Ot.prp. nr. 35 (1997-98)

Endringar i skattelovgjevinga

Til innholdsfortegnelse

8 Endringar i reglane om skattlegging av kraftselskap

8.1 Innleiing

Ved lov av 28. juni 1996 nr 41, i samband med innføringa av dei nye reglane om skattlegging av kraftselskap, blei det teke inn reglar om verdsetjing av formue i kraftanlegg i skattelova § 37 bokstaven a tredje og fjerde leddet. Reglane skal nyttast ved verdsetjing både til liknings- og eigedomsskatteformål. Reglane blei gitt verknad frå 1. januar 1997. For ei nærare framstilling av bakgrunnen for reglane viser departementet til Ot prp nr 23 (1995-96) kapittel 11 og s 102 og Innst O nr 62 (1995-96) s 60-62.

Verdsetjinga skal skje mellom anna på grunnlag av eit fem-årig rullerande gjennomsnitt av kraftverket sine brutto salsinntekter slik dei er fastsette etter reglane i skattelova § 19 A-4 nr 2. Det inneber at produksjonen i utgangspunktet skal verdsetjast til prisen på spotmarknaden. For konsesjonskraft og visse langsiktige kontraktar skal produksjonen verdsetjast til oppnådd pris, mens såkalla interne leveransar skal verdsetjast til prisen på kraft levert etter Statkraft sine 1976-kontraktar, jf skattelova § 19 A-4 nr 2 første leddet bokstavane a-c.

Eit fem-årig gjennomsnitt fastsatt etter reglane i skattelova § 19 A-4 nr 2 vil ein først ha ved likninga for inntektsåret 2001. Fastsetjinga av brutto salsinntekter for inntektsåra 1997-2000 er regulert i overgangsregelen til skattelova § 37 bokstaven a tredje og fjerde leddet. Etter overgangsregelen nr 1 skal ein for inntektsåret 1997 fastsetje brutto salsinntekter som gjennomsnittet av brutto salsinntekter etter skattelova § 19 A-4 nr 2 for 1997 og ei berekna salsinntekt for 1995 og 1996 basert på inntektene som blei nytta ved fastsetjinga av inntekts- og formuesskatten ved prosentlikninga. For inntektsåret 1998 skal brutto salsinntekter fastsetjast som gjennomsnittet av brutto salsinntekter etter skattelova § 19 A-4 nr 2 for 1997 og 1998 og ei berekna salsinntekt for 1996, jf overgangsregelen nr 2. For inntektsåret 1999 skal brutto salsinntekter fastsetjast som gjennomsnittet av brutto salsinntekter etter skattelova § 19 A-4 nr 2 for 1997, 1998 og 1999, mens dei for inntektsåret 2000 skal setjast til gjennomsnittet av brutto salsinntekter etter skattelova § 19 A-4 nr 2 for 1997, 1998, 1999 og 2000, jf overgangsregelen nr 3 og nr 4.

Departementet gjer med dette framlegg om at overgangsregelen ikkje skal gjelde for kraftverk som har vore rekneskapslikna før 1. januar 1997. Ein gjer og framlegg om at unntaka i skattelova § 19 A-4 nr 2 første leddet bokstavane a-c skal få verknad for fastsetjinga av den berekna salsinntekta etter overgangsregelen nr 1 bokstavane b og c samt nr 2 bokstaven c. Vidare er enkelte framlegg til opprettingar med i dette kapitlet i proposisjonen.

8.2 Fastsetjing av brutto salsinntekter etter overgangsregelen til skattelova § 37 bokstaven a tredje og fjerde leddet for inntektsåra 1997 og 1998 for kraftverk som har vore prosentlikna før 1. januar 1997

8.2.1 Fastsetjing av brutto salsinntekter etter overgangsregelen nr 1 bokstavane b og c og nr 2 bokstaven c

Dei vedtekne overgangsreglane til skattelova § 37 bokstaven a tredje og fjerde leddet gjeld etter sin ordlyd alle kraftverk, også dei som har vore rekneskapslikna før 1. januar 1997. For inntektsåra 1997 og 1998 er overgangsordninga delvis grunna på sjablonmessig fastsette brutto salsinntekter, jf overgangsregelen nr 1 bokstavane b og c og nr 2 bokstaven c. Om prinsippa for fastsetjing av denne inntekta står det i Ot prp nr 23 (1995-96) på s 102:

«Departementet foreslår derfor en overgangsordning basert på skjønnsmessige anslag på norminntekten for 1994 og 1995. For inntektsåret 1994 er det allerede fastsatt en normert kraftpris til bruk i prosentligningen. Den normerte tariffen er fastsatt som en effektpris og en energipris, med særskilte sommer- og vinterpriser. Tilsvarende priser må i løpet av første halvdel av 1996 fastsettes for inntektsåret 1995. Departementet foreslår at disse prisene for 1994 og 1995 multipliseres med anslått salgbar effekt og midlere vinter- og sommerproduksjon som er brukt i prosentligningen for disse årene. Dette vil gi en sjabloninntekt for 1994 og 1995. Dette vil være de samme inntektene som inngår ved fastsettelse av inntekts- og formuesskatten etter gjeldende regler for prosentligning.»

