsett i statsråd 22. januar 2021. Forskrifta følgjer opp Stortinget si behandling av saka og gjelder frå 1. mai 2021. Alle tidlegare rettsstader blir haldne oppe med bemanning. Justis- og beredskapsdepartmentet har orientert Domstoladministrasjonen om korleis departementet forstår vedtaket til Stortinget om minimumsbemanning, jf. Dokument 15:828 (2020–2021) og Dokument 15:830 (2020–2021).

Langsiktig plan for strukturelle endringar av politistasjonar i Oslo

Vedtak nr. 236, 11. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at det i forbindelse med strukturelle endringer av politistasjoner i Oslo legges til grunn en helhetlig og langsiktig plan som innebærer kontinuerlig tilstedeværelse av politi med utgangspunkt i politistasjoner eller politiposter i de ytre bydeler i Oslo Sør og Oslo Øst.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:128 S (2019–2020), jf. Innst. 139 S (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp i Prop. 195 S (2020–2021). Politiet har ein plan for tilstadevering av politi og polititenester i bydelane som nemnd i vedtaket.

Konsekvensanalyse av strukturelle endringar av politistasjonar i Oslo

Vedtak nr. 237, 11. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at det i forbindelse med planarbeidet med strukturelle endringer av politistasjoner i Oslo utarbeides en uavhengig konsekvensanalyse av planene. Konsekvensanalysen må gjennomgå hvordan sammenslåingen vil påvirke tjenestetilbudet, endringer i politiets arbeidsform og metodikk, det kriminalitetsforebyggende arbeidet og endringer i responstid. Analysen må også vurdere hvordan endringene vil påvirke politiets samarbeid med kommunen, barnevern og skole, samt økonomiske konsekvenser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021), jf. Innst. 275 S (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp i Prop. 195 S (2020–2021). Politiet har fått gjennomført ei uavhengig analyse som etterspurt.

Høgare straff for barn som gjer gjenteken kriminalitet

Vedtak nr. 443, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om man i særlige tilfeller kan åpne for forhøyet straff ved nytt lovbrudd av samme art også for kriminelle gjengangere under 18 år.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Vedtak nr. 446, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen i inneværende stortingsperiode legge fram tiltak og forslag til lovendringer for å øke omfanget av antallet inndragninger og gjøre det enklere for politiet å inndra verdier som er tilegnet gjennom kriminelle handlinger, både gjennom sivilrettslig inndragning og i straffesaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa fremja 24. september 2021 ein rekke forslag til endringar som bidrar til eit meir effektivt og pedagogisk regelverk om inndragning, sjå Prop. 241 L (2020–2021). Forslaga følgjer opp delar av Straffelovrådets utgreiing NOU 2020: 10, men fleire av forslaga i utgreiinga har det ikkje vore mogleg å følgje opp no. Årsaka er at fleire av forslaga har nær samanheng med ein tilleggsutgreiing som Straffelovrådet leverte 25. mai 2021, med høyringsfrist 25. oktober 2021. Regjeringa må difor følgje opp desse forslaga i ein eigen lovproposisjon på eit seinare tidspunkt. Sjå Prop. 241 L (2020–2021) kapittel 2 og 3 for nærmare detaljar om det vidare arbeidet.

Besøks- og opphaldsforbod

Vedtak nr. 447, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen foreslå å endre straffeprosesslovens bestemmelser om besøks- og oppholdsforbud, slik at de som begår kriminalitet i bestemte områder, kan nektes å oppholde seg i en større omkrets og i et betydelig tidsrom, samt vurdere bruk av elektronisk kontroll for å håndheve dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne pålegge elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er også vurdert visse andre justeringar i reglane for besøksforbod. Sjå òg omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017 i tillegg til vedtak nr. 1043, 20. juni 2017.

Forbod mot deltaking i kriminelle gjengar

Vedtak nr. 448, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til lovhjemler som forbyr deltakelse i kriminelle gjenger og rekruttering til disse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 190 L (2020–2021) om endringar i straffeprosesslova og straffelova (kriminalisering av deltaking i kriminelle samanslutningar). I proposisjonen fremja regjeringa forslag om ein ny heimel i straffeprosesslova for at retten på nærare vilkår kan forby ei kriminell samanslutning. Det vart òg fremja forslag om ei ny føresegn i straffelova som gjer det straffbart å delta i, rekruttere medlemmar til eller på anna måte videreføre aktivitetane til ei samanslutning retten har forbydd.

Exit-program for gjengkriminelle

Vedtak nr. 449, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det etableres et eget exit-program for gjengkriminelle som gir dem bedre muligheter for å bryte permanent ut av det kriminelle miljøet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp gjennom forslag om øyremerking av midlar til å prøve ut eit pilotprosjekt for exit-program for gjengkriminelle. For rask effekt byggjer pilotprosjektet på miljø som har kompetanse og erfaring. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.30.

Registrering av skade med kniv

Vedtak nr. 450, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen om at legemsbeskadigelse med kniv igjen blir registrert i Strasak-rapporten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. I desember 2020 vart registrering av modus i enkelte valdssaker innført i politiets straffesaksregister. Politiet har såleis høve til å ta ut relevant statistikk om mellom anna bruk av kniv, jf. omtale i kap. 9.3.2 i Meld. St. 34 (2020–2021) Sammen mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet.

Forbod mot deltaking i kriminelle gjengar

Vedtak nr. 451, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til lovhjemler som forbyr deltakelse i kriminelle gjenger og rekruttering til disse, og fremme dem for Stortinget så de kan behandles innen juni 2021.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 190 L (2020–2021) om endringar i straffeprosesslova og straffelova (kriminalisering av deltaking i kriminelle samanslutningar). Sjå omtale under vedtak 448 (2020–2021).

Straff for å la verdiane til gjengkriminelle stå i eige namn

Vedtak nr. 452, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om tillegg til straffelovens bestemmelser om inndragning av økonomisk utbytte, slik at det innføres aktsomhetsplikt med straffansvar for dem som lar gjengkriminelles verdier, biler, leiligheter m.m. stå i sitt navn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Straffelovrådet har fått i oppdrag å undersøke behovet for ein slik regel og å gi forslag til korleis han eventuelt kan bli utforma. Frist for oppdraget er 1. november 2021.

