Ot.prp. nr. 35 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning og fordeling av energi m.m. (energilova)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

6.1 Konsekvensar av ny finansieringsmodell og omorganisering av verksemda

Hovudformålet med forslaget til ny finansieringsmodell og omorganisering av arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon, er å leggje til rette for ei meir slagkraftig og effektiv omlegging. Grunnlaget skal leggjast gjennom ei klarere ansvars- og rollefordeling, fokus på konkrete resultat i forhold til overordna mål og auka vekt på konkurranse og rette incentiv. Stabile finansielle rammer skal gi høve til langsiktige satsingar.

Det er lagt til grunn at den nye verksemda skal lokaliserast i Trondheim. Det vil i samband med dette tilkomme flytte- og etableringsutgifter. Desse utgiftene vil bli dekte innanfor gjeldande løyvingar på statsbudsjettet til omlegging av energibruk og energiproduksjon.

Forslaget til omorganisering vil ikkje innebere auka administrative kostnader for Olje- og energidepartementet. Utgifter i samband med etablering, og det vidare oppfølgingsarbeid, vil bli dekt innanfor departementet si budsjettramme.

Det er lagt til grunn at driftsutgiftene til institusjonen etter etableringa vil bli dekte av fondet sine midlar, og at departementet gir føringar for dette i tildelingsbrev.

Fylkeskommunale og kommunale budsjett blir ikkje påverka direkte av omlegginga, men vil kunne bli påverka indirekte i kraft av eigarskap til lokale og regionale nettselskap. Kommunane vil elles kunne spele ei viktig rolle som samarbeidspart i lokale prosjekt.

Forslaget medfører at den lovpålagte enøkverksemda i distribusjonsselskapa blir avvikla. Frå og med 1.1.2002 vil nettselskapa framleis stå for innkrevjinga av eit påslag på overføringstariffen, men påslaget skal betalast som bidrag til energifondet. Det er ikkje venta at forslaget vil påverke talet på tilsette i nettselskap utover dei strukturelle endringar og tilpassingar som likevel skjer i bransjen.

For regionale enøksentre (RSane) inneber forslaget at dei ikkje lenger får tilført oppgåver frå nettselskapa knytt til lovpålagt enøk. Det blir likevel skapt nye høve gjennom at den nye institusjonen har behov for å få utført eit breitt spekter av oppdrag. Ei satsing retta både mot nye produkt og andre oppdragsgivarar, vil kunne gi RSane fleire bein å stå på. Korleis sentra vil utnytte sitt etablerte nettverk og utvikle seg vidare, vil i stor grad avhenge av det val eigarane gjer av framtidig forretningsstrategi.

Forslaget om omorganisering vil venteleg ha positive konsekvensar for næringslivet generelt gjennom at det blir stimulert til auka etterspørsel etter ulike energiprodukt og auka etterspørsel etter konsulenttenester. For både NVE sine operatørar og RSane inneber dette auka marknadshøve. Alle dei aktørane som i dag har erfaring og kompetanse vil kunne stille sterkt i konkurransen om å få oppdrag frå den nye institusjonen.

Forslaget vil generelt ikkje få økonomiske konsekvensar for forbrukarane. Den nye organiseringa vil medføre at dei produkt forbrukaren får tilbake i form av tiltak for avgrensingar i energibruk og tiltak for ny miljøvennleg energiproduksjon, vil kunne bli fleire og betre enn under den gamle organiseringa.

6.2 Personalforhold

Norges vassdrags- og energidirektorat vil bli berørt ved at den nye institusjonen i utgangspunktet overtek alle dei tiltak som NVE i dag har innan fagområdet omlegging av energibruk og energiproduksjon. Oppgåvene vil bli overførde gradvis til den nye institusjonen frå denne blir etablert medio 2001, til institusjonen er fullt operativ frå 1.1.2002. Fagområdet i NVE omfattar 13 årsverk. Det er lagt til grunn at den nye institusjonen i utgangspunktet skal ha 20-30 tilsette. Bortfallet av oppgåver vil innebere overføring av budsjett og bemanning frå NVE innanfor dette fagområdet til den nye institusjonen, seinast med verknad frå 1. januar 2002.

Departementet er oppteke av at ei slik omstilling blir gjennomført på ein ryddig måte i tråd med intensjonane i Hovudavtala og lokale avtaler med dei tilsette sine organisasjonar.

6.3 Konklusjon

Forslaget til ny finansieringsmodell og omorganisering av verksemda ryddar opp i og forenklar den forvaltninga som er i dag. Dei finansielle rammene blir meir stabile. Den fragmenterte og uklare arbeidsdelinga mellom NVE, operatørar, nettselskap og RSar som er i dag, blir løyst gjennom å samle verksemda under ein institusjon. Det blir vidare lagt til rette for auka bruk av konkurranse om oppdrag. Samla sett legg endringane grunnlag for ein meir kostnadseffektiv bruk av midlar, og betre kontroll og oppfølging av den verksemda som skal understøtte omlegging av energibruk og energiproduksjon.

Til forsida av dokumentet