Ot.prp. nr. 40 (2007-2008)

Om lov om endringar i opplæringslova og privatskolelova

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i opplæringslova og privatskolelova

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar:

Kapittel 1 overskrifta skal lyde:

Kapittel 1 Formål, verkeområde og tilpassa opplæring m.m.

Noverande § 1-2 femte ledd blir oppheva.

Noverande § 1-2 sjette ledd blir femte ledd.

§ 1-3 skal lyde:

§ 1-3 Tilpassa opplæring

Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.

Noverande § 1-3 blir ny § 1-5.

§ 2-5 sjuande ledd skal lyde:

I samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande røysting. Røysterett har alle som bur i det området i kommunen som soknar til skolen, jf. § 8-1, og som har røysterett etter valgloven § 2-2. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre eller forsytar til barn på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

§ 2-6 første ledd skal lyde:

Elevar som har teiknspråk som førstespråk eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa fastsetjast i forskrifter etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova.

§ 3-1 overskrifta skal lyde:

§ 3-1 Rett til vidaregåande opplæring for ungdom

§ 3-1 nytt tiande ledd skal lyde:

Ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter paragrafen her kan, etter søknad og når det ligg føre særlege grunnar, i staden få vidaregåande opplæring etter § 4A-3.

Ny § 3-12 skal lyde:

§ 3-12 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar

Elevar i vidaregåande opplæring med anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.

Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den eleven til vanleg går på.

Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal fylkeskommunen så langt som mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.

§ 4A-3 første ledd skal lyde:

Vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Første punktum gjeld vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet gir nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, rangering og førerett.

Ny § 4A-12 skal lyde:

§ 4A-12 Tilpassa opplæring

§ 1-3 gjeld tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet.

§ 5-3 første ledd skal lyde:

Før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning etter § 5-1 eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast.

§ 5-3 fjerde ledd skal lyde:

Dersom vedtaket frå kommunen eller fylkeskommunen avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket blant anna vise kvifor kommunen eller fylkeskommunen meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller retten etter § 5-1 eller § 5-7 .

§ 7-1 første ledd skal lyde:

Elevar i 2. - 10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.

§ 11-9 skal lyde:

§ 11-9 Foreldreutvalet for grunnopplæringa

Kongen i statsråd nemner opp Foreldreutvalet for grunnopplæringa. Utvalet skal ha leiar, nestleiar og fem andre medlemmer. Funksjonstida er fire år. Departementet gir nærmare forskrifter om omfanget av og innhaldet i arbeidet til Foreldreutvalet.

Ny § 13-5 skal lyde:

§ 13-5 Plikt for skoleeigaren til å ha ei ordning med gratis frukt og grønsaker

Skoleeigaren skal gi elevane gratis frukt og grønsaker. Departementet kan gi nærmare forskrifter om ansvaret for ordninga og omfanget av plikta.

§ 16-2 tredje ledd skal lyde:

Retten og plikta til tiårig grunnskole etter § 2-1 gjeld barn som er fødde i 1991 og seinare. Andre barn og unge har rett og plikt til niårig grunnskole, men rykkjer opp eitt årstrinn, slik at dei avsluttar grunnskolen i 10. årstrinn.

II

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot blir det gjort følgjande endringar:

§ 3-5 skal lyde:

§ 3-5 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar

Elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Heimkommunen eller heimfylket til eleven gjer vedtak og dekkjer utgiftene til slik opplæring. Departementet er klageinstans.

Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den eleven til vanleg går ved.

Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen eller fylkeskommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.

Føresegna gjeld ikkje for elevar ved norske skolar i utlandet.

Ny § 7-1c skal lyde:

§ 7-1c Plikt for skolen til å ha ei ordning med gratis frukt og grønsaker

Skolen skal gi elevane gratis frukt og grønsaker. Departementet kan gi nærmare forskrifter om ansvaret for ordninga og omfanget av plikta.

III

Lova gjeld frå det tidspunkt Kongen fastset. Dei enkelte føresegnene i lova kan setjast i verk til ulik tid.

Til forsida av dokumentet