Kontroll ved grenseovergangane

Vedtak nr. 532, 19. januar 2021

«Stortinget ber regjeringen styrke kontrollen ved grenseovergangene, herunder tilpassede løsninger ved mindre trafikkerte grenseoverganger.»

Statsministaren gjorde greie for regjeringa si handtering av koronapandemien i Stortinget 19. januar 2021, og vedtaket kom i samband med dette.

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa har gjennom Prop. 211 S (2020–2021) sytt for at politiet fekk midlar til å tilsetje 100 politiutdanna i 2021 for å styrke grensekontrollarbeidet. Politiet har også motteke omfattande hjelp frå Heimevernet og Tolletaten. Det blei også innført ein verneplan som tillèt lettare kontroll av reisande frå område med lågt smittenivå i periodar med kapasitetsutfordringar.

Karantenehotell

Vedtak nr. 559, 19. januar 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for obligatorisk karantenehotell betalt av arbeidsgivere for arbeidsinnvandrere hvor arbeidsgiver ikke kan stille med tilfredsstillende løsninger og sikre at det føres tilstrekkelig kontroll med disse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er utgreiinga av statsministeren om handteringa av koronapandemien og voteringa til Stortinget over lause forslag til saka.

Vedtaket er følgt opp i Prop. 79 S (2020–2021). Det blei blant anna innført eit krav i covid-19-forskrifta § 5 første ledd om at personar i innreisekarantene skal opphalde seg på karantenehotell på første ankomststad i riket i karantenetida. Det har vore gjort unnatak for plikta til opphald på karantenehotell for personar som kjem til Noreg for å utføre arbeid eller oppdrag, og som ved innreisa kan legge fram stadfesting på at arbeids- eller oppdragsgivar sørger for ein egna opphaldsstad der det er mogeleg å unngå nærkontakt med andre. Eigendelen for opphald på karantenehotell er 500 kroner per døgn. For personar som kjem til Noreg for å utføre arbeid eller oppdrag, er det arbeids- eller oppdragsgivaren som skal betala eigendelen. Reglane om karantene og karantenehotell i covid-19-forskrifta har vore justert fortløpande gjennom året for å handtere endringar i pandemien og behov for tiltak.

Covid-19-testing i kommunen

Vedtak nr. 562, 19. januar 2021

«Stortinget ber regjeringen om å fjerne ordningen som åpner for å teste seg i kommunen 24 timer etter ankomst.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er utgreiinga av statsministeren om handteringa av koronapandemien og voteringa til Stortinget over lause forslag til saka.

Som det går fram av Prop. 79 S (2020–2021), er vedtaket følgt opp. Regjeringa innførte obligatorisk test frå 2. januar 2021. Reglane om krav til testing i covid-19-forskrifta har vore justert fortløpande gjennom året for å handtere endringar i pandemien og behov for tiltak.

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Vedtak nr. 627, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om å gjeninnføre en fornyelsesordning for barneomsorgsattest.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Vedtak nr. 628, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av barneomsorgsattestordningen, som også innbefatter en utredning av digitale forenklingsmuligheter, en vurdering av muligheten for informasjonsdeling av gjeldende lovbrudd i andre land og en vurdering av om straffeloven § 272 og § 273 skal være en del av politiattesten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Ny politihøgskule

Vedtak nr. 676, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen igangsette planleggingen av ny politihøgskole og komme tilbake til Stortinget på en egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Planlegginga av ny politihøgskule må sjåast i samanheng med andre planlagde og pågåande investeringsprosjekt i justissektoren. Ut frå tilstandsvurderingar av ulike justisbygg, er det ei nødvendig prioritering å få avklart og realisert løysingar for Oslo fengsel, politihuset i Oslo og Bergen tinghus. Regjeringa har difor ikkje tatt stilling til når planlegging av ny politihøgskule skal setjast i gang.

Bevare Utrykkingspolitiet

Vedtak nr. 677, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen bevare dagens organisering av Utrykningspolitiet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Dette vedtaket inneber inga endring av organisatorisk eller anna art, og er såleis følgt opp.

Fullstendig drapsstatistikk

Vedtak nr. 678, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at hovedstatistikken over drap begått i Norge inneholder en fullstendig oversikt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Politidirektoratet har vidareformidla dette vedtaket til Kripos, som har oppdatert den offisielle drapsstatistikken. Vedtaket er såleis følgt opp.

Motarbeiding av gjengkriminalitet

Vedtak nr. 679, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at alle landets politidistrikt setter i verk umiddelbare tiltak for å avverge og bekjempe gjengkriminalitet, herunder sørger for at alle politidistrikt har tilstrekkelig operativt personell til å sikre høy tilstedeværelse i utsatte områder.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Politiet har prioritert innsats mot gjengkriminalitet i budsjetta dei siste åra. Regjeringa har sikra at politi er til stade i utsette områder og intensivert innsatsen mot kriminelle gjengar, jf. Meld. St. 34 (2020–2021) Sammen mot barne-, ungdoms og gjengkriminalitet.

Gjenopning av arrestar

Vedtak nr. 680, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen gjenåpne de arrester der nedleggelser under politireformen har ført til at politiet i dag bruker uforholdsmessig mye tid på transport av fanger.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Det er politimeistrane sitt ansvar å nytta ressursane på best mogleg måte. Bruken av ressursane skjer etter ei heilheitleg vurdering der mange omsyn og forhold vert omhandla. Å drifta ein politiarrest krev like stor bemanning som døgnkontinuerleg drift av éi heil politipatrulje. Når det er behov for det kan gamle, lokale arrestar opnast mellombels i inntil fire timar. Dette kan vera ei praktisk løysing i samband med større hendingar eller arrangement.

Nasjonalt våpenregister

Vedtak nr. 681, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen opprette et nasjonalt våpenregister som legges til Brønnøysundregistrene og til Nordland politidistrikt med forvaltning i Mosjøen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen. Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet har fått i oppdrag å setja i gang eit prosjekt for ny digital våpenforvalting der dette oppmodingsvedtaket vert teke omsyn til.

Jf. oppmodingsvedtak nr. 778, 23. mars 2021.