Omtalen i Ot prp nr 23 (1995-96) var basert på at dei nye skattereglane blei satt i kraft fom inntektsåret 1996. Stortinget vedtok i staden å setje reglane i kraft fom inntektsåret 1997.

Etter overgangsregelen nr 1 bokstavane b og c og nr 2 bokstaven c skal den sjablonmessig fastsette inntekta utreknast på grunnlag av kraftverket sin midlare produksjon i det aktuelle inntektsåret. Med midlare kraftproduksjon er meint den gjennomsnittlege totale årsproduksjonen (tilfeldig- og fast kraft) som kan haldast oppe frå eit kraftanlegg gjennom ein lang periode.

Ved prosentlikninga har ein taksert kraftverket sine brutto salsinntekter med utgangspunkt i kraftverket sin totale produksjon i takseringsåret. Denne totale produksjonen har to komponentar - fast og tilfeldig kraft. Om produksjonen vert rekna som fast eller tilfeldig avgjer kva slags pris som skal leggjast til grunn ved utrekninga av brutto salsinntekter, jf Riksskattestyret sitt rundskriv nr 400/Avd I av 21. juni 1965 Bilag 2 «Retningslinjer for verdsettelse av formue i elektrisitetsverker»..

Intensjonen i overgangsregelen var å bruke den mengda produsert kraft som allereie har blitt fastsett ved likninga. Ved likninga har ein nytta ei inndeling i fast og tilfeldig kraft (total produksjon), medan ein i overgangsregelen har nytta omgrepet midlare produksjon. Det kan vere uklårt om midlare produksjon er fullt ut i samsvar med dei omgrepa (fast og tilfeldig kraft) som har vore nytta ved likninga, jf Riksskattestyret sitt rundskriv. Etter departementet si vurdering bør ein som grunnlag for fastsetjinga av den sjablonmessige inntekta nytta den totale produksjonen, slik den er fastsett ved likninga for inntektsåra 1995 og 1996.

Då produksjon av fastkraft og tilfeldig kraft er avgjerande for kva slags pris som blir sett på krafta for likningsføremål, meiner departementet at det og bør takast omsyn til denne sondringa i overgangsregelen ved at produksjonen av tilfeldig og fast kraft vert verdsett kvar for seg.

For fast kraft kan ein ta utgangspunkt i den såkalla «normprisen» som er fastsatt av Finansdepartementet til bruk ved likninga, likevel slik at det blir teke omsyn til prisane på kraft som er omfatta av reglane i skattelova § 19 A-4 nr 2 bokstavane a-c, jf punkt 8.2.2 nedanfor.

For tilfeldig kraft er det ikkje utarbeidd nokon «normpris» til bruk ved likninga slik det er for fast kraft. Tilfeldig kraft vert verdsett etter eit konkret skjøn, og departementet gjer framlegg om at ein for tilfeldig kraft nyttar den prisen som er lagt til grunn ved likninga for det aktuelle inntektsåret.

Departementet gjer såleis framlegg om at ein i overgangsregelen nr 1 bokstavane b og c og nr 2 bokstaven c knyttar fastsetjinga av kraftanlegget si inntekt til kraftverket sin produksjon av fast og tilfeldig kraft slik dette er lagt til grunn ved likninga for inntektsåra 1995 og 1996.

8.2.2 Verdsetjing av kraft som er omfatta av skattelova § 19 A-4 nr 2 første leddet bokstavane a-c

8.2.2.1 Bakgrunn

Stortinget har vedteke at konsesjonskraft, einskilde langsiktige kontraktar, samt interne leveransar ikkje skal verdsetjast til prisen på spotmarknaden ved formuesverdsettinga, jf skattelova § 19 A-4 nr 2 første leddet bokstavane a-c. Dette går derimot ikkje fram av overgangsregelen for fastsetjing av dei normerte brutto salsinntektene for inntektsåra 1995 og 1996. Det kan reisast spørsmål om dette er i samsvar med Stortinget sin intensjon.

