Ot.prp. nr. 28 (1996-97)

Om endring i lov av 16. juni 1989 nr 59 om lostjenesten m.v.

Til innholdsfortegnelse

4 Merknader til § 18 nytt andre ledd

Etter at Riksrevisjonen og Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomite tok opp denne saka, er det gjennomført endringar i reglane, meldingssystem, rutiner m.m.

Den 1. mai 1995 blei nye reglar for losplikt i norske farvatn sette i verk. Den nye ordninga for losplikt, farleibevis og losgebyr knyter plikta til å betale gebyr opp mot plikta til å nytte los eller å ha farleibevis. Denne samordninga mellom losplikt og betalingsplikt er m.a. sett i verk for å gjere det vanskelegare å dra seg unna plikta til å betale losgebyr. Ordninga inneber at alle fartøy som i utgangspunktet er lospliktige eller faktisk nyttar los og som dermed skal betale losgebyr, plikter å melde seg ved innsegling til eller utsegling frå gebyrpliktig farvatn for enten å ta los ombord eller for å melde frå om sitt farleibevis. Fartøy som er lospliktige, men som lar vere å melde seg og/eller ta los ombord kan straffast med bøter, jf. loslova § 22 om straffeansvar. Lovføresegna gjeld ikkje manglande betaling.

Samtidig med at dei nye reglane om losplikt blei innførte, blei Kystverket sitt nye system for losformidling teke i bruk. Systemet for losformidling er ein sentral reiskap for Kystverket si kontrollverksemd, og er ein database der relevante opplysningar for losplikt, farleibevis og reglar om losgebyr blir lagra. Ein arbeider også med å utvikle eit samordna meldings- og informasjonssystem.

Sjølv om det blir etablert omfattande tiltak for kontroll og rutiner vil det truleg alltid vere nokre fartøy som likevel greier å dra seg unna dei krava som er stilte i reglane. Det er viktig at systemet med losplikt og losgebyr i norske farvatn blir oppfatta som truverdig, og at ein har heimel til å setje i verk naudsynte tiltak.

Fiskeridepartementet har vurdert ulike tiltak på regelverkssida, og vil foreslå at loslova blir endra, slik at det blir etablert ein heimel som gir departementet høve til å nytte økonomiske sanksjonar av typen tilleggsgebyr som rettslege verkemiddel mot brot på reglane. Departementet har m.a. teke omsyn til at Straffelovkommisjonen har uttalt seg positiv til utvida bruk av tilleggsgebyr framfor straff som reaksjon på denne type brot på føresegnene, jf. NOU 1983:57 om «Straffelovgivningen under omforming» side 226.

Eit administrativt fastsett tilleggsgebyr vil vere effektivt samtidig som det har ein preventiv verdi som vil medverke til at reglane blir følgde. Det finst fleire eksempel i lovgivninga på bruk av denne type rettslege verkemiddel. På ulike vilkår har både samferdsellova, jernbanelova og vegtrafikklova reglar om tilleggsgebyr/-avgifter.

Fiskeridepartementet legg til grunn at det nye systemet for losplikt og losformidling saman med føresegner om tilleggsgebyr vil kunne medverke til å løyse dei problem Riksrevisjonen og Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomite tidlegare har peika på i sine merknader til statsrekneskapen.

Ein foreslår at det i loslova § 18 som nytt andre ledd vert etablert ein lovheimel for Fiskeridepartementet til å gje føresegner om tilleggsgebyr.

Det er viktig at dei reglane som blir fastsette i føresegner om tilleggsgebyr, gjer at Kystverket på ein enkel og rask måte kan møte dei som dreg seg unna plikta til å betale losgebyr med eit rettsleg verkemiddel. Det er og viktig at ein utarbeider reglane om tilleggsgebyr slik at dei ikkje fører til vesentleg nye oppgåver som krev store ressursar for styresmaktene som skal føre kontroll.

Eit administrativt fastsett tilleggsgebyr er eit vedtak som blir gjort av loskontora etter reglane i forvaltningslova. Det vil såleis mellom anna vere mogleg å klage på den avgjerda som loskontora tek. Ein skal sende klaga til Kystdistriktskontoret ved losoldermannen, og Kystdirektoratet er klageinstans.

Ein tek sikte på å fastsetje eit system der storleiken på gebyret er avhengig av fleire faktorar. Det beløpet fartøyet skulle betalt dersom reglane om losgebyr blei følgt, vil vere grunnlaget for å berekne storleiken på tilleggsgebyret. I tillegg kjem eit standard påslag på ein bestemt prosent som skal gi gebyret eit preventivt innhald. Påslaget kan til dømes vere på 25 %. Formålet med lovheimelen og omsynet til ein sakleg og rimeleg regel vil vere viktige moment ein må ta omsyn til når ein skal fastsetje storleiken for påslaget.

Tilleggsgebyr kan ein påleggje den som er pliktig til å betale losgebyr etter dei reglar som gjeld for å krevje inn losgebyr. Det vil seie føraren av skipet eller annan representant for fartøyet, jf. føresegn av 25. april 1995 nr. 388 «om innkreving m.v. av losgebyrer og alminnelig kystgebyr til Kystverket».

Loskontora i Kystverket utfører kontroll med reglane om losplikt i norske farvatn. Utvida kontroll med at plikta til å betale losgebyr blir følgd vil påføre Kystverket ekstra kostnader. For å unngå at ytterlegare kostnader blir velta over på dei brukarane av lostenesta som følgjer reglane, gjer Fiskeridepartementet framlegg om at tilleggsgebyr som blir kravde inn skal vere inntekt for Kystverket. Inntekta frå tilleggsgebyret skal dekkje ekstrakostnader Kystverket har med å føre kontroll med trafikk som har plikt til å betale losgebyr. Tilleggsgebyr som Kystverket krev inn skal ein postere som inntekt i lostenesta, jf. statsbudsjettet kap. 4066, post 01.