Identitetsskjerming for polititilsette

Vedtak nr. 682, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til ny straffeprosesslov sikre full identitetsskjerming for politiansatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Straff for å tvinge barn til utlandet

Vedtak nr. 712, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede straffeforbudet mot frihetsberøvelse i situasjoner hvor barn vil bli, eller allerede er, sendt til utlandet mot sin vilje, og fremme forslag til lovendringer som sikrer at påtvungne utenlandsopphold kan straffes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:137 S (2019–2020) og Innst. 269 S (2020–2021) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er under behandling. Sjå òg omtale under vedtak nr. 788, 29. mai 2018.

Arbeidsvilkåra til politiet overfor ungdomsmiljø og gjengkriminelle

Vedtak nr. 719, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av utviklingen knyttet til politiets arbeidsbetingelser overfor ungdomsmiljø og gjengkriminelle. Regjeringen bes vurdere eventuelle straffeskjerpelser samt andre tiltak for stanse økningen av forulemping, hindring, trusler og vold mot politifolk.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:1 L (2020–2021) og Innst. 268 L (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Straffelova gjev eit sterkt vern for tilsette i politiet, og det strafferettslege vernet av offentleg tenesteperson vart nyleg styrka i samband med behandlinga av Prop. 66 L (2019–2020), jf. Innst. 328 L (2019–2020). Terskelen for kva handlingar som kan straffast er låg, og det blir allereie reagert strengt mot vald mot politiet. Ei ytterlegare heving av strafferammene vert såleis vurdert lite føremålstenleg. Politidirektoratet jobbar systematisk med å førebygge truslar og vald mot polititilsette. Direktoratet har ikkje statistikk som syner at det har skjedd ei auke av valdelege handlingar retta mot politiet frå ungdoms- eller gjengkriminelle.

Langsiktig plan for strukturelle endringar av politistasjonar i Oslo og fysisk nærverande politi

Vedtak nr. 722, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at vedtak 236 den 11. desember 2020 følges opp og kommer tilbake til Stortinget i forbindelse med RNB 2021 hvor planen for å sikre fysisk tilstedeværelse av politi, med utgangspunkt i politistasjoner eller politiposter, i de aktuelle bydelene redegjøres for i tråd med Stortingets vedtak av 11. desember 2020.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp i Prop. 195 S (2020–2021). Sjå omtale under vedtak nr. 236, 11. desember 2020.

Handlingsplan mot vald og overgrep i heimen

Vedtak nr. 728, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for beskyttelse mot vold og overgrep i hjemmene som følge av smitteverntiltak som nedstengte sosiale arenaer, skoler og barnehager.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp gjennom at regjeringa la fram ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar (2021–2024) i august 2021.

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Vedtak nr. 729, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal langtidsplan for beredskap, som ser beredskapsressursene nasjonalt og regionalt i en sammenheng og legger grunnlaget for konkrete planer for utbedringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Totalberedskapsutval

Vedtak nr. 730, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen etablere et fast totalberedskapsutvalg som rapporterer til regjeringen hvert år, slik at man sikrer koordinert ledelse overordnet og på tvers. Og helhetlige og koordinerte trusselvurderinger. Både beredskapsmyndigheter, samfunnets organisasjoner og næringsliv skal være representert i utvalget.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Vedtak nr. 739, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av muligheten for tettere samarbeid med nordiske naboland knyttet til samfunnssikkerhet og beredskap, herunder felles sikkerhetsklarering, planverk på tvers av landegrensene og øvelser på tvers av landegrensene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Når det gjeld spørsmålet om tryggingsklarering, finnast det i dag tryggingsavtaler mellom Noreg og dei nordiske nabolanda som gjer det mulig å utveksle gradert informasjon mellom landa, herunder anerkjenne kverandre sine tryggingsklareringer etter nærmare kriterium.

Sivilforsvaret

Vedtak nr. 740, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ruste Sivilforsvaret for fremtidens samfunnsbehov gjennom å utrede utvidet grunnutdanning og sette av midler over statsbudsjettet til oppdatert utstyr og flere øvelser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Frivillige organisasjonar

Vedtak nr. 741, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at frivillige organisasjoner får dekket utgifter til abonnementskostnader for nødnetterminaler, og øke støtten til mer ressurser til utstyr og trening.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Brann til sjøs

Vedtak nr. 742, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen styrke Redningsselskapet og gjennomgå hvordan de kan bistå brann- og redningsetaten ved brann til sjøs.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Tilfluktsrom

Vedtak nr. 743, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan eksisterende tilfluktsrom i større grad kan benyttes slik at de holdes i stand samt inngår som en del av den nasjonale beredskapen i forbindelse med for eksempel migrasjon, pandemi eller forsyningskrise.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Objektsikring

Vedtak nr. 745, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen forsterke fysisk sikring av prioriterte objekter på grunnlag av trusselvurderinger og ROS-analyser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Kompetanseheving innanfor IKT-tryggleik

Vedtak nr. 746, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for økt kompetanseheving for ansatte i kommuner, stat og bedrifter innenfor IKT-sikkerhet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Eigenberedskapskampanje

Vedtak nr. 747, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det gjennomføres en årlig egenberedskapskampanje for å minne befolkningen om å sikre egne elementære behov dersom og når ulike kriser inntreffer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Hausten 2018 blei kampanjen Du er en del av Norges beredskap satt i verk av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Egenberedskapsuka blei gjennomført for første gong i 2019, og DSB har invitert alle kommunar til å være med på Egenberedskapsuka 2021. Justis- og beredskapsdepartementet vil sørge for at DSB årlig bidreg til at det gjennomførast ein eigenberedskapskampanje og ta dette inn som eit oppdrag i DSBs hovudinstruks.

Inkludering av frivillige organisasjonar i beredskapsplanar

Vedtak nr. 748, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at politi, statsforvalter og kommuner inkluderer frivillige organisasjoner i beredskapsplaner, at disse deltar på felles øvelser, samt at politiet forpliktes til å koordinere og ivareta samvirket mellom de ulike aktørene mellom hendelsene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Følgje opp EMD-dom om digitale beslag

Vedtak nr. 776, 23. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med politiet og Riksadvokaten snarest mulig finne fram til en løsning hvor man unngår at politiets etterforskning stanser opp og erstatter det midlertidige direktivet etter EMD-dommen 17. desember 2020.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:55 S (2020–2021) og Innst. 287 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp ved at Riksadvokaten 17. juni 2021 offentleggjorde eit nytt direktiv om ransaking av digitale datamengder som inneheld opplysningar omfatta av beslagsforbod, som erstattar direktivet frå desember 2020. Direktivet innfører eit system for utsortering av beslagsfrie opplysningar ved ei teknisk eining i politiet som er organisatorisk åtskild frå etterforskingseininga. Ordninga skal hindre at tenestepersonane som etterforskar saka får innsyn i opplysningar som er beslagsfrie. Direktivet stiller òg krav til forsvarleg og sikker oppbevaring av materiale, og notoritet om avgjerder og behandling.

