Ot.prp. nr. 35 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning og fordeling av energi m.m. (energilova)

Til innhaldsliste

2 Høyringsrunden

2.1 Høyringsbrevet

Olje- og energidepartementet sende forslaget om endra finansiering og organisering av arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon på høyring den 28.06.2000 saman med ei rekkje andre forslag til endringar i energilova. Høyringsbrevet vart sendt til følgjande institusjonar og organisasjonar:

  • Alle departement

  • Alle fylkesmenn

  • Sametinget

  • Datatilsynet

  • Direktoratet for sivilt beredskap

  • Forbrukerrådet

  • Kredittilsynet

  • Konkurransetilsynet

  • Statistisk sentralbyrå

  • Statnett SF

  • NORD POOL ASA

  • NOS Kraft AS

  • Energiforsyningens fellesorganisasjon

  • Forum for regionale enøk-senter

  • Kommunenes sentralforbund

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Landssamanslutninga av vasskraftkommunar

  • Norske Energikjøperes Interesseorganisasjon

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Prosess- og foredlingsindustriens Landsforening

  • Statnettkundenes Fellesorganisasjon

  • Samarbeidsrådet for naturvernsaker

  • Nordisk Institutt for Sjørett

  • Norsk Petroleumsinstitutt

  • Samarbeidande Kraftfylke

  • Energiverkenes Landsforening

  • Norsk Fjernvarmeforening

  • Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond

  • Norsk Bioenergiforening

  • Norsk Varmepumpeforening

  • Norsk Solenergiforening

  • Norges Miljøvernforbund

  • Framtiden i våre hender

  • Natur og Ungdom

  • Bellona

  • Norges Bondelag

  • Norsk Bonde og Småbrukarlag

  • SINTEF Energiforskning

  • Institutt for energiteknikk

  • Norges forskningsråd

  • Norske Boligbyggelags Landsforbund A/L

  • Norges Byggforskningsinstitutt

  • Entro Energi AS

  • NSB Eiendom

  • Ole Gunnar Søgnen (NVEs byggoperatør)

  • Landsdelsutvalet

  • Stiftelsen Vekst

  • Opplysningskontoret for energi og miljø

  • KanEnergi AS

  • Energy Saving International AS

  • Kraftmeglerforbundet i Norden

Det er komme inn 76 uttaler. For å sikre at ei ny finansieringsform og ein ny institusjon kan vere fullt operative frå årsskiftet 2001/02, har departementet funne det føremålstenleg at forslaget om endra finansiering og organisering av arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon blir skilt ut og fremja som ei eiga sak med tilhøyrande lovendring. Dei andre forslaga om endringar i energilova som vart sende på høyring samtidig, vil departementet komme tilbake til som ei eiga sak på eit seinare tidspunkt.

Følgjande institusjonar og organisasjonar har avgitt realitetsuttale med omsyn til den føreslegne endra finansiering og organisering av arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon:

Departement

  • Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD)

  • Finansdepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Miljøverndepartementet (MD)

Fylkesmenn

  • fylkesmannen i Sør-Trøndelag

  • fylkesmannen i Vestfold

  • fylkesmannen i Vest-Agder

  • fylkesmannen i Hedmark

  • fylkesmannen i Oslo og Akershus

Kommunar / fylkeskommunar

  • Bergen kommune

  • Hordaland fylkeskommune

Naturvernorganisasjonar

  • Norges Naturvernforbund

  • Natur og Ungdom

Offentlege direktorat / forvaltningsinstitusjonar

  • Konkurransetilsynet

Forskingsinstitusjonar / universitet / høgskular

  • SINTEF Energiforskning

  • Institutt for energiteknikk (IFE)

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Norges forskningsråd (Forskningsrådet)

  • Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)

Næringsorganisasjonar

  • Energiforsyningens fellesorganisasjon (Enfo)

  • Opplysningskontoret for energi og miljø (Ofe)

  • Norske Boligbyggelags Landsforening (NBBL)

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • LO Industri

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Kommunenes Sentralforbund (KS)

  • Sørlandets Teknologiforum

  • Norges Bondelag

  • Norsk Varmepumpeforening (NOVAP)

  • Statnettkundenes Fellesorganisasjon (SFO)

  • Kjelforeningen Norsk Energi

  • Norsk solenergiforening

  • Forum for regionale enøk-sentere (Fres)

  • Norges Elektroentreprenørforbund (NELFO)

  • Norsk Skogbruksforening (NORSKOG)

  • Energiverkenes Landsforening (EVL)

  • Prosessindustriens Landsforening (PIL)

  • Norsk Bioenergiforening (NoBio)

  • Norsk Fjernvarmeforening

  • Den Norske Advokatforening

  • Stiftelsen Vekst

Andre interesseorganisasjonar / politiske organisasjonar

  • Samarbeidande kraftfylke

  • Agderrådet

  • Landsdelsutvalet (regionalpolitisk organ for Finnmark, Troms, Nordland og Nord-Trøndelag fylkeskommunar)

  • Sør-Trøndelag fylkeskommune Energikontor (STEA)

Selskap

  • Agder Energi AS

  • Aust-Agder Kraftverk Nett AS

  • KEV Nett AS

  • Vest-Agder Energinett AS

  • Entro Energi AS

  • NSB BA Eiendom

  • Storebrand

  • KanEnergi AS

  • Fredrikstad EnergiTjenester AS

  • Hydro Energi

  • NORD POOL ASA

  • Enøk-senteret i Akershus AS

  • Statnett SF

Private / andre

  • Nordisk Institutt for Sjørett v/forskar dr. juris. Ulf Hammer

2.2 Hovudinntrykk frå høyringa

Dei fleste er svært positive til alle element i forslaget. Dette gjeld alle departement, fylkesmenn, kommunar og fylkeskommunar, naturvernorganisasjonar og forvaltningsorganisasjonar, og andre interesseorganisasjonar. Det store fleirtalet av forskingsinstitusjonar, næringsorganisasjonar og selskap er også positive.

Blant dei som har innvendingar er det størst forskjell i oppfatning av spørsmål knytt til påslaget på nettariffen. Behov for eit nytt organ og levetida til organet blir òg drøfta i nokre uttaler. Elles diskuterer fleire høyringsinstansar forhold som vedkjem dei regionale enøksentra. Grenseflater og samarbeid med andre institusjonar blir òg tekne opp av fleire instansar.

2.3 Utkast til lovproposisjon

Utkastet til lovproposisjonen har vore lagt fram for fleire departement. Utkastet til proposisjon har også vore til lovteknisk gjennomgang i Justisdepartementet.

Til forsida av dokumentet