Ot.prp. nr. 35 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning og fordeling av energi m.m. (energilova)

Til innhaldsliste

4 Departementet sitt forslag - ny finansieringsmodell og omorganisering av verksemda

4.1 Formålet med omorganiseringa

Departementet sitt forslag til ny finansieringsmodell og omorganisering av arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon må sjåast på bakgrunn av nye rammer for utviklinga i energisektoren, nye mål for omlegging av energisektoren, og dei erfaringane som er gjort sidan den organiseringa vi har i dag vart etablert i kjølvatnet av energilova, jf. kap. 3.1-3.3. Hovudtrekka i forslaget er òg i tråd med kva ein ser internasjonalt når det gjeld organisering av slikt energiarbeid, jf. kap. 3.4.

Formålet med omorganiseringa og ny finansieringsmodell er å leggje til rette for ei meir slagkraftig og effektiv omlegging av energibruk og energiproduksjon. Gjennom å samle verksemda under ein institusjon, ønskjer departementet å etablere ei klarere ansvars- og rollefordeling i omleggingsarbeidet. Departementet si rolle vil vere å setje konkrete resultatmål for verksemda på bakgrunn av dei langsiktige energipolitiske måla, og deretter følgje opp resultata. Verksemda skal finne praktiske løysingar og forvalte fondsmidlane på ein slik måte at måla blir nådd. Aktørar i marknaden skal utføre konkrete oppdrag på vegner av den nye institusjonen.Ved å leggje til rette for auka konkurranse og ved å leggje vekt på riktige incentiv i alle ledd, ønskjer departementet å stimulere til meir kostnadseffektive løysingar. Den nye finansieringsmodellen gjer at omleggingsarbeidet får meir stabile finansielle rammer som gir grunnlag for langsiktige satsingar. Ei sikker finansiering er samtidig eit vilkår for å kunne etablere ei ny statleg verksemd for arbeidet med omlegginga.

4.2 Ny finansieringsmodell

4.2.1 Fondet si inntektsside

Departementet føreslo i høyringsbrevet av 28. juni 2000 at det påslaget som er i overføringstariffen blir gjort obligatorisk, og at midlane blir overførde til eit sentralt energifond. Departementet la opp til å vidareføre dagens nivå på 0,3 øre per kWh og nytte det same grunnlaget for påslaget som i dag. I tillegg vart det føreslått at løyvingane over statsbudsjettet til omlegging av energibruk og energiproduksjon skal overførast til fondet.

4.2.1.1 Høyringsinstansane sitt syn

Fleirtalet av høyringsinstansane støttar at det påslaget i tariffen som er i dag blir gjort obligatorisk og at midlane blir overførde til eit fond. Blant desse er: MD, AAD, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Konkurransetilsynet, Ife, Ofe, KanEnergi, Norges Naturvernforbund, Natur og Ungdom, LO, LO Industri, Stiftelsen Vekst, Kjelforeningen Norsk Energi, Landsdelsutvalet, Agderrådet, Byrådet Bergen Kommune, Hordaland fylkeskommune, Forskningsrådet, Den norske advokatforening, KS, Norges Bondelag, Fres, NBBL, Norsk solenergiforening, Norsk Fjernvarmeforening, NORSKOG, NoBio, NOVAP, NSB eiendom, Storebrand, Entro Energi AS, Fredrikstad EnergiTjenester AS, STEA,og NTNU.

Frå MDsin høyringsuttale refererer vi:

«Vi støtter forslaget om å gjøre enøk-påslaget obligatorisk, og at det nye organet overtar det formelle ansvaret som nettselskapene nå har i forbindelse med lovpålagt enøk-virksomhet. Dette vil bidra til en mer helhetlig satsing innenfor det nasjonale enøk-arbeidet. Modellen med fristilling fra energiselskapene virker også fornuftig for å nå målene knyttet til økt energiproduksjon basert på fornybare energikilder.»

Statnett tek ikkje direkte stilling til korleis arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon bør drivast, men signaliserer likevel:

«Statnett vil imidlertid benytte anledningen til å påpeke det lite Enøk-vennlige prinsippet som dagens inntektsramme (for nettselskapene) baserer seg på: Økt energiforbruk er det eneste som fører til økt inntekt for selskapene. Dette gir jo ingen incentiver til å bidra positivt i Enøk-arbeidet.»

Fleire høyringsinstansar fremjar i tillegg forslag om utvida grunnlag for påslaget. Blant desse er: Ofe, IFE, KanEnergi, NTNU, STEA, Norsk Fjernvarmeforening og Nobio. Frå Ofesin høyringsuttale refererer vi:

«Det er nevnt at dagens sats er det man tenker seg videreført med 0,3 øre/kWh. Totalt blir dette ca 200 mill. kroner. I følge Faktaheftet 2000 var netto stasjonært forbruk av elektrisk energi i 1998 108,4 TWh, eller 65 prosent av den totale stasjonære energibruken. Med et elforbruk på 108,4 TWh x 0,3 øre/kWh blir dette 325 mill. kr. Vi mener at hele den elektriske energibruken skal være med i beregningsgrunnlaget for dette påslaget til overføringstariffen.»