Digitalisere søknad om våpenløyve og andre prosessar i våpenforvaltninga

Vedtak nr. 778, 23. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om digitalisering av søknad om tillatelse for samt lagerføring og innførsel av våpen, herunder en konkret fremdriftsplan for prosjektet, senest i revidert statsbudsjett for 2021.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:67 S (2020–2021) og Innst. 286 S (2020–2021) frå justiskomiteen. Jf. Også vedtak 681.

Vedtaket er følgt opp i Prop. 195 S (2020–2021). Det er lagt opp til stegvis implementering med digital søknadsprosess og etter kvart automatisering av saksbehandling og nytt nasjonalt våpenregister.

ADR-kontroll

Vedtak nr. 799, 13. april 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å overføre myndighet til å gjennomføre ADR-kontroll til godkjente tungbilverksteder.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:106 S (2020–2021) og Innst. 311 S (2020–2021 ) frå transport- og kommunikasjonskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Nasjonalt eierskap og kontroll

Vedtak nr. 814, 20. april 2021

«Stortinget ber regjeringa sikre norsk eigarskap av kritisk infrastruktur og eigedom samt nasjonal kontroll over naturressursar i nordområda.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2020–2021) og Innst. 289 S (2020–2021) frå utenriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Eit viktig tiltak er implementeringa av ny tryggleikslov. Lova introduserer bl.a. meldeplikt ved erverv av verksemd underlagt lova, jf. § 10-1. Uavhengig av dette kan styresmaktene til ein kvar tid stanse tryggleikstrugande verksemd med heimel i tryggleikslova § 2-5. Vidare set lova krav til at objekt og infrastruktur som er av avgjerande tyding for nasjonal tryggleik skal klassifiserast og sikrast, jf. tryggleikslova § 7.2.

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Vedtak nr. 848, 27. april 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av vergemålsordningen og legge frem forslag til lovendringer som styrker og forbedrer den.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:77 (2020–2021) og Innst. 285 S (2020–2021) frå justiskomiteen. Sjå elles omtalen av oppmodingsvedtak nr. 899 (2017–2018) nedanfor.

Vedtaket er under behandling.

Økonomisk kompensasjonsordning for våpeneigarar

Vedtak 883, 6. mai 2021

«Stortinget ber regjeringa snarest utarbeide et forslag til ei økonomisk kompensasjonsordning for våpeneiere som blir ramma av et forbud med tilbakevirkende kraft mot enkelte våpentyper, og komme tilbake til Stortinget med dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:103 S (2020–2021) og Innst. 346 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Lovendringar som følgje av ny sivilombodslov

Vedtak nr. 928, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om nødvendige endringer i annen lovgivning som følge av ny sivilombudslov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 21 (2020–2021), kap. 10 og Innst. 409 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Det har vorte gjort ei kartlegging av kva for lover som skal endrast, og utarbeidd eit førebels endringsforslag.

Tiltak for å kartlegge omfanget av pengestøtte frå utlandet til religiøse organisasjonar

Vedtak nr. 955, 20. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om tiltak for å kartlegge omfanget av pengestøtte fra utlandet til religiøse organisasjoner, uavhengig av om organisasjonen mottar statsstøtte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dok. 8:135 S (2020–2021) og Innst. 406 S (2020–2021) frå kommunal- og forvaltningskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet vil opprette ei tverrdepartemental arbeidsgruppe som skal utgreie tiltak for å hindre verksemd som kan utgjere ein trussel mot demokrati og grunnleggjande menneskerettar. Utgreiinga skal inkludere forslag til regulering av internasjonal finansiering av organisasjonar samt tiltak for å stanse slik verksemd uavhengig av korleis den er finansiert. Arbeidsgruppa vil sjå på moglege alternativ for å kartlegge omfanget av pengestøtte frå utlandet til religiøse og andre organisasjonar.

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Vedtak nr. 983, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen starte nødvendige forberedelser som sikrer at Forsvaret overtar som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø når kontrakten med sivil operatør går ut.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 85 S (2020–2021) og Innst. 393 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Kartlegging av tryggleikskompetanse, gjennomgang av bruken av tryggleikslova og evaluering av tryggleiksforståing

Vedtak nr. 1038, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre og legge frem for Stortinget på egnet måte:
en kartlegging av sikkerhetskompetansen i alle departementer
en gjennomgang utført av et offentlig utnevnt ekspertutvalg av sikkerhetslovens anvendelse, herunder mulige sårbarheter, ansvarsfordeling, status for departementenes listeføring av virksomheter som helt eller delvis skal omfattes av sikkerhetsloven
en evaluering av hvordan sikkerhetsforståelse i departementene etableres og samarbeid mellom departementene blir sikret.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er behandlinga av innstilling frå utanriks- og forsvarskomiteen om Redegjørelse av justis- og beredskapsministeren om planlagt salg av Bergen Engines AS, jf. Innst. 503 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Stortingsmelding om nasjonalt eigarskap og kontroll over strategisk viktige naturressursar, bedrifter, infrastrukturar og teknologiar

Vedtak nr. 1040, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen legge fram en stortingsmelding om hvordan Norge kan sikre nasjonalt eierskap og kontroll over strategisk viktige bedrifter, naturressurser, infrastrukturer og teknologier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:153 S (2020–2021) og Innst. 504 S (2020–2021) frå utanriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Nytt Oslo fengsel

Vedtak nr. 1041, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med forslag vedrørende nytt Oslo fengsel.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:142 S (2020–2021) og Innst. 470 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Arbeidet med eit nytt fengsel til erstatning for Oslo fengsel på Grønland følgjer no to spor. Det er sett i verk eit forprosjekt for å utvide Romerike fengsel, Ullersmo avdeling. Fordi det er vanskeleg å finne ei ny tomt i Oslo har Statsbygg òg fått i oppdrag å gjennomføre eit nytt tomtesøk i Oslo og omkringliggande kommunar.

