Ot.prp. nr. 35 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning og fordeling av energi m.m. (energilova)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

1.1 Innleiing

Departementet ønskjer å leggje til rette for ein ny finansieringsmodell og ei ny organisering av arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon. Proposisjon som ligg føre, kjem som ei følgje av at finansieringsdelen i omorganiseringa krev at reglane i energilova knytt til lovpålagt enøk blir oppheva og at det i staden kjem inn ei ny føresegn i energilova.

I NOU 1998:11 Energi- og kraftbalansen mot 2020 tilrådde energiutvalet ei omorganisering av enøkverksemda. Dette vart følgt opp gjennom St. meld. nr. 29 (1998-99) om energipolitikken, der det vart varsla at departementet ville vurdere spørsmålet om eit eige, sentralt organ for enøkverksemda. Departementet gjekk inn for ei slik omorganisering vinteren 2000. Omorganiseringa vart støtta under behandlinga av energimeldinga i Stortinget. Det er også gjort greie for forslaget i St. prp. nr. 1 (2000-2001).

Formålet med omorganiseringa er å få større slagkraft i arbeidet med omlegginga av energibruk og energiproduksjon. Stortinget har sett mål for å avgrense forbruket, for miljøvennleg varme, og for vindkraft. Nye rammer for arbeidet skal sikre meir effektiv bruk av offentlege midlar. Slik kan ein oppnå større avgrensingar i forbruket og auka produksjon av nye fornybare energikjelder per støttekrone enn kva tilfellet er i dag. Auka bruk av naturgass vil vere ein del av omlegginga.

Hovudelementa i forslaget er å:

  • avvikle det lovbestemte kravet til distribusjonsselskapa om å drive energiøkonomisering som kan finansierast over eit påslag i overføringstariffen

  • innføre ein ny lovheimel som inneber at påslaget som er i dag kan gjerast obligatorisk

  • overføre påslaget og midlar over statsbudsjettet til omlegging av energibruk og energiproduksjon til eit nytt energifond

  • etablere ei ny statleg verksemd med vide fullmakter som skal forvalte fondsmidlane

  • avvikle det arbeidet som er i dag knytt til forvaltning av midlar til omlegging av energibruk og energiproduksjon i NVE

Forslaget skal leggje til rette for ei meir effektiv omlegging gjennom:

  • ei klarere ansvars- og rollefordeling

  • auka fokus på konkrete resultat i forhold til overordna mål

  • auka vektlegging av konkurranse og riktige incentiv

  • stabile finansielle rammer som gir høve til langsiktige satsingar

Den nye verksemda skal arbeide nær marknaden og sjølv kunne velje sine verkemiddel og samarbeidspartnarar. Departementet vil i si styring av institusjonen fokusere på dei resultat som verksemda leverer og sjå desse i samanheng med departementet sin bruk av verkemiddel elles. Dermed kan det leggjast til rette for ei heilskapleg oppfølging av dei energipolitiske måla.

Den nye statlege verksemda skal lokaliserast i Trondheim og vil bli etablert medio 2001. Departementet vil seinare avgjere verksemda si tilknytingsform.

Til forsida