Storleiken på påslaget blir også kommentert av enkelte høyringsinstansar. Fresskriv:

«Påslaget på nettleien utgjør en viktig del av inntektene til et nasjonalt energifond. Fres mener at størrelsen på påslaget må justeres ut over 0,3 øre/kWh og anbefaler en gradvis heving i kommende år.»

Fleire høyringsinstansar går inn for at annan stasjonær energibruk også må medverke til fondet. Ein del grunngir dette med faren for konkurransevridande effekt mellom elektrisitet og andre energiberarar. Dette gjeld Enfo, SFOog EVL. Andre er opptekne av at inntektene til fondet kan aukast ved å inkludere stasjonær energibruk. Dette blir spesielt framheva av Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Norsk fjernvarmeforening, Ofe, Nobioog Fres. Fra NoBiosin høyringsuttale refererer vi:

«Når distribusjonsselskapene nå mister sitt lovpålagte enøk-krav, er det ikke lenger naturlig at enøk-påslaget kun belastes overføringstariffen for elektrisitet. Loven bør samtidig endres slik at det også legges et enøk-påslag på 0,3 øre/kWh på fossil energi (tilsvarer 3 øre/liter olje).»

Eit samla syn om auka sats og ei utviding av grunnlaget til annan stasjonær energi blir spesialt framheva av Ofe, IFE, KanEnergi, STEAog NTNU. Grunngivingane byggjer på behov for meir pengar til omlegginga og at det er rettferdig at alle energisektorar betaler det samme. Ofe konkluderer med at:

«Dersom all energibruk basert på elektrisk energi og olje skal ha samme grunnlag som bidrag til omleggingen, vil dette bli 400 mill. kroner per år. Dette er dobbelt så mye som det departementet foreslår, og vi mener dette vil gi et viktig løft for omleggingen og innfasing av nye fornybare frem mot 2010.»

Nokre høyringsinstansar går imot at omleggingsarbeidet skal finansierast over tariffen og meiner at finansieringa i staden skal skje over statsbudsjettet. Dette gjeld NHO, Norsk Petroleumsinstitutt, EVLog PIL. Frå NHOsin høyringsuttale refererer vi:

«NHO mener at enøk-innsats bør finansieres på linje med andre samfunnsmessige oppgaver over det ordinære statsbudsjettet. NHO kan derfor ikke støtte ordningen med en øremerket finansiering ved energiavgifter tilsvarende 0,3 øre/kWh.»

PIL og Hydro Energi omtalar forslaget som om det også skal omfatte industrien. Frå PIL sin høyringsuttale refererer vi følgjande:

«Et annet tilleggsmoment for industrien og andre brukere av nettet er konkurransevridningen en slik finansieringsordning skaper i forhold til konkurrentland. Det er i dag et sterkt press på å velte store deler av kostnadene for bruk av nettet over på forbrukerne. Et obligatorisk påslag på nettariffen vil forverre konkurranseevnen ytterligere.»

4.2.1.2 Departementet si vurdering

Departementet går inn for at det blir gitt heimel til å vedta at omsetningskonsesjonær som tarifferer nettenester skal leggje eit påslag i tariffen for uttak av elektrisk energi til sluttforbruk i nettet. Påslaget blir overført som bidrag til eit energifond.

Departementet vil understreke at ein ny finansieringsmodell i første rekkje fokuserer på korleis den finansielle ramma kan bli meir stabil, samtidig som ein sikrar betre og meir effektiv bruk av midlane. Stabile rammer skal òg leggje grunnlaget for ei meir langsiktig involvering frå næringsliv og energibrukarar. Ved å vidareføre bidraget over tariffen og dei statlege løyvingane som er i dag, vil fondet få inntekter i samsvar med den finansielle ramma på 5 mrd. kroner over 10 år, jf. Innst. S. nr. 122 (1999-2000).

Med dette som utgangspunkt legg departementet opp til å vidareføre det grunnlag og satsnivå for påslaget som er i dag. Dette inneber at alle sluttforbrukarar i distribusjonsnettet skal betale påslaget, og at satsen er på 0,3 øre per kWh. I høve til i dag inneber dette at heile potensialet på distribusjonsnivået blir utløyst, og at konsesjonar frå før 1991 blir innlemma i ordninga. Det samla årlege bidraget vil då kunne auke frå om lag 145 mill. kroner i dag til om lag 200 mill. kroner. Eit påslag på 0,3 øre per kWh inneber elles eit årleg tilskot til omlegging av energibruk og energiproduksjon på om lag 60 kroner frå eit hushald med forbruk på 20.000 kWh per år.

