Ot.prp. nr. 35 (1997-98)

Endringar i skattelovgjevinga

Til innholdsfortegnelse

4 Endringar i lov om enhetsregisteret

4.1 Innleiing og samandrag

Einingsregisteret vart oppretta ved lov av 3. juni 1994 nr 15 og sett i drift frå 1. mars 1995. Føremålet med registeret er å fremje effektiv utnytting og samordning av opplysningar som hentast inn av statlege verksemder frå juridiske personar (til dømes selskap), einskildmannføretak, einingar innan offentleg sektor og andre einingar som skal registrerast. Einingsregisteret skal også bidra til å styrke myndigheitene sitt arbeid for å få bukt med økonomisk kriminalitet.

I forhold til dei næringsdrivande er det eit mål med Einingsregisteret å bidra til å redusere dei totale rapporteringsplikter som m.a. statlege myndigheiter pålegg dei næringsdrivande.

Ein viktig føresetnad i arbeidet for å nå målet om ei effektiv utnytting og samordning av opplysningar som statlege verksemder innhentar og registrerer i eigne register, er at registreringseiningane i dei ulike register blir identifisert på ein måte som er unik og felles for registra.

Ein slik unik identifikator for juridiske personer, einskildmannføretak og andre registreringseiningar er organisasjonsnummeret som blir tildelt ved registrering i Einingsregisteret.

I kva grad ein skal få realisert dei positive effektar som Einingsregisteret legg grunnlaget for, vil avhenge av i kva grad organisasjonsnummeret blir nytta som unik identifikator i ulike statlege register.

Skatteetaten er i ferd med å utvikle nye elektroniske systemløysingar som m.a. skal bidra til å forenkle næringslivet si innrapportering av opplysningar til skatteetaten, effektivisere likningshandsaminga av dei næringsdrivande og styrke skatteetaten sin kontroll med oppgåver frå dei næringsdrivande. Ein viktig føresetnad i dette utviklingsarbeidet er at dei næringsdrivande skattytarane blir identifisert på ein unik og eintydig måte som er felles for heile landet. Ei slik eintydig identifisering av dei næringsdrivande skattytarane kan gjennomførast ved at dei blir registrerte og tildelte organisasjonsnummer i Einingsregisteret.

Skattedirektoratet sitt register over etterskotspliktige skattytarar består i hovudsak av næringsdrivande juridiske personer (av ca 120.000 registrerte skattytarar i dette registeret er ca 105.000 aksjeselskap). Departementet foreslår derfor at dette registeret blir definert som eit tilknytt register i høve til Einingsregisteret.

Vidare foreslår departementet forenklingar i dokumentasjonskrava ved registrering i Einingsregisteret av selskap heimehøyrande i utlandet som er etterskotspliktige skattytarar til Noreg eller som av andre årsaker er registreringspliktige i Einingsregisteret (t.d. som arbeidsgjevar). Det visast til departementet sitt framlegg til endring i einingsregisterlova § 8.

4.2 Gjeldande rett

Tilknytte register

Etter gjeldande rett definerer einingsregisterlova fem tilknytte register. Dette er arbeidsgjevardelen i Arbeidsgjevar-/arbeidstakarregisteret, Føretaksregisteret, Meirverdiavgiftsmanntalet, Fylkesmennene sine register over stiftingar og Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretakregister.

I desse fem registra pliktar ein å nytte organisasjonsnummeret som Einingsregisteret tildeler den einskilde registreringseininga, som identifikator. Vidare pliktar dei å bruke andre opplysningar frå Einingsregisteret i eigne register.

Dokumentasjonskrav ved tildeling av organisasjonsnummer

Det følgjer av dokumentasjonskrava for tildeling av organisasjonsnummer i einingsregisterlova at registreringseininga m.a. må legge fram dokumentasjon som viser at den er stifta/oppretta. Registerfører for Einingsregisteret kan krevje at stiftingdokument som er på anna språk enn norsk blir omsett til norsk av translatør godkjent av norske myndigheiter.

4.3 Departementet sine vurderingar og framlegg

Skatteetaten er inne i ein større omstillingsprosess der måla er å effektivisere verksemda og heve kvaliteten på oppgåveløysinga. I samband med dette har ein m.a. sett i verk utvikling av nye IT-løysingar som skal bidra til at ein kan nå desse måla og forenkle dei næringsdrivande si innrapportering av opplysningar til skatteetaten.

I dag har ikkje skatteetaten nokon eins identifikasjon av etterskotspliktige skattytarar. Det blir nytta eit løpenummer som er ulikt frå kommune til kommune. Dette medfører at likningssystemet ikkje knyter saman likningsdata frå ulike kommunar for ein og samme etterskotspliktige skattytar.

Bruk av organisasjonsnummer som unik identifikator på dei etterskotspliktige vil gjere det mogleg å automatisere fleire prosesser som elles ville krevje manuell handsaming. Dømer på dette er m.a. fordeling av underskot siste år, fordeling av framførbart underskot og godtgjersle til framføring mellom kommunene. I tillegg vil det bli mogleg å etablere eit system med felles avrekning for etterskotspliktige som er skattepliktige til fleire kommunar.

Etter departementet si meining, og som det går fram av det som er nemnt ovanfor, vil det vere klare fordeler ved at skatteetaten sine register over etterskotspliktige skattytarar blir definert som eit tilknytt register. Det vil m.a. vere fordelar i samband med sikker identifikasjon av skattytar ved mottak av oppgåver, forenkling ved likningshandsaminga av skattytarar med verksemd i fleire kommunar og betra moglegheiter for kontroll av oppgåvene ved bruk av ein sentralisert, felles identifikasjonsnøkkel.