8.2.2.2 Departementet sine vurderinger

Departementet viser til Ot prp nr 23 (1995-96) s 203, der den felles overgangsregelen for skatt på vannkraftinntekt og formuesverdsettinga det blei gjort framlegg om, innebar at konsesjonskraft skulle verdsetjast til faktisk oppnådde prisar, jf utkastet til overgangsregel til skattelova § 19 A-2 nr 3 nr 6. Det er lite truleg at det har vore Stortinget si meining å endre det reelle innhaldet i overgangsregelen på dette punktet.

Under handsaminga i Stortinget blei det i tillegg vedteke at einskilde langsiktige kontraktar og leieavtalar skal verdsetjast til oppnådde prisar også med verknad for eigedomsskatten. Ut i frå dette er det etter departementet si vurdering truleg at Stortinget meinte at dette prinsippet også skulle gjelde for overgangsregelen.

Departementet gjer derfor framlegg om å utfylle overgangsregelen for prosentlikna kraftverk slik at konsesjonskraft, einskilde langsiktige kontraktar og leieavtaler verdsett til oppnådde prisar også for inntektsåra 1995 og 1996 medan interne leveransar vert verdsett til prisen på Statkrafts 1976-kontrakter. Det er her naudsynt å nytte ein sjablonmessig metode.

Departementet foreslår at kraftverket sin produksjon av fast kraft fordelt på sommar- og vinterkraft, slik denne er fastsett ved likninga for 1995 og 1996, dannar utgangspunktet for utrekninga. Det blir foreslått at det blir gjeve frådrag i denne produksjonen for konsesjonskraft, kontraktar og leieavtaler som er inngått før 1. januar 1996 med ein kontraktsperiode på 7 år eller meir og eventuelle aktuelle interne leveransar, jf. skatteloven § 19 A-4 nr 2 første leddet bokstavane a, b og c.

Konsesjonskrafta er normalt knytta til eit einskild kraftverk. Ein må derimot ha ein regel for korleis kraft skal tilordnast kvart einskild kraftverk for langsiktige kontraktar, leieavtaler og interne leveransar, samt for dei tilfella der konsesjonsvilkåra ikkje har fastlagd korleis konsesjonskrafta skal tilordnast dei einskilde kraftverka. Ein må også fordele frådraget i produksjonen av fast kraft på sommar- og vinterkraft og ta omsyn til verknaden på frådraget i salbar effekt.

Departementet gjer framlegg om at ein nyttar dei same prinsippa for tilordning av konsesjonskraft, langsiktige kontraktar og leieavtaler samt aktuelle interne leveransar til kraftverk i overgangsregelen som gjeld etter reglane i skattelova § 19 A-4 nr 2. Disse prinsippa vil bli fastsett av departementet i forskrift om skatt på grunnrenteinntekt til staten.

Departementet gjer framlegg om at ein fordeler frådraget i produksjonen av fast kraft for produksjon av konsesjonskraft, langsiktige kontraktar og leieavtaler samt eventuelle interne leveransar på sommar- og vinterkraft slik det er gjort ved likninga for det aktuelle inntektsåret. Det blir tilsvarande gjort framlegg om at ein nyttar den brukstida som er fastsett ved likninga for det aktuelle inntektsåret ved utrekninga av frådraget i salbar effekt.

For langsiktige kontraktar og leieavtalar samt interne leveransar som vil vere omfatta av skattelova § 19 A-4 første leddet bokstavane b og c der det ikkje har vore teke omsyn til dei faktiske prisane ved prosentlikninga, vil det ikkje vere foreteke ei fordeling på sommar- og vinterkraft eller fastsett ei årlig brukstid ved likninga. For desse tilfella vert det foreslått å fordele frådraget med 5/12 på sommar - og 7/12 på vinterkraft, og at ein nyttar ei brukstid på 8 000 timar i året for utrekninga av frådraget i salbar effekt.

Departementet gjer framlegg om at den konsesjonskrafta som blir tilordna kraftverket vert verdsett til faktisk oppnådde prisar.

For langsiktige kontraktar som er inngått før 1. januar 1996 med ein kontraktsperiode på 7 år eller meir, gjer departementet framlegg om at dei blir verdsett til gjennomsnittsprisen på alle dei kontraktane som skattytar kan verdsetje til faktisk kontraktspris. Ein skal nytta eit veid gjennomsnitt, der ein tek omsyn til det samla kraftvolumet i dei einskilde kontraktane.

For leieavtaler blir dei oppnådde leieinntektene (kontraktsprisen) nytta.

For interne leveransar gjer departementet framlegg om at ein nyttar prisen på Statkraft sine 1976-kontraktar.

Det blir vist til framlegg til overgangsregel ny nr 7.

Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde frå og med inntektsåret 1997.