Departementet vil i føresegn fastsetje nærare detaljar for ordninga, under dette storleiken på påslaget og grunnlaget for utrekning av påslaget. Det vil bli lagt vekt på å oppnå eit stabilt, oversiktleg og kostnadseffektivt system for innkrevjing, som også tek omsyn til målet om effektiv utnytting av overføringsnettet i tarifferinga. Det blir i denne samanhengen vist til at departementet også har ansvaret for utforminga av tariffsystemet i dag. I tillegg til innbetalingane frå distribusjonsselskapa blir det lagt opp til årlege overføringar til fondet frå statsbudsjettet.

En organisering av inn- og utbetalingane ved hjelp av eit fond, er valt for å få til ei fleksibel og effektiv forvaltning av midlane. Ordninga medfører at påslaget i overføringstariffen blir plassert i energifondet og at løyvingane over statsbudsjettet blir gitt som ei nettoløyving under utgiftspost 50 til fondet. Departementet vil komme tilbake med forslag om å gjere om statlege løyvingar til ei nettoløyving når budsjettkonsekvensar blir framlagde for Stortinget. Fondet sine midlar blir plasserte som kontolån i statskassen og får godskrive renter.

Departementet har ikkje vurdert å utvide innbetalinga til fondet til også å omfatte anna stasjonært energiforbruk. Departementet meiner i utgangspunktet at eksisterande skatte- og avgiftssystem vil kunne ivareta eventuelle konkurransevridande effektar mellom ulike energiberarar.

4.2.2 Fondet sitt bruksområde

Departementet føreslo i høyringsbrevet at Olje- og energidepartementet skal ha det overordna ansvaret for forvaltninga av fondet. Departementet si styring av fondet ville bestå i å setje overordna mål, og å kontrollere resultata.

Departementet føreslo også at midlane i fondet skal gå til både produksjonsretta og forbruksretta tiltak som stimulerer til den langsiktige omlegginga av energisektoren. Konkret skulle midlane gå til å nå mål innan vindkraft, miljøvennleg varmetilgang og forbruksreduksjon.

4.2.2.1 Høyringsinstansane sitt syn

Ingen høyringsinstansar har uttalt seg imot at Olje- og energidepartementet skal ha det overordna ansvaret for fondet. Fleire høyringsinstansar har likevel uttrykt eit ønskje om eit samarbeid med miljøstyresmaktene når det gjeld bruken av fondsmidlane.

Fondet sitt bruksområde følgjer av dei overordna energipolitiske måla. EVLog SSButtrykkjer i generelle termar motstand mot desse måla og at det skal eksistere spesifikke verkemiddel for at dei skal nåast. Desse føreset at marknadsgenererte prisar vil stimulere til rett nivå på omlegginga og at offentleg inngrep ikkje er påkravd. Frå SSBsin høyringsuttale refererer vi:

«Etter vår oppfatning vil lønnsomme enøktiltak i stor grad bli iverksatt når elektrisitetsprisene gjør slike tiltak lønnsome.»

Elles har få høyringsinstansar stilt spørsmål ved måla. Enkelte har likevel vore kritiske til at energifondet skal nyttast til naturgass. Frå høyringsuttalen til Naturvernforbundetog Natur og Ungdomrefererer vi:

«Organiasjonene går klart mot bruken av offentlige subsidier og støtte i noen som helst form for å bygge ut infrastruktur med det formål å øke bruken av naturgass i Norge.»

NTNU stiller spørsmål om midlane i fondet skal nyttast til introduksjon av gass direkte hos sluttbrukar med tanke på å erstatte elektrisitet eller fyringsolje til oppvarmingsformål, eller til å omfatte også produksjon av elektrisitet i gasskraftverk. LO Industrietterspør på si side ei aktiv næringsutvikling med gass som innsatsfaktor i tida som kjem.

NORSKOG peiker på at fondet vil forvalte store beløp og dei tek derfor til orde for å evaluere fondet sin bruk av midlar etter ein femårsperiode. Frestek også til orde for ei jamleg evaluering av bruken av midlane.

4.2.2.2 Departementet si vurdering

Departementet går inn for at det overordna ansvaret for forvaltninga av fondet skal leggjast til Olje- og energidepartementet. Departementet si oppgåve blir å setje overordna mål og vurdere resultata for verksemda. I dette arbeidet vil det vere naturleg å ha ein god dialog med MD og andre departement.

