Ot.prp. nr. 35 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning og fordeling av energi m.m. (energilova)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei enkelte føresegnene

7.1 Merknader til endring i § 3-4 (vilkår)

Forslaget er omtalt ovanfor under kap. 5.1.

Departementet vil presisere at forslaget til endra § 3-4 første ledd nr 5 ikkje inneber noka endring av det materielle innhaldet i føresegna når det gjelder heimel for å setje vilkår og gi forskrifter overfor områdekonsesjonærar om «utarbeidelse av planer for en rasjonell energiforsyning innen området».

7.2 Merknader til ny § 4-4 (omlegging av energibruk og energiproduksjon)

Første ledd slår fast at departementet kan avgjere at omsetningskonsesjonærar som tarifferer netttenester skal leggje eit påslag i tariffen for uttak av elektrisk energi til sluttforbruk i nettet. Forslaget inneber at påslaget kan gjerast obligatorisk, og kan leggjast på alt uttak av elektrisk energi til sluttforbruk. Nærare utforming og gjennomføring av ordninga blir foreslått regulert ved føresegn, jf. siste ledd.

Siste punktum i første ledd fastslår at omsetningskonsesjonær som tarifferer nettenester skal innbetale bidraget til eit energifond.

Andre ledd fastslår at energifondet sine midlar skal nyttast til tiltak retta mot omlegging av energibruk og energiproduksjon i samsvar med vedtekter som blir fastsette av departementet. Forslaget inneber at fondet sine inntekter og utgifter ikkje skal førast i statsrekneskapen. Ordninga fell dermed utanfor skatteomgrepet i Grunnlova § 75 bokstav a. Departementet vil vere ansvarleg for forvaltninga av fondet.

Tredje ledd slår fast at skuldig bidrag er tvangsgrunnlag for utlegg. Dersom bidraget ikkje blir betalt til forfallstid skal det betalast rente etter lov av 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forseinka betaling m.m. Den som skal forvalte fondet vil også føre tilsyn med at netteigarane overheld sine plikter etter lovføresegna og føresegner gitt i medhald av denne.

Fjerde ledd fastslår nærare kva slag føresegner som kan gis om ordninga. Føresegnene kan gjelde nærare utforming og gjennomføring av ordninga, under dette storleiken på påslaget, grunnlaget for påslaget, utrekning av bidraget i forholdet til reglane om tariffar, inntektsrammer m. v., sjølve innbetalingane til fondet, rente (jf. tredje ledd), innkrevjing og kontroll m.m.

Til forsida av dokumentet