Forfølging av narkotikalovbrot i nødssituasjonar

Vedtak nr. 1115, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at politiet ikke straffeforfølger overtredelse av legemiddelloven § 24 første ledd, der overtreder yter assistanse eller tilkaller nødetater i akutte nødssituasjoner, eller der en slik overtredelse avdekkes hos fornærmede ved anmeldelse av andre straffbare forhold.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021) og Innst. 612 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vore i dialog med Riksadvokaten, som peikar på at dei resultata Stortinget ønsker, langt på veg følgjer av eksisterande reglar, føringar og praksis. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.40.

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Vedtak nr. 1116, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at opplysninger i reaksjonsregisteret om personer som er ilagt strafferettslige reaksjoner for bruk og besittelse av narkotika til eget bruk, sperres etter tre år. Sperring forutsetter at det ikke er registrert flere straffbare forhold i den aktuelle perioden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Vedtak nr. 1117, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at samfunnets reaksjoner i forbindelse med problematisk bruk av rusmidler er forholdsmessige, og kan knyttes til rusbruken. Stortinget ber regjeringen særlig gjennomgå praksis med tap av førerrett i tilfeller der man ikke ser noen sammenheng mellom personens bruk av rusmidler og føring av motorvogn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Vedtak nr. 1159, 7. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendringer som fjerner foreldelsesfristen for alle typer seksualforbrytelser mot barn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:273 S (2020–2021) og Innst. 634 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 50, 3. november 2020.

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Vedtak nr. 1161, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med strengere regler dersom det nye regelverket ikke i tilstrekkelig grad hindrer etableringer av internasjonale kriminelle gjenger og mafiaorganisasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Vedtak nr. 1162, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede særskilt om politiet bør gis tilgang på straffeprosessuelle tvangsmidler ut over det den foreslåtte strafferammen på tre års fengsel for deltagelse, rekruttering eller videreføring av en kriminell sammenslutning, tilsier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Vedtak nr. 1343, 18. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 legge frem en vurdering av om det bør innføres en kompensasjonsordning for tapt arbeidsfortjestene for frivillige som blir anmodet av nødetatene om å bistå i redningsoppdrag.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 195 S (2020–2021) og Innst. 600 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Det vil krevje ei utgreiing før ein får oversikt og kunnskap om kva eit slikt tiltak vil bety for redningstenesta, og kva utgiftene vil være for staten. Departementet har førebels ikkje tatt stilling til om ei slik utgreiing skal setjast i verk. Det er både fordelar og ulemper med å innføre ei kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane held oppe og styrker sin posisjon innanfor norsk redningsberedskap (sjå også Meld. St. 10 (2016–2017)). Samtidig bør det være eit tydeleg skilje mellom offentlege og frivillige ressursar.

7.2 Stortingssesjon 2019–2020

Valdsoffererstatning

Vedtak nr. 124, 5. desember 2019

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til ny lov om voldsoffererstatning og legge denne frem for Stortinget i løpet av 2020.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:5 (2019–2020) og Innst. 66 S (2019–2020) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa fremma 17. september 2021 Prop. 238 L (2020–2021) Lov om erstatning fra staten til voldsutsatte (valdserstatningslova). Lova skal erstatte valdsoffererstatningslova. Med forslaget vil alle som ved dom er tilkjende erstatning frå skadevaldar for nærmare gitte valds- eller seksuallovbrot, om dei ønskjer det, få utbetalt erstatninga frå staten tilnærma automatisk og direkte, utan eigen søknad. Valdsutsatte i saker som ikkje har blitt behandla av domstolane, skal kunne fremme søknad om erstatning for Kontoret for valdsoffererstatning.

Sjå omtale under programkategori 06.70.

Elektroniske fraktbrev

Vedtak nr. 436, 31. mars 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at nye elektroniske fraktbrev som er planlagt i CRM-direktivet, gjøres obligatoriske.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 11 LS (2019–2020) og Innst. 214 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling.

Reklamasjonsfrist bustader

Vedtak nr. 515, 21. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om reklamasjonsfristen på nyoppførte boliger skal økes fra fem til ti år, samt konsekvensene av en eventuell utvidelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2018–2019), Innst. 171 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling.

Lovforslag for å sikre deling av registerinformasjon

Vedtak nr. 669, 10. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovforslag for å sikre at relevant registerinformasjon deles mellom offentlige forvaltningsorgan for å avdekke og forhindre kriminalitet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S (2019–2020) og Innst. 342 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling. Eit høyringsforslag frå september 2020 om endringar i forvaltningslova m.m., som gjekk ut på å innføre nye og større grunnlag for deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt, vart følgd opp i Prop. 166 L (2020–2021) om endringar i forvaltningslova m.m. og endringslov 18 juni 2021 nr. 127. Førebygging og avdekking av kriminalitet var sentrale omsyn som låg til grunn for forslaget. Ny § 13 g i forvaltningslova gjev heimel til å gje forskrift om at teieplikt etter forvaltningslova § 13 ikkje skal vere til hinder for at bestemte organ kan dele opplysningar for å utføre oppgåver som er lagde til avgjevar- eller mottakarorganet, og opnar dermed for å gje forskrifter om dei emna som er nemnde i vedtaket.

Oppretting av felles politistasjon med svensk politi på Magnormoen

Vedtak nr. 789, 19. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake på egnet måte med en plan, herunder økonomiske og administrative konsekvenser, for å opprette en felles politistasjon med svensk politi på Magnormoen. Utgifter for både svensk og norsk politi må fremkomme. Stortinget ber regjeringen samarbeide med svenske myndigheter om planen for bygget, innretning på politisamarbeidet og fordeling av kostnader.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 127 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa tilrår at ein felles norsk-svensk grensestasjon blir realisert med eit nybygg på grenselinja mellom Noreg og Sverige. Ein overordna plan for etablering av nybygg er utarbeidd. Det vert lagt til grunn at Noreg betaler for norske areal, og Sverige betaler for svenske areal. I det vidare arbeidet vil departementet følgje opp moment rundt innretninga på politisamarbeidet, fordeling av kostnader og andre juridiske og praktiske problemstillingar med involverte aktørar og styresmakter, medrekna også svenske styresmakter.