I spørsmål som er tekne opp av SSB og EVL om kor vidt det bør eksistere spesielle energipolitiske mål og verkemiddel, viser departementet til Innst. S. nr. 122 (1999-2000), der eit fleirtal i Stortinget har uttalt seg om kva slag føringar som skal gjelde for norsk energipolitikk. Elles er departementet i utgangspunktet samd med SSB i at ulike tiltak som vil redusere forbruket vil tre i kraft når elprisane tilseier at dei er lønnsame. Departementet legg også til grunn at kraftmarknaden skal ha ei viktig rolle i omlegginga, men departementet ønskjer å påverke marknaden slik at tiltak kan setjast i verk raskare enn kva marknadsutviklinga tillet åleine. Ei omlegging som berre er basert på marknaden, kan ha uheldige verknader for miljøet, ha sosiale ulemper, og redusere tryggleiken i forsyninga. Dette heng m.a. saman med at verkemiddel som miljøavgifter og utsleppskvotar ikkje er så utvikla at dei tek vare på alle miljøverknadene av energiproduksjon. Ei rein marknadsløysing kan òg gi stor prisauke i løpet av kort tid fordi det tek tid å endre produksjonsteknikk og forbruksmønster. Ved å vere i forkant av marknadsutviklinga kan omstillinga gå lettare.

Departementet er ikkje samd med Naturvernforbundet og Natur og Ungdom i at midlane i fondet ikkje kan gå til å auke bruken av naturgass i Noreg. Naturgass har ein naturleg plass i ei heilskapleg og framtidsretta omlegging av energisektoren, jf. Innst. S. nr. 122 (1999-2000) der fleirtalet ønskjer auka innanlands bruk av naturgass. Departementet er oppteke av å sikre ei robust og fleksibel energiforsyning, og at fondsmidlane blir brukte på ein effektiv måte. Det føreset at ulike energikjelder blir vurderte opp mot kvarandre slik at det best eigna alternativet, ut frå lokale tilhøve, miljø og samfunnsøkonomi, blir valt i kvar enkelt situasjon. Satsinga på naturgass bør derfor sjåast i samanheng med alternative tiltak. Departementet ønskjer å presisere at fondsmidlar til naturgass for energiformål vil utgjere ein avgrensa del av fondet sin samla ressursbruk. Fondsmidlane skal ikkje brukast til å støtte produksjon av elektrisitet basert på naturgass.

Departementet går inn for at midlane kan brukast til prosjektretta tiltak som kjøp av tenester, utbetaling av tilskot og finansiering av andre verkemiddel innanfor områda forbruk, miljøvennleg varme, vind og naturgass. Generell informasjons- og opplæringsverksemd skal også finansierast over fondet. Rammer for bruken av fondsmidlane vil bli nedfelte i forskrifta til energilova og blir nærare spesifiserte i vedtektene for verksemda. I dette arbeidet skal det også takast omsyn til EØS-reglar om statsstøtte, og EU sine nye retningsliner for miljøstøtte.

Departementet vil på bakgrunn av dei langsiktige energipolitiske måla og innanfor rammene av vedtektene setje konkrete, men overordna mål for energifondet. Departementet vil orientere Stortinget om desse måla, og skal kvart 3.-5. år gi ein samla gjennomgang til Stortinget om resultata av bruken av fondsmidlane. Ved dette høve vil dei overordna måla for energifondet eventuelt kunne justerast. Det må i tillegg utarbeidast tildelingsbrev for årlege løyvingar over statsbudsjettet. Det skal kvart år, i samband med statsbudsjettet, rapporterast til Stortinget om bruk av slike løyvingar.

Departementet er dermed samd med NORSKOG og Fres i at det er viktig å evaluere fondet sin bruk av midlar. Dette vil vere ei viktig oppgåve for departementet og eit element i styringa og oppfølginga av organet.

4.3 Oppretting av ei ny verksemd

Departementet føreslo i høyringsbrevet å opprette eit nytt statleg organ for å gi meir tyngd og fokus på arbeidet med omlegginga av energibruk og energiproduksjon. Det nye organet skulle overta det arbeid og ansvar som i dag er delt mellom NVE og distribusjonsselskapa. Organet skulle òg stå for den operative forvaltninga av energifondet. I tillegg vart det føreslått at organet også skulle forvalte eventuelle særskilde løyvingar knytt til konkrete formål. Arbeidet med generelle rammevilkår og utforming av regelverk som legg tilhøva til rette for omlegginga, skulle framleis liggje i departementet. Departementet ville vidare vurdere og etablere eit styre for den nye verksemda. Organet skulle også ha rammer som gir godt nok grunnlag for å rekruttere personell med nødvendig kompetanse. Det vart vidare foreslått at organet skulle leggje til rette for eit lokalt tilbod av informasjons- og rådgivingstenester.

