Ot.prp. nr. 35 (1997-98)

Endringar i skattelovgjevinga

Til innholdsfortegnelse

7 Oppretting av lovtekst - skattelova § 19 A-5 nr 1

Etter skattelova § 19 A-5 nr 1 andre punktum skal reglane i selskapsskattelova § 9-3 nyttast så langt dei høver. Skattelova § 19 A-5 gir overgangsreglar ved skifte frå bruttolikning til nettolikning for kraftselskap som omfattast av selskapsskattelova kapittel 6. Skattelova § 19 A-5 nr 1 regulerer kva selskapa sine skattemessige verdiar på eignelutar skal settast til ved overgang til nettolikning.

Ved lovendring av 20. desember 1996 blei reglar om fusjon og fisjon av selskap innteke i eit nytt kapittel 8 i selskapsskattelova. Tidlegare kapittel 9 blei såleis nytt kapittel 10, og § 9-3 blei § 10-3.

Departementet gjer no framlegg om retting i lovteksten slik at skattelova § 19 A-5 nr 1 andre punktum viser til selskapsskattelova § 10-3 i staden for § 9-3 Endringa bør setjast i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 1997.

Til forsiden