Sjå omtale under programkategori 06.40.

7.3 Stortingssesjon 2018–2019

Rettshjelpsordninga

Vedtak nr. 98, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med den pågående utredningen av rettshjelpsordningen komme tilbake til Stortinget med tiltak i oppfølgingen av denne for å gjøre ordningen betre, mer effektiv og treffsikker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:152 S (2017–2018) og Innst. 71 S (2018–2019).

Vedtaket er under behandling. Regjeringa sette i oktober 2018 ned eit offentleg utval som skulle gjennomgå rettshjelpsordninga. Utvalet leverte ei utgreiing 30. april 2020. Utvalet foreslår ei ny lov om støtte til rettshjelp i staden for dagens ordning med fri rettshjelp. Dette inneber at fleire personar vil bli omfatta av ordninga, men med betydeleg bruk av eigendelar tilpassa betalingsevna til mottakaren. Utgreiinga har vore på høyring, og er no til oppfølging i departementet.

Sjå omtale under programkategori 06.70. For 2022 foreslår regjeringa å heve inntektsgrensene for fri rettshjelp med 10 pst.

7.4 Stortingssesjon 2017–2018

Offentleggjering av krenkande bilete av andre

Vedtak nr. 532, 8. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utarbeide et lovforslag som tydeliggjør at det er ulovlig uten samtykke å dele eller på annen måte offentliggjøre bilder av andre som har avslørende, nedverdigende eller krenkende karakter, og som eksplisitt forbyr hevnporno, samt vurdere behovet for endring i strafferammen for denne typen lovbrudd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:79 S (2017–2018) om ny straffeføresegn som tydeleggjer at det er ulovleg å dele eller offentliggjere bilete som er avslørande, nedverdigande eller krenkande for den eller dei som blir framstilte, og som aukar strafferamma for å spreie denne typen bilete utan samtykke, og Innst. 139 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 159 L (2020–2021) om endringar i straffelova m.m. (deling av krenkande bilete m.m.). I proposisjonen fremja regjeringa forslag om ei ny straffeføresegn retta mot deling av bilete, film eller lydopptak av krenkande eller openberre privat karakter. Det vart òg fremja forslag om å heve straffenivået for grove tilfelle av ulovlig bildedeling.

Alternativ til fengsling av barn

Vedtak nr. 539, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og legge fram forslag til flere alternativer til å fengsle barn i forbindelse med uttransportering etter utlendingsloven.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Departementet sende ei utgreiing og forslag til endringar i utlendingslova på høyring i desember 2019 med frist 3. april 2020. Her vart det bl.a. foreslått endra reglar knytte til meldeplikt og internering av barn. Departementet tek sikte på å fremme ein lovproposisjon i andre halvår 2021.

Einslege mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 540, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det snarest etableres reelle alternativer til frihetsberøvelse av enslige mindreårige asylsøkere, som ivaretar hensynet til barnets beste.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Departementet sende eit forslag på høyring i desember 2019 med frist 3. april 2020. Her vart det bl.a. foreslått endra reglar knytte til meldeplikt og internering av barn. Departementet tek sikte på å fremme ein lovproposisjon i andre halvår 2021.

Tvangsreturnering av barnefamiliar

Vedtak nr. 541, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede bruk av elektronisk kontroll (elektronisk fotlenke) som et alternativ til frihetsberøvelse som internering av barnefamilier som skal tvangsreturneres, slik at frihetsberøvelse av barnefamilier bare benyttes som en siste utvei når andre alternativer er utprøvd eller vurdert. Der myndighetene kommer til at frihetsberøvelse er nødvendig, etter å ha prøvd eller vurdert andre alternativer, skal frihetsberøvelsen skje på et eget barne- og familieinternat som er familie- og barnevennlig, og som ivaretar barnets behov. Det fremmes en sak for Stortinget snarest mulig.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet gjennomførte i 2018 ei utgreiing for departementet. Departementet sende eit forslag på høyring i desember 2019 med frist 3. april 2020. Her vart det bl.a. foreslått endra reglar knytte til meldeplikt og internering av barn. Det vart òg gjort greie for bruk av elektronisk kontroll (elektronisk fotlenke) utan at det vart foreslått gjennomført. Departementet tek sikte på å fremme ein lovproposisjon i andre halvår 2021.

Utvising og innreiseforbod – barn

Vedtak nr. 542, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme eventuelle forslag om endring av utlendingsloven som gjør det mulig for utlendingsforvaltningen å supplere bruk av utvisning og innreiseforbud med et bredere sett av reaksjonsformer når særlige forhold tilsier det, som hensynet til barns beste.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:42 S (2017–2018), om andre reaksjonsformer enn utvising og innreiseforbod ved brot på utlendingslova og Innst. 140 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp gjennom forslag i Prop. 83 L (2020–2021). Lovforslaget om bl.a. tilleggstid for permanent opphaldsløyve som eit nytt tiltak knytt til utvising etter brot på utlendingslova, vart vedteke 27. april 2021.

Valdsoffererstatning

Vedtak nr. 589, 10. april 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med oppfølgingen av NOU 2016: 9 komme tilbake til Stortinget med en vurdering av behovet for å endre regelverket slik at voldsoffererstatningsordningen omfatter voldsofre fra eldre saker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S (2017–2018), og Innst. 160 S (2017–2018) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Sjå samla svar under vedtak nr. 590, 10. april 2018.

Valdsoffererstatning

Vedtak nr. 590, 10. april 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med oppfølgingen av NOU 2016: 9 sikre at voldsoffererstatningsordningen omfatter voldsofre fra eldre saker og gjenopptakelsessaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S (2017–2018), og Innst. 160 S (2017–2018) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa fremma i 26. mars 2021 Prop. 113 L (2020–2021) Endringer i voldsoffererstatningsloven (den øvre grensen). I proposisjonen blir det foreslått at den øvre grensa for valdsoffererstatning skal gjelde per person i staden for per sak for alle førstegongssøknader som blir fremma etter at endringa tek til å gjelde. Vidare skal lova få verknad for allereie avgjorde saker der søkarane ved dom er tilkjende høgare erstatning frå skadevaldaren, men erstatninga har blitt avkorta som følgje av den øvre grensa.

Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70.

