Ot.prp. nr. 35 (1997-98)

Endringar i skattelovgjevinga

Til innholdsfortegnelse

9 Oppretting av lovtekst

9.1 Endring i lov av 29. november 1996 nr 68 om skatt til Svalbard

I lov av 29. november 1996 nr 68 om skatt til Svalbard § 2-2 andre ledd er Kongen gitt heimel til å fastsetje forskrift om at skatteplikta til Svalbard skal bestå ved mellombels opphald utanfor Svalbard. I dei andre forskriftsheimlene i lova er kompetansen til å gi slike reglar av rein teknisk karakter, delegert til departementet. Denne skilnaden er ikkje tilsikta. Formelt sett kunne ein løyse dette ved at Kongen delegerer kompetansen til departementet. Departementet ser det likevel som føremålstenleg og ryddig at også denne departementskompetansen til å gi forskrift går direkte fram av lova. Departementet finn derfor at § 2-2 andre ledd bør bli endra, slik at kompetansen til å gi forskrift blir lagt til departementet.

Departementet syner til vedlagde framlegg om endring i lov av 29. november 1996 nr 68 § 2-2 andre ledd. Ein gjer framlegg om at endringa trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 1998.

9.2 Endring i skattelova § 15 fjerde ledd

Skattelova § 15 fekk ved lov 29. november 1996 eit nytt tredje ledd som regulerte skatteplikta mellom fastlandet og Svalbard. Ved lov av 13. desember 1996 blei denne lovendringa oppheva ved eit nytt tredje ledd i § 15 i samband med dei nye reglane om skatt på honorar til utanlandske artistar. Det var ved den sist nemnde endringa ikkje sikta til å gjere nokon endring i reglane om skatteplikta mellom fastlandet og Svalbard. For å rette opp dette fekk skattelova eit nytt fjerde ledd ved lov av 19. juni 1997 nr 67. Endringa skulle regulere skatteplikta mellom fastlandet og Svalbard på same måte som ved lovendringa av 29. november 1996. Ved ein inkurie blei lovteksten sitert feil i det framlagde forslaget. Departementet gjer framlegg om at denne feilen blir retta opp og syner til forslag til endring i skattelova § 15 fjerde ledd. Ein gjer framlegg om at endringa trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 1998.

Til forsiden