Ot.prp. nr. 35 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning og fordeling av energi m.m. (energilova)

Til innhaldsliste

5 Forslag til lovendringar

5.1 Oppheving av heimelen til lovpålagt enøk i energilova § 3-4 første ledd nr 5

Energilova § 3-4 første ledd nr 5 slår fast at det kan fastsetjast «vilkår om energiøkonomisering».

Lovføresegna er det rettslege grunnlag for gjeldande ordning med lovpålagt enøk som omtalt ovanfor i kap. 3.2.2. Departementet sitt forslag inneber at ordninga med lovpålagt enøk skal opphevast. Føresegna må difor endrast i samsvar med dette.

5.2 Ny § 4-4 om omlegging av energibruk og energiproduksjon

Departementet foreslår at det frivillige påslaget i tariffen til finansiering av arbeidet med informasjon og vegleiing om energiøkonomisering, som områdekonsesjonærene er pålagde av styresmaktene, kan gjerast obligatoriske og overførast til eit energifond.

Det blir føreslått å ta inn ein ny § 4-4 i energilova kapittel 4 om dette.

Forslaget til ny lovføresegn inneber at departementet kan avgjere at påslaget skal gjerast obligatorisk, og at det kan leggjast på alt uttak av elektrisk energi til sluttforbruk.

Det blir føreslått at innbetalinga av bidraget til energifondet må samordnast med dei oppgåver netteigaren har i høve til tariffering, måling og avrekning av forbruket.

Når det gjeld innhaldet av føresegna elles, blir det vist til merknadene til føresegna nedanfor under kap. 7.2.

Til forsida