Utanlandsopphald

Vedtak nr. 788, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå tydeliggjøring av hjemler i straffeloven som holder foreldre ansvarlige dersom barn sendes på utenlandsopphold mot sin vilje.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.

Vedtaket er under behandling. I juni 2021 la regjeringa fram handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024). Eit av tiltaka i handlingsplanen er å setje ned eit eksternt juridisk utval som skal drøfte dei samla juridiske problemstillingane i saker om negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og psykisk vald, og vurdere om lovgjevinga er god nok. Eit av spørsmåla utvalet skal sjå nærare på, er korleis ein kan klargjera grensene for straffansvaret i tilfelle der foreldre sender barn på utanlandsopphald mot si vilje.

Eige lovverk for Statens barnehus

Vedtak nr. 795, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et eget lovverk for Statens barnehus som sikrer ivaretakelse av hele mandatet til Statens barnehus.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Arbeidet med å gjere Statens barnehus så godt som mogleg følgjer opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og dei tiltaka som er knytte til denne. Dette gjeld både arbeidet med å vurdere behovet for eit eige lovverk for å vareta mandatet, og det gjeld anna regelverksarbeid. Politidirektoratet har engasjert NOVA/OsloMet til å gjere ei evaluering av ordninga med barnehusa. Evalueringa vart sett i gang hausten 2019, og vil vere klar i løpet av hausten 2021. Når denne evalueringa er ferdig vil departementet sette i gang med å vurdere eit eige lovverk knytt til barnehusa.

Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep

Vedtak nr. 798, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede, for så å fremme et lovforslag, for å revidere og samordne regelverket knyttet til taushetsplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett, herunder reglene om samarbeid mellom ulike tjenester og etater, samt reglene om samtykke, slik at flere saker som gjelder vold og overgrep, vil kunne avdekkes og følges opp på en god måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Eit høyringsforslag frå september 2020 om endringar i forvaltningslova m.m., som gjekk ut på å innføre nye og større grunnlag for deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt, vart følgd opp i Prop. 166 L (2020–2021) om endringar i forvaltningslova m.m. og endringslov 18 juni 2021 nr. 127. Ny § 13 g i forvaltningslova gjev heimel til å gje forskrift om at teieplikt etter forvaltningslova § 13 ikkje skal vere til hinder for at bestemte organ kan dele opplysningar for å utføre oppgåver som er lagde til avgjevar- eller mottakarorganet, og opnar dermed for å gje forskrifter om emna som er nemnde i vedtaket.

Vidare har ei utgreiing som i eit heilskapleg perspektiv tek for seg emna teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett innanfor det offentlege, og som utgjer eit utkast til ein praktisk oppbygd og autoritativ rettleiar til bruk på tvers av ulike sektorar, vore på høyring. Høyringa blir følgd opp, og den endelege rettleiaren skal liggje føre hausten 2021. Det skal her slåast tydeleg fast korleis regelverket om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett skal forståast og praktiserast, og ein heilt sentral faktor som låg til grunn for dette arbeidet, var arbeidet mot vald og andre overgrep som rammar barn og unge.

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

Vedtak nr. 899, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der erfaringene med vergemålsloven gjennomgås og foreslå nødvendige lovendringer som sikrer den enkelte vergetrengendes medbestemmelse og rettssikkerhet.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 377 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Arbeidet med meldinga pågår, sjå omtalen av oppmodingsvedtak nr. 894 i Prop. 1 S (2021–2022) for Kulturdepartementet. Verjemål blir behandla i meldinga i samsvar med ordlyden i oppmodingsvedtaket.

Arbeidet med lovendringar er i gang. Stortinget har i tillegg bede om at regjeringa skal gjere ein heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga og fremje forslag til lovendringar som styrkar og forbetrar den, jf. vedtak nr. 848, 27. april 2021.

7.5 Stortingssesjon 2016–2017

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Vedtak nr. 523, 23. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som innebærer at for overtredelser av straffelovens korrupsjonsbestemmelser kan foretaket også straffes når handlingen er utført av noen som gjennom sine forbindelser med selskapet må assosieres med det. Det må vurderes straffefrihet for selskap som har gjort det de kan for å forebygge korrupsjon.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 191 L (2016–2017) frå justiskomiteen om utvida ansvar selskap har for korrupsjonshandlingar.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt ein fagperson i oppdrag å drøfte dei aktuelle spørsmåla og å komme med forslag til lovendringar. Rapporten vart overlevert i mai 2021, og den vil truleg bli send på høyring i løpet av 2021.

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

Vedtak nr. 630, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å utvide muligheten til å ilegge omvendt voldsalarm til blant annet til tilfeller ved brudd på besøksforbud.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen omopptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne pålegge elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er også vurdert visse andre justeringar i reglane for både besøksforbod og kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale under vedtak nr. 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017 og vedtak nr. 447, 18. desember 2020.

Besøksforbod

Vedtak nr. 631, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om å utvide muligheten til å ilegge besøksforbud utover ett år, og utrede muligheten for å ilegge besøksforbud med begrensninger til å bevege seg i et større geografisk område.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen omopptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne pålegge elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er også vurdert visse andre justeringar i reglane for besøksforbod. Sjå òg omtale under vedtak nr. 630, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017 og vedtak nr. 447, 18. desember 2020.

EOS-kontrollova

Vedtak nr. 879, 13. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen så snart som mulig komme med forslag til en endring i offentleglova § 5 tilsvarende § 16 fjerde ledd i forslag til EOS-kontrolloven.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 431 L (2016–2017) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om endringar i EOS-kontrollova.

Vedtaket er følgt opp i Prop. 158 L (2020–2021), der det mellom anna vart føreslege eit nytt tredje ledd i offentleglova § 5, utforma i samsvar med vedtaket. Proposisjonsforslaget vart vedteke som lov 18. juni 2021 nr. 124, og den delen av endringslova som gjeld dette vedtaket, tok til å gjelde straks. Offentleglova er såleis endra i tråd med vedtaket, slik at for saksdokument som er utarbeidde av eller til EOS-utvalet i saker som utvalet vurderer å leggje fram for Stortinget som ledd i den konstitusjonelle kontrollen, gjeld innsynsretten først når saka er motteken i Stortinget, eller når utvalet har varsla organet om at saka er ferdigbehandla.