4.3.1 Høyringsinstansane sitt syn

Det store fleirtalet av høyringsinstansane er positive til å opprette eit nytt organ for omlegging av energibruk og energiproduksjon. Av dei som klart uttrykkjer støtte finn vi AAD, MD, Konkurransetilsynet, Fylkesmannen i Vest-Agder, Fylkesmannen i Hedmark, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Landsdelsutvalet, Agderrådet, Sørlandets Teknologiforum, Byrådet Bergen Kommune, Hordaland fylkeskommune, PIL, Norsk Petroleumsinstitutt, NHO, LO Industri, Den norske advokatforening, Ife, Ofe, KanEnergi, Norges Naturvernforbund, Natur og Ungdom, Stiftelsen Vekst, Kjelforeningen Norsk Energi, Norges Bondelag, Forskingsrådet, Fres, Norsk solenergiforening, Storebrand, NSB eiendom, Entro Energi AS, NORSKOG, STEA, Norsk fjernvarmeforening, NOVAP, Nobio, KS, Fredrikstad EnergiTjenester AS, Samarbeidande kraftfylke, NBBL, Sintef Energiforskningog NTNU. Frå NTNU sin høyringsuttale refererer vi:

«NTNU ser positivt på forslaget om å opprette et nytt sentralt organ for omlegging av energibruk og energiproduksjon, og at det lovpålagte enøkarbeidet som i dag gjøres av distribusjonsselskapene på lokalt plan, blir opphevet. Likeledes synes det riktig at den virksomhet som i dag drives av NVE, blir overført til det nye organet. Dette kan etter vår mening bidra til en mer helhetlig og samordnet prioritering av virkemidler og prosjekter sett ut i fra et nasjonalt perspektiv.»

Frå Ofesin høyringsuttale refererer vi:

«Etter vår oppfatning må organet hilses som en nødvendig og velkommen herre i de i dag herreløse tilstander.»

Frå PILsin høyringsuttale refererer vi:

«PIL har lenge etterlyst en mer helhetlig og kostnadseffektiv enøkpolitikk. Dagens bruk av virkemidler er splittet opp på altfor mange deltakere og NVEs forvaltning av de statlige midlene er bundet opp i tids- og kostnadskrevende byråkratiske systemer. PIL støtter derfor Regjeringens forslag til en omlegging, der en samler aktivitetene i et eget organ som fristilles fra direktoratsmodellen.»

EVL meiner at enøkaktiviteten må gjerast mest mogeleg kommersiell og er av denne grunn skeptisk til å etablere eit nytt byråkrati som skal handtere kommersiell aktivitet. NELFO meiner at det ikkje er presentert eit opplegg som kan forsvare eit nytt organ. SSB høyrer også med blant dei som er tvilande til at eit nytt statleg organ er nødvendig.

Tidshorisonten for organet blir drøfta av nokre av høyringsinstansane. NHO og Norsk Petroleumsinstitutt vil at organet skal ha ei levetid på 8 år. Enfo meiner at organet ikkje bør vere permanent og grunngir det med at omgrepet omlegging er ein prosess av mellombels karakter.

Ingen høyringsinstansar har uttalt seg imot å opprette eit styre for det nye organet. Fleire høyringsinstansar har derimot teke opp forhold rundt etableringa av eit styre. NELFOmeiner at samansetjinga av styret skal ta omsyn til balansen mellom interessentane i energimarknaden. Enfo vil ha solid representasjon frå bransjen i styret. Fleire høyringsinstansar signaliserer at dei ønskjer å sitje i styret. Blant desse er Enfo, PIL, Kjelforeningen Norsk energiog NORSKOG.

NTNU peikar i sin uttale på at eit styre kan medverke til at det nye organet i stor grad kan tenkje nytt, slik at dei aktivitetane som er i dag ikkje automatisk blir førte vidare. Dei meiner det er viktig å unngå styremedlemmer som har økonomiske eigeninteresser knytt til dei avgjerder styret fattar og dei retningslinjer det legg fram.

Forhold kring rekruttering av rett personell er kommentert av fleire høyringsinstansar. KanEnergi meiner det må fokuserast på kompetanse innan strategiutvikling, styring og kommunikasjon i det nye organet. Konkurransetilsynet understrekar òg behovet for høg kompetanse og skriv:

«Organet vil få betydelig midler til rådighet, og hvorvidt disse utnyttes effektivt vil avhenge bl.a. av at organet har høy kompetanse både innenfor fagområdet og som innkjøper av tjenester. Som tilrettelegger for anbuds- og tilbudskonkurranser fordres kunnskap om hvordan ulik organisering av anbuds- og tilbudskonkurranser påvirker konkurransen mellom deltakerne.»