8.3 Fastsetjing av brutto salsinntekter etter overgangsregelen til skattelova § 37 bokstav a tredje og fjerde leddet for inntektsåra 1997 og 1998 for kraftverk som har vore rekneskapslikna før 1. januar 1997

Departementet gjorde i Ot prp nr 23 (1995-96) s 102 særskilt framlegg om korleis ein for kraftverk som hadde vore rekneskapslikna før 1. januar 1997, skulle fastsetje brutto salsinntekter for inntektsåra 1997 og 1998. Brutto salsinntekter for 1997 skulle bli fastsette etter skattelova § 19 A-4 nr 2, jf overgangsregelen nr 1 bokstaven a. For 1998 skulle brutto salsinntekter bli fastsette til gjennomsnittet av brutto salsinntekter for 1997 og 1998, jf overgangsregelen nr 2 bokstavane a og b. Dette er metoden som skal nyttast for å fastsetje brutto salsinntekter for nye kraftverk, det vil seie som vert bygd etter 1. januar 1997, jf skattelova § 37 bokstav a fjerde leddet andre punktumet. Denne ordninga har likevel ikkje kome til uttrykk i den vedtekne overgangsregelen

Grunnen til dette framlegget er at kraftverk som har vore rekneskapslikna før 1. januar 1997 blei skattlagt på grunnlag av sine faktiske inntekter. For rekneskapslikna kraftverk er dermed fast og tilfeldig kraft og salbar effekt ikkje nytta for likningsformål tidlegare. Etter departementet si vurdering er det derfor ikkje grunnlag for å la reglane om utrekna inntekt gjelde også for kraftverk som har vore rekneskapslikna tidlegare.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at overgangsregelen til skatteloven § 37 bokstaven a tredje og fjerde leddet ikkje skal gjelde for kraftverk som har vore rekneskapslikna før 1. januar 1997. Framlegget er i samsvar med omtalen på s 102 i Ot prp nr 23 (1995-96), og gjer at same metoden som for nye kraftverk vert nytta i staden.

Ein viser til første leddet i utkastet og den nye innleiinga.

8.4 Oppretting av overgangsregelen til skattelova § 37 bokstav a tredje og fjerde leddet

8.4.1 Oppretting av nr 1 bokstav c og nr 2 bokstav c

For 1997 bestemmer overgangsregelen nr 1 bokstav b at den utrekna inntekta for 1996 skal fastsetjast slik:

«verkets midlere produksjon, fordelt på sommer- og vinterkraft og salgbar effekt nyttet ved formues- og inntektsligningen, multiplisert med Finansdepartementets prisanbefaling for lønnsomhetsberegning av kraftverk for formues- og inntektsskatt i inntektsåret 1996, oppjustert med konsumprisindeksen til 1997,»

I overgangsregelen nr 1 bokstav c og nr 2 bokstav c manglar formuleringa «og salgbar effekt nyttet ved formues- og inntektsligningen». Det kan sjå ut som om denne er falt ut under handsaminga i Stortinget.

Departementet viser til at den vedtekne regelen med eitt års forskyving bygde på eit fem-årig rullerande gjennomsnitt av brutto salsinntekter, jf Ot prp nr 23 (1995-96) s 102 og utkastet til overgangsregel til § 19 A-2 nr 3. I utkastet var effektleddet teke med både i nr 1 bokstavane b og c og nr 2 bokstaven b, jf Ot prp nr 23 (1995-96) s 203. Utelatinga av effektleddet i nr 1 bokstaven c og nr 2 bokstaven c er ikkje kommentert i forarbeida, jf Innst O nr 62 (1995-96) s 60-62.

Departementet legg til grunn at det ikkje har vore Stortinget si meining å endre utkastet til lovtekst på dette punktet. Departementet gjer derfor framlegg om at dette blir retta i lovteksten slik at formuleringa «og salgbar effekt nyttet ved formues- og inntektligningen» blir teke inn i overgangsregelen til skattelova § 37 bokstav a tredje og fjerde ledd nr 1 bokstav c og nr 2 bokstav c.

8.4.2 Oppretting av nr 1 bokstavane b og c og nr 2 bokstav c

I overgangsregelen nr 1 bokstavane b og c og nr 2 bokstaven c er det bestemt at den sjablonmessig fastsette verdien av produksjonen skal oppjusterast med den årlege endringa i konsumprisindeksen til og med inntektsåret. Dette er også regulert i overgangsregelen nr 6. Departementet legg til grunn at det er tilstrekkeleg at bestemmelsen om omrekning til kroneverdien i inntektsåret med konsumprisindeksen berre står i overgangsregelen nr 6.

Departementet gjer no framlegg om at dette blir retta i lovteksten ved at henvisinga til konsumprisindeksen i overgangsregelen nr 1 bokstavane b og c og nr 2 bokstaven c blir tekne ut.

Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde frå og med inntektsåret 1997.

Til forsiden