Lovfesting av ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 938, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om lovfesting av ansvaret for enslige mindreårige asylsøkere, hvilken omsorg disse barna har krav på og hvilke krav som stilles til mottak med enslige mindreårige asylsøkere.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:100 S (2016–2017), om styrkt innsats mot at barn blir utnytta i menneskehandel, og Innst. 397 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp i Prop. 82 L (2020–2021). Lov- og forskriftsendringar om omsorgen for einslege mindreårige som bur i asylmottak, som følger opp vedtaket, trådde i kraft 1. juli 2021. Endringane lov- og forskriftsfestar ansvaret for einslege mindreårige som bur i asylmottak, krav til omsorgen og krav til asylmottak med einslege mindreårige.

Lagring av IP-data

Vedtak nr. 944, 15. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede om det rettslige handlingsrommet for generell lagring av IP-adresser og relevant trafikkdata bør utvides, som et nødvendig virkemiddel i kampen mot kriminalitet, herunder overgrep mot barn. Utredningen må inkludere hvordan hensynet til personvern og internasjonale forpliktelser kan ivaretas.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:126 S (2016–2017), om utvida lagringsplikt av IP-adresser for å verne barn mot overgrep og Innst. 407 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 167 L (2020–2021) om endringar i ekomlova (lagring av IP-adresser m.m.). I proposisjonen fremja regjeringa forslag om å påleggje ekomtilbydarer å lagre IP-adresser i tolv månadar, slik at politiet kan få tilgang til opplysningane ved etterforsking av kriminalitet som har strafferamme på fengsel i tre år eller meir, eller som blir ramma av bestemte straffebod.

Omvend valdsalarm

Vedtak nr. 1043, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede om omvendt voldsalarm bør kunne benyttes som et straffeprosessuelt virkemiddel, og rammene for slik bruk og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med eventuelle forslag om dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:108 S (2016–2017), å styrke oppfølginga i reetableringsfasen for personar som er utsette for vald i nære relasjonar, og Innst. 475 S (2016–2017).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne pålegge elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er også vurdert visse justeringar i reglane for elektronisk kontroll knytta til kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017 og dessutan vedtak nr. 447, 18. desember 2020.

7.6 Stortingssesjon 2015–2016

Tilsyn med drift av asylmottak

Vedtak nr. 921, 16. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen etablere en uavhengig tilsynsordning for asylmottaksdrift.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 30 (2015–2016) og Innst. 399 S (2015–2016).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sitt syn er at einslige mindreårige som bur i asylmottak er ein særskild sårbar gruppe, og at ressursinnsatsen til ein statlig tilsynsordning med asylmottsdrift bør rettast inn mot oppfølginga av denne gruppa. Departementet foreslår derfor ei tilsynsordning med omsorgen for einslege mindreårige som bur i asylmottak, mens oppfølginga av andre delar av asylmottaksdrifta er varetatt gjennom eksisterande tilsynsordningar med asylmottaksdriften og Utlendingsdirektoratets kontraktsoppfølging.

Justis- og beredskapsdepartementet har hatt på høyring eit forslag til endringar i utlendingslova og ei ny forskrift om etablering av eit statleg tilsyn med omsorgen for einslege mindreårige som bur i asylmottak. Forslaget inneber ei lovfesting av at statsforvaltaren skal være tilsynsmyndigheit og føre tilsyn med omsorgen for einslege mindreårige som bur i asylmottak, og at Statens helsetilsyn skal ha det overordna ansvaret for tilsynet. Departementet tek sikte på at ordninga skal etablerast 1. juli 2022.

7.7 Stortingssesjon 2014–2015

Kompensasjonsordning for 110-sentralar

Vedtak nr. 645, 10. juni 2015

«Stortinget ber regjeringen utforme en kompensasjonsordning for 110-sentraler som blir nedlagt med ny struktur, og komme tilbake til Stortinget med forslag til en slik ordning på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 61 LS (2014–2015) og Innst. 306 S (2014–2015).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa har besluttet å gi kompensasjon til kommunar kor 110-sentralen blir avvikla som følgje av samloklisering med politiets operasjonssentralar.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet og Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) lagt til grunn at fem kommunar kvalifiserer for å motta kompensasjon gjennom Kommunal- og moderniseringsdepartementets skjønnsmidler. Dette er kommunar som har etablert nye bygg etter 2009, som de har flyttet frå, eller planlegger å flytte frå som en del av samlokaliseringa med politiet. Skien kommune og Bodø kommune har gjennomført samlokalisering, og vil få utbetalt skjønnsmidler i 2021. For Arendal, Tromsø og Trondheim tas det, med forbehald om budsjettmessig dekning, sikte på å utbetale kompensasjonen når samlokaliseringa er gjennomført.

7.8 Stortingssesjon 2012–2013

Sivilombodet

Vedtak nr. 515, 6. juni 2013

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovforslag for å styrke Sivilombudsmannens rolle overfor forvaltningen ved å tillate at Sivilombudsmannen opptrer som hjelpeintervenient ved søksmål.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:122 S (2012–2013) og Innst. 379 S (2012–2013).

Justis- og beredskapsdepartementet sende 7. oktober 2020 på høyring eit forslag om å opne for at Sivilombodsmannen (no Sivilombodet) kan opptre som partshjelpar etter tvistelova § 15-7 første ledd. I høyringa var det om lag like mange høyringsinstansar som høvesvis støtta og gjekk imot forslaget. Regjeringa foreslår at vedtaket blir oppheva, jf. forslag til vedtak.

Sivilombodet skal vere eit nøytralt og uavhengig kontrollorgan, og er «Stortinget sin tillitsmann». Sjølv om det kan vere praktisk for ein part og det kan bidra til god opplysing av saka at Sivilombodet trer inn som partshjelpar når saka skal behandlast for domstolane, er det tungtvegande prinsipielle motførestillingar mot at ein skal søke å styrke Sivilombodet si stilling ved å gi ombodet ei partsliknande rolle i tvistar som er tekne til behandling i domstolane. Det vil vere ei spenning mellom rolla som partshjelpar for domstolane på den eine sida og utgangspunktet om at ombodet ikkje behandlar avgjerder som står for domstolane på den andre sida.

Sjå nærmare omtale under programkategori 06.10.

Til forsiden