Verdien av at organet som hovudregel skal arbeide nær marknaden, blir understreka av fleire høyringsinstansar. Spesielt NHO og Norsk Petroleumsinstitutt argumenterer for at organet må spele på lag med marknadskreftene. Frå Norsk Petroleumsinstitutt refererer vi:

«Organet bør ha som viktigste oppgave å tilrettelegge i markedet slik at markedet selv gjennomfører samfunnsøkonomisk riktig omfang av enøktiltak og investeringer i nye fornybare energikilder. Viktige satsingsområder blir da å gi fødselshjelp til firmaer som tilbyr enøktjenester og utvikling av teknologi, samt sertifiseringsordninger for fornybar energiproduksjon og lignende.»

Sjølv om NELFO er imot å opprette eit nytt organ slår dei likevel fast at:

«Dersom et nytt organ skulle bli opprettet, må ansvaret for like konkurransebetingelser i markedet prioriteres, samt analyse av energimessige sammenhenger og utforskning av virkemidler. Økonomisk støtte fra et nytt organ må rettes inn mot eventuelle tiltak som lønner seg for samfunnet, men som ellers ikke ville blitt realisert i markedet uten støtte.»

Enkelte høyringspartar tek til orde for at det er viktig å byggje vidare på eksisterande kompetansemiljø. Frå Ifesin høyringsuttale refererer vi:

«Det er i Norge gjennom mange år blitt bygget opp betydelige kompetanse i flere miljøer på fagområdene enøk og nye fornybare energikilder. Etter instituttets oppfatning er det viktig at det nye organet benytter seg av denne kompetansen og legger til rett for en stimulerende konkurranse mellom eksisterende og nye fagmiljøer. På denne måten vil man sikre at nye ideer og ny kunnskap får tilstrekkelig spillerom.»

Fleire høyringsinstansar er opptekne av at arbeid knytt til informasjons- og rådgiving blir vidareført under ei ny organisering. I denne samanhengen er spesielt dei regionale enøksentra (RS) si rolle kommentert. Konkurransetilsynetargumenterer for at RSane må konkurrere om oppdrag på lik linje med andre. Frå Konkurransetilsynetsitt høyringsbrev refererer vi:

«Vi tror at økt konkurranse vil legge til rette for utviklingen av kommersielle markeder og økt effektivitet i produksjon og varer og tjenester innenfor nye fornybare energikilder og energibruk. Økt konkurranse vil også kunne oppstå med hensyn til lokale enøkprosjekter ved at flere aktører gis mulighet til å konkurrere om oppdragene. Det forutsettes at forslaget vil innebære at RSene må konkurrere på lik linje med andre aktører om disse prosjektene.»

NOVAP meiner at RSane har vore ein viktig faktor i det lokale/regionale enøkarbeidet, og at det bør vere plass for desse i åra som kjem. LO held fram at sentra gjennom kjennskap til lokale forhold vil vere best eigna til å dra i gang den praktiske enøkverksemda. LO skriv vidare:

«I sentrene er det utviklet kompetanse som det er viktig å ta vare på. Enøk-arbeid krever først og fremst kompetanse, og for oppbygging av og vedlikehold av slik kompetanse er det viktig å bygge opp et solid fundament. Kortidskontrakter er ikke effektivt når det gjelder å optimalisere kompetanseoppbyggingen. LO ønsker at de regionale enøksentrene sin plass beskrives mer konkret, og vil foreslå at disse sentrene blir regionale kontor for forvaltning av det nye fondet.»

Agderrådet argumenterer for fem regionkontor under organet. Landsdelsutvalet meiner det er viktig at det nasjonale organet har ein struktur som tek omsyn til regional ulikskap. Konkret føreslår Landsdelsutvaletat det blir etablert fem til sju regionale einingar.

Entro Energi, NSB Eiendom og Storebrand ønskjer at organet si rolle som rådgivar overfor departementet blir gjort tydelegare. Ofe tek opp spørsmålet om grenseflater mellom NVE og det nye organet og er spesielt opptekne av kven som skal ha kompetanse på normative verkemiddel. Forskingsrådet ønskjer eit tett samarbeid med det nye organet. Entro Energi, NSB Eiendom, Storebrand, Ife, Forskingsrådet, Fres, KS, KanEnergi, NTNU, PILog NHO tek til orde for auka samarbeid med miljøstyresmaktene. Frå NHO sin høyringsuttale refererer vi:

«Selv om organet underlegges Olje- og energidepartementet, bør utarbeidelse av mandat og retningslinjer for organet skje i samarbeid mellom energi- og miljømyndighetene.»

Frå høyringsuttalen til KS refererer vi:

«Energipolitikk er i dag også miljøpolitikk og organet bør derfor ha en miljøpolitisk forankring og samarbeide med miljømyndighetene.»