Vidare vil bruk av organisasjonsnummer i skatteetaten sine register over etterskotspliktige skattytarar vere ei viktig brikke i samband med utvikling av løysing for elektronisk innrapportering av opplysningar frå dei næringsdrivande til skatteetaten.

Dei fleste skattytarane som er registrerte i skatteetaten sine register over etterskotspliktige skattytarar er allereie registrerte og tildelte organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Av totalt ca 120.000 registrerte etterskotspliktige skattytarar (ca 105.000 av disse er aksjeselskap) som er i skatteetaten sine register over etterskotspliktige, står det att ca 3600 skattytarar som ikkje er registrert og tildelt organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Desse 3600 skattytarane er i all hovudsak næringsdrivande juridiske personer, samt einskilde skattytarar - både juridiske og fysiske personer - som er heimehøyrande i utlandet og som har skatteplikt til Noreg.

Omsynet til personvernet for dei nye registreringspliktige einingane frå registeret over etterskotspliktige skattytarar vil bli ivareteken på lik linje med dei einingane som allereie er registrert i Einingsregisteret. Fordi dei etterskotspliktige i all hovudsak er næringsdrivande juridiske personer eller fysiske personer med tilknyting til utøving av næringsverksemd, vil framlegget etter departementet si meining ikkje medføre at det blir registrert sensitive personopplysningar.

Departementet kan ikkje sjå nokon gode grunnar som taler for å gjere unntak for desse ca 3600 etterskotspliktige skattytarane frå registreringsplikt i Einingsregisteret. I denne samanheng kan det også nemnast at blant dei ca 3600 skattytarane finnast det ein del som allereie har registreringsplikt i Einingsregisteret, men som ikkje har halde denne. Framlegget til lovendring kan derfor også grunngjevast ut frå eit likebehandlingsprinsipp for dei næringsdrivande som allereie er registreringspliktige i Einingsregisteret.

Framlegget vil innebere ei viss utviding av talet på registreringspliktige einingar heimehøyrande i utlandet. Dette vil vere einingar som er etterskotspliktige skattytarar til Noreg og som ikkje har registreringsplikt etter gjeldande rett. I høyringsuttalane til Næringslivets Hovedorganisasjon og Skattebetalerforeningen peikar dei m.a. på det forhold at det kan bli relativt kostnadskrevjande for selskap heimehøyrande i utlandet som skal registrerast i Einingsregisteret, dersom gjeldande rett vert oppretthalde med krav om framvising av stiftingdokument som registerfører kan krevje omsett til norsk av translatør godkjent av norske myndigheiter. Det er kostnadene til translatør som Næringslivets Hovedorganisasjon og Skattebetalerforeningen fokuserer på i høyringsuttalane. Departementet meiner at ein kan unngå slike eventuelle kostnadskrevjande omsettingar av stiftingdokument, samtidig som ein opprettheld Einingsregisteret sin kontroll med at selskapet er stifta eller oppretta i fylgje heimlandet sine lover, ved å etablere ei meir fleksibel løysing på dette punktet enn den som føreligg etter gjeldande rett. Departementet foreslår at det vert opna for at registerfører kan bestemme at desse selskapa i staden for å legge fram stiftingdokument kan legge fram stadfesta utskrift frå offentleg registreringsmynde i heimlandet som viser at selskapet er lovleg stifta eller oppretta. Regelen om at registerfører kan krevje framlagt dokumenter omsett til norsk av translatør godkjent av norske myndigheiter foreslår ein å gi tilsvarande bruksmåte på ei slik utskrift. Etter departementet si meining bør det ikkje stillast krav til den offentlege registreringsmynde i utlandet som kan gi slik stadfesta utskrift ut over det at respektive myndigheit må ha vurdert stiftinga eller opprettinga av eininga og konkludert med at den er gyldig (dette kan t.d. vere eit offentleg bransje- eller bedriftsregister, skattemyndigheitene sitt register over skattepliktige). Departementet viser til framlegget til endring i einingsregisterlova § 8 (departementet har gjort ein regelteknisk gjennomgang av einingsregisterlova § 8. Materielt nytt i regelen er det som går fram av framlegget til andre ledd). Departementet gjer framlegg om at lovendringane trer i kraft 1. januar 1998.

Registrering av fysiske personer i Einingsregisteret

Næringslivets Hovedorganisasjon, Skattebetalerforeningen og Datatilsynet stilte i sine høyringsuttaler spørsmål ved den sida av framlegget som vil medføre registrering av einskilde fysiske personer i Einingsregisteret. Datatilsynet føreset at Einingsregisteret berre inneheldt juridiske personer. Til dette vil departementet seie at Einingsregisteret etter gjeldande rett m.a. inneheld eit stort tal einskildmannføretak (t.d. innanfor primærnæringa) og einskilde fysiske personar som er registrert som arbeidsgjevarar uten å drive næringsverksemd. Av det totale talet på registrerte etterskotspliktige skattytarar, utgjer fysiske personer en svært liten del (dei som vert omfatta er m.a. styremedlemmar heimehøyrande i utlandet som tek i mot godtgjersle frå selskap heimehøyrande i Noreg).

Framlegg til overgangsreglar

For å forenkle gjennomføringa av lovendringa for dei skattytarane i skatteetaten sine register over etterskotspliktige skattytarar som når endringsloven trer i kraft ikkje er registrert og tildelt organisasjonsnummer i Einingsregisteret, vert det føreslege ein overgangsregel som gir heimel for maskinell overføring av opplysningar frå skatteetaten sitt etterskotsregister til Einingsregisteret. Dei skattytarane som blir registrert i Einingsregisteret på grunnlag av slik maskinell overføring av opplysningar, skal etter framlegget motta varsling frå anten skatteetaten eller Einingsregisteret om overføringa.

Til forsiden