4.3.2 Departementet si vurdering

Fleirtalet i Innst. S. nr. 122 (1999-2000) går inn for ei omorganisering i tråd med hovudtrekka i forslaget, jf. kap. 3.2. Departementet viser elles spesielt til den fragmenterte organiseringa i dag og behovet for ein meir kostnadseffektiv og målretta aktivitet, jf. kap. 3.3.1. og kap. 3.3.2.

Departementet meiner ei samling av verksemda i ein institusjon vil leggje til rette for at konkrete mål blir nådde på ein effektiv måte. Det er viktig for departementet å presisere at den nye institusjonen ikkje vil vere ein enøkinstitusjon, men ein energiinstitusjon. I dette ligg det at fondsmidlane både skal gå til å avgrense energibruk, gjere oss mindre avhengige av elektrisitet og auke tilgangen på ny miljøvennleg energiproduksjon. Departementet vil i vedtektene klargjere formål og arbeidsform nærare.

Departementet tek i utgangspunktet sikte på at den nye institusjonen skal ha 20-30 tilsette. Departementet ser ikkje på dette som eit stort byråkrati, spesielt ikkje sett i forhold til storleiken på dei midlane som skal forvaltast og dei oppgåvene som skal utførast.

Departementet er samd med Enfo i at omlegging er ein prosess av mellombels karakter. Omleggingsarbeidet vil likevel bli påverka av ytre rammevilkår som auka energiprisar, internasjonale miljøavtaler eller nye politiske mål. Departementet finn det derfor ikkje rett å tidsavgrense institusjonen ved etableringa, men er samd med NHO og Norsk Petroleumsinstitutt i at verksemda må evaluerast med jamne mellomrom. Det blir elles vist til kap. 4.2.2.2.

Departementet går inn for at det blir etablert eit styre for den nye institusjonen. Departementet er samd med NTNU i at det er viktig å unngå at styremedlemmer har eigeninteresser knytt til institusjonen sitt arbeid. Departementet meiner òg at styret ikkje skal reflektere ulike interesser i energisektoren, men skal rekrutterast på grunnlag av best tilgjengeleg og føremålstenleg kompetanse til styringa av verksemda. Departementet er dermed usamd med NELFO og Enfo som ønskjer eit styre av representantar frå ulike bransjar.

Departementet viser her til at erfaringar frå styrefunksjonar i offentleg verksemd har vore opphav til ei rekkje utgreiingar. Erfaringane tilseier at ein ikkje må gjere styret til arena for diskusjon mellom interessegrupper av fagleg, kommersiell eller politisk karakter. Eit fagleg profesjonelt styre som innrettar verksemda slik at måla som er sette av departementet kan nåast, er samtidig den beste garanti for at institusjonen kan spele ei sjølvstendig rolle. Departementet vil då kunne tildele styret vide fullmakter og reelle og formelle styringsrettar innanfor sitt ansvarsområde.

For å lukkast med oppgåvene sine må den nye institusjonen ha både fagleg tyngd og integritet. Departementet deler synspunkta til KanEnergi og Konkurransetilsynet om at høg kompetanse innan relevante fagområde vil vere ein avgjerande faktor for kor vellukka omorganiseringa blir. Institusjonen vil måtte konkurrere om røynde medarbeidarar i den same arbeidsmarknaden som privat sektor og må ha høve til å trekkje til seg og halde på kompetente medarbeidarar.

Departementet går inn for at fondet sine brutto utgifter og inntekter berre blir registrerte i institusjonen sin internrekneskap og ikkje i statsrekneskapen. Det blir òg lagt opp til å søkje Finansdepartementet om fritak frå å føre internrekneskap etter kontantprinsippet. Institusjonen får status som rekneskapsførar for fondsmidlane og rekneskapen blir revidert av Riksrevisjonen. Resultatansvar og rapportplikt vil bli presisert i årlege tildelingsbrev frå departementet. Administrative føringar vil bli fastsette av departementet i tildelingsbrevet. Rekneskap og årsmelding om verksemda blir oversende Olje- og energidepartementet.

Departementet vil velje den tilknytingsforma som er mest føremålstenleg i forhold til dei behov den nye verksemda har.

Departementet er samd med dei høyringsinstansane som meiner at den nye institusjonen skal operere nær marknaden. Nærleik til marknaden inneber m.a. auka fokus på prosjektforslag som vert fremja nedanfrå av aktørar i marknaden. Det skal elles vere ei prioritert oppgåve å utforme verkemiddel som legg til rette for auka konkurranse. Auka konkurranse vil kunne medverke til ei langsiktig utvikling av ein kommersiell marknad med reduserte prisar på varer og tenester innanfor fagområda miljøvennlege energikjelder og energibruk. Dette vil igjen kunne leggje til rette for at dei energipolitiske måla blir nådde.

Departementet går inn for at den nye verksemda som hovudregel skal nytte eksterne aktørar, og ikkje sjølv utvikle seg til å bli ein utøvande institusjon. Aktuelle aktørar vil vere alle som kan utføre oppdrag innanfor institusjonen sine fagområde. Dette inneber at institusjonen sjølv skal kunne velje kva kompetansemiljø dei vil knytte kontakt med for å nå måla sine.

Omorganiseringa skal gi eit lyft for arbeidet med å avgrense energibruken. Kartlegging og gjennomføring av konkrete forbruksprosjekt med målbar effekt vil ha prioritet. Auka vektlegging på samarbeid med aktørar i marknaden, t.d. gjennom å leggje til rette for tredjepartsfinansiering, kan vere ein veg å gå. Men den nye institusjonen skal òg sikre at det viktige arbeidet med informasjon og rådgiving overfor forbrukarane blir ivareteke. Departementet går derfor inn for at institusjonen skal leggje til rette for eit landsdekkjande tilbod av informasjons- og rådgivingstenester.

Departementet ønskjer generelt gjennom omorganiseringa å etablere eit system med fridom under ansvar, der departementet legg rammene og set overordna mål, mens den nye verksemda på fagleg grunnlag sjølv avgjer korleis det operative arbeidet skal organiserast og kva slag verkemiddel som skal nyttast. Departementet vil på denne bakgrunn heller ikkje låse den nye institusjonen til ei bestemt løysing når det gjeld korleis det lokale informasjons- og rådgivingsbehovet skal dekkjast, eller kven som skal få oppdraget. Departementet deler her synspunkta til Konkurransetilsynet om at fleire aktørar må få høve til å konkurrere om oppdrag. Departementet ønskjer likevel å framheve at dei regionale enøksentra på bakgrunn av si erfaring og kompetanse vil ha eit godt utgangspunkt for å kunne konkurrere om dette og andre oppdrag.

På bakgrunn av den kompetanse og marknadsnære erfaring institusjonen vil ha gjennom fondsforvaltninga, er det òg naturleg at departementet rådfører seg med institusjonen også i spørsmål som går utover forvaltninga av midlar. Det blir her tenkt på råd knytt til normative tiltak, standardar og nærliggjande lover og forskrifter. Som eit ledd i kompetanseoppbygginga si vil institusjonen delta i internasjonale fora innanfor sitt fagfelt.

Departementet er samd med Ofe i at det må etablerast klare grenseflater mellom NVE og den nye institusjonen, og at ein bør unngå overlappande verksemd. NVE vil som konsesjonsstyresmakt og med ansvar for monopolkontroll og heilskapleg energiplanlegging, framleis forvalte overordna verkemiddel som inneber mykje for omlegging av energibruk og energiproduksjon. Generelt skal NVE i sine oppgåver som direktorat leggje vekt på å vurdere alternativ til elektrisitet når det gjeld produksjon, overføring og bruk av energi.

Departementet går inn for at dei spesifikke verkemidla og oppgåvene som NVE i dag har innanfor omlegginga av energisektoren, skal flyttast over til den nye verksemda. Bindande plikter under desse ordningane vil bli følgde opp. Institusjonen vil seinare kunne leggje om bruken av verkemiddel dersom dette blir vurdert som nødvendig for å nå fastsette mål.

Verksemda skal samarbeide med Forskingsrådet, SND og andre institusjonar med nærliggjande oppgåver.

Departementet er samd med dei høyringsinstansane som går inn for eit samarbeid med miljøvernstyresmaktene. Det er departementet sitt syn at all bruk av energi og produksjon av energi må innordnast internasjonale miljøplikter. Det er derfor naturleg at det blir teke omsyn til slike plikter når departementet skal fastsetje mål og retningslinjer for den nye institusjonen.

Samla sett vil den nye institusjonen sine oppgåver knytt til forvaltninga av midlar vere:

  • utforme og tilretteleggje for tiltak som gir dokumenterte resultat innan omlegging av energibruk og energiproduksjon

  • vere fødselshjelpar for nye marknader

  • leggje rammer for den informasjons- og rådgivingsaktivitet som skal utførast lokalt og sentralt

  • delta i internasjonale fora og gi råd til departementet innanfor sitt fagfelt

Den nye statlege verksemda skal lokaliserast i Trondheim og vil bli etablert medio 2001, jf. St. prp. nr. 1 (2000-2001). Oppgåver knytt til omlegginga av energibruk og energiproduksjon som i dag blir forvalta av NVE, vil gradvis kunne overførast i løpet av andre halvår 2001. Parallelt vil statlege løyvingar over kap. 1825 kunne overførast til fondet. Løyvingar som står att over statsbudsjettet for 2001 vil bli overførte til fondet ved utgangen av året. Fondet vil få tilført bidraget frå overføringstariffen frå 1.1.2002, og institusjonen skal vere fullt operativ frå samme dato.

Til forsida av dokumentet